Jesu dåp og freisting

Markus 1,9-13

Ein dag kom Jesus til Johannes og vart døypt av han i Jordanelva. Jesus kom til Johannes og Johannes døypte han, enkelt og greitt. Her får vi ingen av detaljane som dei andre evangelia gjer oss. Markus fokuserer på det viktigaste: Jesus vart døypt og då han steig opp av vatnet såg han himmelen opna seg og Den Heilage Ande koma over han, Anden dala ned som ei due. Då kom det ei røyst frå himmelen: “Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.”

Når apostelen Peter fortel om denne hendinga, seier han at Jesus fekk ære og herlegdom frå Gud, sin Far, då røysta kom frå himmelen. Før Sonen hadde starta si teneste, før han hadde gått inn i den gjerninga han var etla til, før han hadde fått gjort noko som helst, gjev Far hans ære og herlegdom til han. Far gav han si anerkjenning før han hadde teke til med tenesta si. Vi menneske er heller trege til å gje ære, sjølv til folk som i eit langt liv i trufast teneste har vist at dei fortener ære. Far gav ære til Sonen sin fordi han hadde tillit til han og såg kva som budde i han. Gud æra det Jesus var, før gjerningane viste kven han var.

Kjære Gud, hjelp meg å sjå menneske eg møter i dag slik dei er, for det dei er, skapte i ditt bilete, jamvel om eg ikkje kjenner livet og gjerningane deira. Er dei “eit godt tre” vil dei før eller seinare bera god frukt! Lat meg få sjå det gode i menneska før dei får sjansen til å visa ved gjerningane sine kor gode dei er.

I 1,12 la eg merke til dette litle ordet “straks”. Med ein gong Anden hadde kome over han, straks dreiv Anden han ut i øydemarka der han i førti dagar vart freista av Satan. Straks etter at han hadde fått ære og herlegdom og Anden var komen ned over han, møtte han freistinga. Ikkje berre møtte han Freistaren, det var Anden som dreiv han ut i øydemarka for å møta Freistinga. Det er underleg å tenkja på. Han hadde vorte døypt i vatn, Anden hadde kome over han, han hadde fått ære og anerkjenning frå sin himmelske Far, og straks vart han ført ut i øydemarka der han heldt til mellom dei ville dyra og vart freista av Satan. Men etter freistinga eller var det medan freistinga pågjekk at englane tente han? Markus forklarer ikkje dette, men det gjer Matteus.

Leave a Reply

Comments