Month: September 2026

  • Jesus kastar ut ei urein ånd

    Markus 1,21-34

    Jesus og læresveinane kom til Kapernaum, ein av dei større byane ved Genesaretsjøen. Då sabatten kom, gjekk dei til samlinga i synagogen. Der tok Jesus til å undervisa.

    Folk var forundra over undervisninga hans. Ho var annleis enn det dei var vande med frå dei skriftlærde. Han lærte dei med autoritet i orda sine, det gjorde ikkje dei andre. Eg undrast på kvifor? Kanskje dei berre gav vidare teoriar eller kunnskap det hadde høyrt av andre, meden Jesus talte med autoritet fordi han talte ord frå Guds munn?

    I synagogen var det ein mann med urein ånd. Eg får inntrykk av at han høyrde til i synagogen, han brukte å gå på møta i synagogen kvar einaste sabatt, så slik sett var han ein av dei trufaste møtegjengarane. I møte med dei myndige orda frå Jesus kunne han ikkje halda seg, sette i å ropa: “Kva vil du med oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds heilage!” Jesus truga ånda, baud ho å teia stilt og fara ut av mannen. Ånda reiv og sleit i han før ho fór ut med eit høgt skrik. Folk vart gripne av redsle og undring, men forstod ikkje skikkeleg kva som hendte. Men dei forstod at Jesus hadde ei makt som var større enn den ureine ånda, ho måtte lyda han og gjera som han sa. Det skremde dei at eit menneske kunne ha slik makt. Ryktet om Jesus spreidde seg over heile området.

    Eg merka meg at teksten seier at mannen hadde éi ånd i seg, men då ho snakka gjennom mannen, snakka ho i fleirtal, som om dei var mange, men Jesus truga ånda og ho fór ut av han. Ånda laug og gav inntrykk av å vera fleire og sterkare enn ho var. Eg merka meg også at Jesus ikkje gjekk i dialog med ånda og baud ho teia stilt. Han gjorde ikkje det som nokre folk gjer idag, å gå i dialog med den ureine ånda og godta det ho sa. 

    Etter samlinga i synagogen gjekk Jesus heim til Simon og Andreas. Svigermor til Simon låg til sengs. Ho var sjuk med feber. Dette fortalde dei straks til Jesus som med ein gong gjekk rett bort til henne, tok henne i handa og reiste ho opp. Feberen sleppte henne, og ho stelte for dei. Eg merka meg at Iesus var kvikk til å møta behov, og at ho som vart frisk var kvikk til å tena!

    Seinare på kvelden kom mange sjuke og folk som hadde vonde ånder til han. Heile byen samla seg. For eit oppstyr det må ha vore! Jesus lækte mange som leid av ulike sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder. På ny merka eg meg at han ikkje let dei vonde åndene få tala.

  • Dei første læresveinane

    Markus 1,16-20

    Ein gong Jesus gjekk langs sjøen, fekk han sjå brørne Simon og Andreas. Eg stanste for dette uttrykket, han fekk sjå, for det fortel meg noko viktig om Jesus. Han såg, var vaken, følgde med. Han gjekk ikkje hovudlaus eller tankelaus gjennom livet. Han såg. Han la merke til ting. Herre, lat meg få vera vaken og sjå alt det du vil eg skal sjå i min kvardag.

    Jesus såg dei. Han såg at dei var fiskarar. Han såg at dei kasta not i sjøen. Då snakka han til dei og sa: Kom og følg meg! Så skal eg gjera dokker til menneskefiskarar! På desse enkle orda gjekk dei frå alt dei hadde og følgde Jesus.

    Då Jesus gjekk vidare fekk han på ny sjå nokre andre brør: Jakob og Johannes. Han kalla dei, og dei frå far sin og levebrødet sitt.

    Dette gjer inntrykk på meg. Fire sterke arbeidsfolk går frå jobb og eit trygt liv for å følgja ein mann dei nett har møtt! Kva er det som skjer? Kva er det med Jesu ord og veremåte som får folk til å handla så radikalt? 

    Han sa berre: kom og følg meg! Korleis kunne dei følgja ein ukjend mann? Kva forstod dei av lovnaden hans at han ville gjera dei til menneskefiskarar?

    Eg la også merke til at dei gjekk frå alt, dei forlet far og jobb, for å følgja Jesus. Skal vi følgja nokon inneber det kanskje alltid at vi må forlata nokon?

  • Jesus tek til med si gjerning

    Markus 1,14-14

    Desse to versa inneheld mykje dynamitt, tykkjer eg. Med ein gong Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea.

    Han starta si teneste med å forkynna Guds evangelium, Godt Nytt frå Gud. Det er to sentrale ting i det evangeliet Jesus forkynte og det er to ting vi må gjera når vi får kunngjort dette Godt Nytt frå Gud.

    Det første er: Tida er inne! Den tida Gud har lova skulle koma, har no endeleg kome. Ventetida er over. No er tida for oppfylling her. Desse orda må verkeleg ha vore godt nytt for dei som høyrde Jesus forkynna dette. Dei kjende dei profetiske skriftene. Dei bar på ein draum og ein lengt om at den lova tida som profetane skildra skulle koma. 

    Dei profetiske skriftene til Israelsfolket hadde gjeve dette folket eit håp, ein draum om ei tid som skulle vera heilt annleis enn den vanskelege stoda dei gjekk gjennom. På Jesu tid var jo landet okkupert av Romarane. Folket venta på ein bergingsmann som skulle setja dei fri frå okkupasjonsmakta og gjera dei frie og sjølvstendige.

    Så kjem Jesus med godt nytt! Dokker treng ikkje venta lenger. No er tida komen. Idag er dagen då lovnader skal oppfyllast. 

    Tida er inne for meg og. Eg må gripa augneblinken. Eg treng ikkje gå å venta på noko som ligg i framtida. Tida er inne!

    Det andre Jesus understreker at at Guds rike er kome nær. Då han bruker orda om Guds rike, må jo tilhøyrane fått mange assosiasjonar til orda frå profetane, om kongen og frigjeraren som skulle koma. Om tida då Gud skulle gripa inn og vera Konge. At hans gode vilje skulle råda på jorda.  Om riket som skulle gjera ende på alle andre riker og fylla heile jorda. Tankane deira må ha gått til Daniel som profeterte, eller heller kom med ei profetisk tyding på draumen til kong Nebukanesar om den store biletstøtta som representerte dei store verdensrika som skulle koma, men bli knuste av ein liten stein, ikkje kasta av ei menneskehand, men ein liten stein som råka den staselege statuen og sjølv veksa til eit stort fjell som fylte heile jorda. Tenk, tida er inne, og dette riket har kome!

  • Jesu dåp og freisting

    Markus 1,9-13

    Ein dag kom Jesus til Johannes og vart døypt av han i Jordanelva. Jesus kom til Johannes og Johannes døypte han, enkelt og greitt. Her får vi ingen av detaljane som dei andre evangelia gjer oss. Markus fokuserer på det viktigaste: Jesus vart døypt og då han steig opp av vatnet såg han himmelen opna seg og Den Heilage Ande koma over han, Anden dala ned som ei due. Då kom det ei røyst frå himmelen: “Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.”

    Når apostelen Peter fortel om denne hendinga, seier han at Jesus fekk ære og herlegdom frå Gud, sin Far, då røysta kom frå himmelen. Før Sonen hadde starta si teneste, før han hadde gått inn i den gjerninga han var etla til, før han hadde fått gjort noko som helst, gjev Far hans ære og herlegdom til han. Far gav han si anerkjenning før han hadde teke til med tenesta si. Vi menneske er heller trege til å gje ære, sjølv til folk som i eit langt liv i trufast teneste har vist at dei fortener ære. Far gav ære til Sonen sin fordi han hadde tillit til han og såg kva som budde i han. Gud æra det Jesus var, før gjerningane viste kven han var.

    Kjære Gud, hjelp meg å sjå menneske eg møter i dag slik dei er, for det dei er, skapte i ditt bilete, jamvel om eg ikkje kjenner livet og gjerningane deira. Er dei “eit godt tre” vil dei før eller seinare bera god frukt! Lat meg få sjå det gode i menneska før dei får sjansen til å visa ved gjerningane sine kor gode dei er.

    I 1,12 la eg merke til dette litle ordet “straks”. Med ein gong Anden hadde kome over han, straks dreiv Anden han ut i øydemarka der han i førti dagar vart freista av Satan. Straks etter at han hadde fått ære og herlegdom og Anden var komen ned over han, møtte han freistinga. Ikkje berre møtte han Freistaren, det var Anden som dreiv han ut i øydemarka for å møta Freistinga. Det er underleg å tenkja på. Han hadde vorte døypt i vatn, Anden hadde kome over han, han hadde fått ære og anerkjenning frå sin himmelske Far, og straks vart han ført ut i øydemarka der han heldt til mellom dei ville dyra og vart freista av Satan. Men etter freistinga eller var det medan freistinga pågjekk at englane tente han? Markus forklarer ikkje dette, men det gjer Matteus.

  • Vandra med Jesus gjennom Markusevangeliet

    Kva kan vi oppdaga dersom vi sluttar å skunda oss gjennom Bibelen og i staden vandrar sakte saman med Jesus gjennom Markusevangeliet?

    Bli med meg på ei dagleg reise gjennom Markus. Vi skal gå inn i forteljingane, lytta til Jesus, sjå kva han gjer og oppdaga kva evangeliet om Guds rike betyr for livet vårt i dag.Markusevangeliet

    Eg plar ofte råda nye kristne til å begynna med Markusevangeliet når dei skal ta til med bibellesinga si. Markus er ein god plass å starta, tykkjer eg. Det er det kortaste evangeliet. Det er mange korte avsnittt, og det skjer mykje heile tida. Det er mykje handling og lite teori. Jesu liv og gjerning er det sentrale. Det er ein fortetta, rett på forteljarstil og ikkje mykje utanomsnakk. Det er ein god plass å starta vandringa med JESUS.

    Døyparen Johannes ryddar veg

    Mark 1,1-8

    Den første setninga fangar meg:

    Markus startar med å seia: Dette er godt nytt om Jesus Messias, Guds Son. Det begynte akkurat slik som profeten Jesaja hadde skrive. Evangeliet begynte i samsvar med profetordet, slik Gud frå æva av hadde planlagd. Alt Gud tidlegare hadde gjort og sagt, peika fram mot dette: Godt nytt om Jesus Kristus. Profetane har profetert om Kristus og no har det vorte godt nytt, for han som skulle koma har kome. Guds plan har lange linjer tilbake til opphavet for verda, men det er ikkje berre gode ønskje, men noko som har vorte røyndom.

    Jesaja profeterte om ein bodberar som skulle gå føre Messias. Han skulle rydda veg for han. 

    Slik stod døyparen Johannes fram, som ei oppfylling av profetordet. NLT seier at denne bodberaren var døyparen Johannes. Han var i øydemarka. Ein underleg stad å starta ei så viktig teneste. Han forkynte at folk skulle bli døypt for å visa at dei hadde vendt om frå syndene sine og vendt seg til Gud så dei kunne få tilgjeving. 

    Eg legg merke til at Johannes døypte folk i Jordanelva og ikkje med vatn frå elva. Å døypa i vatn inneber å bli dukka heilt under i vatnet. Det er stor skilnad på å døypa i eller døypa med.

    Eg legg også merke til at Johannes skilde seg ut i måten han kledde seg på og i måten han åt. Ei grov kamelkappe med belte og grashopper og villhonning som mat. Ei spesiell framtoning og diet, men ikkje til hinder for gjerninga si.

    Matteus fortel at døyparen Johannes forkynte at Himmelriket hadde kome nær, men Markus seier at han forkynte at det skulle koma ein etter han, som var sterkare eller større enn han. Johannes sa at han ikkje ein gong var verdig til å bøya seg ned som ein slave for å løysa sandalreima hans. Så liten og uverdig kjende han seg i forhold til han som skulle koma etter han og som Johannes skulle rydda veg for.

    Eg legg merke til at det som gjorde Jesus sterkare og større enn døyparen Johannes var at Johannes berre døypte folk i vatn, men Jesus skulle døypa i Den Heilage Ande. Johannes forklarar ikkje kva denne dåpen i Den Heilage Ande som Jesus kjem med inneber, det er denne dåpen i Anden som er den store skilnaden mellom Jesus og Johannes, og kanskje det også er den store skilnaden mellom den gamle og nye pakt? Dette får vi kanskje læra meir om seinare i Markus evangeliet?

    Så legg eg merke til at NLT i 1,5 seier at døypte dei i Jordanelva, medan han i 1,8 seier han døyper med vatn og at Jesus skal døypa med Den Heilage Ande. Men her gjer NLT noko som ikkje norske biblar gjer. Han har ei stjerne bak med og ei fotnote som seier: eller i. Den greske preposisjonen kan jo omsetjast med både med og i, alt etter om det handlar om middelet eller lokasjonen. Samanhengen er jo tydeleg på at Jordanelva er lokasjonen folk blir døypte og dukka under i. Då tyder det på at dei som seier “med” tenkjer på barnedåp, der vatnet er middelet, for barnet får vatn aust over hovudet sitt.

    Men profetien til Jesaja om å rydda veg for Herren, vil ikkje sleppa meg. Kanskje det er slik at vi også er kalla til å rydda veg for Herren? Å vera ei røyst som roper? Å skapa rørsle mot Jesus og gjera det lett for folk å finna han?

  • Då ein ny dag braut fram

    Matt 28 i NLT startar slik: “as the new day was dawning” før vi får forteljinga om oppstoda. Det slo meg at ved oppstoda har ein heilt ny dag i menneskesoga brote fram. Oppstoda er starten på ein ny dag, ein heilt ny start for eit nytt liv, ja for eit heilt nytt tilvære.

    Jesus døydde og vart gravlagd. Han stod oppatt tredje dag, slik Skrifta hadde sagt. Synd, skam, død og grav er overvunne. Jesus har brote dødens makt. Han har stått opp frå dei døde. Han har difor fått all makt i himmel og på jord.

    No skal denne store sigeren, denne fantastiske triumfen over dei nedbrytande kreftene i verda kungjerast for heile verda, for heile skapningen. Vårt oppdrag er heilt enkelt å forkynna evangeliet om Jesus Kristus som har stått opp frå dei døde og ført liv og udødeleg liv fram i lyset. 

    Målet med å forkynna evangeliet om Guds rike er å gjera alle folkeslag til læresveinar. Når dei har teke imot evangeliet må dei døypast, dukkast under i vatn og gravleggja det gamle livet. Så blir dei reist opp til eit liv i lydnad. Oppdraget er ikkje over ved at folk kjem til tru, dei må lærast opp til å lyda eller halda alt det Jesus har bode oss. Vi skal med andre ord ikkje berre få folk til å tru evangeliet, oppdraget er å læra dei å leva evangeliet.

    Så lenge vi gjer dette, er Jesus med oss. Alle dagar. Dagar med motgang og dagar med med medgang. Mørke og tunge dagar. Lyse og lett dagar. Alle dagar! Heilt til oppdraget er fullført og han kjem tilbake!

  • Forlaten av Gud

    Då eg las Matteus 27 i dag var det to ting som stanste meg. 

    Eg les fortida i den nye NLT Bibelen med store bokstavar som eg kjøpte i India i mars. Då var det eit uttrykk i vers 29 som stanste meg. Det stod at dei gav Jesus ein “reed stick”, medan det på norsk står at dei gav han ein kjepp. Eg fekk ei kjensla av at det er ikkje heilt det same, så etter bibellesinga stilte eg eit spørsmål til KI:

    I Matt 27,29 seier NLT at dei gav Jesus ein Reed stick – på norsk kjepp – kva slags kjepp er ein reed stick?

    Ein “reed stick” er ikkje ein vanleg trekjepp. Det er ein røyrstav, altså ein lang og nokså stiv stengel frå ei røyrplante, omtrent som eit kraftig siv.

    I Matt 27,29 bruker den greske teksten ordet κάλαμος (kalamos). Det kan tyda røyr, siv, røyrstav eller ein stav laga av slikt røyr. Soldatane gav Jesus denne i høgre handa som ein del av den hånlege kongeframstillinga: tornekruna skulle vera krone, den skarlaksraude kappa kongekappe, og røyrstaven skulle førestilla eit kongesepter. Etterpå tok dei røyrstaven frå han og slo han i hovudet med han (Matt 27,30).

    Difor synest eg «kjepp» er litt misvisande, fordi vi lett ser for oss ein solid trestokk. Eg ville heller omsett:

    «Dei sette ei krone av tornar på hovudet hans og gav han ein røyrstav i høgre handa

    Eller, dersom teksten skal vera særleg lett å forstå:

    «…og gav han ein stav av røyr som eit septer i høgre handa.»

    Det interessante er at dette gjer hånen endå tydelegare: Jesus blir utkledd som konge, men alt er ein parodi på kongsmakta. Tornekruna er krona, kappa er kongekappa, og den enkle røyrstaven er septeret. Likevel seier Matteus, midt i hånen, noko djupare enn soldatane sjølve forstår: Han dei hånar som konge, er verkeleg Kongen.

    Det var ei flott forklaring, tykte eg.

    Men det som på gjorde sterkast inntrykk i dette kapitellet var: “Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?”

    Eg har følt meg forlaten og åleine mange gonger, men om eg verkeleg har vore forlaten, veit eg ikkje. Men når eg les desse orda av Jesu, at han ropte det ut der han hang på korset, mellom himmel og jord, forlaten av menneske og forlaten av sin eigen Far, heilt åleine, då skjer det meg i hjartet. Det som eg får ei lita aning av den useielege smerta og desperasjonen han opplever. Smerta i orda hans er for meg ufatteleg.

    At eit menneske blir forlaten av andre menneske, er vondt og vanskeleg å gå gjennom. Men dette er ein heilt annan dimensjon. Eg finn ikkje ord for å skildra det Jesus gjekk gjennom i denne evige augneblinken. Guds Son blir forlaten av Far, Den Allmektige Skaparen. Eg forstår ikkje at det går an. Frå æve til æve er Gud éin, og samstundes tre, Far, Son og Heilage Ande, éin sann, udeleleg Gud som alltid har eksistert som tre i éin og éin i tre. 

    Stort er korsets mysterium. Guds eigen, einborne, evige Son, blir forlaten av den evige Far. Sonen har frå opphavet vore saman med Anden og Far i den evige treeininga. Han har aldri vore åleine. Frimodig sa han til læresveinane at han ikkje var åleine, for Far som hadde sendt han var med han. Men kva skjer på korset? Ofrar Gud seg sjølv for å setja menneske fri frå slaveriet under synda? Går Treeininga i oppløysing? Er det den treeininge Gud som døyr når Sonen blir forlaten? Herre, miskunna deg over meg og spørsmåla mine! Éin dåre kan spørja meir enn ti vise kan svara!

    Det riv meg i hjartet å tenkja på den forverdelege augneblinken, då Sonen roper i smerte: Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?

    Stor er mysteriet i trua vår!

  • Det kunne vore meg!

    Eg har lese Matt 26 idag. Jesus har innstifta det nye paktsmåltidet. 

    Så kjem forteljinga om Getsemane og Judas som sveik Jesus for tretti sylvpengar. Likevel møtte Jesus han med desse orda: Min venn! No har du gjort ditt.

    Læresveinane kunne ikkje ein gong vaka éin time med han i bønn. Dei sovna i den merke stunda, då han trong dei som mest. Åleine måtte han kjempa sitt livs store kamp. Åleine vart han fortært av dødsangst. Men læresveinane sov.

    Peter, den fremste, han som alltid var frampå, frimodig, initiativrik, skrytande og brautande, var no ein feiging. I redsle rømde han frå soldatane i Getsemane. Seinare, rundt bålet, fornekta han Jesus tre gonger på rad. Då hanan gol, innsåg han kva han hadde gjort, gjekk ut og gret sårt.

    At dei kunne gjera noko slikt? At dei kunne svikta så totalt? Tenkte eg med meg sjølv. Dei hadde jo vore med Jesus i tre år. Dei hadde forlate alt for å følgja han. Dei hadde hadde ete i lag med han og høyrt undervisninga hans. Dei hadde vandra  saman med han frå landsby til landsby. Dei hadde samtalt og stilt spørsmål om forkynninga hans. Tolmodig hadde han svart på spørsmåla og undringa deira. Dei hadde sett Jesus gjera mange store teikn og under.

    At dei kunne, tenkte eg.

    Men så slo det meg med stor styrke, ja med eit djupt alvor som seig innover hjartet mitt:

    Det kunne vore meg!

    Eg har det i meg. 

    Alt som trengst,

    til å vera svikar og fornektar,

    det bur i mitt eige hjarte!

    Herre, Jesus Kristus, miskunna deg over meg!

    Eg er eit skrøpeleg menneske

    som dagleg treng din nåde.

    Eg har svikta mange gonger, 

    men du har aldri snudd ryggen til meg,

    du har berre møtt meg med nåde og vennlege ord

    som har jaga skuldkjensle og fordømming bort.

    Takk! Takk! Takk!

    Herre, hald fram med å miskunna deg over meg!