Mark 8,11–13
Rett etterpå kjem farisearane og krev eit teikn frå himmelen. Dei har ikkje kome for å få hjelp. Dei har kome for å prøva han.
Jesus sukkar djupt i ånda. Det er same ordet som ved den døve mannen, men no er det eit anna sukk. Der var det medkjensle. Her er det sorg over ei tru som ikkje vil tru.
Eg kjenner meg meir att hjå farisearane enn eg likar. Eg har bede om teikn. Ikkje med fiendskap, men med ei stille krav: Syn meg at du er der, så skal eg tru. Og eg har gløymt kor mykje eg alt har fått sjå.
Jesus seier nei. Denne slekta skal ikkje få noko teikn. Eg trur ikkje det er stengsel, men eit vern. Eit teikn som tvinga fram tru, ville ikkje gjera plass for tillit. Kjærleik som ikkje kan velja, er ikkje kjærleik.
Så står det at han forlét dei, gjekk i båten og for over til den andre sida. Eg les den setninga med ei viss uro. Det er ikkje ein trussel. Men det er ei påminning om at den som berre krev, kan bli ståande att på stranda.
Leave a Reply