Category: Bibel

  • Pinse kvar dag

    Me feirar pinse i desse dagane, men mange nordmenn veit ikkje kva dei feirar. Pinse er vel den kristne høgtida som mange har vanskelegast å forstå og forhalda seg til. Det er ikkje så rart, for når eg les korleis kristne teologar forklarar pinse er det ikkje lett å forstå kva pinse har med oss å gjera. Dei fleste teologane gjev oss høgttravande forklaringar om kva som hendte for nesten to tusen år sidan. Så får me mange filosofiske tankar om pinse har å seia for den kristne kyrkja.

    (more…)

  • Det kristne håpet er ikkje eit nytt håp

    Apostelen Paulus gjer det klart at det håpet han ber på, er identisk med Israels profetiske håp:

    For eg trur alt det som er skrive i lova og profetane, og eg har den same von til Gud som desse har: at rettferdige og urettferdige ein gong skal stå opp frå dei døde (Apgj 24,14-15).

    Og no står eg her og skal dømmast fordi eg set mi von til den lovnaden Gud gav fedrane våre, den lovnaden som det tolvætta folket vårt vonar å sjå oppfylt – difor er dei uthaldande og dyrkar Gud natt og dag. For denne vona, konge, kjem jødar med skuldingar mot meg (Apgj 26,6-7).

    For det er Israels von som gjer at eg går med desse lenkjene (Apgj 28,20).

    Det kristne håpet er difor ikkje eit nytt håp, men ei vidareføring av det håpet som dei herbraiske profetane forkynte. Paulus kalla det for “Israels håp.” Det nye er at dette håpet har begynt å bli verkeleggjort. Israels profetiske håp er ikkje lenger berre framtid, for denne framtida har brote inn i notida. Apostlane forkynte evangeliet om Guds rike, at det som Israel håpa på å sjå oppfylt ein gong i framtida, no er i ferd med å bryta inn i denne tidsalderen. Det store vendepunktet i historia var gjennom det vi kallar Kristushendinga – inkarnasjonen (at Gud vart menneske), Jesu liv, død, oppstode, himmelfart og utrenning av Anden på pinsedag. Frå då av har alle lovnader fått sitt ja og amen i Jesus Kristus ( 2 Kor 1,20).

    (more…)

  • Israels håp er vårt håp

    Bibelen startar med å fortelja at Gud skaper himmel og jord og avsluttar med å fortelja at han gjer alle ting nye. Israels håp for verda og endetida er djupt festa i den progressive openberringa profetane forkynte. Paulus seier at Guds plan starta før verda vart skapt (Ef 1,4). Dei første menneska, Noah, Abraham, Israelsfolket og verdsrika er alle nøkkelpunkt i Guds plan. Frå Første Mosebok og utover i GT ser vi Guds frelseplan utvikla seg i historia om Israel til å omfatta heile menneskeslekta. Det håpet som vaks fram hjå Israelsfolket i Det gamle testamentet finn si oppfylling i Det nye testamentet. Israels håp har vorte det kristne håpet.

    Gjennom Jesu Kristi liv, død, oppstode og himmelfart ser vi eskatologien i eit nytt lys. Forkynninga av evangeliet om Guds rike er godt nytt og sameinar alle folk og nasjonar. I Guds forsamling blir alle menneskelaga skilje brotne ned og menneske av alle rasar, språk og kulturar finn fellesskap og harmoni med kvarandre.

    Endetida handlar ikkje berre om ei overnaturleg eller oversanseleg framtid, men også om dei historiske realitetane som Gud skaper for å føra denne framtida til oss. Dei eskatologiske realitetane gjennomsyrer historia, dei blir gjort synlege i historiske hendingar og formar utviklinga av historia. Profetane tolka historia i lyset frå Guds evige plan. Dei profetiske visjonane om Guds frelseplan ligg til grunn for det vi kallar historisk eskatologi. Forteljingane i Bibelen er skrivne av profetar som ser Guds finger i dei historiske hendingane og difor har håp i det svartaste mørkret.

    Forteljinga om det tragiske syndefallet illustrerer dette. Då dei første menneska hadde synda og gjort opprør mot Guds gode ordning, kom Gud i sin nåde og forkynte det som blir kalla for protoevangeliet: at kvinna si ætt skulle knusa slangen sitt hovud (1 Mos 3,15). Dette er det første profetordet i Bibelen etter syndefallet. I dette ordet ligg frøet og spiren til alle seinare profetiar: Ei åtvaring om kamp og strid, og ein lovnad om full og endeleg siger. Gud seier at han set fiendskap mellom to menneskeslekter, dei som har djevelen til far (Joh 8,44) og dei som har Gud til far, mellom mørkrets barn og lysets barn. Den endelege utgangen på denne striden ville vera avgjort når kvinna si ætt knuser slangen sitt hovud, jamvel om ho må lida. Alle kristne trur at dette ordet peikar fram mot Jesus Kristus som vann over djevelen på krossen. Kampen mellom dei to menneskeslektene vil halda fram til Gud knuser satan under våre føter (Rom 16,20). Gud vil bruka folket sitt til å verkeleggjera sin siger over den vonde i verda. Det er ei lidande forsamling, eit folk som har lært å omfamna korset, Gud vil bruka til å fullføra sine planar i verda. Guds folk vil vinna over djevelen og hans forføringar i kraft av blodet frå Lammet og det Ordet dei vitnar om, når dei ikkje har livet så kjært at dei ikkje vil gå i døden for han (Op 12,11). Det er dei som følgjer Lammet kvar han går som sigrar (Op 14,4). Motgangen kan vera stor, vanskane kan synast uovervinnelege, mørkret kan vera kolsvart, men som kristne har vi håp og trur på siger, for Gud sit på kongsstolen.

    Måten Skrifta brukar innhaldet i 1. Mos 1-3, viser oss at fundamentet for kunnskap om dei siste ting ligg i kjennskapen til dei første skaparorda, gjerningane og lovnadane frå Skaparen. Målet er innebygd i opphavet. Dei seks skapardagane fann si fullending i den sjuande dagen. Kviledagen peikar fram mot målet for skaparverket. Mennesket er ikkje målet for skaparverket, men er meint å vera Guds medarbeidarar for å føra heile skaparverket fram til fullending. Guds mål og frelseplan var klar frå før verda vart grunnlagd.

    Forteljinga om syndefallet viser oss at Gud held det han lovar når han dømmer og straffar synd. Forteljinga viser også at hans plan, om å ha eit skaparverk i harmoni med sin vilje, står fast. Han gav mennesket ein lovnad om ein frelsar som skulle koma. Guds vilje til å frelsa kjem tydeleg til uttrykk i forteljinga om Noah som fann nåde for Gud. Då synda hadde vorte så stor at Gud måtte dømma og straffa, gav Gud menneska ein ny start. Den gamle verda gjekk under i den store domsflaumen, men Gud berga Noah, familien hans og alle slags dyr og fuglar. Han gav dei ein ny start på ei ny jord som steig opp av domsvatnet (sjå 2. Pet 3,5-6). Gud kunne ikkje la vondskapen ta overhand, han greip inn med dom og frelse. Han gjorde også ei pakt med menneska og alle levande skapningar der han lova at jorda ikkje skal bli øydelagd. Då vondskapen på ny var i ferd med å ta overhand, greip han inn, skapte språkforvirring og spreidde menneska over heile jorda (1 Mos 11,1-9).

    Menneska er skapte til fellesskap med Gud og kvarandre. Vi er utvalde i Kristus før verda vart grunnlagd, til å stå for hans andlet, heilage og utan feil (Ef 1,4). Menneskesoga er historia om synd og svik, om urett og utnytting. Fellesskapet med Gud vart brote og menneska vart uvenner med kvarandre. Men Gud endra aldri på sin plan om vennskap og fellesskap med menneska. Vi kan sjå at Gud arbeider i samsvar med sin frelseplan i heile bibelsoga. Han vil føra folk tilbake til seg og kvarandre. Jesus skaper fred og forsoning. Han lærte oss å be: ”Lat riket ditt koma, lat viljen din råda på jorda så som i himmelen” (Matt 6,10). Det er dette herlege målet Gud styrer historia mot, slik Openberringa fortel. Det er ei god framtid med fred og harmoni for menneskeslekta. Menneska skal få leva i gode relasjonar til Gud, kvarandre og heile skaparverket.

    Og eg høyrde frå trona ei høg røyst som sa: "Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud. Han skal tørka kvar tåre frå auga deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var, er borte." (Op 21,3-4)

    Bibelen viser oss at Guds plan og vilje for heile menneskeslekta er at vi skal bli frelst og få del i det nye mennesket i Kristus. Då kan vi leva i nært fellesskap med Gud og våre medmenneske. Jesus har med sitt blod frikjøpt for Gud menneske av alle stammar og tungemål, av alle folk og folkeslag. Dette er den nye, gjenreiste menneskeslekta som omfamnar Guds nåde. Han har gjort dei til eit kongerike, eit samfunn, eit fellesskap av menneske som er prestar for Gud, og dei skal herska som kongar på jorda (Op 5,9-10).

  • Offer til glede for Gud

    I Det gamle testamentet var det føreskrive mange offer av ulikt slag. Det var ei mening bak kvart av dei. Gud hadde gjeve nøyaktige føreskrifter om korleis og når dei skulle berast fram. Mest heile tredje Mosebok er full av føreskrifer om dei mange ulike offera som folk skulle bera fram i tabernaklet.

    Trass i alle desse føreskriftene oppdagar me at profetane seier at desse offera i seg sjølv ikkje skaper glede hos Gud. David seier at Gud ikkje har glede i hans slaktoffer. Han bryr seg ikkje om David sitt brennoffer (Sal 51,18). Det er ikkje våre prestasjonar som fyller Gud med glede. Han treng ikkje våre velgjerningar eller våre offer. Alt me gjer er smitta av synd og kan ikkje tilfredsstilla Gud.

    Offer til glede for Gud er ei sundbroten ånd. Gud foraktar ikkje eit sundbrote og knust hjarte (Sal 51,19). Når me skjelvande ber fram for Gud vårt knuste hjarte, finn Gud glede i det og viser oss nåde. Når me audmjukt bøyer oss i støvet fordi me innser at me kjem til kort og treng tilgjeving og nåde, då finn Gud glede i vår sundbrotne ånd. Når me er knuste og sundbrotne kan me bera fram kva som helst offer for Gud og han vil finna glede i det. Gud ser til hjartet og ikkje til menneskelege prestasjonar. Det er berre den audmjuke som får nåde, for han har ingenting å rosa seg av, men klyngjer seg til korset og Jesu Kristi fullkomne offer. Når me ser bort frå våre eigne prestasjonar og set vår lit til Jesus Kristus, kan me bera fram vårt knuste hjarte som eit offer til glede for Gud. 

  • Israels håp: Guds universelle kongevelde

    Den pakta Gud ved Moses gjorde med Israelsfolket stadfestar den universelle karakteren i utveljinga og oppdraget deira:

    Dersom de lyder mi røyst og held mi pakt, skal de vera min kostelege eigedom framfor alle andre folk; for heile jorda er mi. De skal vera eit kongerike av prestar og eit heilagt folk for meg (2 Mos 19,5-6).

    Det er interessant å leggja merke til den grunngjevinga Gud gir for utveljinga: “For heile jorda er mi.” Gud har med andre ord utvalt Israel til å vera eit kongerike av prestar for å føra heile menneskeslekta inn i samfunn med seg. Når Jesus snakkar om dette oppdraget, seier han at frelsa kjem frå jødane (Joh 4,22) og Paulus understreker at Guds ord vart tiltrudd dei (Rom 3,2). Israels fekk ei presteteneste som omfatta alle folk på jorda slik også salmisten seier:

    Dei fortel om di herlege kongsmakt og talar om ditt velde. Dei lèt menneske læra å kjenna ditt velde, di strålande kongsmakt. (Sal 145,11-12)

    I pakta med David blir lovnadene om Guds universelle kongerike stadfesta og konkretisert:

    Ditt hus og ditt kongedøme skal stå fast til evig tid for mitt andlet, og din kongsstol skal stå støtt til evig tid. (2 Sam 7,16)

    Desse og mange andre lovnader om kongestav og herskarmakt skapte ei forventing i Israelsfolket om Guds universelle kongevelde. Ein gong skal det koma ein konge som skal frigjera heile verda frå synd og urett. Dette var den store draumen som profetane bar på og profeterte om. Litt etter litt og på mange måtar fekk dei innsikt i Guds plan, for Gud gjer ingen ting utan først å openberra sin løynde plan for tenarane sine, profetane (Amos 3,7). Profetane forstod at Gud arbeider i historia etter ein plan som omfattar heile jorda (Jes 14,26-27) og når Herren har ein plan, kven kan hindra han?

    Frå opphavet fortel eg slutten, på førehand fortel eg det som ikkje har hendt. Eg seier: «Min plan står fast, alt eg vil, det gjer eg. (Jes 46,10).

  • Openberringa av Guds kongsmakt skapte håp for Israel

    Parallelt med trua på at Gud har vorte Israels konge, ved den pakta han gjorde med dei, finn vi trua på at Gud frå æva av er konge over heile verda. Himmel og jord er skapt av Gud og han er ikkje berre konge i Israel, men konge over alle folkeslaga. Han er Herren Allhærs Gud og herskar over heile sitt skaparverk. Herren over alle dei himmelske hærskarane har reist sin kongstol i himmelen og rår over heile skaparverket:

    Herren har reist si trone i himmelen, han rår som konge over alt. (Sal 103,19)

    Herren er konge til evig tid, (Sal 10,16)

    Herren er konge! Han har kledd seg i høgd, Herren har kledd seg i kraft og spent beltet om livet. Verda står fast, ho skal ikkje rokkast.  Di trone står fast frå gammal tid, du er til frå æve. (Sal 93,1-2)

    Deg, Herre, høyrer stordom til og makt, herlegdom, ære og majestet, alt som er i himmelen og på jorda. Ditt er riket, Herre, og du er opphøgd som overhovud over alt. (1 Krøn 29,11)

    Du er konge gjennom alle tider, du herskar frå slekt til slekt (Sal 145,13).

    Lovsongen til Herren, “den store Kongen over heile jorda” ljomar med stor styrke frå Israels rike salmeskatt. Salme 145 er eit godt døme på denne lovprisinga av Guds herlege og universelle kongerike. Fortid, notid og framtid smeltar saman i trua på Guds kongevelde. Trua på Guds evige og urokkelege kongemakt over heile skaparverket er sjølve grunnfjellet i Israels gudstru. Denne openberringa skapar store og lyse visjonar for framtida. Guds himmelske kongsstol er grunnlaget for Israels håp om hans framtidige kongevelde på jorda. Han som har all makt i himmel og på jord, vil ein dag ta denne makta på ein synleg måte og manifestera sitt rike på jorda! Han som frå æva er konge skal også i framtida visa det ved sitt inngrep i historia.

    Openberringa av Guds kongemakt gjer at Bibelen er gjennomsyra av ein bodskap om håp. Frå dei første til dei siste sidene i Bibelen strålar håpet fram, trass i alle forteljingane om synd og menneskeleg svikt. Gud er trufast mot si skaparpakt med menneska og resten av skaparverket. I sin trufaste kjærleik og overstrøymande nåde vil han fullføra sin gode plan. Korkje menneske eller demonar kan hindra Gud å gjera det han har sett seg føre å gjera. Om synda er stor, er nåden større. Gud er ein Gud som tilgir og gjenreiser. Den raude tråden i Bibelen er forteljinga om korleis den suverene og allmektige Gud grip inn i historia til frelse for menneske. Bibelen er ein dokumentasjon av Guds frelsande gjerningar i historia.

  • Det er ikkje alltid det går som me trur

    Forkynnaren er på mange måtar ei litt underleg bok, men eg har oppdaga mange sanningar i denne boka som skildrar livet frå eit jordisk perspektiv. "Under sola" er eit uttrykk som er brukt fleire gonger boka. Det seier oss at forfattaren prøver å forstå livet og det som skjer på jorda slik det ser ut for ein som lever under sola. Her hender det mykje som er vanskeleg å forstå og forklara.

    Salomo, som dei fleste reknar som forfattar av boka, undrar seg over ting han legg merke til: Det er ikkje alltid dei raske som vinn løpet. Det er ikkje alltid dei sterkaste og djerve som sigrar i krig. Dei vise kan ofte vera fattige. Dei dyktige treng ikkje vera velståande. Det er ikkje alltid dei høgt utdanna lever gode liv. Hell og lukke ser ut til å råka tilfeldig. Ofte handlar det berre om å vera på rett plass til rett tid.

    Menneske spår, men Gud rår. Mennesket veit ikkje når tida er komen. Me kan leggja gode planar og jobba hardt, men me veit aldri kva som kjem ut av det me gjer. Me kan ha gode intensjonar, men evnene strekk ikkje alltid til. Me kan drøyma store draumar, men me kan aldri vita kva som vil skje. Slik fisken blir fange i det vonde garnet, slik fuglen går seg fast i snara, slik blir menneske fanga av ei ulukketid, brått kjem ulukka over dei. Det er ikkje alltid det går slik me trur.

    I tidlegare tider kunne eg uttala meg skråsikkert om mange ting. Alt var svart eller kvitt. Eg hadde mange enkle svar på store spørsmål. Framleis trur eg at alt Bibelen seier er sant. Eg trur at Bibelen er Guds ord. Men det er ikkje alt eg forstår. Det er ikkje alt eg får til å gå i hop. Eg har ikkje like mange skråsikre forklaringar som eg ein gong hadde. Likevel er eg tryggare enn nokon gong før, for Gud er god og har kontroll.

    Ingen menneske kan vita kva som ligg framfor dei, Om det er kjærleik eller hat. Mennesket veit ikkje kva som skal henda. Når alt kjem til alt, så står det ikkje til den som vil eller til den som strevar, men til Gud som miskunnar seg. Når alt kjem til alt, er me heilt avhengige av Guds nåde. Ved hans nåde er me det me er. Det beste me kan gjera er å leggja alt i Guds hender. Der er me trygge. Hans gode hender vil halda oss fast. Hans sterke hand vil fullføra det verket han har begynt i livet vårt.  

     

     

  • Israels håp er knytt til Guds rike

    Tanken om Guds rike er ein av dei viktigaste elementa i Israels tru. Dei var utvalde til å vera eit kongerike av prestar, så dei kunne vera Guds demonstrasjonsfolk, for å føra folkeslag til tru og lydnad (sjå 2 Mos 19,6; 1 Kong 8,43-60; Rom 1,1-5). Gong på gong vart Guds kongevelde synleggjort og demonstrert i Israels historie. Det profetiske håpet vart knytt til desse demonstrasjonane av Guds rike mellom dei. Det ser vi mellom anna i måten dei tolka utgangen frå Egypt på: Då Israel drog ut frå Egypt, vart dei hans rike (Sal 114,1-2). Då song Moses og israelittane: Herren er konge til evig tid! (2 Mos 15,18). Gjennom Guds frelsande gjerning såg dei hans kongevelde. Med skremmande storverk sette han folket fri og viste seg som konge. Då Gud gjorde pakt med dei ved Sinai og stadfesta at dei var Guds kostelege eigedomsfolk, stod han fram som konge mellom dei (5 Mos 33,5). Hans kongerike i Israel skulle både vera ein demonstrasjon av hans rike og eit utgangspunkt for hans kongevelde over heile verda.

    (more…)

  • Nåde til å gje

    I brevet til Korintarane skriv apostelen Paulus svært mykje om å gje. Fleire kapitel i dette brevet handlar om nåde til å vera rause i å gje. Dette blir konkretisert i ei innsamling til dei kristne i Jerusalem, som han har sett i gang. Når han skal oppmoda korintarane til å halda lovnadene sine og fullføra den innsamlinga dei tidlegare har sagt dei vil vera med i, bruker har dei kristne i Makedonia som eit føredøme. 

    Gud hadde synt dei kristne i Makedonia stor nåde. Dei var hardt prøvde i si naud. Livet gjekk ikkje på skinner. Dei hadde store utfordringar. Dei levde i djup fattigdom. Trass i denne vanskelege stoda hadde dei ei overstrøymande glede i trua på Jesus. Difor vart dei rause og villige til å gje. Faktisk bad dei inderleg om å få vera med å gje. Ingen pressa dei til å gje. Gud gav dei nåde til å gje, jamvel om dei var fattige. Ved Guds nåde gav dei over evne, – dei gav meir enn dei hadde råd til å gje. Dei gav seg sjølve, først til Herren og så til Paulus og det apostoliske teamet, i samsvar med Guds gode vilje.

    (more…)

  • Israels håp er at Gud skal gripa inn i historia

    Det sentrale i Israels profetiske håp er at Gud skal gripa inn i historia med ei radikal frigjering frå synda sine katastrofale følgjer. Håpet til Gud handlar om frigjering av verda og historia, og står mot alle freistingar til å blanda seg med mytologiske tankar om eit hinsidig eventyrland. Himmelen har ein ganske stor plass i Israels tru, men han blir aldri tenkt på som Guds folks framtidige heim. Israels framtidshåp ventar på ei gjenreising av det lova landet og med det ei gjenreising av heile verda. Israel såg aldri på himmelen som det eskatologiske endemålet, men såg fram til kva himmelen ville gjera med jorda. At Guds folk til slutt skulle bu i himmelen er ein heilt framand tanke for dei hebraiske profetane.

    (more…)