Har Gud forkasta Israel?

Det er apostelen Paulus som stiller dette aktuelle spørsmålet i brevet til Romarane: Har Gud forkasta eller støytt ifrå seg Israel, folket sitt i Det gamle testamentet? (Rom 11,1). Før han stiller spørsmålet, har han sett ord på den sorga og lidinga han ber i hjartet sitt for dei jødiske landsmennene sine (Rom 9,2). Hans store ønskje er at dei må verta frelste, men hans sorg og fortviling er at dei ikkje kjenner Guds rettferd og difor heller har ikkje bøygd seg inn under rettferda frå Gud (Rom 10,1-3). Vil det seia av Gud har støytt ifrå seg Israelsfolket?

Det gode er at det ikkje er vanskeleg å finna svaret på spørsmålet. Paulus svarer sjølv på spørsmålet han stiller. Han seier at Gud sjølvsagt ikkje har støytt frå seg folket sitt, det folket han har vedkjent seg og vald ut frå patriarkane (Rom 11,2). I tre kapitel i Romarbrevet (9-11) underviser han om forholdet mellom Israel og heidningane, om forholdet mellom Israelsfolket og den kristne kyrkja. Desse tre kapitela gjev oss innsikt i den apostoliske læra om Israel og det kristne fellesskapet. Det finst inga grunnlag for å hevda, som erstatningsteologane gjer, at den kristne kyrkja har erstatta Israel og teke over alle lovnadene til dette folket. Paulus slår fast at Gud ikkje har forkasta eller støytt Israel frå seg til fordel for den kristne kyrkja. La oss sjå litt nærare på kva han seier om dette.

I brevet til Romarane forklarer Paulus Israels plass i Guds rikes framtidsplan. Då snakkar han om det folket Gud har utvald som sitt eigedomsfolk. Dei har hatt ein unik plass blant nasjonane i verda. Heile deira historie vitnar om Guds suverene herrevelde. Gud har brukt Israel til å gjennomføra sin evige plan. Det viktigaste i denne planen er at Jesus Kristus, Guds Son stod fram. Han var Abrahams ætt og Davids son, han som alle Guds lovnader var knytt til. Han forkynte og demonstrerte Guds rike blant israelittane. Men vi veit at ”han kom til sitt  eige, men hans eigne folk tok ikkje imot ham” (Joh 1,11).

Det er gripande å sjå korleis Jesus elskar dette folket, som Gud hadde vore så nådig mot, men som gong på gong hadde vendt seg frå han, heilt til siste andedrag. Denne kjærleiken kjem mellom anna til uttrykk når han gret over Jerusalem (Luk 13,34-35; 19,41-44). Jesus seier at han gjerne ville samla og berga Jerusalems barn som kyllingar under hønemors vingar, men at dei nekta å ta imot hjelpa hans. Det er sterkt å sjå Frelsarens tårer i møte med folket sitt harde hjarte. Fordi dei vraka Jesus Messias, vart Guds rike teke frå dei og gitt til eit folk som ber dei fruktene som høyrer riket til (Matt 21,42-43).

Paulus seier at det naturlege Israel no er avbrotne greiner (Rom 11,17). Det vart slik Jesaja ropte ut over Israel: “Om Israelsborna var så talrike som havsens sand, skal berre ein rest bli frelst (Rom 9,27; Jes 10, 22 f). Difor kunne Paulus seia: På same måten har det i vår tid òg vorte att ein rest som Gud i sin nåde har valt ut (Rom 11,5).

Dette at Israels greiner vart avbrotne, vart likevel ikkje slutten for dette folket. Både deira fall og oppreisning ved Messias er føresagt i profetiane i Det gamle testamente. Apostelen Peter synest å meina at Israelsfolket må venda om og koma til tru før Jesus kan koma igjen i kraft og herlegdom (Apg 3,19-26). Israel kjende ikkje si gjestingstid, korkje då Jesus var mellom dei eller den nådetida dei fekk før Jerusalem vart øydelagd. At alt skal gjenreisast inneber at Israelsfolket gjer bot og kjem på plass i Guds frelseplan.

Paulus bar på ei stor sorg og ei stadig liding i hjertet sitt. Han bad og ønskte av heile hjartet sitt at Israelsfolket skulle bli frelste (Rom 9,2; 10,1). Som Kristi kropp må vi ha den same iveren og brennande ønskje om at jødane må bli frelste. Vi må ta misjonsoppdraget på alvor og gå til heimsens endar med evangeliet, men vi må hugsa på det er Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så oss som er av heidningætt (Rom 1,16). Dei lovnadene om frelse, som dette folket har fått, står framleis ved lag. Det store for oss er: ”at heidningane har del i den same arven, den same kroppen og den same lovnaden i Kristus Jesus ved evangeliet.” (Ef 3,6). Men det betyr ikkje at vi har overteke dei lovandene dei fekk. Vi har fått del i den same lovnaden som gjeld for dei. Ved desse lovnadene skal dei igjen bli ”poda inn” i det treet dei vart brotne av. Paulus seier mykje om dette:

Så spør eg: Snubla dei for at dei skulle falla? Nei, langt ifrå! Men deira fall gjorde at frelsa kom til dei andre folka, og så skulle jødane bli misunnelege på dei. (Rom 11,11)

Har det vorte til forsoning for verda at dei vart vraka, kva vil det ikkje då føra til at dei blir godtekne? Jau, liv av død! (Rom 11,15)

Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er poda inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei. (Rom 11,17)

Men dei andre òg skal bli innpoda, om dei då ikkje held fram i vantrua si. Gud har makt til å poda dei inn att. (Rom 11,23)

Eg vil ikkje at de skal vera uvitande om denne løyndomen, sysken, så de har for høge tankar om dykk sjølve: For ein del av Israel har vorte forherda, heilt til heidningane er komne inn i fullt tal. På den måten skal heile Israel bli frelst, som det står skrive: Frå Sion skal redningsmannen koma, han skal rydda gudløysa bort frå Jakob. Dette er mi pakt med dei når eg tek bort syndene deira. (Rom 11,25-27)

Apostelen seier at når Israels delvise forherding har vorte til forsoning og velsigning for heidningfolka, kor mykje større velsigning vil dei då ikkje bli for verda når dei vender om og kjem til tru? For ein del av Israel har vorte forherda, heilt til heidningane er komne inn i fullt tal, seier den norske omsetjinga. Dette gir ei forståing av at heidningar i eit visst tal først må bli frelst før Israel vender om. Vi har også ein tendens til å lesa inn i dette ei forståing av at alle ikkje-jødiske folkeslag skal venda om og tru på Jesus Kristus i så stort tal at det snakkast om ein totalitet av heidningane eller eit overveldande fleirtal av dei.

Mange av dei engelske Biblane seier inntil heidningane har kome i sin fylde (King James; EVS, NASB osv). Vi forstår då at apostelen ikkje berre taler om eit stort tal, men også om ein fylde i kyrkja som positivt vil provosera Israelsfolket til misunning og tru! Denne fylden av Guds rikes velsigningar blant kristne, som vil eggja Israel til omvending og tru, forstår vi i lys av at Guds folk skal vera eitt og ha nått sin fulle vekst i modnad i Kristus.

Apostelen gjer det veldig klart at det naturlege Israel skal koma til tru på Jesus Kristus. Det har alltid vore og vil alltid vera jødar som kjem til tru og blir kristne. Paulus synest å seia at det jødiske folket, som ein heilskap, berre vil venda om etter at dei andre folkeslaga har kome til tru og modnad. Dette inneber at nøkkelen til Israels omvending, som eit folk, er at vi oppfyller misjonsoppdraget om å gjera alle folkeslag til læresveinar.

Det er ikkje slik å forstå at alle heidningar eller alle jødar ein dag vil bli omvendt. Det er jo slik at sjølv om Israel som eit folk er ”brotne av”, ”har vorte vraka” eller ”har snubla”, så var det likevel veldig mange som kom til tru. Dei første kristne var jo for det meste jødar. Det finst berre ein veg til frelse for både jødar og heidningar: trua på Jesus Kristus. Ein jøde utan Jesus er like fortapt som ein heidning utan Jesus. Det betyr sjølvsagt at evangeliet om Guds rike må forkynnast til frelse for jødar først og så for alle andre folkeslag.

Jesus-truande jødar og heidningar høyrer til den same forsamlinga og er lemmer på den same kroppen. Jødar og heidningar står på same linje og ingen bør laga sine eigne etniske grupperinger, for i Guds rike er det ingen skilje mellom folk. Alle som trur på Jesus er Abrahams barn og arvingar til dei same lovnadene (Gal 3,26-29).

Det er ingenting i NT som tyder på at Israel vil bli gjenreist som eit kongerike (Matt 21,43; 1 Pet 2,9). Likevel er det rett å seia at det Det gamle testamentet seier om Israel og landet står fast. Det synest å vera eit evig prinsipp i Guds ord at om Israelsfolket er ulydige mot Guds lov, vil dei bli drivne ut av landet og bli spreidde blant folkeslaga. Likeeins finst det ein evig lovnad om at om Israelsfolket vender om, vil Gud føra dei tilbake til landet. Bibelen lover at Israel som eit folk vil bli gjenreist til sin rette plass i Gud og hans plan i Jesus Kristus, og ikkje nødvendigvis som ein stat. Staten Israel er ein realitet og når Israel som eit folk vender om vil staten Israel vera ein av mange kristne nasjonar der fleirtalet er født på ny (sjå Jes 19,24-25). Mange kristne ser på staten Israel som eit stort endetidsteikn, medan andre har vanskeleg for å sjå det på same måte. Det faktum at det store fleirtalet av jødane som bur i staten Israel, ikkje har vendt om og kome til tru på Jesus Kristus, gjer det vanskeleg for mange andre å sjå denne staten som ei oppfylling av det profetiske ordet. Det er også slik at jødar som trur på Jesus Kristus ikkje blir rekna som jødar og heller ikkje kan gifta seg som jødar.

Når Israelsfolket vender om vil det føra til ei tid med store velsigningar for heile verda. Paktlovnadene vil få ei endå større og herlegare oppfylling. Den Heilage Ande vil vera aust ut over alle menneske og folk vil då leva i ein stor åndelig rikdom. Det vil vera som liv av død! Det er på denne tida dei bibelske profetiane om Guds rikes jordiske velsigningar vil nå sitt høgdepunkt. Profeten Jesaja er ein av dei som i poetiske ordelag skildrar den store forvandlinga som skjer i verda gjennom Messias. Då skal internasjonale konfliktar bli løyste og ingen skal lenger lærast opp til krig (Jes 2,2-4). Jesaja seier at evangeliet forvandlar menneska i slik grad at ingen skader og eller øydelegg noko i heile verda. Denne gjennomgripande forvandlinga kjem ved forkynninga av Guds rike og fører til at jorda blir fylt av menneske som kjenner Gud. Jorda skal bli fylt av kunnskap om Herren og hans herlegdom, slik vatnet dekkjer havets botn (sjå Jes 11,1-9; Hab 2,14).

Dess nærare vi kjem Jesu tilbakekomst vil vi sjå det apostelen Paulus seier om Israelfolket i Romarbrevet oppfylt. Det vil koma store åndelege oppvakningar blant jødane over heile jorda. Når Israel vender om til Herren, vil dei ikkje, slik som dispensasjonalistane seier, gå tilbake til blodige dyreoffer i eit gjenreist tempel. Når dei vender om og tar imot Jesus Kristus som deira Messias og frelsar, får dei del i den nye pakta og vil tilbe Gud saman med Kristi kropp. Då skal jødar og heidningar vera éin flokk med éin gjetar (Joh 10,16; 11,52).

Dispensasjonalistane meiner at jødane har ei særskild framtid skild frå dei av heidningeætt som trur på Jesus Kristus. Apostelen Paulus har gjort det heilt klart at Jesus reiv ned muren som skilde og avskaffa fiendskapen, då han skapte jødar og heidningar til eitt nytt menneske (Ef 2,11-19). Jesus Kristus sameinar jødar og folk frå alle andre folkeslag!

Leave a Reply

Comments

4 responses to “Har Gud forkasta Israel?”

  1. Gunn Avatar
    Gunn

    Interessant!😊

  2. Erling Thu Avatar

    Så bra at dette var interresant for deg!

  3. Ingvild Birkeland Avatar
    Ingvild Birkeland

    Tusen takk for den klare utgreiinga, Erling!! Det seier ja og amen i mitt indre når eg les det! 😃🤗

  4. Erling Thu Avatar

    Tusen takk for gild tilbakemelding! Det er flott at du liker og deler. Eg vil tru at dei fleste som trur på Bibelen kan seia ja til denne undervisninga.

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading