Category: Norske innlegg

  • Nasjonal oppvakning

    Då sukka heile Israels hus etter Herren (1.Sa.7,2NB). Då vende heile Israelsfolket seg til Herren (7,2).

    Det var nå gått lang tid sidan filistarane slo Israel i slaget ved Afek og tok paktkista frå dei. Då paktkista valda mange vanskar for filistarane sendte dei henne tilbake til Israel, og no hadde paktkista stått i Kirjat-Jearim i tjue år. I desse åra må profeten Samuel ha arbeidt hardt for å få folket til å venda tilbake til fedrane sin Gud. Den beiske lærdomen frå Afek hadde lært han at det åndelege forfallet var så stort at det ikkje var nok med små ytre endringar for å få Guds vernande velsigning attende til folket på ny. Han forstod at det trongst eit djupgåande verk i hjarte og karakter for å få folket til å verta det Gud ville dei skulle vera.

    (more…)

  • Profeten vekkjer hunger etter Gud

    I tjue år hadde profeten Samuel arbeidt for å få folket til å sjå samanhengen mellom gudsdyrking og menneskeleg fridom. Då dei innsåg at avgudsdyrking og moralsk forfall var fråfallet frå Herren og grunnen som førte nasjonen ut i ulukka, vart lengten til Gud tend på ny. Profeten sitt arbeid hadde vekka opp ein hunger etter Gud og hans velsignande nærvær hjå store lag av folket.

    (more…)

  • Profetord og overmot

    Samuels ord kom ut over heile Israel. Og Israel drog ut for å strida mot filistarane. 1.Sa.4,1

    Det er mange ulike meiningar om plasseringa av desse to setningane og som gjer at dei kan forståast på ulike måtar. I Bibelselskapet sin Bibel er den første setninga, om at det Samuel sa gjekk ut til heile Israel, plassert i samanheng med det som står i verset før (3,21). I Norsk Bibel si utgåve, som eg har sitert ovanføre, ser det ut som om det er ein klår samanheng mellom dei to setningane i 1.Sam.4,1.

    (more…)

  • Herren openberrar seg fro profetane gjennom ordet sitt

    Og Herren heldt fram med å syna seg i Sjilo; der openberra Herren seg for Samuel gjennom sitt ord. 1.Sam.3,21

    Desse orda fortel om Samuel sitt framhaldande fellesskap med Den Evige Eg Er, Herren Allhærs Gud. Herren heldt fram med å gje seg til kjenne for Samuel. Han tala til han gjennom Ordet sitt. Dette er eit kjenneteikn på den profetiske tenesta, fellesskapet med Gud der Gud openberrar seg gjennom Ordet sitt. Ordet er det mediet Gud bruker til å gjera seg kjend gjennom. Når Gud talar syner han oss kven han er. Herren openberrar seg gjennom ordet sitt. Her ser vi også kva som er kjernen i den profetiske tenesta, å ta imot ord og bodskap frå Gud. For å kunna fungera i ei profetisk teneste må vi leva i eit nært forhold til Gud så han kan tala til oss.

  • Fellesskap med profetane

    Vi kan ha fellesskap med profetane som Bibelen fortel oss om, og vi kan stå i same teneste som dei. Vi kan vandra med Gud slik Enok gjorde. Vi kan forkynna rettferd og komande dom slik Noa gjorde. Vi kan vera barn av Abraham med same tru og lydnad som han. Vi kan sloss mot oss sjølv som Jakob. Vi kan kjempa for personleg integritet i det sosiale livet slik Josef gjorde. Vi kan vera med å byggja Guds hus etter det himmelske mønsteret saman med Moses. Vi ta del i den overnaturlege styrken Samson hadde då Anden var over han. Vi kan ta del i det politiske livet med profetisk innsikt som Daniel. Vi kan læra av alle Guds menn og kvinner som er omtala i Bibelen. Soga deira er skrive for oss som lever i den siste tida så vi skal læra å leva i Guds vilje og verta brukt til å fremja Guds plan for den verda vi lever i.

  • Eg drøymer om eit fellesskap kor alle samlingar er merka av Guds nærvær for dei er samlingar av lengtande menneske.

    Eg drøymer om samlingar av menneske som kjem til kort, men veit kor det er hjelp å få.

    Eg drøymer om samlingar av menneske som har smakt Guds nåde og har mista trua på alt menneskeleg strev.

    Eg drøymer om samlingar av menneske som veit at dei skuldar han som gav seg sjølv for dei alt.

    Eg drøymer om samlingar av menneske som trur at Gud lønner dei som med iver søkjer han.

    Eg drøymer om enkle samvær av menneske som har lært å vera seg sjølv og som gjev rom for og oppmuntrar alle til å leva ut deira eigenart i frigjerande glede av å vera godteken av berre nåde.

    Eg drøymer folk om som ser Guds nåde i kvarandre når dei må sanna synd og be om tilgjeving.

    Eg drøymer om samlingar kor varme, kjærleik, tilgjeving, omtanke ikkje er noko ein snakkar om, men levd liv som syner seg i haldningar, ord og gjerningar.

  • Eg har ein draum om ein ny generasjon av radikale kristne

    Eg drøymer om radikale kristne som har forstått at kristendommen ikkje er ei rekkje med religiøse møte eller aktivitetar, men eit nytt liv i fellesskap med Jesus Kristus og med andre menneske, – ein ny måte å leva heile livet sitt på 24-7!

    Eg drøymer om radikale kristne som tek eit oppgjer med tradisjonelle møteformer, som har sitt opphav i gammaltestamentleg tempel- og synagogetenking og ikkje i den organiske tenkinga om forsamlinga som eit livsfellessap i Jesu Kristi kropp!

    (more…)

  • Ingen profet kan vera likesæl

    Ingen profet kan vera ein kald istapp, ein tørrpinne, ein mumie, eit balsamert lik, som hektisk held fast på gårsdagen som om han skulle vera betre enn dagen i dag. Ein profet kan ikkje tala om Gud som om han hadde openberra seg som ”EG VAR” i staden for ”EG ER”. Anden frå den Allmektige lyftar han ut av fortida og det sjølviske mørkret og gjer han til ein føregangsmann for ei ny tid.

    Ingen profet kan vera likesæl til tida og kulturen han lever i for han ser Guds finger i alt som hender.

  • Eit ekko eller ei røyst?

    Goethe skal ha sagt: ”Det er mange ekko i verda, men få røyster.” Openberring er ei eineståande visjon, forståing eller melding som kjem frå Gud og ikkje menneske. Inspirasjon er ei vanleg kjensle og rørsle i sjela som vert utløyst av menneskelege ord, haldningar og handlingar. Openberringa er original, du ser og forstår noko du ikkje har høyrd eller sett før. Inspirasjon kan berre skapa eit ekko i dei som høyrer, jamvel om det for han som talar er ei ny oppleving av å vera rørt og oppglødd.

  • Å verta tiltrudd å vera profet

    Samuel voks opp. Og Herren var med han og lét ikkje eitt av orda sine falla til jorda. (1.Sam.3,19)

    Samuel har nettopp hatt eit sterkt møte med Gud. Han har opplevd det som er profetane sin kross, å bera fram meldingar frå Gud som folk ikkje likar å høyra. I utgangspunktet våga han ikkje seia noko til Eli om det Gud hadde sagt. Men på eit rett fram spørsmål frå Eli måtte han bera fram sanninga. Han stod det første prøva. Han tok ikkje noko bort og han la ikkje noko til, han bar fram den lite hyggjelege bodskapen slik han hadde høyrd han frå Gud.

    (more…)