Likninga handlar eigentleg ikkje om såmannen; elles kunne vi spurt kvifor han sådde kornet på vegen, på steingrunnen eller mellom klunger. Likninga handlar heller ikkje eigentleg om kornet som vert sådd. Kornet er Ordet, Ordet om riket, eller, sagt på ein annan måte, Guds ord. I dette avsnittet tyder kornet Jesu lære. Poenget med likninga gjeld korleis menneske reagerer på bodskapen frå Jesus. Dei ulike reaksjonane heng saman med korleis ein høyrer. Legg merke til at Jesus opnar likninga med bodordet «Høyr!», og avsluttar likninga med omkvedet: «Den som har øyre å høyra med, han høyre!». Legg også merke til at i alle dei fire tilfella høyrer kvar og ein, men etter at dei har høyrt, hender det noko.
Legg merke til at det dei høyrer, er Ordet. Det er mangelen på Ordet som gjer skilnaden mellom veksten i den gode jorda og manglande vekst i dei andre jordslaga. Satan tek bort Ordet frå det som fell på vegen. Trengsle eller forfølging for Ordet si skuld fører til fall i det steinete området. Sut, svik og lyster kveler Ordet i klunger-området, slik at det ikkje ber frukt. Ordet aukar berre i den gode jorda, og det er fordi dei der ikkje berre høyrer Ordet, men tek imot det. Motstanden mot Ordet kjem ikkje berre frå Satan. I det steinete området vert Ordet høyrt og teke imot, men når trengsle eller forfølging kjem, tek folk anstøyt og forlèt Ordet. Suta, uroa, otten eller bekymringane for denne tidsalderen, rikdomens svik, og lystene etter andre ting som trengjer seg inn i livet til dei som høyrer Ordet, skaper vanskar i klunger-området. Alle desse suter og lyster kveler Ordet, slik at livet til dette mennesket blir utan frukt.
Føremålet med alt korn er å bera frukt. Somt korn ber ikkje frukt på grunn av korleis livet til det mennesket som kornet blir sådd i, ser ut. Det mennesket høyrer Ordet, men er ikkje villig til å gjera det. Hugs at Jesu verkelege familie ikkje er dei som berre høyrer, men dei som gjer Guds vilje. Jesus seier til tilhøyrarane sine, og til oss, at det ikkje er nok berre å lytta til Ordet. Ordet, som er Jesu lære, må bli høyrt, teke imot, og fått lov til å bera frukt i oss.
I denne likninga strør såmannen kornet utover. Likninga syner oss at vi veit ikkje på førehand korleis folk vil ta imot evangeliet når det blir forkynt. Men vi må forkynna for alle slags menneske og så ordet i alle samanhengjer.
Ordet blir tolka som Jesu lære. Vi høyrer eller les undervisninga hans ofte. Det er ikkje spørsmål om vi høyrer læra, men om vi gjer noko med det, som er avgjerande. Vi veit at frukt kjem av handlingar som planting, vatning, gjødsling og skjering. Som Jakob, bror til Jesus, sa: «Ver … slike som gjer etter Ordet og ikkje berre høyrer det» (Jak 1,22).
Poenget med likninga er at vi bør høyra Guds ord og så omsetja det vi har høyrt, til handling.
Å forstå forteljingane (10–13, 33–34)
Desse to avsnitta gjev innsikt i korleis likningane vart oppfatta av dei som høyrde på Jesus. Det første avsnittet er Jesu eigne ord om likningane, og det andre avsnittet er Markus si forståing av korleis Jesus nytta likningar. Det var fleire enn Dei tolv til stades då Jesus vart spurd om kva likningane tydde. Dei som var med han, minner oss om dei som var omkring Jesus då mor hans og brørne kom og leita etter han. Legg merke til at dei også spør om likningar (i fleirtal), ikkje berre den eine likninga Markus nett har fortalt. Jesus svarar dei som er hos han at dei har fått løyndomane om Guds rike. Løyndomen, er ei omsetjing av det greske ordet mysterion, og er eit betre ord å nytta her enn «hemmelegheit». Ordet mysterium blir brukt i breva i Det nye testamentet, men det er eit mysterium Gud vil gjera kjend, nemleg at heidningane skal takast imot. Som i breva, blir mysteriet gjord kjend, men berre for dei som høyrer og gjer. Mysteriet er berre eit mysterium for den som ikkje vil. Som Joh 7,17 seier: «Om nokon vil gjera hans vilje, skal han skjøna”.
Dei som er «utanfor», er dei som har høyrt, men ikkje forstår eller gjer. Uttrykket utanfor blir brukt to gonger på slutten av kapittel 3 om Jesu jordiske familie, i staden for om dei som er samla inne og lyttar til Jesus. Tilvisinga til likningar her er ikkje berre til dei parallelle forteljingane Jesus fortel, men tyder truleg gåter eller løyndomar, ei vidare tyding enn vi vanlegvis legg i ordet.
Når Jesus siterer frå Jes 6,9, syner han det same som likninga om såmannen synte: at berre dei som gjer, verkeleg forstår. Jesaja 6 fortel om Guds kall til Jesaja om å tala på Guds vegne. I den samanhengen fortalde Gud Jesaja kor stivnakka Juda kom til å vera. Juda skulle sjå, men ikkje skjøna; høyra, men ikkje forstå; for dersom dei verkeleg såg og høyrde, ville dei venda om og verta tilgjevne. Dette er eit bilete på Guds røynsle med Israel gjennom heile historia. Gud fører israelittane ut av Egypt, men dei klagar i øydemarka over mangel på mat. Gud gjev dei eit land som fløymer av mjølk og honning; likevel dyrkar dei andre gudar som ikkje har gjeve dei noko. Gong på gong sender Gud profetar for å fortelja dei Guds ord.
Israel høyrer og skjønar stundom, men langt oftare overser dei Ordet. Jesaja kan venta seg ei slik mottaking. Den kristne forkynnaren kan også venta ei liknande mottaking. Dette er også bodskapen i likninga om såmannen. Det som er meint å gje lys, blir eit mysterium. Folk kan høyra likningane, men berre dei som høyrer og tek imot Ordet, vil forstå og så bera frukt. Slik er det også med forkynninga av evangeliet. Folk kan høyra det òg, men det er godt nytt berre for dei som høyrer og tek imot.
Alle vi kan høyra likningane, men vi må ikkje vera som Israel og vera tunghøyrde og treige til å forstå. Vi må høyra og så gjera.
Jesus veit at følgjarane hans ikkje forstår likningane fullt ut; difor følgjer han forteljinga opp med ei forklaring. Markus forklarar at Jesus talte Ordet til folkemengdene i mange likningar, men berre så langt dei var i stand til å forstå. Men i einerom forklarte Jesus likningane meir grundig for læresveinane sine. Sjølv dei næraste læresveinane til Jesus forstod ikkje alltid klårt forklaringane hans.
Vi som les Markus har den fordelen at vi kjenner slutten på forteljinga; difor er mange av likningane klåre for oss. Vi er truande, og likningane og ordet om riket blir klåre for oss som har høyrt og lydt. Vi har ikkje berre likningane, men også Jesu eigne forklaringar. Men kristendomen er framleis eit mysterium for dei som er «utanfor». Mange høyrer orda, men skjønar ikkje kva dei tyder eller kva dei fører til. Vår oppgåve er å halda fram med å forkynna evangeliet, å så Ordets korn, så noko kan falla i god jord og bera frukt.
Leave a Reply