Me treng fleire profetiske mødrer

Første Samuelsbok skildrar ei stor vekking
og samfunnsendring som me kan læra mykje av i den stoda folket vårt er i dag. Gud
brukte ei bedande kvinne, ein ukjend profet og ein ung gut til å endra heile
samfunnet.

Det er tydeleg at Hanna gjennom si
profetiske innsikt skjøna seg på tidene og forstod at det måtte koma ei endring.
Ho bad om ein son som kunne tena Guds plan i si levetid. Ho visste at om ikkje
ein slik mann vart reist opp, ville folket verta utarma og undertrykt av
fienden og Guds namn ville verta vanæra.

Me treng mange slike profetiske mødrer som
kan vera med å reisa opp profetiske menneske som tener Guds plan i si levetid.
Profetiske mødrer er klare til å gje store offer for å sjå Guds rike gå fram.
Profetiske mødrer bed usjølviske bønner. Profetiske mødrer ber om åndelege
søner for Herrens skuld.

Det kom ein ukjend profet. Han var send frå
Herren Allhærs Gud. Brått kjem han fram i lyset og forkynner Ordet frå Gud om endring,
så er han borte og vi veit ikkje meir om han. Det er ofte profetane sin lagnad
å ikkje verta lagd merke til eller verta gløymde når bodskapen er boren fram.
Det gjer ingen ting, for profetane er tenarar for Ordet. Det viktige er at
Ordet kjem fram til rette motakar og får gjort si gjerning.

I dagane som kjem vil det stå fram mange slike anonyme profetar
som ber fram viktige ord frå Gud. Tida med dei store
"stjerneprofetane" er over. No lever vi i ei tid kor Herren renner ut
sin profetiske Ande over alle menneske. Vi er midt inne i det mange profetar
kallar den andletslause vekkinga. Det er ei tid kor Gud bruker vanlege folk til
å gjera storverk og kor han reiser opp ein stor flokk av menn og kvinner som
tener han heilhjarta og ber fram ord frå Gud til folk og nasjonar.

Samuel var berre ein ung gut då han kom
til Silo for å tena Herren. Det som vert skrive om han står i stor kontrast til
det som vert sagt om presteskapet. Samuel vaks opp hjå Herren. Han gjekk fram i
alder og velvilje både hjå Herren og hjå menneske.

Gud brukte Samuel til å føra folket sitt
tilbake til seg. Samuel reformerte heile folket. Han grunnla profetskular der
han trena folk til å tena Gud i samfunnet og paktsfellesskapet. Gjennom desse
profetskulane utdanna han folk til å kjenna Gud og hans ord og vilje, så dei
kunne læra det vidare til andre i sitt eige nærmiljø og gå til andre bygder og
byar. Gjennom desse profetskulane og Samuel sine reiser på kryss og tvers av
landet skjedde det ei åndeleg oppvaking og vekking i folket som fekk læra koss
Den Evige EG ER skulle tilbedast og tenast i heim og samfunn.

Det er mi bønn at Gud vil reisa opp mange bedande kvinner, ukjende
profetar og unge gutar og jenter som kan tena han i kvardagen og vera med å
føda fram ei ny tid i landet vårt! Me treng fleire profetiske mødrer som kan
vera med å be fram ein ny profetisk generasjon som kan føra folket tilbake til
Gud.

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading