Category: Bibel

  • Dramatisk nedgang i talet på døypte!

    Det er Dagen som melder at dåptalet stuper. Berre litt over 50 prosent av alle nyfødde barn blir døypte i statskyrkja. Om denne utviklinga held fram vil under halvparten av alle barn bli døypte. Biletet er ikkje heilsvart, for samstundes får me høyra om ”drop-in-dåp” der fleire vaksne let seg døypa.

    I Fokusspalta i same avisa skriv førsteamanuensis Lars Dahle ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen eit flott og tenkjevekkande innlegg om misjon i møte med nominell kristendom. Det var veldig bra at dette innlegget kom samtidig med oppslaget om nedgang i talet på barn som blir døypte i statskyrkja.

    (more…)

  • Inga fordømminga!

    Saman med KF Nordhordland har eg for nokre dagar sidan lese gjennom Romarbrevet. Det er eit brev med djupe teologiske sanningar. Rettferd ved tru åleine og ikkje ved lovgjerningar, ein av fleire frigjerande sanningar i dette brevet. Frå tidleg ungdom lærde eg mange vers i Romarbrevet utanåt. Det var ord om frelse og rettferd ved trua på Jesus. Orda i overskrifta på dette innlegget er henta frå Rom 8,1 som seier: ”Så finst det no inga fordømming for dei som er i Kristus Jesus.” Dette er eit av mine favoritt bibelvers og det har vore til stor trøyst og glede for meg heilt frå eg vart ein kristen.

    Eg er vaksen opp i en kristen familie. Eg gjekk på søndagsskole og Yngres. Eg var med mor og far på møte på bedehuset. Då den store vekkinga gjekk over heimbygda mi då eg var ein ung tenåring, kjende eg på kallet til å gje meg over og ta imot Jesus. Eg hugsar godt dei sterke vekkingsmøta i Høylandskyrkja. Emissæren forkynte eit enkelt evangelium om Jesus og korset. Eg sat som regel på galleriet og følgde spent med på kven som gjekk fram for å gje seg over til Jesus. Eg kjende meg kalla. Eg hadde lyst å gå fram, men eg var ikkje modig nok. Eg var for feig. Dette plaga meg eit heilt år. Eg var full av fordømming fordi eg hadde vore for feig til å gå fram i kyrkja og bøya kne for Jesus.

    (more…)

  • Israels håp er knytt til det gode skaparverket

    Universet vart skapt ved Guds ord og mennesket vart skapt i Guds bilete. Gud talte og det skjedde, han baud og det stod der (Sal 33,9,11). Difor står hans profetiske lovnader fast. Guds planar gjeld frå slekt til slekt. Guds profetiske ord er framleis verksam i verda for å føra henne fram til fullending. I det skapte har Gud openberra sitt store namn, sin herlegdom og si makt (Sjå Sal 8,2; 19,2).

    (more…)

  • Israels profetiske håp

    Det kristne håpet har vorte påverka og blanda med mange allmennreligiøse førestillingar som har si rot i gresk filosofi. Difor har håpet vorte individualisert, åndeleggjort og himmelvendt. Kristenfolket har ikkje vore tru mot sine hebraiske røter: Israels profetiske håp. Det nye testamentet har vorte rive laust frå dei profetiske røtene i Det gamle testamentet og i staden vorte tolka under påverknad av den greske dualismen.

    (more…)

  • Har Gud forkasta Israel?

    Det er apostelen Paulus som stiller dette aktuelle spørsmålet i brevet til Romarane: Har Gud forkasta eller støytt ifrå seg Israel, folket sitt i Det gamle testamentet? (Rom 11,1). Før han stiller spørsmålet, har han sett ord på den sorga og lidinga han ber i hjartet sitt for dei jødiske landsmennene sine (Rom 9,2). Hans store ønskje er at dei må verta frelste, men hans sorg og fortviling er at dei ikkje kjenner Guds rettferd og difor heller har ikkje bøygd seg inn under rettferda frå Gud (Rom 10,1-3). Vil det seia av Gud har støytt ifrå seg Israelsfolket?

    (more…)

  • Alt samverkar til det gode

    Livet med Gud er fantastisk. Trua på Jesus Kristus gjev livet meining og framtida god. Å leva i trua på at me er elska av Gud uansett kva me har gjort eller ikkje gjort, gjev oss ei trygg kvile. Me treng ikkje streva for å få Gud til å vera glad i oss. Han elskar oss uansett. Til og med medan me var fiendar av Gud, synte han sin kjærleik mot oss ved at Jesus døydde for våre synder. Det er faktisk slik at me treng ikkje gjera noko for å vera elska av Gud, Det er nok å vera menneske. Alle menneske er skapte i Guds bilete. Me er alle vilja av Gud. Me er alle elska av Gud.

    (more…)

  • Finst det bevis på at Jesus verkeleg stod opp frå dei døde?

    I dag feirar kristne over heile verda at Jesus ikkje vart verande i grava, men at han stod opp frå dei døde. Me helsar kvarandre med desse orda: "Han er oppstanden!", "Jesus lever!" Dette er ein flott måte å helsa kvarandre på når me på første påskedag kjem saman for å halda gudsteneste og feira oppstoda. Men finst det bevis på at Jesus stod opp frå dei døde?

    (more…)

  • Kvifor feirar me Langfredag?

    Påskefeiringa er den største av dei kristne høgtidene. Denne feiringa har sine røter i den jødiske påskefeiringa av at Gud fria folket ut frå slaveriet i Egypt. I den kristne feiringa er Langfredag heilt sentral. På denne dagen feirar me at Jesus døydde på korset for oss. Han er det verkelege påskelammet som tek bort synda i verda (Joh 1,29). Det kristne evangeliet er Ordet om Korset. Det som skjedde på Langfredag er heilt sentralt for den kristne trua. Forsoninga kviler på dette at Jesus døydde for oss på korset på Langfredag. Dette treng me å feira.

    (more…)

  • Herren set kongar av og set kongar inn

    Me har vore gjennom nokre politisk dramatiske dagar i landet vårt. Landet kunne vorte kasta ut i politisk kaos. Eg trur at det berre er på grunn av bønn frå mange kristne at landet vårt er spart for regjeringsskifte med all den uro og uvisse det ville innebera. No er det tid for endå meir bønn. Sterke og splittande krefter er verksame i nasjonen. Folk på alle sider av dei politiske skiljelinene treng vår forbønn. Ikkje minst må me be for oss sjølve, for kristenfolket i Noreg, at me må vera audmjuke og miskunnsame så me kan vera med å skapa fred og forsoning i folket vårt. Ingen er tent med den polariseringa me no ser.

    Eg ser Guds gode finger i den avgjerda Sylvi Listhaug har teke om å trekkja seg som justisminister. Det var ingen som venta at ho ville gjera det. Redaktør Selbekk i Dagen sa at det ville vera ”u-Listhaugsk”. Korkje partileiaren eller statsministeren hennar hadde bede ho om å gå. Media seier at Listhaug hadde regien heilt åleine. Det trur eg er feil. Eg trur at det er Herren som har hatt regien. Det er han som set inn og det er han som set av (sjå Dan 2,20-21; 4,17; 4,25; 5,21).

    Difor seier Guds ord at me framfor alle ting skal bera fram bønn og påkalling, forbønn og takk for alle menneske. Me skal be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så me kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt me gjer (1 Tim 2,1-2). Denne apostoliske formaninga treng me å ta inn over oss som aldri før. I denne tida er det altfor mange kristne som blir rivne med i ein oppheta debatt. Mange roper høgt og bruker harde ord. Det haglar med klagemål alle vegar – i alle retningar. Mykje av det eg ser vitnar korkje om gudsfrykt eller vørdnad. Dei mange skuldingane vitnar ikkje om stille og fredelege liv. Det finst eit sinne som skremmer meg. Det vitnar ikkje om tru og tillit til Gud. Eg ser ein aggressivitet frå kristne menneske som ikkje vitnar om nåde, miskunn og trufast kjærleik. Kor er respekten for andre?

    Eg har aldri vore ein Listhaug fan. Eg tykkjer likevel litt synd på henne i dette kjøret ho har vore utsett for. Sjølv kallar ho det ein heksejakt. Eg kan forstå at ho opplever det slik. På den andre sida haustar ho berre det ho sjølv har sått. Ho har berre seg sjølv å takka for den stoda ho har kome i. Når ho seier at Hareide sleikjer imanane opp etter ryggen, er det uhøvisk og ikkje ein politikar verdig. Når ho godkjenner at politiet knuser glassruter for å bryta seg inn i eit kyrkjebygg for bortføra ein kristen småbarnsfamilie, står ho ikkje for kristne verdiar og mistar sjølvsagt tillit. Når ho seier at Ap (og fleirtalet på stortinget) er meir opptekne av å forsvara terroristane sine rettar enn å sikra tryggleiken for landet, går ho langt over streken. At ho heller ikkje høyrer på råd frå sin eigen sjef og slettar utsegnet, gjer det endå verre. At ho ikkje audmjuker seg og bed om tilgjeving, men må pressast til ei orsaking, skaper heller ikkje tillit. Men ho skal ha ros for at ho trekte seg og redda regjeringa.

    Lat meg skunda meg og seia at du sjølvsagt kan vera ein god kristen og ikkje vera samd i desse vurderingane mine. I politikken er det rom for at kristne har mange ulike meiningar og løysingar på dei utfordringane me møter i samfunnet. Difor må me be for politikarane våre. Me må be om visdom for dei til å velja dei beste løysingane. Me må be om at dei fremjar rett og rettferd i alt dei gjer. Me må be om nåde for dei så dei kan vera samlande og ikkje splittande, at dei skaper fred og ikkje strid.

    Tida for Noreg er no. Guds finger er verksam i landet vårt. Han gjer meir bak ryggen vår enn dei fleste av oss er klar over. I desse dagane må me ropa til Gud om nåde og miskunn for land og folk. Måtte han venda fedrehjarta til barna og barnehjarta til fedrane og skapa forsoning. Måtte han lækja dei såra som hat og vonde ord har skapt. Måtte han gje dei trassige det sinn som rettferdige har. Måtte folket vårt kjenna frelse når syndene blir tilgjevne. Måtte lyset frå det høge gjesta oss som ein soloppgang og styra oss inn på freds og forsoningsveg.

    Tekst: Erling Thu

  • Farlege folk

    Det finst veldig mange farlege folk: Farlege journalistar. Farlege leiarar. Farlege sjåførar. Farlege politikarar. Farlege menn. Farlege kvinner. Farlege kriminelle. Farlege religiøse folk. Farlege terroristar. Farlege diktatorar. Farlege doktorar. Farlege lærarar. Farlege utlendingar. Farlege jegerar. Farlege innvandrarar. Farlege kristne. Farlege muslimar. Farlege hinduar. Farlege buddhistar. Farlege soldatar. Farlege pastorar. Farlege biskoppar. Farlege statsrådar. Farlege kateketar. Farlege idrettsfolk. Farlege forkynnarar. Farlege lyttarar. Farlege presidentar. Farlege kongar. Farlege dronningar. Farlege lygnarar. Farlege baktalar. Farlege mordarar. Farlege forretningsfolk. Farlege offiserar. Farlege arbeidarar. Farlege fedrar. Farlege mødrer. Farlege ungdommar. Farlege barn.

    Denne lista kan gjerast endelaust lang. Her har eg berre nemnd nokre få av dei mange folka som kan vera farlege. Du forstår kanskje kva eg vil med denne lista? Eg prøver berre å seia, at eigentleg har alle menneske eit farleg potensiale i seg. Bibelen seier at me alle er fødde syndarar. Teologar snakkar om arvesynd og syndig natur.

    (more…)