Me veit at Bibelen kom frå Gud på grunn av
ein enkel grunn: Jesus sa det! Det er på grunnlag av det han har sagt, han som
er Herre over heile universet, at me er trygge på at Bibelen er Guds ord. Jesus
stadfesta autoriteten og truverdet til Det gamle testamente gjennom si
undervisning, og han lova at han ville gje Det nye testamente gjennom apostlane
sine for å fullføra den openberringa av sanninga frå Gud. På grunn av det Jesus
Kristus har sagt trur me at Bibelen er Guds ord.
Jesus stadfesta autoriteten og truverdet til Det gamle
testamente
Jesus sa at heile Det gamle testamentet
(Matteus 22,29), med si inndeling i lova og profetane (Lukas 16,16), dei
enkelte bøkene (Matteus 22,43; 24,15), hendingane som er fortalt (Matteus
19,4-5; Lukas 17,27), til og med den minst bokstav og prikk, var truverdig som
Guds ord. Han kalla skriftene i Det gamle testamente for Guds ord (Johannes
10,35). Han sa at skriftene hadde vorte skrivne av menneske som var drivne av
Den Heilage Ande då han sa, ”For David sjølv seier i Den heilage ande” (Markus
12,36) og når han viser til hendingar ”som profeten Daniel har tala om”
(Matteus 24,15). Meg slike utsegn stadfestar han forfattarskapen til dei fleste
mest omdiskuterte bøkene, som Mosebøkene (Markus 7,10), Jesaja (Markus 7,6),
Daniel og salmane. Han viser også til dei mirakel kritikarane avviser som
historiske hendingar. Han omtalar Guds skapargjerning (Lukas 11,51), Adam og
Eva (Matteus 19,4-5), Noa og flaumen (Matteus 24,37-39), Sodoma og Gomora
(Lukas 10,12) og Jonas og den store fisken (Matteus 12,39-41). Han sa, ”Før
skal himmel og jord forgå, før ein einaste prikk i lova fell bort” (Lukas
16,17). Det faktum at han ofte viste til Skrifta som den endelege autoriteten,
kom tydeleg til syne då han vart freista av Satan i øydemarka, då han tre
gongar møtte freistingane med ”Det står skrive!” (Matteus 4,4-10).
Me kan samla det Jesus lærte om Det gamle testamente i
denne enkle oversikten:
Autoritet – avgjer kva me skal tru,
Matteus 22,41-40.
Påliteleg – profetiar vert oppfylt,
Matteus 26,54.
Det som avgjer kva diskusjon, Matteus
4,4,7,10.
Tilstrekkeleg for å tru, Lukas 16,31.
Vil aldri forgå, men verta oppfylt,
Matteus 5,17-18.
Alle skriftene i GT peikar fram mot Jesus
og alt dei har sagt om han vert oppfylt og skal forkynnast for alle folkeslag,
Lukas 24,25-27, 44-49.
Historisk sann, Matteus 12,40-42; 19,2-5.
Feilfri, Matteus 22,29; Johannes 3,12;
17,17.
Ufeilbarleg, Johannes 10,35
Jesus lova oss Det nye testamente
Jesus sa til disiplane før han vart
krossfest, ”Dette har eg sagt dykk medan eg enno er hos dykk. 26 Men
Talsmannen, Den heilage ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra
dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk” (Johannes 14,25-26). Han la
også til dette, ”Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til
heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer,
og fortelja dykk det som skal koma” (Johannes 16,13). Her seier Jesus at læra
og undervisninga hans vil verta minnast og forstått, og at fleire sanningar vil
verta gjevne til apostlane slik at alle komande disiplane i komande tider kan
vera grunnfesta i sanninga ved hjelp av Den Heilage Ande.
Frå pinsedagen (Apostelgjerningane 2,1flg)
starta den apostoliske tida kor dei med si undervisning la grunnvollen for
kristen tru og praksis. Apostlane formidla den heile og fulle openberring av
Jesus Kristus. Dei hadde fått nøklane til Guds rike (Matteus 16,19), og ved
deira hender fekk dei nye kristne Den Heilage Ande (Apostelgjerningane 8,14-15;
19,1-6). Den kristne forsamlinga byggjer si tru og praksis på ”apostel og
profetgrunnvollen” (Efesarbrevet 2,20). Dei første kristne følgde læra frå
apostlane (Apostelgjerningane 2,42) og var bundne av det apostlane vedtok når
dei var samla (Apostelgjerningane 15). Paulus som fekk si apostelteneste
gjennom direkte openberring frå Gud, vart stadfesta som apostel av apostlane i
Jerusalem (Galatarbrevet 1,15-16, 2,8-9), fullførte gjennom breva sine tenesta
med Guds ord (Kolossarane 1,25-26).
Nokre av forfattarane til Nytestamentlege
skrifter var mellom dei apostlane. Korleis kan me forklara deira autoritet? Dei
formidla den apostoliske bodskapen som hadde vorte ”stadfest for oss av dei som
hadde høyrt han” (Hebrearane 2,3). Markus arbeidde saman med Peter (1 Peter
5,13). Jakob og Judas, som sannsynlegvis var Jesu brør, var mellom apostlane i
Jerusalem. Lukas var ein nær medarbeidar av Paulus ( 2 Timoteus 4,11) som
intervjua mange augnevitne for å skriva kva som hadde hendt (Lukas 1,1-4).
Peter sidestiller Paulus sine skrifter med Det gamle testamente (2 Peter
3,15-16). For alle skriftene i Det nye testamente (med unntak av Hebrearbrevet
der me ikkje veit heilt sikkert kven forfattaren er, jamvel om det tradisjonell
vert tilskrive Paulus), er det klart samband mellom forfattarane og apostlane som gav dei
informasjon (Hebrearane 2,3).
Når Jesus, som var Gud kome som eit
menneske og alltid tala sant, sa at Det gamle testamente var Guds ord og at han
ville openberra heile sanninga til apostlane som skulle gje det vidare så folk
kunne koma til tru, då er det bevist at heile Bibelen, både Det gamle og Det
nye testamente er frå Gud. Det har me frå Jesus Kristus sjølv, vår beste og
høgaste autoritet.
Korleis vart Bibelen skriven?
Bibelen vart skriven i ein prosess me
kallar inspirasjon. Apostelen Paulus seier det slik: ”Kvar bok i Skrifta er innanda (inspirert) av
Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd”,
(2 Timoteus 3,16). Dette inneber at Gud er kjelda for alt som står i Bibelen.
Frå Moses i GT til Johannes i NT så er ein profet eit menneske som formidlar
ein bodskap frå Gud til andre. Det ordet profetane ber fram får dei gjennom ei
openberring frå Gud. Denne openberringa kan vera ei høyrbar røyst (2 Mosebok
3,2), ei serie av syner (Esekiel 1,1; 8,3; Openberringa 4,1), ei indre røyst i
profeten sitt hjarte når han ber eller har fellesskap med Gud og Herren ord
kjem til han (Sakarja 1,1), eller frå tidlegare profetiar (Daniel 9,1-2).
Apostelen Peter forklarar korleis Bibelen
vart skriven på denne måten: ”For aldri
er noko profetord (i Skrifta) framkome ved menneskevilje; men drivne av Den
Heilage Ande tala (skreiv) menneske ord frå Gud” (2 Peter 1,21). Bibelen er
ikkje eit produkt av menneskeviljen, men av Gud som dreiv og leia profetane til
å skriva det han ville. Difor er skriftene i Bibelen Guds ord og bodskap til
oss i dag.
Kva denne inspirasjonen fullt ut innebar
og korleis den vart opplevd av profetane er vanskeleg å forklara. Men me veit
at profetane var talsmenn for Gud. Me veit også at dei ikkje berre var
sekretærar som berre skreiv ned guddommeleg diktat for me ser at mange
menneskelege element som stil, personlege opplevingar og ulike språk er brukt. Inspirasjonen, at Bibelen er
innanda av Gud, inneber at dei menneskelege og guddommelege faktorane vert
sameina. I denne skrive prosessen får forfattaren ei openberring og tek aktiv
del i å skriva denne ned, medan Gud heile tida gjev openberring og vakar over
skrivinga. Slik vert bodskapen heilt og fullt frå Gud, medan dei menneskelege
elementa frå forfattaren får rom for å gjera det meir tilgjengeleg for oss.
Både det guddommelege og menneskelege kjem saman i dei same orda (1
Korintarbrev 2,13).
Korleis vart Bibelen sett saman?
Korleis veit me at dei sekstiseks bøkene i
Bibelen er dei einaste skriftene som skulle vera inkludert i Skrifta? Kva med
dei Apokryfiske skriftene eller dei Gnostiske evangelia? Kvifor er ikkje dei
tekne med? Svaret ligg i det me kallar Bibelens kanon. Kanon kjem frå hebraiske
og greske ord som tyder målestokk og står for ein standard som alle skriftene
måtte møta.
Det har vore mange ulike oppfatningar om
kva denne standarden skulle vera, slik som alder, samsvar med Lova om dei er
skrivne på hebraisk, religiøs verdi og kristen bruk. Men kvar av desse gjer
same feil. Dei blandar saman kva Gud seier er Den heilage Skrifta med menneskeleg
godkjenning av desse skriftene. Når alt kjem til alt er det slik at det Gud har
innanda er Guds ord og det han ikkje har inspirert er det ikkje. Når Den
Heilage Ande dreiv ein Guds mann til å skriva, så vart det skrivne, ikkje berre
inspirert, men Guds skrivne ord. Gud har alt avgjort kva som skal takast med i
Skrifta, vår utfordring er å vita korleis me kan oppdaga kva for skrifter Gud
har inspirert.
For å kunna skilja ut dei heilage
skriftene frå dei menneskelege skriftene og avgjera kva for skrifter som er
kanoniske har kristne stilt fem spørsmål, der den første er den mest
grunnleggjande:
1. Er det skrive av ein Guds profet eller Jesu
Kristi apostel? 5 Mosebok 18,18 fortel oss at berre ein Guds profet vil
tala Guds ord. Det er den måten Gud openberrar seg på (Hebrearane 1,1). 2 Peter
1,20-21 seier også at Skrifta er berre skriven av Guds menn.
2. Vart han stadfesta av Gud?
Hebrearane 2,3-4 gjev oss den forståinga at me kan venta at dei som talar for
Gud vert stadfesta ved teikn og under. Moses hadde staven sin som Gud gjorde
under gjennom. Jesus gjorde tallause under og teikn, men det avgjerande underet
er at han stod opp frå dei døde. Apostlane heldt fram med å gjera dei same
teikn og under som Jesus gjorde. Alt dette stadfesta at bodskapen deira var frå
Gud. Profetane gjorde teikn og under eller fekk profetiar oppfylt rett etter at
dei var borne fram for å visa at dei var frå Gud.
3. Talar skriftet sant om Gud? ”Men om
vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna
evangelium enn det vi har forkynt, så skal han vera forbanna!” (Galatarane
1,8). Samsvar med tidlegare openberring er vesentleg. Dette gjer at me kan
avskriva falske profetiar som vert framført i Guds namn (5 Mosebok 18,22).
4. Har det Guds kraft i seg? Eit skrift
om ikkje formidlar Guds forvandlande kraft til dei som les det så dei vender om
og lever i samsvar med Guds vilje, er ikkje frå Gud (Jeremia 23,18,23). Hebr
4,12 For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja
sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer
dei tankar og planar som bur i hjartet (Hebrearane 4,12).
5. Vart det motteke og godteke av Guds folk?
Paulus takkar tessalonikarane for at dei tok imot apostlane sin bodskap som
Guds ord (1 Tessalonikarbrev 2,13). Det normale er at Guds folk, det er det
store fleirtalet og ikkje berre ein liten del, tek imot Guds ord gjennom Guds
menn som Guds ord. Den som er født av Gud høyrer hans røyst og tek imor hans
ord (Johannes 8,47; 10,27; 1 Johannes 4,6). Mosebøkene vart med ein gong lagd i
paktkista (5 Mosebok 31,24-26) og det same vart skriftene til Josva og Samuel
(Josva 24,26; 1 Samuel 10,25). Profeten Jeremia siterer mange av dei profetane
som hadde levd berre nokre år før han, og det viser at skriftene deira vart
tekne imot som Guds ord med ein gong. Daniel studerte Jeremiaboka om lag femti
år etter ho var skriven (Daniel 9,2). Det nye testamentet viser den same
mottaking ved at Peter sidestiller skriftene til Paulus med Skrifta (2 Peter
3,16) og Paulus siterer Lukas saman med eit avsnitt frå Lova (1 Timoteus 5,18).
Me veit også at breva til Paulus sirkulerte mellom forsamlingane (Kolossarane
4,16; 1 Tessalonikarbrev 5,27). Detter var kanskje starten på samlinga av
bøkene for Det nye testamentet sin kanon. Jamvel om nokre bøker vart
omdiskutert seinare, så talar deira
opphavlege godtaking sterkt for at dei høyrer med.
Bøker det seinare vart stilt spørsmål ved:
Hebrearbrevet. Fordi ein ikkje heilt
sikkert veit kven forfattaren er. Brevet er godteke fordi det har apostolisk
autoritet, jamvel om ein ikkje veit sikkert at det har apostolisk
forfattarskap.
Jakobsbrev. Fordi det kunne vera i
konflikt med Paulus si lære om frelse ved tru åleine. Denne konflikten vart
løyst ved å sjå på gjerningar som ei frukt av ekte tru.
2 Petersbrev. Fordi
stilen er ulik det første brevet hans. Men det første brevet hans vart skrive
ved hjelp av Silvanus (1 Peter 5,12) som truleg har hjelpt han med gresken
hans.
2 og 3 Johannesbrev. Fordi forfattaren
kallar seg eldste og ikkje apostel. Då må me hugsa at Peter også kallar seg ein
eldste (1 Peter 5,1). Desse breva er sitert i dei første kanonlistene.
Judasbrev. Fordi han viser til Enoks bok
og Himmelfarten til Moses. Han kallar dei ikkje Skrifta, men siterer dei slik
Pauls siterer heidenske diktarar (Apostelgjerningane 17,28; Titus 1,12). Brevet
var ålment godteke i den første tida.
Johannes Openberring. Fordi det seier Jesus skal regjera i tusen år, noko som ei
viss sekt lærte. Men Openberringsboka vart godteke av dei første kyrkjefedrene.
Kva med dei apokryfiske bøkene?
Dei apokryfiske bøkene er ei samling av
bøker som vart skrivne frå ca år 300 før Kristus til ca 100 etter Kristus. Dei
er funne i fleire gamle kopiar av viktige greske omsetjingar av Det gamle
testamente og viser til den jødiske
tradisjonen og historie som kom etter levetida til Malaki, som er den siste
gammaltestamentlege profeten. Augustin godtok dei fleste av desse bøkene som
ein del av Skrifta. Det same gjorde Den Syriske Kyrkja og mykje seinare
kanonisert av Den Katolske Kyrkja. Det
finst henvisningar til dei apokryfiske bøkene i Det nye testamente og hjå dei
første kyrkjefedrane og dei er funne i Dødehavsrullane frå Qumran.
Dei apokryfiske bøkene var aldri godtekne
av jødane som Skrifta og er ikkje inkludert i den hebraiske Bibelen. Jamvel om
NT kan hentyda til dei (slik som Hebrearane 11,35), vert dei aldri kalla Guds
ord (Paulus siterte som kjent heidenske diktarar og, men aldri som Skrifta).
Til og med Augustin meinte at bøkene var av underordna status i forhold til dei
andre skriftene i GT. Ein av grunnane til at han likevel godtok bøkene som ein
del av Skrifta var at dei var med i Septuaginta, ei gresk omsetjing av GT.
Jerome, som har ekspert i hebraisk og som stod bak den offisielle Latinske
Vulgata utgåva av GT, tok ikkje med dei apokryfiske bøkene.
Dei kyrkjesamfunna som har godteke dei
apokryfiske bøkene har gjort det lenge etter at dei vart skrivne (fjorten,
seksten og sytten hundretalet). Ingen av desse bøkene var offisielt ein del av
Bibelen før i år 1546 ved det katolske kyrkjemøtet i Trent. Dei vart godkjende
på grunn av at dei vart brukte av mange kristne. Dette kan ikkje vera god nok
grunn til å inkludera skrifter i Bibelen. Difor er dei heller ikkje godtekne av
noka protestantiske kyrkjesamfunn. I dødehavsrullane frå Qumram har ein funne
fleire hundre bøker som ikkje er kanoniske og det tyder på at dei apokryfiske
bøkene også berre var populær litteratur. Ingen av dei apokryfiske bøkene gjer
krav på å vera inspirerte, men Første Makkabearbok 9,27 seier at ho vart skriven
på ei tid då det ikkje lenger var nokon profet blant folket.
Kva med dei gnostiske evangelia?
Dei gnostiske evangelia og tilhøyrande
skrifter er ein del av dei såkalla Nytestamentlege pseudopigrafa, som tyder
falske skrifter. Dei fekk dette namnet fordi forfattaren gav seg ut for å vera
ein apostel og ikkje skreiv i sitt eige namn. Me har til dømes Peter, Tomas og
Judas evangelia. Desse vart ikkje skrivne av desse apostlane, men av folk som
levde på andre hundretalet eller seinare. Dei skreiv i apostlane sitt namn for
å gje truverde og autoritet til sine eigne meiningar. Slikt kallar me for
falskneri. Desse skriftene har aldri hatt ålmenn godkjenning, men har berre
vore brukte i små fraksjonar på utsida av den kristne kyrkja.
Kor pålitelege er våre moderne Biblar?
Korleis
kan me vita at tekstane ikkje har vorte endra og skrivne om opp gjennom
historia? Det finst sterke prov på at dei bibeltekstane som vår moderne Biblar
kviler på, er så godt som identiske med dei originale tekstane. Me kan sjå det
i kor nøyaktige dei kopiane me har er. Dette viser klart og tydeleg at Bibelen
er eit verdifullt historisk dokument ved sida av å vera ei openberring frå Gud.
Me skal sjå på begge testamenta i Bibelen for dei har kvar sin tradisjon å visa
tilbake til.
Dei gammaltestamentlege manuskripta
Dei gammaltestamentlege skriftene vart
samla og tekne var på av jødane. Dei var skrivne på dyreskinn og levetida var
ikkje lang. Difor utvikla jødane ein tradisjon for nøye kopiering av skriftene
for å gje innhaldet vidare til nye generasjonar. Dei hadde stor respekt for
Guds ord og utvikla seremoniar for brenning av utslitne eller manuskript med
feil. Den eldste kopien me har er berre om lag 1000 år gammal. Det er dårleg
nytt.
Godt nytt er det at me har prov på at dei
kopiane me har er veldig nøyaktige. For det første er det slik at alle kopiane,
same kor gamle dei er, kor dei kjem frå, eller kven som laga dei, for det meste
samstemmer på ein forbløffande måte. Tekster som kjem frå Palestina, Syria, og
Egypt viser at dei har ein sterk original tradisjon som går langt tilbake i
tid. For det andre samsvarar dei med ei anna gammal kjelde for Det gamle
testamente, Septuatinta, ei gresk omsetjing som går tilbake til det andre eller
tredje hundreåret. For det tredje har me Dødehavsrullane som gjev oss grunnlag
for ei samanlikning med skrifter som er 1000 år eldre enn våre manuskript.
Samanlikninga viser på ny eit forbløffande samsvar og truverde mellom desse
tekstane. To kopiar av profeten Jesaja som vart funne i Qumram viste seg å vera
identisk med vår standard hebraiske GT i meir enn 95 prosent av teksten. Dei 5
prosentane med variasjon var hovudsakleg tydelege skrivefeil eller variasjon i
stavemåte. Grunnen til denne store likskapen ligg i den respekten dei jødiske
skriftlærde hadde for GT som Guds ord. Difor gjorde dei seg stor flid for å
skriva rett av, ikkje berre ord, men også kor mange spalter og linjer det skulle vera på ei side. Om det vart funne
ein feil i eit manuskript vart det øydelagd. Dette garanterer at det ikkje er
gjort noka alvorleg endring av teksten i GT i dei siste 2000 år, og truleg få
eller små endringar før dette.
Dei nytestamentlege manuskripta
For Det nye testamente er bevisa
overveldande. Det finst nærare 5400 manuskript som me kan samanlikna og trekkja
informasjon ut av. Nokre av desse manuskripta er frå det andre eller tredje
hundreåret. Tilsamanlikning finst det berre 643 kopiar av Homers Iliade, og det
er den meste kjende boka frå det gamle Hellas. Ingen tvilar på teksten til
Julius Cæsars ”Den galliske krigen”, men det finst berre 10 kopiar av denne
boka og det eldste av desse vart laga 1000 år etter at boka var skriven. Å ha
så mange kopiar av Nytestamentlege skrifter, der nokre har sitt opphav berre 70
år etter dei vart skrive, er rett og slett forbløffande.
Med så mange gamle manuskript er det også
mange små variasjonar. Dei handlar for det meste om skrivemåte og rekkjefølgje
av orda. Ingen av dei 40 stadene, kor ein ikkje er heilt sikkert på kva som var
den opphavlege skrivemåten, har nokon innverknad på viktige område i den
kristne truslæra. Me har 100 prosent av Det nye testamente og me er sikre på den opphavlege skrivemåten
i 99,5 prosent av teksten.
Om me ikkje hadde hatt tilgang på alle
desse gamle manuskripta, grunntekstane, kunne me faktisk rekonstruert mest
heile NT frå sitat hjå kyrkjefedrane i det andre og tredje hundreåret. Me
manglar berre elleve vers, for det meste frå 2 og 3 Johannes breva. Jamvel om
alle nytestamentlege manuskript hadde vorte brende ved slutten av tredje
hundreåret, kunne me ha vist kva NT inneheldt ved å studera desse skriftene.
Me kan difor vera heilt trygge på at Det
nye testamente ikkje har vorte endra, men at det er slik apostlane og
medarbeidarane deira skreiv det. Me veit også at GT ikkje har vorte endra på
2000 år, og difor treng me ikkje dei originale manuskripta for å vita kva dei
sa. Teksten som våre moderne omsetjingar av Bibelen byggjer på er så nært
originalen at me kan ha full tillit til at det Bibelen lærer er sanning.
Oppsummering
Me har i denne artikkelen vist at Bibelen
er Guds ord. Dette kviler på ingen mindre autoritet enn Jesus Kristus sjølv som
stadfesta at Det gamle testamente er Guds ord og lova oss Det nye testamente. Vitnemålet
til Jesus og apostlane er at Bibelen er feilfri i alt det den lærer i alle
ting. Me har også mange bevis på at den Bibelen me har i dag representerer dei originale manuskripta på ein
svært nøyaktig måte, mykje betre enn noka anna bok frå oldtida. Gud talar til
oss i dag gjennom Bibelen.
Leave a Reply