Å vera gift

Då den ynsgte dottera vår gifta seg i sommar vart eg beden om å lesa eit dikt om ekteskapet i viinga. Det enda med at eg skreiv eit dikt om det å vera gift som eg las og fekk gode tilbakemeldingar på. Difor legg eg det ut her!

Å vera eit godt menneske

er å gifta seg

og våga å gje seg sjølv

til eit anna menneske

for heile livet

– berre på grunn av kjærleik.

Å gifta seg

er å gje frå seg retten

til eigne suverene avgjerd,

for å læra å lytta og verdsetja

dei synspunkt og meiningar den andre har

– før avgjerd vert tekne saman!

Å gifta seg

er å våga å opna opp livet sitt

og dela det heilt og fullt

– med den du elskar!

Å vera eit stort menneske

er å verta verande i ektepakta

trass ulikskapar og motstridande interesser.

I truskapen til kjærleiken

vil du finna styrke og visdom

til å overvinna store utfordringar

og kjempa deg gjennom kampane,

for å vinna kjærleikstriden,

ved å leggja livet ditt ned

for å gjera ektemaken lukkeleg.


Å vera gift

er å vera til for kvarandre.

Me er hender og føter for kvarandre.

Me er auge og øyre for kvarandre.

Me gjer kvarandre gode

og får fram det beste i kvarandre.

Me fordoblar evnene våre

og spreier velsigning til vennene våre

– medan me lukkar munnen

på den vonde fienden: Anklagaren.

Å vera gift

er å dela uro og sorg

og å lindra smerte og gjera ho mindre.

Men å vera gift er fyrst og fremst

å dela lukka saman med den du er glad i.

Når ein er to om gleda

er alt det vakre venare

og alt det gode er endå betre.

Å vera gift

er å læra å meistra livet saman,

ved å halda lysta og begjæret i taumar,

ved å setja den andre fyrst,

ved å syna omtanke i små og store ting i kvardagen,

ved å kappast om å heidra kvarandre.


Ekteskapet er paktseglet på ein ubryteleg vennskap.

Det er ein drikk frå den skjulte kjelda

– framande kan ikkje nyta ho

– ho sildrar fram som eit evig oppkome

– men er utilgjengeleg utanfrå

Gled deg over din ektemake,

den utvalde som du elskar,

fryd deg støtt saman med den du har kjær

og lat alltid kjærleiken gjera deg ør!

Å vera gift

er å vera eitt kjøt

og saman danna ei sjel

og reinsa si gudsdyrking

ved sin innbyrdes kjærleik.

Å vera gift

er å vera bunden til ektemaken

med band som er sterkare enn døden!

Det er å sjå seg sjølv i den andre

og elska varmt og trufast!

Ekteskapet har sitt opphav i himmelen,

men høyrer til på jorda.

Det er som eit spennande eventyr

skrive av Guds eigen finger

i to menneskehjarte

som utforskar kjærleiken saman.

Tekst: Erling Thu, Juli 2007

Skriven til Ruth Kristin og Lars Arne som gifta seg 14.07.07

Leave a Reply to Geir Tore T. HanssenCancel reply

Comments

5 responses to “Å vera gift”

  1. Geir Tore T. Hanssen Avatar
    Geir Tore T. Hanssen

    Gripande dikt Erling!Ü

  2. cato åse. Avatar
    cato åse.

    Mye visdom og hente her.velskrevet.

  3. Aina Avatar
    Aina

    det var et vakkert dikt!!jeg skal være forlover i et bryllup, kan jeg får lov til å lese diktet ditt til brudeparet, med ditt navn på??

  4. Loise Avatar
    Loise

    Eit moraliserande ønskedikt om korleis ekteskapet skal være, ikkje ein beskrivelse av livet slik det er.

  5. Erling Thu Avatar

    Solveig og eg har vore gift i snart 45 år og det eg skriv i dette diktet har rot i vår røyndom, i det livet me har levd saman. Me har hatt våre vanskar som alle andre, men har fått hjelp frå Gud til å løysa dei og verta verande trufaste mot kvarandre. Difor er me lukkelegare i ektepakta vår i dag enn nokon gong!
    Eg ynskjer ikkje å vera moraliserande, men heller oppmuntra og skapa tru på at det går an å leva på ein kristen måte i ekteskapet ved Guds nåde.

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading