Mark 9,43–50
Om handa di får deg til å falla, så hogg ho av. Om foten, om auget. Det er nokre av dei hardaste orda Jesus seier.
Eg har aldri lese dei bokstavleg, og eg trur ikkje han meinte det slik. Men eg har heller aldri kunna lesa dei som mjuke. Dei seier at nokre ting må takast bort heilt, ikkje berre reduserast eller forhandlast om. Det er ting eg har halde på i årevis, vanar, tankemønster, måtar å tala om andre på, der den einaste ærlege vegen var å sleppa dei heilt.
Så skiftar biletet. Alle skal saltast med eld. Salt er godt. Men om saltet mister smaken, kva skal ein då salta det med?
Og så den siste setninga, som eg trur ber heile avsnittet: Ha salt i dykk sjølve, og hald fred med kvarandre.
Det heile byrja med ein krangel om kven som var størst. Det sluttar med fred. Mellom desse to ligg orda om barnet, om den framande som dreiv ut ånder, om koppen med vatn, om det som må skjerast bort. Kanskje er det det saltet er: det som gjer at vi ikkje blir flate og likegyldige, og samstundes ikkje skarpe mot kvarandre.
Leave a Reply