Profetordet står fast!

Peter
er opp i åra og forstår at han ikkje har lenge att å leva og skriv for å hjelpa
dei kristne til å svara på spørsmål frå tvilarar og forførarar:

Kor
vert det av oppfyllinga av profetorda? Kristus har ikkje kome, kanskje han
ikkje kjem? Dei kristne forventingane må vera feil!

Ikkje
høyr på slike negative røyster, sa apostelen. Me kunngjorde vår Herre Jesu
Kristi makt og kome for me var augnevitne til hans guddommelege velde. Det me
forkynner er


ikkje oppdikta eventyr


ikkje klokt uttenkte mytar


ikkje tome og menneskelege draumar

Me
har høyrd frå Gud. Me har sett hans guddommelege velde. Difor står profetordet
så mykje fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å halda fast på. Det er
ei lampe som skin på ein mørk stad til dagen gryr og morgonstjerna stig opp i
hjarta dykkar. Men framfor alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i
Skrifta på eiga hand. For aldri vart noko profetord bore fram ved menneskevilje,
men drivne av Den heilage ande tala menneske ord frå Gud (2.Pet.1,16-21).

Apostelen
Paulus seier at me må gje akt på dei profetorda som er tala over oss. Han seier
at me skal strida den gode striden i tru og i bønn i samsvar med dei profetorda
me har fått (1Tim.1,18).

Profetordet
står fast, og me gjer vel i å halda fast på det!

Gjennom
heile Bibelen møter me vanlege menneske som held fast på det profetiske ordet
frå Gud og som reiser seg til handling og gjer storverk. Det profetiske ordet
var drivkrafta som utløyste tru og mot til å leggja ut på ei reise og gå mot
eit mål som var langt utanføre dei menneskelege føresetnadane. Den profetiske
draumen bar dei gjennom livet og hjelpte dei å overvinna store utfordringar og
løysa uløyselege vanskar. Vona – håpet er ei av dei viktigaste kjeldene til
livskraft og livsmot hjå menneske. Den profetiske draumen hjelper menneske å
bryta banda som bind oss til det fysiske og forgjengelege, og viser at ånda i
mennesket er meir i slekt med æva enn det timelege. Utan draumar sluttar
hjartet å slå, men når dei profetiske draumane er levande, er mennesket
levande, jamvel om livet ebbar ut på torturbenken!

Profetordet er som
soloppgangen, morgonglima av lys, som varslar ein ny dag. Den nye dagen er
komen, men enno er det berre morgon. Den nye høglyse dagen kjem! Jesus har makt
til å skapa ei ny jord, ein ny verdsorden, ein ny røyndom av forsoning og fred.
Jesus har kome med eit nytt rike, eit rike som er annleis enn alle dei
undertrykkjande rika som rår i verda i dag. Dette riket har kome, og det kjem.
Difor er dei profetiske orda både røyndom og lengt på same tid. Profetordet
skildrar eit verkeleg liv som er levd i von og visjon om at det skal levast på
ny i stadig større omfang.

Eg veit at alle Guds gode
draumar skal oppfyllast i si tid. Profetordet skal oppfyllast! Gud vaker over
ordet sitt for å setja det i verk. Himmel og jord skal ein gong gå til grunne,
men lovnadene frå Gud står fast. Alt han har sett seg føre vil han fullføra.
Han er ein allmektig og trufast Gud som gjennomfører alt etter sin eigen plan
og vilje. Når tida er inne vil han fullføra sin plan for menneska: å samla alt
til eitt i det fullkomne mennesket Jesus Kristus, alt i himmelen og på jorda i
han.

 

Fordi me held
fast på det profetiske ordet kunngjer me vår Herre Jesu Kristi makt:

Jesus
Kristus har all makt i himmel og på jord!

Jesus
Kristus har makt til å leggja alle ting under seg!

Jesus
Kristus har makt til å gjenreisa alle ting profetane har talt om!

Jesus
Kristus har makt og borgar for at alle lovnader skal oppfyllast!

Jesus
Kristus har makt til å frelsa og frigjera, både folk og nasjonar!

Jesus
Kristus har makt til å løysa alle flokar!

Jesus Kristus
har makt til å omskapa samfunnet!

Eg
elskar forteljinga om Josef. Denne unge mannen er vel ein av dei mest kjende
profetiske drøymarane i Bibelen. Korkje brørne eller foreldra hans var noko
serleg glade for dei draumane han hadde. Dei meinte han gjorde seg for store
tankar om seg sjølv. Draumane hans skapte vanskar for han. Då han i uskuldig
glede fortalde kva han hadde drøymd vart brørne sinte og forarga på han. Ein
dag kvitta dei seg med drøymaren ved å selja han som slave til arabarar på veg
til Egypt. Her møtte han mange nedturar. Han fekk falske skuldingar retta mot
seg og vart kasta i fengsel. Der vart han verande lenge.  Det var ingenting som tydde på at dei
profetiske draumane hans skulle verta oppfylt.

Men
me kjenner forteljinga om Josef og veit koss det gjekk med han. Trass i store
vanskar og vonde levekår heldt han fast på profetordet, draumen og truskapen
mot Herren som hadde talt til han gjennom det han drøymde. Ein dag vart
truskapen hans lønna. Draumen fekk si oppfylling, til stor velsigning for mange
menneske. Av di han ikkje gav opp håpet, men heldt fast på det profetiske
ordet, berga han livet til tallause menneske. Dei som var forarga på han og
ville han vondt, fordi dei ikkje forsto draumen hans, vart og rikeleg velsigna
då draumen hans vart oppfylt.

Josef
vart ein frelsar for heile samfunnet og alle nabolanda. Ein ung gut som heldt
fast på det profetiske ordet frå Gud, vart brukt til å forandra samfunnet.

Gud
skal gjera det på ny! Gud reiser opp ein ny profetisk generasjon som tener Guds
plan i si levetid. Dei høyrer frå Gud og handlar på Guds ord. Dei er profetiske
i ord og gjerning. Dei skal på ny snu samfunnet opp ned!

Når
me held fast på det profetiske ordet, og forstår at Jesus har makt til å
forandra samfunnet, har me fått noko større enn seg sjølv og vårt eige
fellesskap å leva for.

Då kan me retta tankane
våre mot utvikling av heile samfunnet

så det kan verta alt det
er meint å vera.

Då er me eit profetisk
folk som lever i framtida i dag

fordi me drøymer store
profetiske draumar frå Guds hjarta

og alt no har smaka
kreftene som høyrer den komande verda til.

 

Når me held fast på det
profetiske ordet har me våre røter

i dei store heltane med
tru som nekta å godta urett og undertrykking

og let draumen om eit
rettferdig samfunn driva dei til storverk,

fordi me ser nye
utviklingslinjer og gjer samfunnet betre og varmare.

Me ser oss sjølve som
aktive deltakarar i eit kosmisk drama

– der himmel og jord skal
samlast i harmoni.

Me ser føre oss eit
globalt panorama,

medan me engasjerer oss i
nærmiljøet.

Når me held fast på
profetordet er me jordnære kvardagskristne

med tru på Den Allmektige

i møte med utfordringar
og kriser.

Då er me menneske som
ikkje berre står på dørstokken  til ei ny
tid,

men som ber den nye tida
med oss og skaper endring i vår notid

Heile jorda skal verta
full av menneske som kjenner Gud. Heile folkeslag og byar skal venda om til
Herren og seia til kvarandre: ”Lat oss be til Herren, Allhærs Gud – Den Allmektige!”
Mange folkeslag og mannsterke heidningfolk skal søkja Herren i dagar som kjem.

Når
me trur og forkynner at Jesus har makt til å forandra samfunnet,

Vert
me  eit fellesskap av menneske

som
drøymer draumar i samsvar med det målet

Skaparen
hadde då han sette seg føre å skapa.

Då vert me menneske som
veit koss me kan utvikla både oss sjølve

og samfunnet me lever i ved
å følgja guddommelege naturlover

som heile tilværet kviler
på.

Ingen kan oppheva
tyngdelova – eller noka anna Guds lov!

Guds rike lover er skrive
inn i kvart menneske, inn i heile universet.

 

Når Jesus er Herre mellom
oss lærer me koss me kan samarbeida

 og gjera ting saman for å oppnå meir

enn summen av det me kan
gjera kvar for oss.

Når me held fast på
profetordet er me menneske som ber på dei same draumane,

eig same tru og håp
og  er drivne av kjærleiken,

og saman arbeider på å
verkeleggjera

Guds eige store draum:

 nyskapa heile verda

og føra ho fram til
herleg fullending.

 

Jesus Kristus har makt til å skapa fellesskap

Synd lagar skilje mellom
menneske, Jesus forsonar dei.

I verda går alt i stykke
og vert oppdelt og fragmentert,

Men Jesus fører folk
saman i tette og varme fellesskap.

Jesus byggjer si
forsamling slik han vil ha henne:

At Gud skal få sin veg
med paktsfolket sitt

Så me audmjukt lever i
Guds nærvær

Og har eit brennande
ønskje om å gje Gud det Gud vil ha!

Det profetiske ordet
skildrar det fellesskapet Jesus skaper:

Eit paktsfolk som syner
trufast kjærleik

og praktiserer lojalitet
i alle deira mellommenneskelege forhold.

Eit folk som er gode og
miskunnsame.

Eit folk som er fredsskaparar,
og ikkje yppar til strid!

Eit folk som talar
sanning på ein kjærleg måte.

Eit fellesskap som er
kjenneteikna av rein glede og lukke

 

Det profetiske ordet
fortel at Gud gjenreiser eit heilagt folk

Eit folk som er annleis
og skil seg ut

– frå dei religiøse og
sekulære samfunna i vår tid!

Eit folk som skil seg ut
i god meining!

– ikkje eit folk som skil
seg ut fordi dei er tåpelege eller rare,

men eit folk som er vise,
snille, glade og gode.

Eit folk i skinnande
reinleik og eit godt liv.

Eit heilagt folk som er
kjenneteikna av Guds heilage nærvær

– og hans nådige
kraftgjerningar!

Eit folk som er
heilhjarta for Gud

– og tener han med heile
seg.

Eit folk som er fylt av
Anden

– eit folk som alltid er
tilgjengeleg for Anden til å verka gjennom dei

– eit folk som let seg
leia av Anden i kvardagen

– eit folk som tek Guds kraft med seg i
kvardagen

på arbeidsplassar, studieplassar, nabolag,
butikk og på gata

– eit folk som demonstrerer det overnaturlege
kjærleikslivet

Og viser menneske
vegen til Gud – gjennom Jesus Kristus.

 

Når me heldt fast på det
profetiske ordet vil me verta

Eit djervt folk som Gud
reiser opp til å tena hans plan i vår levetid,

Då er me ikkje er redde
for motstand,

og kjenner ikkje frykt
for framtida,

for me gjev gjev akt på
den profetiske røysta,

 og lyder det profetiske ordet frå Guds munn.

Det fellesskapet som
Jesus byggjer,

held frimodig fram kva
Guds ord seier

og lever det ut i
kvardagen som eit profetisk lys

som viser veg til ei god
framtid i Guds velsigning

trass i alle forbanningar
frå dei intolerante representantane

for dei politisk korrekte
meiningane.

 

Det fellesskapet Jesus
byggjer er eit fellesskap av menneske

som er agentar for
gjennomgripande endringar

i enkelt menneske og i
samfunnet.

Det er eit fellesskap som
ikkje slår seg til ro,

men som har gripe tak i
Guds draum

og difor forstår det
oppdraget

me har til å forandra
verda

ved å leva eit nytt liv i
heim og samfunn.

 

Det kristne fellesskapet er
Guds fest

der vi dagleg feirar at bortkomne
søner og døtrer kjem heim.

Det kristne nåde fellesskapet
er ein stor fest

med mykje dans og musikk,

for ikkje å snakka om eit
skikkeleg stort måltid

med god mat og drikke.

Profetordet skildrar festen
i Guds rike

som bordfellesskapet i
kvardagen, i nabolaget og i storsamfunnet

der folk frå mange raser og
bakgrunnar har lagd frå seg

gjengtenking og
klasseidentitet

og kjem saman for å vera
glade.

Det kristne fellesskapet tek
del

i den urgamle
kjærleiksdansen som alltid er ny

– fellesskapsdansen

– samspelet

mellom Far, Son og Ande,

når dei saman med mange
slags ulike menneske

lever fellesskap og har
lært å tilgje og elska kvarandre.

 

Jesus Kristus har makt til å omskapa menneske!

Jesus Kristus har makt til å frelsa menneske!

Jesus Kristus har makt til å løysa menneske!

Jesus Kristus har makt til å forandra menneske!

Jesus Kristus har makt til å gjera oss til nye menneske!

 

Jesus har gjort under i mitt liv!

Jesus kan gjera under for alle menneske!

Når me held fast på profetordet har me håp om endring

– for oss sjølve og alle andre!

 

 

Jesus Kristus har makt til byggja sitt hus

 


 


Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading