Finst det bevis på at Jesus verkeleg stod opp frå dei døde?

I dag feirar kristne over heile verda at Jesus ikkje vart verande i grava, men at han stod opp frå dei døde. Me helsar kvarandre med desse orda: "Han er oppstanden!", "Jesus lever!" Dette er ein flott måte å helsa kvarandre på når me på første påskedag kjem saman for å halda gudsteneste og feira oppstoda. Men finst det bevis på at Jesus stod opp frå dei døde?

Alle evangelia fortel om oppstoda. Mange augnevitne fortel kva dei har sett og høyrd. Det var jordskjelv og store manifestasjonar av kraft som skremde soldatane og fekk dei til å rømma då den store steinen vart velta bort og Jesus stod opp. Dei første som kom til den tome grava møtte englar som forklarte kva som hadde hendt. Læresveinane, som gjekk inn i den tome grava og såg linkledet som hadde vore rundt andlet på Jesus då dei la han i grava, trudde då dei såg linkledet liggja fint samanlagd. Sidan møtte dei Jesus mange gonger og på mange måtar. Dei såg han, dei tok på han, dei åt i lag med han. Meir enn fem hundre menneske såg Jesus på ein gong. Det finst så mange augnevitne at det er vanskeleg å avvisa at Jesus verkeleg stod opp frå dei døde.

Det finst mange gode kristne apologetiske bøker som går gjennom alle forteljingane i Det nye testamentet for saumfara forteljingane og vitnemåla om Jesu Kristi oppstode. Eg las ei bok i yngre dagar skriven av ein advokat. Han gjekk gjennom alt det som er skrive om oppstoda i Det nye testamentet. Han konkluderte med at vitnemåla samsvarar og er så truverdige at dei ville halda i ein rettsak. Basert på vitnemåla ville dommaren måtta seia at dei snakka sant og at oppstoda var eit faktum.

Eg er mellom dei millionar av kristne som trur på det evangelia fortel oss om Jesu oppstode. Dei mange vitnemåla frå folk som såg han og møtte han etter oppstoda er godt nok for meg. Men eg trur ikkje berre fordi gamle dokument fortel om oppstoda. Eg har møtt Jesus sjølv. Eg har opplevd at han lever. Eg har sett han setja folk fri. Eg har sett han gjera under. Eg har opplevd hans frelsande kraft. Eg kan vitna frå eiga oppleving at Jesus lever.

For nokre dagar sidan las eg eit sitat frå Charles Colson, som var ein av fleire som vart dømd for medverkning til Watergateskandalen som førte til at president Nixon måtte gå av. Han sa at det største beviset på Jesu oppstode var læresveinane. Tenk, sa han, at dei tolv læresveinane heldt fast ved oppstoda heilt til sin døyande dag. Dei møtte forfølgjing og motstand. Dei vart fengsla og stilt for retten. Ikkje ein einaste av dei endra forklaring. I Watergateskandalen var det også omlag tolv personar involvert. Colson seier at det ikkje tok veldig lang tid før ein av dei endra forklaring. Seinare endra dei alle forklaring etter kvart som bevisa mot dei vart meir og meir overtydande.

At ikkje ein einaste av læresveinane endra forklaring, men heldt fast ved at dei hadde møtte den oppståtte og levande Jesus, kan ikkje forklarast på nokon annan måte enn at dei snakka sant. Hadde dette berre vore oppspinn, ei løgn dei hadde vorte samde om å fortelja, ville dei nok gjeve etter for tortur og press for å berga seg sjølv frå ein pinefull død. Alle læresveinane vart martyrar for sanninga om Jesu oppstode. For Colson var dette det store beviset på at Jesus verkeleg hadde stått opp frå dei døde. Han hadde sjølv opplevd korleis dei medsamansvorne i Watergateskandalen endra forklaringane sine for å berga skinnet. Colson fekk fleire år i fengsel for si involvering i skandalen, men medan han sona straffa si møtte han Jesus og vart frelst. Han fekk vera med å føra mange menneske til tru på den levande Jesus Kristus.

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading