Category: Profetisk meditasjon

  • Samuel voks opp hjå Herren

    Og Herren såg til Hanna. Ho vart med barn og fødde tre søner og to døtrer. Men guten Samuel voks opp hjå Herren (1.Sam.2,21).

    Herren velsigna Hanna med mange barn. I mange år hadde ho vore utan barn og måtte tola mykje hån og spott for det. No vart ho rikt velsigna med barn og var ei lukkeleg mor. Samuel fekk ikkje del i denne familielukka. Han voks opp hjå Herren! Det er både vondt og godt å lesa dette. Det seiar meg noko om dei offer som Guds tenarar må gjera alt i tidleg alder. Det fortel meg at ingenting er utan meining for Gud har ein finger med i alt som hender oss. Ting vi ikkje forstår når vi står midt oppe i det, fattar vi når vi seinare i livet vert brukt av Gud til å hjelpa andre med den trøysta vi har funne i Guds nærvær. Samuel var utvald av Gud til å verta ein profet. Heilt frå tidleg barndom vart han trena og førebudd for livsgjerninga si. Han må ha hatt ein god barndom, han voks opp hjå Herren!

    Eg kan ikkje tenkja meg noko betre enn å veksa opp hjå Herren. Eg kan ikkje tenkja meg noko betre enn å leva med Gud frå barndom til alderdom. Same kva ein går glipp av reint menneskeleg i livet, så er det å veksa opp hjå Herren, det å vandra med Gud, det å leva i Guds nærvær så mykje betre.

    Ingen vil verta profet for Herren om ein ikkje lever livet sitt i hans nærvær.

  • Eit flott liv

    Den synda dei unge mennene gjorde for Herrens åsyn, var overlag stor, for dei vanvørde Herrens offer. Men Samuel tente for Herrens åsyn – ein ung gut kledd i ein livkjortel av lin (1.Sam.2,17-18).

    Dei unge mennene synda for Herrens åsyn, men guten Samuel tente for Herrens åsyn. Gud ser oss kor vi er og same kva vi gjer. Det livet guten Samuel levde for Herrens åsyn står i stor motsetnad til det syndige livet til dei unge mennene, sønene til øvstepresten. Samuel levde eit enkelt liv. Han tente for Herrens åsyn. For eit flott liv, å tena Gud jamvel når andre syndar og nyt det syndige livet sitt.

  • Guten Samuel tente Herren under tilsyn

    Frå første gong eg las Første Samuelsbok har eg vore rørt av dei korte setningane om Samuel som vi finn i dei første kapitla.

    Så drog Elkana heim att til Rama, men guten Samuel tente Herren, og presten Eli hadde tilsyn med han. Men sønene til Eli var vonde menn, dei kjende ikkje Herren. (1.Sam.2,11-12)

    Foreldra reiste heim til det vante livet, og brått var Samuel åleine hjå framande folk. Her tente han Herren. Sønene til Eli var vonde menn, likevel tente Samuel Herren under tilsyn av Eli. Alt som liten gut, borte frå far og mor, valde han å tena Gud og halda avstand til dei gudlause.

  • Herren forkastar eit sjølvsentert prestestyre

    I Første Samuelsbok finn vi forteljinga om den ukjende profeten som til Øvtespresten Eli med eit ord frå Gud. Då gudsmannen kom til Eli med ord frå Herren var det ein svært alvorleg bodskap han bar fram. Det er mykje å læra frå dette profetiske ordet.

    (more…)

  • Menneskelege vurderingar og Guds røyst

    I forteljinga om Hanna er det ei hending som seier meg noko om profetiske folk sitt forhold til autoritet og til Guds ord. Det verkar som om den profetiske salvinga som var over Hanna hjelpte henne å forstå kva som var menneskeleg vurdering og kva som var Guds røyst.

    (more…)

  • Profetisk lovsong

    I Første Samuelsbok 2,1-10 finn vi Hannas lovsong til Herren. Det er ein profetisk lovsong som vitnar om ei frisk profetisk salving. Denne profetiske lovsongen er ikkje avgrensa til ei personleg takk til Gud for bønnesvar, men har ein mykje større dimensjon over seg. Faktisk er det slik at denne lovsongen kastar profetisk lys over heile den komande kongetida!

    (more…)

  • Herren Allhærs Gud

    Jahve Elohe Sebaot – Herren Allhærs Gud er for første gong i Bibelen brukt som tittel på Gud i Samuelsbøkene. Vi finn uttrykket 260 gongar i GT, særleg hjå profetane. Jesaja bruker det 60 gongar og Jeremia heile 80 gongar. Denne tittelen framsteller Gud som Den Evige EG ER, som styrer over alle maktene i himmel og på jord, både dei synlege og usynlege, han er konge over himmel og jord, ja heile universet!

    (more…)

  • Hanna – ei profetisk mor

    Forteljinga om Hanna, mor til Samuel, er veldig lærerik. Ho var ei profetisk mor som gjennom den ho var og det ho gjorde har mykje å læra oss i vår tid. Vi treng mange slike profetiske mødre som Hanna!

    (more…)

  • Å finna ro i sjela i ein hektisk kvardag

    Idag vil eg slå eit slag for å roa ned for å finna kvile og forfrisking for sjela vår. Svært mange av oss er pressa på tid. Vi har så mykje vi skal ha gjort, både på jobb, i heimen og i det frivillige kristne arbeidet. Det er lett å oppleva tida vi lever i som hektisk. No er det jula som står for døra. Mykje skal førebuast for å gjera høgtida god og innhaldsrik for familie og venner. Men er det ikkje jul som står for døra, er det ferie eller andre ting som må førebuast og oppgåver som må løysast.

    (more…)

  • Det har hendt noko i det usynlege!

    Ed Silvoso har nettopp vore i Bergen. Han har ei apostolisk teneste og ei gåve frå Gud i å formidla tru og frisk innsikt i Guds ord. Han hadde eit ord til oss kristne i Bergen om eit skifte som har hendt i den usynlege verden over Bergen! Gud sa at han hadde skifta ut noko i himmelrommet over Bergen.

    No er kampen ikkje lenger mot djevelen, men mot oss sjølv og minnene våre! I vår stode er trua sin fiende nr 1 er ikkje vantrua, men minnene våre som vil halda oss tilbake. Om vi vil sjå det vi ikkje har sett før må vi våga å gjera det vi ikkje har gjort før! Himlen er open. Englane stig opp og ned over oss. Noko nytt er i ferd med å veksa fram!

    Vil du vita meir, bør du lesa det som gøymer seg bak denne lenka: Det tidsskiftet Gud har tala om er eit faktum!