Profeten argumenterer ikkje med folk, men går til Gud

Men folket sine representantar, dei eldste frå alle kantar av landet, ville ikkje høyra på profeten Samuel. Vi vil ha ein konge over oss, sa dei, vi vil ha det som alle dei andre folka. Kongen vår skal styra oss; og han skal gå framfor oss og føra oss når vi er i krig.

Profeten argumenterte ikkje med dei. Han tok orda deira og bar dei fram for Herren. Han gjentok det dei sa i Guds øyra, som nokre omsetjingar seier. På ny viser Samuel seg som ein sann profet. Han gjev seg ikkje til å diskutera eller koma med sine eigne meiningar. Han går til Gud med alt det dei eldste har sagt. Hans eigne kjensler og meiningar tel ikkje, styrer han ikkje, for han ønskjer berre at Gud skal få sin veg, at Guds vilje skal råda. Han har ingen personlege ambisjonar eller nokon skjult agenda. Som ein sann profet er han Guds talsmann. Det er berre det Gud seier som tel! Profeten er styrt av ordet frå Guds munn.

På ny sa Herren at han skulle gje dei det dei bad om, og han gjorde så. Han tviheldt ikkje på si stilling som dommar eller leiar av folket. På Guds ord la han villig ned leiarstillinga si for å setja inn ein konge etter folket sitt ønskje.

Leave a Reply

Comments

4 responses to “Profeten argumenterer ikkje med folk, men går til Gud”

  1. Geir Tore T. Hanssen Avatar
    Geir Tore T. Hanssen

    Hei Erling! Eit rettferdig menneskes bönn har stor kraft & verknad. Eg treng derfor ein som ber for familien min og at eg får den byggningsjobben eg har vore på intervju for!

  2. Geir Lie Avatar
    Geir Lie

    Profeten argumenterer ikkje med folk, skriver du.
    Idag befinner vi oss i en helt ny sitasjon, “folk”, dvs. de troende vi er knyttet sammen med, har en grunnholdning hvor de vil høre fra og leve med Gud. Da kan vi samtale åpent og lære av hverandre, som brødre og søstre.
    (Joda, jeg vet at du ikke er uenig, men dette er vel også viktig. Det er fort gjort å misforstå og legge seg under en GT-lig mal hvor “folket” umyndiggjøres i forhold til “profeten”.)

  3. Erling Thu Avatar

    Hei Geir! Du har sjølvsagt rett i det du skriv at vi kan ope samtala og læra av kvarandre. Eg hadde ikkje i tankane at det eg skreiv kunne misforståast slik du skriv i parantesen. Dei faktiske forholda i hendinga gjer det vanskeleg tykkjer eg, men innser at overskrifta åleine kan skapa slike tankar.
    I denne hendinga ligg det inga umyndiggjering av folket i det profeten gjorde, snarare ei myndiggjering. Det eg ville ha fram i det eg skreiv var at ein sann profet ikkje forsvarer eller kjempar for eigne posisjonar. Profeten prøvde ikkje å overtala eller manipulera folket sine representantar. Han let seg ikkje såra av at dei vil ha ein annan enn han til leiar. Han tek folket sine ønskje på alvor og ber det fram for Gud. Poenget mitt var berre at ein profet ikkje slåss for seg sjølv. Han vil berre det Gud vil og prøver berre å finna ut kva Guds vilje er. Han let ikkje personlege interesser styra seg.
    Takk for denne påminninga Geir. Det får meg til å tenkja endå betre gjennom orda eg nytta når eg skriv!

  4. Geir Lie Avatar

    Flott presisering.
    Jeg skjønner jo at det var det du mente, men saken er at vi som leser har så ulike referanserammer. Derfor opplever jeg at det er viktig å få fram den andre siden, som jeg jo vet at også du innestår for.

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading