Då eg las Matteus 27 i dag var det to ting som stanste meg.
Eg les fortida i den nye NLT Bibelen med store bokstavar som eg kjøpte i India i mars. Då var det eit uttrykk i vers 29 som stanste meg. Det stod at dei gav Jesus ein “reed stick”, medan det på norsk står at dei gav han ein kjepp. Eg fekk ei kjensla av at det er ikkje heilt det same, så etter bibellesinga stilte eg eit spørsmål til KI:
I Matt 27,29 seier NLT at dei gav Jesus ein Reed stick – på norsk kjepp – kva slags kjepp er ein reed stick?
Ein “reed stick” er ikkje ein vanleg trekjepp. Det er ein røyrstav, altså ein lang og nokså stiv stengel frå ei røyrplante, omtrent som eit kraftig siv.
I Matt 27,29 bruker den greske teksten ordet κάλαμος (kalamos). Det kan tyda røyr, siv, røyrstav eller ein stav laga av slikt røyr. Soldatane gav Jesus denne i høgre handa som ein del av den hånlege kongeframstillinga: tornekruna skulle vera krone, den skarlaksraude kappa kongekappe, og røyrstaven skulle førestilla eit kongesepter. Etterpå tok dei røyrstaven frå han og slo han i hovudet med han (Matt 27,30).
Difor synest eg «kjepp» er litt misvisande, fordi vi lett ser for oss ein solid trestokk. Eg ville heller omsett:
«Dei sette ei krone av tornar på hovudet hans og gav han ein røyrstav i høgre handa.»
Eller, dersom teksten skal vera særleg lett å forstå:
«…og gav han ein stav av røyr som eit septer i høgre handa.»
Det interessante er at dette gjer hånen endå tydelegare: Jesus blir utkledd som konge, men alt er ein parodi på kongsmakta. Tornekruna er krona, kappa er kongekappa, og den enkle røyrstaven er septeret. Likevel seier Matteus, midt i hånen, noko djupare enn soldatane sjølve forstår: Han dei hånar som konge, er verkeleg Kongen.
Det var ei flott forklaring, tykte eg.
Men det som på gjorde sterkast inntrykk i dette kapitellet var: “Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?”
Eg har følt meg forlaten og åleine mange gonger, men om eg verkeleg har vore forlaten, veit eg ikkje. Men når eg les desse orda av Jesu, at han ropte det ut der han hang på korset, mellom himmel og jord, forlaten av menneske og forlaten av sin eigen Far, heilt åleine, då skjer det meg i hjartet. Det som eg får ei lita aning av den useielege smerta og desperasjonen han opplever. Smerta i orda hans er for meg ufatteleg.
At eit menneske blir forlaten av andre menneske, er vondt og vanskeleg å gå gjennom. Men dette er ein heilt annan dimensjon. Eg finn ikkje ord for å skildra det Jesus gjekk gjennom i denne evige augneblinken. Guds Son blir forlaten av Far, Den Allmektige Skaparen. Eg forstår ikkje at det går an. Frå æve til æve er Gud éin, og samstundes tre, Far, Son og Heilage Ande, éin sann, udeleleg Gud som alltid har eksistert som tre i éin og éin i tre.
Stort er korsets mysterium. Guds eigen, einborne, evige Son, blir forlaten av den evige Far. Sonen har frå opphavet vore saman med Anden og Far i den evige treeininga. Han har aldri vore åleine. Frimodig sa han til læresveinane at han ikkje var åleine, for Far som hadde sendt han var med han. Men kva skjer på korset? Ofrar Gud seg sjølv for å setja menneske fri frå slaveriet under synda? Går Treeininga i oppløysing? Er det den treeininge Gud som døyr når Sonen blir forlaten? Herre, miskunna deg over meg og spørsmåla mine! Éin dåre kan spørja meir enn ti vise kan svara!
Det riv meg i hjartet å tenkja på den forverdelege augneblinken, då Sonen roper i smerte: Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?
Stor er mysteriet i trua vår!
Leave a Reply