Jesus kallar Levi (Matteus)

Mark 2,13-17

På ny er Jesus ute og går langs sjøen. Mykje folk samla seg rundt han og han underviste dei. Det teiknar seg tidleg eit mønster, Jesus forkynte og underviste i møte med folk. Men eg legg også merke til at han ser folk. Han ser den eine. Han let seg ikkje blenda av store folkemengder. Han såg den enkelte, slik som Markus fortel oss i teksten vår. Då han gjekk vidare frå stranda fekk han sjå Levi, som sat på tollbua. Jesus sa då: “Følg meg!” Tenk, Levi reiste seg og følgde han. To ord var nok til å få han til å forlata det trygge levebrødet sitt for å følgja denne mannen inn i ei uviss framtid.

Sidan var Jesus gjest i huset hans. Mange tollarar og syndarar var samla til fest og Jesus åt i lag med dei. Ikkje ein stor sak for oss, men for dei religiøse leiarane. Det var uhøyrt at ein heilag mann skulle eta, drikka og festa ilag med slike folk. Tollarane var svikarar som jobba for okkupasjonsmakta og syndarane var folk som levde umoralske liv på ulike måtar. Å eta ilag med dei var jo å assosierast med dei, ja det var på linje med å gjera pakt med dei. I dei skriftlærde sine auge var dette noko uhøyrt og usømmeleg.

Jesus høyrde kva dei skriftlærde sa seg imellom. Det stadfestar det mønsteret eg legg merke til. Jesus ser, høyrer og legg merke til folk og det dei tenkjer og seier. Han er skikkeleg vaken. Han følgjer med i det som skjer rundt han. Han levde ikkje i si eiga boble. Han såg og høyrde, han engasjerte seg i folk og kvardagen deira.

Det var ei enkel men djup sanning Jesus openberra med det han sa til dei religiøse leiarane, dei bibeltru teologane på den tida: Dei friske treng ikkje lege, men det gjer dei sjuke! Eg er komen for dei som har det vondt, dei som slit med synd, skam og utanførskap! Desse enkle orda rommar heile evangeliet. Dette er godt nytt for alle som på ein eller annan måte har det vondt og vanskeleg. Jesus bryr seg om oss som strevar og ikkje meistrar livet! Det var for oss han kom. Oss som er fattige i oss sjølv og ser at vi treng Guds nåde og hjelp. 

På ein måte kastar ikkje Jesus bort tida på dei vellukka og sjølvgode, men har viser dei nok respekt til å svara på motførestillingane deira. Det gjer inntrykk på meg å sjå korleis han møter folk.

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading