På bølgjelengde med Gud

Eg les i ein engelsk bibelomsetjing for tida, New Living Translation og kjem stadig over uttrykk som får meg til å tenkja over det eg les på ein ny måte. I salme 125,4 fann eg dette uttrykket: Herre, gjer godt mot dei gode, mot dei som har eit hjarta som er på bølgjelengde med deg! Frå samanhengen forstår vi at det er dei rettferdige, dei som har ein ærleg hug, som vert kalla dei gode, dei som er på bølgjelengde med Gud.

Å vera på bølgjelengde med Gud er ein flott måte å skildra livet i Den Heilage Ande, for det er berre han som kan gje oss eit hjarta som ønskjer det Gud ønskjer. Dette er det Gud har lova å gjera i den nye pakta:

Og eg vil gje dykk eit nytt hjarta og la dykk få ei ny ånd inni dykk. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen dykkar og gje dykk eit kjøthjarta i staden. Min Ande vil eg gje inni dykk, og eg vil laga det så at de fylgjer mine føreskrifter og tek vare på mine lover, så de lever etter dei. (Esek.36,26-27)

Vi som lever i den nye pakta har fått eit nytt hjarta som er på bølgjelengde med Gud, for Guds lov er skriven inni oss (Jer.31,33) og Den Heilage Ande bur i oss. Difor vil kristne ta vare på Guds lov og leva i samsvar med alle Guds føreskrifter. Guds lov er god og skaper trygge og rettferdige samfunn. Vi må ikkje la oss lura til å skjemmast over Guds gode ordningar!

I salme 132 skildrar David sin brennande lengt etter å sjå Guds bustad reist mellom Guds folk. På slutten av salmen finn vi Guds gjensvar og lovnad. David ber og Gud svarar bønna. Gud lovar at tenarane hans skal vera agentar for frelse slik David har bede om.

Det er dette som er Guds hjartelag: frelse til menneske som har villa seg bort og er fortapte! Guds plan er ein frelsesplan. Gud vil at alle menneske skal verta frelste! Han vil ikkje at nokon skal gå fortapt! At han sendte sin eigen Son til å døy for å frelsa syndarar og fiendar av Gud, viser kor grensesprengjande stor hans kjærleik til fortapte menneske er!

Om vi har same hjartelag som Gud for menneske, vil vi tøya oss langt for å koma dei i møte. Om vi er på bølgjelengde med Gud, vil vi ikkje la våre tradisjonelle kristelege former eller metodar stå i vegen for menneske som treng å høyra godt nytt om Guds rike og ikkje møtast med fordømming.

Sommartida er ei tid med kristne leirar og stemner. Kor mykje av det som skjer her er på bølgjelengde med Guds hjarta for å nå dei fortapte, eller kor mykje av aktivitetar og undervising er retta mot dei som alt er frelste?

Eg er redd for at vi er alt for sjølvopptekne i våre kristne arrangement og at vi er påverka av ein verdsleg tenkemåte om underhalding og opplevingar for oss sjølve i staden for å gjera folk til læresveinar. Eg voner at eg tek feil!

Leave a Reply

Comments

One response to “På bølgjelengde med Gud”

  1. Leif-Inge Lindahl Avatar

    Dette er tankevekkende budskap!
    Observajonen med at kristne kan ha blitt litt for selvopptatte har jeg også lagt merke til og undret meg over. Må man være singel, uten barn og ektefelle, for å leve ut det livet Gud hadde tenkt? Jeg håper da ikke det! Men jeg observerer at mange prioriterer egne familier, kone og barn og arbeid framfor å aktivt gå ut og gjøre folk til læresveiner i deira nærmiljø.
    Jeg begynner å tro at Gud trenger å riste litt i folk for å vekke kristne att.

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading