Det kunne vore meg!

Eg har lese Matt 26 idag. Jesus har innstifta det nye paktsmåltidet. 

Så kjem forteljinga om Getsemane og Judas som sveik Jesus for tretti sylvpengar. Likevel møtte Jesus han med desse orda: Min venn! No har du gjort ditt.

Læresveinane kunne ikkje ein gong vaka éin time med han i bønn. Dei sovna i den merke stunda, då han trong dei som mest. Åleine måtte han kjempa sitt livs store kamp. Åleine vart han fortært av dødsangst. Men læresveinane sov.

Peter, den fremste, han som alltid var frampå, frimodig, initiativrik, skrytande og brautande, var no ein feiging. I redsle rømde han frå soldatane i Getsemane. Seinare, rundt bålet, fornekta han Jesus tre gonger på rad. Då hanan gol, innsåg han kva han hadde gjort, gjekk ut og gret sårt.

At dei kunne gjera noko slikt? At dei kunne svikta så totalt? Tenkte eg med meg sjølv. Dei hadde jo vore med Jesus i tre år. Dei hadde forlate alt for å følgja han. Dei hadde hadde ete i lag med han og høyrt undervisninga hans. Dei hadde vandra  saman med han frå landsby til landsby. Dei hadde samtalt og stilt spørsmål om forkynninga hans. Tolmodig hadde han svart på spørsmåla og undringa deira. Dei hadde sett Jesus gjera mange store teikn og under.

At dei kunne, tenkte eg.

Men så slo det meg med stor styrke, ja med eit djupt alvor som seig innover hjartet mitt:

Det kunne vore meg!

Eg har det i meg. 

Alt som trengst,

til å vera svikar og fornektar,

det bur i mitt eige hjarte!

Herre, Jesus Kristus, miskunna deg over meg!

Eg er eit skrøpeleg menneske

som dagleg treng din nåde.

Eg har svikta mange gonger, 

men du har aldri snudd ryggen til meg,

du har berre møtt meg med nåde og vennlege ord

som har jaga skuldkjensle og fordømming bort.

Takk! Takk! Takk!

Herre, hald fram med å miskunna deg over meg!  

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading