Kong Harald, Den Rause
1937-2026
Vi takkar deg, du rause, inkluderande og samlande Konge. Og vi takkar vår rause Gud for deg, livet ditt og den gode tenesta di for land og folk.
Di kongsgjerning har vore med å forma eit varmare samfunn, eit meir fargerikt folk, ein rikare mangfaldig kultur og ein fredfull nasjon.
Alt dette gjorde du berre ved å vera raus.
Du var raus i møte med folk i ulike livsstoder, utfordringar og med ulik bakgrunn.
Du var raus då du fortalte kven nordmenn er og skapte eit stort oss med orda og haldninga di.
Du var raus då du la den store varme kongshanda di på barn og unge som sleit og hadde ulike vanskelege utfordringar i livet sitt.
Du var raus då du delte det store smilet og den smittande låtten med oss.
Du var raus då du tok i mot glade idrettsfolk som kom med medaljane sine og gav dei dine varme klemmar. Men du var endå rausare då du omfamna og trøysta dei overlevande etter terror og ulukke. Du vart heile nasjonens trøystande bestefar då du raust delt dine tårer med oss i møte med liding og død.
Du var raus då du gjekk i støvlar og kvardagsklede for å vera nær folket ditt og visa medkjensle i møte med følgjene av øydeleggjande naturkrefter.
Du var raus då du reiste land og strand, besøkte sentrale strøk og bortgøymde grender. Du ferdast landet rundt til små og store kommunar for å møta folk, barn og unge, sjuke og gamle. Du var raus fordi du aldri gjorde forskjell på folk.
Du var raus då du i talane dine delte kloke ord, gav oss visdom og innsikt. Du snakka ikkje høgt om di eiga gudstru, men du delte raust dine kristne verdiar utan å bruka eit religiøst språk.
Du var raus då du med din lune humor fekk folk til å slappa av og le saman med deg, du fine og fjåge Konge.
Du var raus, fordi du rett og slett var eit gildt menneske. Du var storsinna, gild og godlyndt, snill og hyggjeleg. Du var eit skikkeleg og ekte medmenneske.
Kong Harald, Den Rause, vi takkar deg fordi du var deg sjølv, at du var den du var, eit raust medmenneske av Guds nåde!
Kjære kong Haakon, Den Åttande!
No er det din tur!
Vi tek imot deg med opne armar og omfamnar deg av heile vårt hjarte!
Du har alt vunne vår tillit og vår kjærleik.
Du har vore gjennom både eld og vatn. Du har stått di prøve!
Du vann våre hjarte lenge før du i mediestormen sa at det viktigaste for deg var å ta vare på flokken din. No er vi også, heile folket, vorte flokken din. Vi kjenner oss trygge på at du vil vera nærverande, lyttande og ta vare på oss alle.
Kong Haakon, Den Åttande, vi ber deg med oss inn i framtida i våre hjarte, tanke og bønner, i trygg visse om at Gud vil velsigna og hjelpa deg, og bevara landet vårt!
Erling Thu, Randaberg, 2026
Leave a Reply