Herren talar til oss om å oppleva større manifestasjonar av det overnaturlege i kvardagen vår og i dei små og store samlingane våre. Dette heng saman med forkynninga av Guds rike, at Jesus Kristus er Herre, at han har overvunne alle mørkets makter og gjeve oss makt til å kasta ut ureine ånder og setja folk fri frå plagar. Jesus Kristus er ein levande frelsar som gjer menneske heile og friske.
Herren talar om innhausting, at menneska er modne for å ta imot evangeliet om Guds rike. Guds folk i Bergen har fått store lovnader om vekking og at mange menneske skal søkja Gud og finna frelse i byen vår. Ved Guds nåde har vi over lenger tid fått be til Gud med frelsessøkjande menneske kvar veke. Store flokkar av unge menneske samlast i dei ulike forsamlingane i byen, større flokkar enn før. Vi har vore med på å planta ut to ganske store flokkar, men lokalet er like fullt som før! Det er tydeleg at noko er på gang!
Difor talar Herren til oss med ny styrke om å vaka og be! Vi må vera vakne så vi kan vera med på det Gud gjer i dei menneske vi møter. Vi må vera vakne så vi ser den store grøda som Herren vil hausta inn. Vi må vera vakne så vi kan verta brukt av Gud i kvardagen til å velsigna menneske og hjelpa dei til å oppleva Jesus. Det er heilt uråd å vera vaken utan å be! Guds ord seier at vi alltid skal be i Anden, at vi skal be utan opphald, uavlatande. Vi må vaka og be for alle dei heilage og serskilt for leiarane våre. Kvar einaste ein av leiarane treng ein flokk med forbedarar som kan vera eit bønneskjold for dei, eit vern mot alt som vil hindra dei å leva sterkt i det overnaturlege. Meld deg til teneste!
Vi står framfor eit åndeleg gjennombrot. Ver med å be det fram! Hausten er stor, be fram innhaustingsarbeidarar! Ny flokkar skal plantast ut, nye bydelar skal nåast, nye cellegrupper skal startast, nye leiarar skal fostrast fram, men det må fødast fram av eit folk i bønn!
Leave a Reply