Markus 1,14-14
Desse to versa inneheld mykje dynamitt, tykkjer eg. Med ein gong Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea.
Han starta si teneste med å forkynna Guds evangelium, Godt Nytt frå Gud. Det er to sentrale ting i det evangeliet Jesus forkynte og det er to ting vi må gjera når vi får kunngjort dette Godt Nytt frå Gud.
Det første er: Tida er inne! Den tida Gud har lova skulle koma, har no endeleg kome. Ventetida er over. No er tida for oppfylling her. Desse orda må verkeleg ha vore godt nytt for dei som høyrde Jesus forkynna dette. Dei kjende dei profetiske skriftene. Dei bar på ein draum og ein lengt om at den lova tida som profetane skildra skulle koma.
Dei profetiske skriftene til Israelsfolket hadde gjeve dette folket eit håp, ein draum om ei tid som skulle vera heilt annleis enn den vanskelege stoda dei gjekk gjennom. På Jesu tid var jo landet okkupert av Romarane. Folket venta på ein bergingsmann som skulle setja dei fri frå okkupasjonsmakta og gjera dei frie og sjølvstendige.
Så kjem Jesus med godt nytt! Dokker treng ikkje venta lenger. No er tida komen. Idag er dagen då lovnader skal oppfyllast.
Tida er inne for meg og. Eg må gripa augneblinken. Eg treng ikkje gå å venta på noko som ligg i framtida. Tida er inne!
Det andre Jesus understreker at at Guds rike er kome nær. Då han bruker orda om Guds rike, må jo tilhøyrane fått mange assosiasjonar til orda frå profetane, om kongen og frigjeraren som skulle koma. Om tida då Gud skulle gripa inn og vera Konge. At hans gode vilje skulle råda på jorda. Om riket som skulle gjera ende på alle andre riker og fylla heile jorda. Tankane deira må ha gått til Daniel som profeterte, eller heller kom med ei profetisk tyding på draumen til kong Nebukanesar om den store biletstøtta som representerte dei store verdensrika som skulle koma, men bli knuste av ein liten stein, ikkje kasta av ei menneskehand, men ein liten stein som råka den staselege statuen og sjølv veksa til eit stort fjell som fylte heile jorda. Tenk, tida er inne, og dette riket har kome!
Leave a Reply