Faste var vanleg i jødedommen. Opphavleg var fasta eit uttrykk for sorg, anten over eit dødsfall eller over synd, men vart også knytta til inderleg bønn. Den einaste obligatoriske fastedagen for jødane var soningsdagen. Nokre jødar praktiserte likevel faste to gonger i veka (Luk 18,12). Alle dei heilage menn og kvinner i Bibelen fasta. Å fasta er ein av dei gamle klassiske øvingane som har vore praktisert i uminnelege tider. Når vi fastar, avstår vi frå mat eller andre ting, for å kunna bruka meir tid med Gud i bønn. Fasta understreker alvoret, børa og nøden vi ber på når vi kjem fram for Guds andlet for å ausa ut hjartet vårt for han.
Men både farisearane og læresveinane til Johannes heldt faste. Faste var ein naturleg del av deira religiøse praksis. Dei levde nøkterne liv og fasta regelmessig. Dette var noko folk la merke til, for det var eit kjenneteikn på eit fromt og gudfryktig liv. Dei hadde også merka seg at dette ikkje var noko som kjennemerka læresveinane til Jesus. Dei undra seg over dette, for braut med forventingane deira til fromt og religiøst liv. Difor kom dei til Jesus og spør om dette. Eg legg merke til at folk var ikkje redde for å stilla spørsmål ved det Jesus sa og gjorde. Eg legg også merke til at Jesus svarte både vennleg og respektfullt, samstundes som han var klar og tydeleg.
Ofte svarte han med eit motspørsmål som hjelpte folk å sjå med nye auge, nytt perspektiv, nye synsvinklar. Då vart svaret innlysande klart. Kan vel bryllupsgjestene fasta når dei feirar saman med brudgommen? Sjølvsagt ikkje, men når han var borte skulle dei fasta. Legg merke til at Jesus ikkje fordømmer fasta deira. Han lærer berre at det ikkje er rett for læresveinane hans å fasta på dette tidspunktet.
Jesus svarer på spørsmålet om faste ved å fortelja tre likningar. Han bruker heilt vanlege hendingar og forhold til å formidla sanninga si. Den første likninga tek til med eit retorisk spørsmål som føreset eit negativt svar. Det er heilt upassande å fasta – og sørgja – i eit bryllaup. Då skal ein gleda seg og halda fest, ikkje fasta og sørgja. Brudgomen viser til Jesus, og brura hans er kyrkja. Ei ny tid har teke til.
Orda om det ukrympa tøystykket og dei nye vinsekkene er ikkje like lette å forstå, i alle fall ikkje når det gjeld korleis dei svarer på spørsmålet om faste. Difor bør vi forstå desse to bileta i lys av den tydelege tilvisinga til brudgomen. Det dei har felles, ser ut til å handla om kva som passar seg. Det sømmer seg ikkje å sørgja i eit bryllaup. Det høver ikkje å setja eit stykke nytt tøy på eit gammalt plagg. Det høver heller ikkje å fylla ny vin i gamle vinsekker.
Alt har si meining og sitt føremål, også fasta. Føremålet med fasta blir ikkje oppfylt i eit bryllaup. Nytt tøy tener ikkje føremålet sitt dersom det blir sett på eit gammalt plagg. Det ville tvert imot øydeleggja både det gamle og det nye. Ny vin tener heller ikkje føremålet sitt dersom han blir fylt i gamle vinsekker. Også då ville både det gamle og det nye gå til spille.
Ingenting skal stillast ved sida av Jesus. Dette gjeld tradisjonell jødedom, læresveinane til døyparen Johannes, nasjonalisme og alt anna som dei eller vi måtte ønskja å leggja til. Jesus er det nye elementet; det er ikkje rom for religionsblanding. Jesus gjer spørsmålet større enn berre å handla om faste. Kristendommen har på ein måte sine røter jødedommen, men representerer likevel noko heilt nytt. Når brudgomen er komen, har også ei ny tid teke til. Då er mange delar av det gamle ikkje lenger tenlege eller i stand til å oppfylla føremålet sitt.
Leave a Reply