Å finna ro i sjela i ein hektisk kvardag

Idag vil eg slå eit slag for å roa ned for å finna kvile og forfrisking for sjela vår. Svært mange av oss er pressa på tid. Vi har så mykje vi skal ha gjort, både på jobb, i heimen og i det frivillige kristne arbeidet. Det er lett å oppleva tida vi lever i som hektisk. No er det jula som står for døra. Mykje skal førebuast for å gjera høgtida god og innhaldsrik for familie og venner. Men er det ikkje jul som står for døra, er det ferie eller andre ting som må førebuast og oppgåver som må løysast.

I den travle kvardagen vert vi stadig utsett for støyande reklame, feite overskrifter og sterke bilete frå krig, hungersnaud og katastrofar rundt om i verda. Alt dette utfordrar oss til å søke ro og finna eit fotfeste i livet som gjer at vi ikkje vert overvelda og pasifisert av alle dei sterke inntrykka.

Det handlar om å finna tid til å finna ro i sjela og ikkje verta fanga av det hektiske jaget som kjenneteiknar tida og samfunnet vi lever i. Krav til effektivitet skaper press på arbeidsplassane. Ulike fritidsaktivitetar for barna gjer det hektisk for travle foreldre som må køyra dei små att og fram.

Av og til undrast eg på kor forsamlingane våre står i dette biletet. Skrur dei tidsklemma hardare på, eller løyser dei tidsklemma sitt hektiske grep på oss?

Gud har velsigna oss med mykje fin natur i det langstrekte landet vårt. Overalt i naturen vrimlar det av vakre ting. Skaparverket er overveldande stort og vakkert om vi berre tek oss tid til å opna auga og sjå rundt oss. Når vi let Gud få tala til oss gjennom det fantastiske skaparverket sig roen inn i sjela.

Kristne menneske har gjennom alle tider funne indre stryke ved å vera stille for Herren og å meditera på Kristus. Mange kristne har oppdaga at det er gjennom stilla og tillit ein finn styrke til meiningsfull teneste i samfunnet. Kristen meditasjon er å venda hjarte og sinn til Jesus Kristus, det han har gjort for oss, kven han er for oss i dag og kva han gjer i oss når vi tek imot ordet hans.

Kristus er levande tilstades i Guds Ord, fordi han er Ordet. Han kjem til oss gjennom Ordet og frigjer nytt liv i oss. Ordet skaper tru og viser oss vår sanne identitet i Kristus. Å ta seg tid til å grunda på Jesu Kristi frelsesverk på krossen og kva han gjorde for oss med sin død og si triumferande oppstode, skaper alltid fred og indre ro i sjela.

Herren, Den Sjølveksisterande EG ER, fyller heile tilværet vårt med sitt nærvær. Å roa ned og meditera på på Guds ord hjelper oss å leva i fellesskap med Gud. Vi gøymer Guds ord i hjarta, vi grundar på Ordet ved å seia det oppatt oss sjølv. Då er Ordet heile tida i tankane dine og munnen din og Guds fred vil fylla deg med ro i sjela.

Lat oss ta tid til å smatta og smaka på Ordet. Lat oss snu og venda på det og lat det koma til oss på nye måtar frå nye vinklingar. Lat oss snakka oss sjølv inn i Ordet og Ordet inn i oss. Det er ein vedunderleg sirkel der Ordet går frå munn til hjarte, og frå hjarte til munn. Ved å ta tid til å meditera vert Ordet personleg for oss.

Kom med meg! Lat oss gå inn gjennom Døra og finna ro og føde for vår sjel i ei hektisk førjulstid.

Tekst: Erling Thu

Leave a Reply

Comments

One response to “Å finna ro i sjela i ein hektisk kvardag”

  1. Paul Sunde Avatar
    Paul Sunde

    God post i rett tid! Jeg er klar for å sitte ned og meditere på Kristus og hva han har gjort for oss.

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading