Undervisning om den nye pakta i Hebrearbrevet

Brevet til hebrearane tek opp samanhengen mellom den gamle og den nye pakta på ein grundig måte. Mange gonger finn vi uttrykk som betre enn, større enn og høgare enn. Desse forklarar forskjellen mellom paktene. Brevet viser at den nye pakta i Jesus, overgår den gamle pakta som Moses var mellommann for.

  • Jesus er ei større openberring enn den profetane kom med, fordi han er utstrålinga av Guds herlegdom og bilete på hans vesen (Heb 1,3).
  • Jesus er ein betre mellommann enn englane (Heb 1,4) fordi han har eit større namn enn dei og ein større posisjon enn dei.
  • Han er Guds son som er krona med herlegdom og ære og den som Gud har lagt alle ting under Heb 1,5).
  • Jesus er større enn Moses, han har ei større teneste og han er verdig større ære (Heb 3,3).
  • Jesus er ein betre øvsteprest enn prestane etter Aron og Levis slekt (Heb 4,14-10,18). Han er prest til evig tid på Melkisedeks vis og har fått ei høgare presteteneste enn dei i den gamle pakta. Dessutan er han ikkje prest etter ei viss nedætting, men i kraft av eit uforgjengeleg liv.
  • Jesus er ei betre pakt som fører til fullending (Heb 8,6-13). Den gamle pakta var ei stadig påminning om synd. Men Jesus kom med noko som var betre: eit håp som gjer at vi kan koma til Gud. Jesu lovnader er ein langt betre garanti enn nokon av lovnadene i den gamle pakta.
  • Jesus er eit betre offer (Hab 9,11-14) Han ofra ikkje dyr som lam eller oksar, men han ofra seg sjølv som eit fullkome offer, ein gong for alle.
  • Den nye pakta lovar ei betre oppstode (Heb 11,35).
  • Jesus fører oss til eit betre fjell – ein betre stad av Guds nærvær. Han fører oss til høgtidsfeiringa på Sion, ikkje til det skremmande Sinai-fjellet (Heb 12,18-29).
  • Jesu blod talar sterkare enn Abels blod (Heb 12, 24).

1 Den nye pakta fører til fullending

For lova førte ikkje noko fram til fullending. Men no kjem noko betre, ei von som gjer at vi kan koma Gud nær (Heb 7,19)

I Hebrearbrevet blir omgrepet fullending nemnt fleire gonger (Heb 2,10; 5.9; 7,11.28). Dette ordet stammar frå det greske ordet telos (G5056) som tyder å nå målet, fullføra, gjera fullkome, føra til modning (Heb 9,9; 10,1). Mange av desse uttrykka er i bruk for å visa at det er i den nye pakta at heile Guds evige plan blir fullført. Det fullkomne – den rette ordninga (Heb 9,10) kom med Jesus i den nye pakta.

Dette fullkomne står i motsetnad til slik den gamle pakta fungerte. Den gamle var berre skuggen av det fullkomne. Men Gud hadde noko å utsetja både på folket og den gamle pakta. Forfattaren tydeleggjer dette ved å visa til profetordet som Jeremia kom med, om at Gud ville gjera ei ny og annleis pakt med folket (Heb 8,6-13).

I den gamle pakta måtte prestane bera fram offer kvar einaste dag både for eigne og for folket sine synder. Desse offera var berre ei påminning om synd. Men Jesus var utan synd. Han trong ikkje å bera fram offer for seg sjølv, men han ofra seg sjølv for oss. Dette eine offeret i den nye pakta, er så sterkt at det kan gjera truande både i den gamle og den nye pakta fullkomne og rettferdige framfor Gud.

For med ei einaste offergåve har han for alltid gjort dei som blir helga, fullkomne (Heb 10,14)

Jesus er også trua sin opphavsmann og fullendar (Heb 12,1-2). Det vil mellom anna seia at han er sjølve utgangspunktet og endemålet for vår tru. Ved å kjenna han, kan vi nå fram til full modning (Heb 5,14; 6,1). Dette kjem frå det greste ordet telos, og kan forklarast frå to innfallsvinklar. For det første vil Jesus gjera oss til modne menneske som legg av synd og umoden livsstil. Men det kan også forståast slik at det berre er Jesus som kan gjera oss modne ut frå meininga med at vi er skapt. Gud har på førehand bestemt oss til å bli forma etter biletet av son hans, slik at Jesus skal vera den førstefødde blant mange sysken (Rom 8,29). Nå Jesus får vinna skapnad i oss, har Gud fått det han lengta etter då han skapte oss i sitt bilete.

2 Eit nytt og betre prestedøme

Prestane i den gamle pakta hadde ei viktig oppgåve i templet. Dei bar fram bøner og offer til Gud og dei hadde ansvaret for å forkynna Guds ord til folket. Slik var dei mellomleddet mellom Gud og menneske. Øvstepresten sto i ei særstilling blant prestane. Sjølve prestedømet vart først gitt til Aron og sønene hans (2 Mos 29,9), mens dei andre av Levistammen fekk ansvaret for det praktiske arbeidet knytt til tabernaklet (seinare templet) og offertenesta.

Eitt av hovedargumenta i Hebrearbrevet er at det levittiske prestedømet ikkje kunne gjera folk fullkomne. Difor måtte det koma eit nytt og betre prestedøme (Heb 6-7). Det nye prestedømet på Meliksedeks vis, viser at det levittiske prestedømet ikkje var godt nok. Lat oss sjå nærare på dette:

2.1 Jesus er øvsteprest til evig tide

Det levittiske prestedømet kvilte på ei viss nedætting etter lova. Berre etterkomarar av Aron kunne vera prestar og berre levittar kunne tena i tabernaklet og i templet.

Men i perioden då det levittiske prestedømet gjalt, talte Gud til kong David om at det skulle koma ein prest av same slag som Melkisedek (Sal 110,4). Melkisedek møter vi på i Første Mosebok kapittel 14,17-20. Han var konge i Salem og prest for Den Høgste Gud. Melkisedek møtte Abraham og velsigna han etter sigeren over kongane som hadde angripe leiren hans, og Abraham gav Melkisedek tienden av alt.

Forfattaren av hebrearbrevet viser oss at Melkisedek var rettferdskonge og fredskonge (Heb 7,1-10). Han er utan far og utan mor og har inga slekstavle. Dagane hans har inga byrjing og livet hans har ingen slutt. Slik er han lik Guds Son, han er og blir prest for alltid.

I den gamle pakta, var det dessutan fleire prestar, for døden hindra dei i å halda fram. Men Jesus har eit prestedøme som ikkje tek slutt, fordi han er og blir til evig tid. Difor kan han óg fullt og heilt frelsa dei som kjem til Gud ved han, fordi han alltid lever og går i forbøn for dei (Heb 7, 23-25).

2.2 Lova blir endra

Når prestedømet blir endra, må også lova endrast.

Jesus stammar frå Juda, og lova sa ingenting om prestar frå den stamma. Difor vart ikkje Jesus prest gjennom den gamle pakta med nedætting frå Levi, men gjennom krafta i hans eige uforgjengelege liv. Dermed var lova om levittisk avstamming for prestar oppheva fordi det nye presteskapet vart etablert.

2.3 Jesu prestedøme er bygd på ei ny paktsinngåing

Då Jesus vart sett inn som prest, skjedde dette med eid (Sal 110,4; Heb 7,19-20). Det vil seia at dette var noko som Herren svor og plikta seg på – altså var det ei paktsinngåing. Medan prestane i den gamle pakta vart sette inn utan eid, gjorde Gud sjølv eid då han sette inn Jesus. Også dette viser at den nye pakta er ei betre pakt, og at dette er noko som Gud har bunde seg til.

2.4 Den gamle prestetenesta var berre eit skuggebilete

Då Moses skulle reisa ein teltheilagdom (tabernaklet) i den gamle pakta, var det ei etterlikning av eit himmelsk bilete (Heb 8,1-5). Men då Kristus vart innsett som øvsteprest i den nye pakta, gjer han teneste i den himmelske heilagdomen som er reist av Gud sjølv og ikkje av menneske. Jesus gjekk inn i sjølve himmelen og han stig no fram for Guds åsyn for vår skuld.

På same måten var også offertenesta eit skuggebilete av det som skulle koma. Dyreoffer var ei påminning om synd (Heb 10,5). Blodet av bukkar og kalvar kunne aldri ta bort synda. I tilfelle ville Jesu offer vore til fånyttes.

Det var også mange andre forskrifter i den gamle pakta, til dømes reglar om mat og drikke. Dei skulle gjelda fram til tida kom, då den rette ordninga skulle innførast og det fullkomne kunne koma. Kristus kom som øvsteprest for alt det vi no har tilgang til i den nye pakta.

2.5 Eit fullkome offer ein gong for alle

I den gamle pakta måtte øvstepresten bera fram offer kvar dag, både for eigne og for folket sine synder. Jesus trong ikkje gjera det. Han bar fram offeret ein gong for alle då han ofra seg sjølv. Han gjekk ikkje inn i heilagdomen for å bera seg sjølv fram fleire gonger, slik andre øvsteprestar hadde gjort kvart år. No har Jesus openberra seg ein gong for alle for å ta bort synda ved offeret sitt.

Det finst difor ingen synder, verken i fortid, notid eller framtid, som er så store at Jesus må ofra sitt eige blod på nytt. Skulda er betalt – frelse er gjort tilgjengeleg for alle folkeslag. Og Jesus reinsar samvitet vårt frå døde gjerningar så vi kan tena den levande Gud.

2.6 Overført til vår situasjon

Jesus lever idag. Han gjer presteteneste i det himmelske og går i førbøn for oss (Heb 7,25; 9,24; Rom 8,34). Han er vår talsmann / advokat framfor Guds kongsstol (1 Joh 2,1). I den gamle pakta, var øvstepresten avgrensa av tid og stad for å kunna fungera som mellommann mellom Gud og menneske. Jesus har inga slik avgrensing. Han er øvstepresten for alle menneske si vedkjenning (Heb 3,1 BGO). Det vil seia at når vi ber, sannar, vedkjenner, eller seier noko, tek Jesus det vi seier med seg og legg det fram for Guds kongsstol. Når vi vedkjenner at Jesus er Herre, ber Jesus denne vedkjenninga vidare til Gud (Rom 10,9). Dette oppmuntrar oss til å be med stort frimod. Bøna frå eit rettferdig menneske verkar med stor kraft (Jak 5,16). Det hjelper oss også til å forstå kor viktig det er at vi seier det som er rett og sant, anten det er i lønnkammeret eller i møte med andre menneske.

3 Alle er prestar for Gud

I den gamle pakta, var det prestane som hadde denne mellommannsrollen mellom Gud og menneske, sjølv om vi ser at Guds draum alltid har vore å ha eit folk som er eit kongerike av prestar (2 Mos 19,3-6). Med Jesus blir denne draumen verkeleggjord. Jesus er den levande steinen, som vart vraka av menneske, men som er utvald og dyr for Gud. Då vi kom til han, den levande steinen, vart vi forandra til levande steinar som blir bygde opp til eit åndeleg hus for Gud (1 Pet 2,4-5). Vi vart ein del av hans heilage presteskap, og kan no bera fram åndelege offer som Gud tek imot med glede ved Jesus Kristus.

Difor er vi alle prestar, vi som har del i den nye pakta. No har vi alle direkte tilgang til Guds nærvær. Dette er eit privilegium for alle truande. Guds ord seier:

Så har vi då, sysken, frimod ved Jesu blod til å gå inn i heilagdomen, dit han har innvigd ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, som er kroppen hans. Og sidan vi har ein så stor prest over Guds hus, så lat oss stiga fram med ærleg hjarte og full visse i trua, med hjartet reinsa for vondt samvit og kroppen bada i reint vatn. […] Lat oss halda urokkeleg fast på vedkjenninga av vona, for han som gav lovnaden, er trufast. Og lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar. Lat oss ikkje halda oss borte når forsamlinga vår kjem saman, som nokre har for vane, men lat oss setja mot i kvarandre, og det så mykje meir som de ser at dagen nærmar seg (Heb 10,19-25)

Legg merke til progresjonen:

  • Lat oss stiga fram for Gud med ærlege hjarte.
  • Lat oss halda urokkeleg fast på vedkjenninga av vona.
  • La oss ha omtanke for kvarandre.
  • Lat oss koma saman med forsamlinga.
  • Lat oss oppmuntra kvarandre.

Den nye pakta gir oss eit nytt hjarte og ei ny ånd. Med andre ord – ei ny haldning og ei ny innstilling til Gud, livet og kvarandre. Vi blir fylte med kjærleik og får Guds lov skrive i vårt indre. Alt saman kviler på Jesu soningsverk. Det er hans blod som gir oss frimod. På grunn av den nye paktas blod kan vi leva med full visse i trua og fullkomen frelse og rettferd. Den nye pakta gir oss eit godt samvit. Det er Guds nåde og gåve til oss, og som får synlege konsekvensar i livet vårt.

Visse i trua og vedkjenninga av vona, fører til eit liv i gudsfrykt. Det vil ikkje seia at vi berre held på med teologi og teoretiske læresetningar, men at vi lever eit liv i Kristus som alle kan smaka fruktene av. Når vi har kome til tru på Jesus og vorte reinsa frå dårleg samvit, har vi også frimod framfor Gud og menneske.

Når vi har fått del i den nye pakta, oppdagar vi at vi har paktsplikter til alle som høyrer Jesus til. Vi har fått ein ny fellesskap natur som gjer det naturleg å ha omtanke for kvarandre og oppmuntra kvarandre til tru og gode gjerningar.

Difor blir vi også minte om at vi ikkje skal halda oss borte når dei heilage kjem saman, men samlast og setja mot i kvarandre. Måten vi lever saman på i den nye pakta er eit offer som Gud tek imot med glede. Heile livet vårt er meint å vera ein lovsong til Gud, for vi lever alltid i hans nærvær.

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading