Bibelsyn

Bibelsynet vårt er dei brillene me les
Bibelen med og det som avgjer kva me gjer med det me les. Det er dei
førestellingar me har om Bibelen og som påverkar korleis me les og kva fylgjer
det som står i Bibelen får for oss i livet vårt. Bibelsynet er summen av dei føresetnadane
og forventingane me har med oss når me les og studerer Bibelen. Slik sett har
me alle eit bibelsyn, jamvel om me ikkje er medvitne om det og kan definera det
klart. Eg vil i denne artikkelen prøva å sjå på nokre vanlege bibelsyn og sjå
kva fylgjer dei får for dei som held eit slikt syn.

Jesus sa: Dei som Guds ord kom til, vart i
lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje setjast ut av kraft. (Johannes
evangeliet 10,35)

Apostelen Paulus sa: Eg trur alt det som
er skrive i lova og profetane. (Apostelgjerningane 24,14)

Begge desse utsegnene avslører eit
underliggjande bibelsyn der Bibelen vert oppfatta som Guds ord til menneska og
difor var bindande for liv og lære. Folk som har det same synet i dag vert
rekna som bibeltru konservative kristne. Me skal seinare sjå kva det inneber.

Den historisk-kritiske metode

Før me forklarer nokre dei ulike bibelsyn
me finn i Noreg i dag må me gå litt tilbake i tid. Rasjonalismen,
opplysningstida og det moderne gjennombrotet i naturvitenskapane skapte eit
nytt klima for kyrkjene. Mange tok til å stilla spørsmål ved det som stod i
Bibelen. Er Bibelen unik? Er Bibelen prinsipielt noko anna for oss enn Koranen
er det for muslimane? Kvifor kan me ikkje lesa og studera Bibelen på same måte
som Homér, Bhagvadgita eller Snorre? Kan verkeleg dei mirakel som er omtalt i
Bibelen verkeleg ha hendt?

Ut frå slike spørsmål vaks det fram ein ny
måte å tilnærma seg Bibelen på som me kallar den historisk-kritiske metoden.
Med historisk meint ein at ein ville finna det historiske opphavet og miljøet
til tekstane. Ein ville bort frå ei uhistorisk tolking som lettvindt kunne
forklara eit ord i Jeremia med eit bibelvers i Efesarbrevet. Kritisk kjem av
eit gresk ord som tyder å skilja. Ein ynskte å koma fram til ei nøyaktig
tolking i staden for omtrentleg og ukritisk utlegging av Skrifta. Metode
innebar at ein ville arbeida medvete, grundig og med rette verktøy. Tolkinga av
Bibelen skulle ikkje vera tilfeldig, fromme innskot, men metodisk arbeid. Ikkje
mist skulle teksten frigjerast frå alle tidlegare dogmatiske rammer.  Var det ikkje nett det Luther hadde hevda i
slagordet sitt ”Skrifta åleine”?

Korleis ulike bibelsyn påverkar forståinga av Bibelen

Bibelsynet får med ein gong fylgjer for
tolkinga og forståinga av Bibelen. Bibelsynet handlar mellom anna om Bibelen
som læregrunnlag og kjelde for etikk, om kva kristne skal tru og læra, og ikkje
minst om kva som er etisk og rett liv og oppførsel.

Biblisisme

Biblisismen sitt utgangspunkt er at kvart
ord og kvar bokstav i Bibelen, slik den er gjeven oss på grunntekstane i
hebraisk og gresk, er inspirerte av Gud. Ut frå dette har ein kome fram til ein
måte å lesa og bruka Bibelen på som ikkje tek omsyn til tekst samanheng,
omstende, litterær sjanger og liknande. Biblisisme står for ein lovisk og
bokstaveleg oppfatting av det som står i Bibelen der alt får like stor vekt.. Ofte
vert bibelvers brukte lausrivne frå den bibelske samanhengen. Dette kan få
fleire uheldige utslag.

På Jesu tid var farisearane biblisistar.
Dei var meir opptekne av bokstaven enn sjølve meininga som låg bak eit lovbod.
Jesus refsa dei:

Ve
dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjev tiend av mynte og anis og
karve, men bryr dykk ikkje om det som veg meir i lova: rettferd, miskunn og
truskap. Det éine skulle gjerast og det andre ikkje vera ugjort. (Matteus
evangeliet 23,23).

Kyrkjeleg tradisjon

Mange meiner at Bibelen skal lesast i lys
av tradisjonane og overleveringane i Kyrkja. Dei hevdar at Bibelen har sitt
opphav i Kyrkja og må forståast i samsvar med Kyrkja. Det vert sagt at den
enkelte kristne aldri står heilt åleine i møtet med tekstane i Bibelen, men har
heile Kyrkja i fortid og notid saman med seg. Difor må Bibelen tolkast i
samsvar med kyrkjeleg tradisjon. Denne tradisjonen omfattar alt frå
kyrkjemøtevedtak til gudstenesteliv.

Dette bibelsynet fører til at den såkalla
kyrkjelege tradisjonen vert sidestilt med Bibelen. Fylgjene av dette synet er
at det er berre Kyrkja med pave, biskopar og prestar som kan tolka Bibelen
rett, og difor er det ikkje så viktig for vanlege kristne å lesa Bibelen. Det
fører også til at det får utvikla seg oppfatningar, skikkar og tradisjonar som
ikkje har sitt opphav i Bibelen, ja som til og med kan vera i strid med den
lære og praksis me finn i Det nye testamente. Eit døme på dette er barnedåpen
som ikkje vart praktisert av Jesus eller apostlane, men tok så smått til 200 år
etter at dei var borte. I Det nye testamente var det berre menneske som var
komne til omvending og personleg tru som vart døypt utan omsyn til alder.

Liberalt, historisk-kristisk bibelsyn

Den historisk-kritiske metoden fekk innpass
samstundes med gjennombrotet for utviklingslæra til Darwin. I teologien var
dette tida for klassisk liberal teologi. Ein ville frigjera seg frå kyrkjelege
og dogmatiske rammer som vart opplevd hemmande i forhold til verdsbilete,
naturvitskap, kunst og etikk. I denne frigjeringa frå fortida vart både
førestellingar frå middelalderen og Bibelen avskrivne. Det galdt serleg synet
på Djevelen, demonar, fortaping, under, og sjølve forsoningstanken knyta til
Jesu død. Den historisk-kritiske metode vart ikkje berre nytta til å drøfta
mogelege historiske eller geografiske feil, det handla ofte om ”høgare kritikk”
eller sak kritikk.

Liberale teologar oppfattar ikkje Bibelen
som Guds ord til menneska og om dei snakkar om Bibelen som norm, forstår dei
det slik at det er ”kjernen” i Bibelen som er norm. Denne kjernen kan være kjærleiks
bodet (Matteus evangeliet 22,39) eller den gyldne regel (Matteus evangeliet
7,12). Ofte vert eit ord av Luther, om at berre dei skriftene som driv oss til
Kristus burde vera med i Bibelen, brukt til å skilja ut alt som ikkje passar
inn i den moderne tankegangen. Fylgjene er at ting som i Bibelen vert fordømd
som synd vert definert som noko kulturelt for den tida det var skrive i og som
ikkje gjeldande for vår tid. Homofil praksis, som Bibelen fordømmer i klare
ordelag, vert  difor i dag godteke av
liberale teologar av omsyn til ”kjærleiken”. Det er med andre ord kultur og
samtid som skal tolka og overstyra det som står i Bibelen. I eit slikt syn har
ikkje Bibelen mykje autoritet.

Postmodernistisk bibelsyn

For postmoderne menneske finnest det ingen
absolutte sanningar eller målestokkar. Det er om å gjera å finna ut kva som er
sant for meg! Det postmoderne bibelsynet inneber at ein ikkje studerer Bibelen
for å finna ei heilskapleg lære eller eit system der. Ein les heller tekster
for å få noko som kan gjera livet rikare gjennom ulike perspektiv på saker og
ting. Det kan vera forholdet mellom fattig og rik, farga og kvit, kvinne og
mann, skam og ære, men ein ventar ikkje å finna heilskaplege svar. Ofte har ein
eit menneskeleg, psykologisk eller politisk perspektiv på bibelforskinga for å
avsløra maktgrupper.

Folk med eit postmodernistisk syn på
Bibelen stiller seg avvisande til uttrykk som ”Bibelens klare ord” eller ”Guds
ord seier”. Slike utsegn vert avvist som ukritisk eller manipulerande.
Resultatet er at Bibelen ikkje kan brukast til å finna ei ålmenngyldig rett
lære om Gud eller om koss livet levast rett eller Guds vilje.

Apostolisk bibelsyn

Kristne med eit apostolisk bibelsyn ser på
Bibelen slik Jesus og apostlane i Det nye testamente gjorde. Det som er
avgjerande for dette bibelsynet er det Bibelen seier om seg sjølv.  Dei seier at Bibelen er Guds ord, at heile
Bibelen er inspirert av Gud, og at Bibelen er klar, heilskapleg og
tilstrekkjeleg for alt som har med livet å gjera. Dei er flinke til å finna
forklaringar på såkalla feil og motseiingar i Bibelen samstundes som dei innser
at Bibelen har ei menneskeleg side. Bibelen er jo skriven av mange uliker
menneske med ulik bakgrunn og dette set sitt preg på skriftene, men Gud bruker
dette til å formidla sitt ord og sitt hjartelag på ein måte me kan forstå.

Kristne med eit apostolisk bibelsyn trur
at det er ei progressiv openberring frå Det gamle til Det nye testamente. Det
inneber at Det gamle testamente må forståast i lys av Jesu liv og lære slik det
er formidla til oss gjennom apostlane i Det nye testamente.

Kristne med eit apostolisk bibelsyn
kjenner seg bundne av det Bibelen seier i dogmatiske og etiske spørsmål i vår
tid, til dømes i spørsmål om kvinners og menns rollar i heim og forsamling,
eller homofilt samliv. Dei kjenner seg forplikta til å tru, tenka, læra og leva
i samsvar med den samla bodskapen i Bibelen.

Kristne med eit apostolisk bibelsyn er
trygge i si tru på Bibelen som Guds ord og lever med stort frimod etter det
Bibelen seier. Dette trygge ankerfeste i Guds ord gjer at dei kan møta andre
livssyn og radikal bibelkritikk utan å verta vippa av pinnen. Gjennom si tru og
etterleving av Jesu lære har dei opplevd at læra hans er av Gud. Guds ord
verkar med andre ord i livet deira, på ein slik måte at dei opplever og erfarer
at Gud stadfestar det han seier på overnaturleg vis, slik me ser det skildra i
Evangelia og Apostelgjerningane.

Tekst: Erling Thu

Leave a Reply

Comments

One response to “Bibelsyn”

  1. Marius Aasbø Avatar
    Marius Aasbø

    Dette var en god og forklarende framlegging, Erling. Bra… Og det er ikke vanskelig å se hvilket bibelsyn du har:) Det er bra;) Det er jo tross alt ingen negative følger med å ha det bibelsynet, så da forstår jeg at du ikke hadde noen slike å skrive.

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading