Gud er ein og tre
Bibelen lærer oss ar Gud er ein og at Gud
er tre på same tid. Den Gud me møter og lærer å kjenna gjennom Bibelen er den
Gud det kristne fellesskapet vedkjenner seg i dei klassiske truvedkjenningane.
Han er Abraham, Isak og Jakobs Gud. Han er Jahve, den evige sjølveksisterande
EG ER. Denne eine Gud er samstundes tre, Far, Son og Den Heilage Ande. Kvar av
desse tre er Gud, som har del i og saman utgjer den eine guddommelege essens
eller vesen. Denne eine Gud er eit mangfald, eit fellesskap av tre personar i
den eine treeinige Gud. Det finst ingen annan Gud enn den treeinige Gud. Gud er
ingen annan enn Far, Sonen og Anden.
Dette er ikkje berre ei menneskeleg og
teologisk forståing av Gud. Dette er heller ikkje berre talemåtar om koss Gud
vel å gje seg til kjenne for oss. Det at er Gud er trefaldig og treeining er
kjernen i hans evige vesen. Både det å vera ein og det å vera tre, høyrer med
til Gud vesen og er ein vesentleg del av hans natur. Det er tre som saman
utgjer den eine Gud i all æve, og det er tre, Far, Son og Ande, som arbeider
saman i verda for å fullføra sin evige plan for menneskeslekta og heile
skaparverket.
Gud er mangfald og einskap
Me finn både mangfald og einskap i den
treeinige Gud. Far, Son og Ande er eitt som ein Gud, men er samstundes ulike og
kan skiljast frå kvarandre. Bibellærarar bruker ulike uttrykk for å skildra
forholdet mellom dei og differensiera i funksjonane deira. Me kan seia at Far
føder Sonen som er den einborne Sonen eineståande født av Far. Den Heilage Ande
går ut frå og er sendt av Far (og frå Sonen).
Kva av dei tre personane i Guddommen
utfører si spesielle rolle i det eine guddommelege programmet. Far fungerer som
grunnen og opphavet for universet og for Guds plan for menneskeslekta. Sonen
fungerer som openberrar av Gud, mønsteret for og talsmannen for Fars vilje for
skaparverket, og som frelsar for menneskeslekta. Anden fungerer som den
personlege guddommelege krafta som er verksam i verda, han som fullendar Guds
plan.
Bibelens Gud er med andre ord ein einskap.
Dei tre personane i den eine treeinige Gud utgjer ein einskap som inneber
mangfald. Jamvel om dei har ulike roller i det eine guddommelege programmet, er
alle med i kvart område av Guds verk i verda. Guddommeleg aktivitet er
kjenneteikna av samarbeid. Far, Sonen og Anden arbeider alltid saman, aldri
uavhengig av kvarandre eller for seg sjølv. Det Gud sa då han skapte mennesket
viser dette: ”Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning!”[1]
Det inste vesen i Gud er paktskjærleik
Den apostoliske openberringa i Det nye
testamente er at Gud er kjærleik.[2]
Kjærleik er eit familieord som inneber både subjekt og objekt. Det inneber ein
som elskar og ein som vert elska. Når me snakkar om Guds karakter eller natur
seier me at Gud er kjærleik, men kjærleiken kan ikkje vera Gud. Kjærleiken
eksisterer berre som eit forhold mellom ein som elskar og den som ert elska.
Fordi Gud er treeinig, omfattar Guddommen alt både kjærleikens subjekt og
objekt. Bibelen fortel at Far elskar Sonen og at Sonen elskar Far. Denne ånda
av kjærleik mellom Far og Son er Den Heilage Ande som også er kjærleikens Ande.
Kjærleiken er med andre ord det grunnleggjande forholdet eller sjølve kjernen i
Guds vesen og viser oss hans paktsnatur. Det er vanskeleg å kunna førestella
seg at Gud er kjærleik om ikkje Gud er ein samansett einskap.
I all æve er Gud ei sosial treeining, eit
heilagt samfunn, kjærleikens fellesskap, ein herleg mangfaldig einskap. I
Guddommen, som er eit kjærleikens fellesskap, er det eit gjensidig gjennomtrengjande guddommeleg forhold, eit
gjensidig paktsforhold, kor dei tre personane i den eine Gud er gjensidig avhengige av kvarandre, ikkje berre i Guds
gjerning i verda, men i deira eksistens som den einaste Gud. Gjennom heile
Bibelen finn me at den guddommeleg einskap er ei gjensidig gjeving av seg sjølv
Far, Sonen, og Anden for kvarandre. Dette samsvarar naturlegvis med Det nye
testamente si forståing av agape – kjærleik, som me kan definera som å gje seg
sjølv til ein annan i eit paktsforhold. Gud er ein pakts Gud og det inste
vesen, sjølve kjernen, er kjærleiken som bind Far, Son og Ande saman i ein
ubrytande einskap.
Paktskjærleiken er drivkrafta i alt Gud gjer
Det er berre når me forstår at Gud er
kjærleik at me kan ta til med å forstå nokre av dei indre dynamikkane i Gud: i
kven og kva Guddommen er i seg sjølv, det dynamiske forholdet i den eine Gud,
og koss vår treeinige Gud flyt over i skapande gjerning der universet vert
heimen til menneskeslekta og står i eit forhold til det han har skapt.
Kjærleiken gjer skaparverket mogeleg. Skaparakta er eit uttrykk for den
overstrøymande kjærleiken i den treeinige Gud. Verda er til på grunn av Guds
kjærleik. Alt Gud gjer er motivert av paktskjærleiken i hans inste vesen.
Før verda vart til, før Gud tok til å
skapa, heldt han eit råd meg seg sjølv. I kjærleik og av sin eigen frie vilje
planla Far, Son og Ande saman kva dei ynskte å gjera.[3]
Gud var ikkje under noka tvang til å skapa for kjærleiken var alt fullkomen i
Den Treeinige Gud. Men av di Gud er kjærleik, gjev han av seg sjølv ved å setja
seg føre å skapa verda med alt det som fyller henne. På grunn av kjærleik
skapte Gud verda og gjorde pakt med menneskeslekta og heile skaparverket.[4]
Alt Gud gjer er i samsvar med karakteren hans.
Mennesket – skapt i Guds bilete
Då Gud skapte mennesket sa han: ”Lat oss
skapa menneske i vårt bilete, i vår likning!”[5]
Legg merke til at det er eit ”oss” som handlar og snakkar om å
skapa menneskeslekta – dei – til å likna på ”oss”, i vårt
bilete og vår likning. Det er Den Treeinige Gud som skaper menneskeslekta
i sitt fellesskapsbilete, til å likna mangfaldet i Gud og uttrykkja
paktsnaturen hans, til lov og ære for hans herlege vesen.[6]
Dette inneber at mennesket er skapt for
fellesskap med Gud. Me er skapt til å gje eit gjensvar til Guds kjærleik ved å
elska han og stå ansvarleg for han med heile livet vårt. Alle menneskelege
forhold må vera styrt av forholdet vårt til Gud. Å vera menneske i den sannast
meining er difor å elska Gud over alle ting, ha tru og tillit til han, lyda,
takka og æra han.[7]
Det inneber også at mennesket er skapt for
fellesskap med andre menneske. Mennesket er eit sosialt vesen og ikkje ein
einstøing som har nok med seg sjølv. Alle kvinner og menn treng fellesskap med andre
sidan ingen er fullstendig i seg sjølv, skilt frå dei andre.
Nestekjærleiksbodet seier oss at me treng kvarandre og gjer livet rikare for
kvarandre.[8]
Me ser også at då Gud skapte mennesket gav
han menneskeslekta ansvar for skaparverket. Menneskeslekta skal ta vare på
jorda og mangfaldet i naturen på vegne av Gud. Me er kalla til å odla, utvikla,
kultivera skaparverket slik at alt det potensiale Gud har lagt ned i naturen og
i menneskeslekta kan verta slik Gud hadde tenkt, til lov og ære for hans herlegdom.[9]
Gud har sett mennesket inn i alle desse
tre forholda. Kvar av dei er like viktige og nødvendige som dei to andre, og
dei er knyta saman. Bibelen seier at me kan ikkje elska Gud utan å elska våre
medmenneske.[10]
Forholdet til Gud, kjærleiken til Gud, gjev seg utslag i forholdet andre
menneske og heile verda me lever i.
Gud sa at det var ikkje godt for mennesket
å vera åleine.[11]
Mennesket er eit sosialt vesen skapt for fellesskap. Å vera skapt i Guds bilete
og likna på han inneber eit fokus samfunn, fellesskap, vennskap, – eit
kjærleikens paktsforhold, for frå æve til æve er Gud eit heilagt samfunn av
Far, Son og Ande.
Mennesket er med andre ord skapt til å
avspegla det dynamiske kjærleiksforholdet som finst i Den Treeinige Gud. Ikkje
noka individ, ein familie eller eit fellesskap, men berre heile menneskeslekta
(det nye mennesket i Kristus) kan vera det fulle biletet av Gud. Det inneber at
Guds biletet i mennesket berre kan uttrykkjast i samanhengen av levd liv i
samfunn med andre menneske. Berre i fellesskapet med andre menneske kan me vera
eit bilete av Gud, for Gud er kjærleikens samfunn, han er den treeinige pakts
Gud, der dei tre personane i Guddommen gjev seg sjølv til kvarandre.
Tekst: Erling Thu
Leave a Reply