Som kristne menneske har me ansvar for
den verda me lever i. Gud har frå første stund gjeve mennesket eit oppdrag om å
styra og råda på jorda og arbeida på å gjera jorda til ein god stad å leva for
alle. Me kan ikkje overlata til gudlause
menneske å styra utviklinga av samfunnet vårt. Me har rett til å påverka
samfunnet. Kristentrua er ikkje privat eller religiøs i vanleg forstand.
Kristentrua omfattar heile livet vårt og gjer seg gjeldande på alle område.
Difor har kristne menneske til alle tider arbeidt for å påverka og forandra
samfunnet. I vår tid skaper politiske vedtak rammer og vilkår for eit godt
samfunn. Gjennom politisk arbeid tek kristne menneske ansvar for å styra og
utvikla samfunnet til beste for alle våre medmenneske.
I eit samfunn skal alle menneske ha rett
og fridom til å arbeida for å nå måla sine. Det er viktig for kristne å leggja
til rette for eit varmt og levande menneskeleg fellesskap i samfunnet. Me vil
arbeida for eit samfunn som er kjenneteikna av samhald, likskap og rettferd. Me
må difor røysta på parti som vil leggja til rette for at folk best mogleg må
kunna ta ansvar for og bestemma over sine eigne liv. Kvar familie må til dømes
kunna ta ansvar for korleis dei vil at barna skal oppsedast, det er ikkje ei
statleg oppgåve.
Når kristne tek del i politikken må dei
setja mennesket i sentrum og ikkje system eller strukturar, fordi dei trur alle
menneske er skapt i Guds bilete. Alle kristne lover er til beste for folk. Alle
kristne ordningar går ut på å velsigna og hjelpa menneska til eit godt liv.
Difor byggjer kristen politikk på grunnleggjande verdiar som vil hjelpa oss til
å finna gode løysingar på nye utfordringar i samfunnet.
Kristen politikk kan ikkje styrast etter
meiningsmålingar, men må vera i samsvar med gudsrikeprinsipp slik me finn dei i
Bibelen. Kristne menneske kan difor utvikla ein gjennomtenkt og heilskapleg
politikk bygd på kristne grunnverdiar som menneskeverd, nestekjærleik og
forvaltaransvar.
Mange politiske parti i Noreg tek i bruk
mange kristne honnørord i programma sine. Dei fleste seier dei byggjer på den
kristne kulturarven. Me må ikkje la oss lura av slike fine ord i programma, men
sjå på korleis den praktiske politikken deira er i samsvar med dei verkelege
kristne verdiane som går på vern av liv (også det ufødde liv), fremjing av
ekteskap og familie, hjelp til dei fattige, rettferdig fordeling av rikdomane i
samfunnet, rettferdige trygdeordningar, god velferd for alle, trygge
arbeidsplassar, og ei berekraftig utvikling.
Det er ynskjeleg at så mange kristne som
råd tek aktivt del i det politiske livet og dei demokratiske prosessane for å
vera med å påverka og styra utviklinga av samfunnet. Det minst alle kristne kan
gjera er å nytta røysteretten sin ved både kommune- og stortingsval. Det er ein
kristenplikt å stemma ved politiske val! Det er mi bønn av alle kristne må
forstå ansvaret sitt og røysta slik at dei kan få størst mogleg påverknad for
utviklinga av samfunnet. Me må ikkje stemma for parti som klårt undergrev dei
kristne familieverdiane!
Regjeringa har varsla at dei vil fremja
forslag om kjønnsnøytral ekteskapslov. Dette inneber ei radikal omdefinering av
ekteskapet og kan få store negative fylgje for samfunnet vårt. Me må arbeida på
alle måtar for å hindra at denne lova vert vedteken. Kristne menneske burde
ikkje røysta på parti som vedtek ein kjønnsnøytral ekteskapslov.
Leave a Reply