Eg har vondt av folket
Mark 8,1–10
Denne gongen er det Jesus som tek opp saka. Folket har vore hjå han i tre dagar og har ingenting å eta. Nokre har kome langt. Om han sender dei heim svoltne, kan dei segna om på vegen.
Eg blir ståande ved det. Han tenkjer på heimvegen. Ikkje berre på det som skjer medan dei sit og lyttar, men på kva som skjer med dei etterpå, når dei går åleine og kreftene tek slutt. Eg har kjent den svolten sjølv, etter møte og samlingar der eg fekk mykje, men gjekk tom heim.
Læresveinane spør korleis nokon kan skaffa brød her i øydemarka. Det er nesten til å smila av. Dei har vore med på dette før. Men eg forstår dei. Det er ikkje lett å rekna med eit under som berre har skjedd éin gong.
Sju brød og nokre småfiskar. Jesus takkar og bryt og gjev til læresveinane, som deler ut. Folket et og blir mette, og det blir til overs.
Det er ikkje noko storslått over det. Folk sit på bakken, nokon deler ut, andre et. Så blir dei sende heim, mette, før vegen blir for lang.
Leave a Reply