Ein Guds mann det går store ord om

I forteljinga om koss Saul vart gjort til konge finn vi hendinga med leitinga etter det bortkomne eselet. Då Saul og tenesteguten hans var i nærleiken av Rama, der Samuel budde, og Saul ville gje opp leitinga og fara heim att, sa den unge hjelparen hans: ”I denne byen er det ein Guds mann som det går store ord om. Alt han seier slår til. Lat oss no gå dit! Kan henda han kan seia kvar vi skal ta vegen?” (1 Samuel 9,7)

Eg liker denne enkle trua og innstillinga denne unge mannen har til den eldre profeten og dommaren i Israel. Det han seier kan gje oss viktig innsikt i Samuel si teneste og stilling i folket. Her er nokre av dei tinga eg les ut av dette verset:

Profeten var ein mann som hadde med Gud å gjera. Han var ein gudsmann.

Profeten var kjend i heile landet. Jamvel i den litle landsbyen i ein avkrok av landet der denne guten kom frå, var profeten Samuel kjend. Dette heng nok saman med reiseverksemda til profeten og dei flokkane av lokale profetar som han lærte opp, fostra fram og sendte ut.

Profeten var nær folket og var tilgjengeleg for dei. Dei kunne koma til han med kvardagsvanskane sine. Eit bortkomne esel var noko ein kunne snakka med profeten om. Dette seier meg noko viktig om kor vennleg Samuel var og kor interessert han må ha vore i heile livet deira. Han må ha vore kjend og elska for å vera snill, jordnær og usjølvisk. For denne unge mannen var det den mest naturlege ting i verden å ta kontakt med profeten for å få hjelp til å finna eselet!

Det profeten seier slår til! Profeten var til å lita på. Han hadde med Gud å gjera. Gud stadfesta orda hans for han sa berre det Gud viste han. Dette er det første og enklaste teiknet på ein profet: det han seier vert oppfylt, det slår til! Samuel hadde gjennom eit langt liv vist seg å vera ein sann profet som talte Guds ord og løysingar til folket. Sidan Gud stadfesta orda hans forstod folket at Gud hadde gjort han til profet. Gjennom si uredde og usjølviske teneste hadde han vunne tillit hjå folk.

Leave a Reply

Comments

4 responses to “Ein Guds mann det går store ord om”

  1. Geir Tore T. Hanssen (Gee Tea) Avatar
    Geir Tore T. Hanssen (Gee Tea)

    Eg SYNest teksten er mykje meir lesbar no når bokstavane er tydlegare!:)

  2. Bjørn Olav Hansen Avatar

    Vil bare få takke for mange innsiktsfulle artikler om det profetiske og den profetiske tjenesten! Det har vært veldig spennende å følge Samuels liv på denne måten. Gud velsigne din tjeneste både her i Norge og utenlands.
    Med vennlig hilsen
    Bjørn Olav Hansen
    http://www.bjornolav.blogspot.com/

  3. Kristian Steen Hansen Avatar
    Kristian Steen Hansen

    Heisann Erling.
    Vil bare si tusen takk for nyttig og sunn informasjon om profet tjenesten.. Den ga meg veldig mye og det er mye som falt på plass i hjertet mitt for å si det sånn….
    Må Herren velsigne din tjeneste og ferd videre.
    Mvh
    Kristian

  4. Erling Thu Avatar

    Takk for gode tilbakemeldingar! Eg kjem til aa halda fram med aa gaa gjennom Samuel, Konge og kroenikeboekene og kommentera paa profetisk innsikt fraa profetane sine liv og deira teneste.

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading