Bønn frå ein som kjenner seg liten

Eg er så liten

Eg er så liten

Eg er berre ei lita glo,

gjer meg til ein eld,

som kan setja andre i brann for deg

og elden din spreiast på jorda.

 

Eg er så liten

Eg er berre ein laus streng,

gjer meg til ei fele,

som du kan spela på

slik at folk blir glade.

 

Eg er så liten

Eg er berre ein liten dråpe,

gjer meg til ei kjelde,

som forfriskar dei trøtte

og mettar dei som tørstar.

 

Eg er så liten

Eg er berre ei lita tue,

gjer meg til eit stort fjell,

som let sin svalande skugge

gje lindring på ei utpint jord

der folk lengtar etter trøyst.

 

Eg er så liten

Eg er berre ei lita fjør,

gjer meg til ei ørn som lyftar vengene sine

og let Andens vind lyfta folk opp

frå dei grå kvardagane

til å bu hjå Den Evige og Herlege!

 

Amen i Jesu Kristi namn!

Leave a Reply to Erling ThuCancel reply

Comments

5 responses to “Bønn frå ein som kjenner seg liten”

  1. Ingvild Birkeland Avatar
    Ingvild Birkeland

    Amen!! Herre la det skje med vesle meg og!!

  2. SIGRUNN Granlund Avatar
    SIGRUNN Granlund

    Nydelig dikt, Erling. Takk.

  3. Erling Thu Avatar

    Amen! Herre, La det skje med vesle meg óg! Det var også ei nydeleg og god bønn!

  4. Erling Thu Avatar

    Tusen takk for di gode tilbakemelding!

  5. Øyvind Strand Avatar
    Øyvind Strand

    En flott tekst/bønn!!

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading