Retten til å tru og ha eit offentleg livssyn

Den vestlege verda er i vår tid
kjenneteikna av rasjonalisme, materialisme og såkalla humanisme. Det inneber at
det er berre det som kan forklarast logisk, forståast med forstanden og som set
mennesket i sentrum som er politisk korrekt. Denne sekulære humanismen gjer seg
ut for å vera fornuftig, menneskeleg og livssynsnøytral, medan dei framsteller
alle som trur annleis for å vera sekteriske, inhumane, bakstreverske mørkemenn.
Desse sekulære humanistane, som i praksis også er ateistar, dominerer kultur og
media på ein skræmande måte. Dei vil nok gje folk rett til å tru kva dei vil,
men dei vil seia at denne trua høyrer privatlivet til og bør ikkje blandast inn
i politikk eller samfunnsliv.

Kristne menneske kan sjølvsagt ikkje
godta slike grenser for trua si. Det er sjølve religionsfridomen som står på
spel. Retten til å tru og ha eit offentleg livssyn er grunnleggjande for eit
demokratisk samfunn. Denne retten må me alle slåst for, meir enn på lenge, for
intoleransen har fått stor plass i samfunnet vårt. Me har fått lover som skal
verna visse grupper mot diskriminering og negativ omtale medan det har vorte
fritt fram å tala nedsetjande om alle som har eit anna syn enn desse gruppene.
På denne måten greier dei effektivt å lukka munnen på dei som har eit anna
livssyn. Til og med mange kristne er ikkje vakne nok for denne utviklinga medan
dei fleste med eit politisk korrekt syn lukkar auga for det som skjer.

Alt for mange kristne har slått seg til
rom med å ha ei privat tru. Dei dyrkar sitt personlege forhold til Gud heime og
lever ut trua si i kristne samanhengar. Til vanleg godtek dei rasjonalistiske og
materialistiske forklaringar på ting som hender og let seg lura av den sekulære
humanistiske tankegangen. Dei forstår ikkje den åndelege kampen som pågår. Dei
ser ikkje kva som ligg bak det som føregår rundt dei avdi dei har vorte påverka
av den postmoderne kulturen dei lever i.

Dei allmenne menneskerettane gjev oss
rett til å ha eit offentleg livssyn og til å gjera trua vår kjend. Denne retten
har me kristne fyrst og fremst frå Gud. Me har eit oppdrag som går ut på å
utvikla den sosiale verda, med familiar, forsamlingar, lokalsamfunn, byar,
fylke, nasjonal regjering, lover osv. Me har også eit oppdrag om å dyrka jorda,
ta vare på miljøet, byggja heimar, vegar, bruer, laga musikk, kunst,
dataprogram osv. I alt dette har me som mål å æra Gud og vera til velsigning
for våre medmenneske. Difor går me langt utover det å kritisera kulturen me
lever i, for oppdraget vårt er å skapa kultur og utvikla heile samfunnet i
samsvar med Guds ord.

I dag møter me, som
vil stå for det Bibelen seier, aukande motstand. Bibeltru kristne er meir og
meir på kollisjonskurs med dei politisk korrekte meiningane og den postmoderne
kulturen. Difor må me førebu oss så me kan møta den tøffare motstanden på ein
god og rett måte.

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading