Israels profetiske håp

Det kristne håpet har vorte påverka og blanda med mange allmennreligiøse førestillingar som har si rot i gresk filosofi. Difor har håpet vorte individualisert, åndeleggjort og himmelvendt. Kristenfolket har ikkje vore tru mot sine hebraiske røter: Israels profetiske håp. Det nye testamentet har vorte rive laust frå dei profetiske røtene i Det gamle testamentet og i staden vorte tolka under påverknad av den greske dualismen.

Difor må vi gå tilbake til Bibelen som er Guds ord. Her openberrar Gud seg for oss gjennom forteljinga om skapinga, patriarkane og Israelsfolket. Gjennom forkynninga, til profetane i Det gamle testamentet og apostlane i Det nye testamentet, har vi fått innsikt i Guds evige plan. Denne openberringssoga kan vi samanlikna med eit stort tre, der Det gamle testamentet er rota og stammen og Det nye testamentet er den flotte krona. Det endetidshåpet som Jesus og apostlane forkynte, har røtene sine i Israels håp slik vi møter det i Det gamle testamentet. Dette håpet er jordnært og knytt til historia og det skapte.

Israelsfolket har velsigna verda med Guds ord, Bibelen, som er ei profetisk bok. Den heilage skrifta er for det meste skriven av profetar. Difor er ho gjennomsyra av Israels profetiske håp. Frå dei første til dei siste sidene møter vi lovnader og profetiar om kva Gud vil gjera i verda, både for og gjennom Israelsfolket. Det er dei profetiske paktlovnadene i Det gamle testamentet som er grunnlaget og bakgrunnen til det kristne håpet. Nokre av desse lovnadene er enkle å forstå, mens andre er vanskelegare å tolka. Profetane sjølv forstod ikkje alt dei profeterte, seier apostelen Peter (1.Pet.1,10-12). Dei granska og utforska for å forstå den nåden dei profeterte om. Særleg vanskeleg var det for dei å forstå kva tid dei profeterte om og korleis den tida skulle vera.

Grunnleggjande for det håpet Israelsfolket hadde for framtida, var trua på at verda var skapt av Gud. Jorda og himlane og det som fyller dei er eit verk av Guds finger og viser hans allmakt og visdom. Gjennom det gode og mangfaldige skaparverket openberrar Gud seg sjølv. Det første vi høyrer om Gud er at han i opphavet skapte himmel og jord (1 Mos 1,1). Himmel og jord er uttrykk for heile skaparverket, kosmos eller universet.

Eg skal seia meir om korleis Israels håp er knytt til det gode skaparverket i eit nytt innlegg om nokre dagar.

Leave a Reply

Comments

2 responses to “Israels profetiske håp”

  1. Gunn Avatar
    Gunn

    Følger med….👍😊

  2. Ingvild Birkeland Avatar
    Ingvild Birkeland

    Følgjer!!