Jesus helbredar på sabbaten

Markus gjev oss denne forteljinga som ei oppfølging av påstanden til Jesus i førre avsnitt om at han er herre over sabbaten. På ny gjekk Jesus inn i synagogen. Der var det ein mann med ei visna og lam hand. Farisearane heldt auge med han for å sjå om dei kunne klaga han for brot på moselova ved å arbeida på sabbaten. 

Jesus veit korleis dei tenkjer og han går rett i strupen på dei. Han bed mannen reisa seg og koma fram midt i rommet. Jesus kjem med ei offentleg og direkte utfordring til farisearane. Han vender seg ein augeblikk bort frå mannen og stiller farisearane spørsmålet: «Er det tillate på sabbaten å gjera godt eller å gjera vondt, å berga eit liv eller å drepa?»

Sagt på ein annan måte: «Er det tillate å lækja eit menneske (gjera godt), eller å la vera å lækja (gjera vondt)?» I si eiga lovtolking tillét farisearane at ein bonde kunne hjelpa eit dyr som var i naud på sabbaten. Men farisearane, forblinda av sin motstand, tagde likevel, trass i det deira eiga tolking lærte. Dei ville ikkje vera samde med Jesus i at det er rett å gjera godt og ikkje vondt. Og dei kunne ikkje seia seg usamde i at det er rett å gjera vondt og ikkje godt. Difor svarte dei ikkje, men var stille og heldt sinnet sitt inne. 

Jesu var tydeleg harm og sorgfull. Då han såg seg rundt, vart han sint, fordi hjarta deira var så forherda. Å teia er ikkje alltid gull. Hjarta til farisearane var så harde at dei ikkje var i stand til å gje eit fornuftig svar. Jesu neste ord er retta til den sjuke mannen; han bed han retta ut handa. Mannen gjer det, og handa hans blir heilt frisk att.

Markus fortel ikkje korleis folkemengda reagerte, men han fortel korleis farisearane reagerte. Dei går straks bort og legg planar saman med herodianarane om å drepa Jesus, ikkje på grunn av sjølve underet at mannen vart frisk, men fordi Jesus har undergrave makta deira gjennom den direkte utfordringa si. Det som var sant for Jesu tilhøyrarar, er sant også for Markus sine og for oss. Det gode bodskapet om Jesus, om det han lærer og gjer, mjukar opp mange, slik som folkemengdene som fylte av undring bringar fleire menneske til han. Men det gode bodskapet forherdar også somme, slik som farisearane og herodianarane, som har øyre men ikkje høyrer, og auge men ikkje ser.

Ein annan verdifull bruk av denne teksten, kanskje ikkje tilsikta av Markus, gjeld når ein ikkje bør teia stilt eller unnlata å svara. Å teia stilt om det vonde er ikkje rett reaksjon. Om vi ventar at det gode skal sigra, bør vi fremja det på alle måtar vi kan. Om vi ventar at det vonde skal bli overvunne, må vi kjempa mot det på alle måtar vi kan.

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading