Underordning og lydnad heng saman, men er er ikkje det same. Underordning er først og fremst ei haldning og lydnad er ei handling. Du kan underordna deg utan å lyda. Du kan ha rett haldning og stilla deg under andre, jamvel om du ikkje vil gjera alt dei seier!
Når vi i denne artikkelen snakkar om underordning, meiner vi ikkje underkasting eller undertrykkjing. Når vi snakkar om lydnad, meiner vi ikkje blind lydnad. Dette er noko av det vi vil sjå på i denne artikkelen som eigentleg er eit bibelstudium.
Underordning er Guds påfunn!
Underordning er eit omstridt ord. Berre å nemna ordet skaper diskusjon i ein del samanhengar, særleg i kristne krinsar. Ser vi etter i Bibelen, vil vi sjå at underordning går igjen som ein rød tråd. Vi vil også sjå at å leva i underordning er ein føresetnad for å leva etter Guds vilje.
Djevelen er den første opprørar. Han var ulydig og kunne ikkje underordna seg. Han ville ha meir enn det Gud hadde planlagt for han. Han kunne ikkje slå seg til ro med den stilling Gud hadde gitt han. Han ville ikkje ha Gud til å herska over seg. Han ville sjølv vera den høgste autoritet. Han ville gjera seg fri frå Gud og gjera seg sjølv lik Gud. (Jes.14,12-15 Esek.28,12-17)
Då Gud skapte menneska og sette dei inn i denne verda, hadde djevelen alt gjort opprør. Gud gav mennesket i oppgåve å leggja alle ting under seg. Dei skulle bera Guds bilete og representera Guds styre på jorda. Dei blei sette i hagen for å vakta, verna og odla han. Frå hagen skulle så Guds likskap og Guds styre bli eksportert til verdas fire hjørner. (1.Mos.1,26-28 + 2,15)
Vi veit så vel at slik gjekk det ikkje. Mennesket let seg lura til å vera ulydige. Eit enkelt spørsmål, nokre få kommentarar og mennesket valde å ikkje underordna seg Skaparens ordning. Følgjene kjenner vi alle. Paradiset gjekk tapt. Fridom blei ikkje vunne. Mennesket blei fanga i sitt eige opprør og har hausta sure frukter av det. (1.Mos.3,1-15 23-24)
Heile menneskesoga er full av hendingar der djevelen prøver å så ulydnad og opprør. Han arbeider intenst på å få folk til å nekta å underordna seg. Hans store skrekk er at det på denne jorda skal koma eit folk som underordnar seg Gud og kvarandre og fører Guds rike fram. Han hatar underordning. Han hatar lydnad. Han er livredd at det skal bli mange lydige menneske på jorda. Han veit at menneske som lyder Gud har autoritet over han. Han veit at kvinna si ætt ein gong skal knusa han fullstendig. Han veit at tida hans er svært kort. Han veit at han har alt tapt. Han veit at han er avvæpna. Han veit at Jesus Kristus Guds Son har triumfert over han ved å vera lydig til døden på korset. (Kol.2,15 Fil.2,6-11)
Djevelen gjer alt han kan for å skjula dette for folk. Han er redd at folk skal oppdaga den verkelege stoda. Derfor kjem han til menneska på mange lokkande måtar for å føra dei bak lyset. Så lenge dei er i mørket og ikkje går rett fram etter Guds rettferdige vilje, kan djevelen råda mellom menneska. Når menneska med glede bøyer seg for Guds vilje og lever rettferdig i Guds lys, har djevelen inga makt. Lydnad og underordning er difor djevelens store skrekk. (2.Kor.4,4 + 11,3,14 Ef.5,8-14 Kol.1,13 1.Tess.5,4-8 2.Kor.6,7)
Underordning er Guds påfunn. Det er sjølve grunnhaldninga i hans rike. Vi finn underordning i den tre-einige Guddom, vi finn det i alt Guds verk. Gud arbeider i dag på å forma eit folk som har lært å underordna seg, eit folk som er lydig. Dette folket kjem til å fullføra Guds plan og gjera ende på den vonde og hans avkom på jorda. (Ef.5,21 1.Kor.15,27-28 Apgj.2,33 1.Pet.2,9 Rom.16,19-20 1.Mos.3,15 Op.5,9-10)
Fredens rike.
Guds rike er fredens rike. Guds styre er berre mogeleg der det finnest rettferd. Rett ferd og rett liv krev lydnad og underordning. Frukta av dette er fred. Der det ikkje er rettferd, lydnad og underordning, der rår uretten, der er det maktmisbruk, der er det rot og kaos, der blir dei veike utnytta, der er det mange menneske som lir. (1.Kor.14,33 Luk.1,79 Jes.9,6-7 Rom.14,17-19 Sal.85,10-14 Jak.3,13-18 2.Kor.12,20-21)
Alle menneske ønskjer fred. Alle ønskjer å leva i harmoniske forhold. Men ikkje alle er villige til å betala prisen for det. Gud vil at det skal vera fred mellom ektefelle. Han vil at barn og foreldre skal ha det godt saman. Han ønskjer at folk skal bu fredeleg saman. Han vil at nasjonar skal halda fred med kvarandre og vera til gjensidig nytte for kvarandre. (Ef.6,1-4 Sal.133 Jes.2,4)
Alt for mange politikarar og vanlege folk har gløymt at fred er frukt av rettferd. Utan rettferd kan det ikkje vera nokon fred. Difor har Gud gitt rettferdige lover, føresegner, bod og råd for å gi freden voksterkår. Når alle lever rett etter gode lover og rettvise reglar, vil det vera gode tilhøve mellom folk. Når det finnest menneske som ikkje vil leva rettferdig vil dei gode forholda mellom folka bli øydelagde. Der menneske bøyer seg for rettferda og lever rett, vil frukta vera fred og harmoni mellom folk. Der uretten rår er det uråd å skapa fred.(1.Tim.1,8-10)
Når det er tale om lydnad og underordning i Bibelen og i denne artikkel, så meinest det alltid at rettferd er eit vilkår for rett underordning. Kvart menneske er ansvarleg for sine eigne gjerningar. Difor er blind lydnad aldri rett. Alt vi gjer må vi gjera ut frå den overtydinga at det er rettferdig det vi gjer. Alt anna stemplar Bibelen for synd. (Rom.14,23)
Før vi blei kristne gav vi etter for lystene i lekamen og vi baud fram lemmene våre til rådvelde for synda, og dei blei våpen for uretten. Vi brukte lemmene våre i teneste for umoral og urett og det førte berre til meir urett og ufred. Då vi blei kristne blei vi lydige mot rettferda. Vi blei trellar for det som er rett, sant og godt. Vi er frigjorde frå uretten og har blitt trellar for den lydnaden som fører til rettferd. Av hjarta har vi blitt lydige mot Guds ord, vi har blitt tenarar for Gud og frukta av dette er eit heilagt liv. Eit liv som er godt å leva. (Rom.6,16-22)
Når Guds ord taler om fred, inneber det noko meir enn det gjer i vår vanlege bruk av ordet på norsk. Fred inneber ein tilstand av velstand, helse, å vera heil og uskada. Fred er den harmoniske tilstand som rår i Guds rike med velsigning, rettferd og frelse frå all nød. All ufred er ei frukt av ulydnad og uvilje mot underordning under Guds rettferdige vilje.
Alt skal setjast i rett skikk!
Då mennesket hadde synda kom Gud med ein stor lovnad. Kvinna si ætt, kvinna sitt avkom skulle knusa ormen sitt hovud. Vondskapen skulle få sin ende. Det skulle koma ei ætt, ein generasjon som skulle overvinna den vonde sitt avkom. Det skulle koma ei tid då alt opprør skulle avskaffast. Det skulle koma ei tid då Guds vilje skulle råda på jorda så som i himmelen. Vi finn at alle profetane forkynte om denne tida som skulle koma. Dei talte om alt som skulle gjenreisast. Dei talte om Guds plan som skulle fullførast. (1.Mos.3,15 Matt.6,10 Jes.2,3-5 + 11,9-10 Apgj.3,21-24)
Profetane forkynte at før Herren sjølv kom, skulle det stå fram ein Herrens tenar som skulle rydda veg for Herren. Døyparen Johannes var ein slik mann. Han skulle gå føra Herren, rydda veg for han ved å førebu eit velskikka folk som kunne ta imot Herren. Jesus sa at ordet om vegryddaren var oppfylt på Johannes samstundes som det skulle få ei endå større oppfylling. Profeten har koma og skal koma for å setja alt i rett skikk, sa Jesus. (Mal.3,1 4,5-6 Luk.1,13-17 Matt.17,10-13)
Når Guds ord taler om at alt skal setjast i rett skikk, at Herren vil ha eit velskikka folk når han kjem, så blir dette knytt til lydnad. Guds tenarar skal i tida før Herren kjem gje dei ulydige den hug som rettferdige har. Herren vil koma tilbake til eit folk som lyder han, eit folk som har lært å underordna seg. Det folket som lever i rett underordning vil vera det folket som Gud bruker til å fullføra planen sin på jorda. (Matt.17,10 Apgj.3,21-24 Luk.1,17)
Adam var ulydig, – Jesus var lydig.
Guds ord seier at menneska på jorda blei syndarar fordi det eine mennesket var ulydig. At eit menneske var ulydig og ikkje ville underordna seg Guds ordning, førte heile menneskeverda ut i ulukke. Alt vondt i verda kan førast tilbake til denne hendinga. Vi lir alle saman på grunn av dette eine mennesket sin ulydige oppførsel. Vi har alle smakt dei beiske følgjene av å vera ulydig og ikkje underordna seg Guds gode vilje. (Rom.5,19)
Det greske ordet som er brukt om Adam som var ulydig har denne bokstavelege tydinga: Å høyra ved sida av. Difor gir ein ikkje akt på det som blir sagt, og gjer ikkje det som blir sagt. Det ligg i dette å høyra feil og det å nekta å høyra.
No forkynner Guds ord trøyst og håp til alle som fortvilar over dette vonde som har råka menneska. Det kom eit menneske som var lydig, eit menneske som i alle ting underordna seg Guds vilje. Fordi denne eine var lydig skal no dei mange menneske stå rettferdige. Det at ein var ulydig førte til store konsekvensar, det at ein var lydig førte til endå større følgjer. På grunn av Jesu lydnad skal no dei mange bli rettferdige for Gud. (Rom.5,17-19)
Det greske ordet som er brukt om Jesus som var lydig har ei bokstaveleg tyding av å høyra under. Adam ville ikkje underordna seg. Han sette seg ved sida av Gud. Han høyrde frå sida av, som ein likemann gjer det, med full rett til å vurdera og gjera kva han vil. Jesus gav avkall på å vera Gud lik. Han gjorde seg til ein tenar. Han sette seg under. Han høyrde under. Han underordna seg og var lydig. (Fil.2,6-8)
Som barn var Jesus lydig mot foreldrene sine. Som vaksen mann var han lydig mot Far sin. Lukas gir oss overskrifta over Jesu liv: "Han var lydig mot dei". Han gjekk fram i visdom og var til hugnad for Gud og menneske. Dette blei sagt då Jesus var 12 år. Alt då hadde han lært rett underordning og det følgde han heile livet. På grunn av dette fann han nåde og var godt lika av både Gud og menneske. (Luk.2.51-52)
Jesus sa om seg sjølv: Eg kan ingenting gjera av meg sjølv. Eg tar ingen sjølvstendige initiativ, men eg gjer berre det eg ser Far gjer. Eg har ikkje koma for å fremja min eigen vilje, men hans vilje som senda meg. Eg er ikkje kommen for å gjera det eg sjølv vil, men eg er her for å gjera det han vil som senda meg. (Joh.5,19,30 6,38)
Det var veldig viktig for Jesus å få fram dette. Han var ikkje her på eiga hand. Han kunne ikkje gjera som han sjølv ville. Han var bunden av Guds vilje. Han hadde sett seg under Gud og var ein som høyrde under. Han bøygde seg for Guds vilje og hadde si lyst i å fullføra Guds plan. (Hebr.10,7 Sal.40,7-9)
Å vera lydig var ikkje noko lettvint for Jesus. Det vil heller ikkje vera det for nokon av dei som tar krossen sin opp, seier nei til seg sjølv og følgjer han. Han opplevde å ha motstridande interesser å ta stilling til. Valet stod mellom det som der og då var det beste og lettvintaste for han, og ein vond og vanskeleg veg med mykje liding som var Guds vilje. Guds vilje stod i strid med hans eige velvære. (Luk.9,23 14,27,33 Matt.26,30-56)
Då Jesus levde på jorda, bar han med høge rop og tårer fram bønner og nødrop til Gud som kunne berga han frå døden. Han var full av sorg og kvidde seg for det som stod framføre han. Han bad: Far, er det råd, så lat denne skåla gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil. (Hebr.5,7-8 Matt.26,38-39)
Det er tydeleg at han ønskte at det skulle vera ei anna løysing. Men det er like tydeleg at om det ikkje var det, så var han fullt førebudd til å gjera det far hans ville. Den andre gongen han bad sa han: Far, kan ikkje denne skåla gå meg forbi, men må eg tømme henne, så lat det vera som du vil! (Matt.26,42)
Jesus gav avkall på sine eigne rettar. Han gjorde seg sjølv til den minste av alle tenarar. Han blei lydig til døden, ja døden på krossen. Difor har han fått det namn som er over alle namn og blitt opphav til frelse for alle som lyder han. (Fil.2,6-8 Hebr.5,9)
Frelse for alle som lyder han.
Guds ord seier klart og tydeleg at Jesus er opphavet til evig frelse for alle som lyder han. Det vil med andre ord seia at det er ikkje nok å tru visse ting om Jesus. Trua på Jesus må føra til lydnad mot Jesus. Guds ord seier: "Sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst." (Hebr.5,9 Rom.10,9)
Frelse er i Bibelen knytt til dette at Jesus er Herre. Frelse er å koma ut or mørkets makt, ut or satans makt og koma inn under Jesu Kristi herredømme. Difor er tru og lydnad knytt saman. Paulus hadde fått apostelembete for å føra menneske til lydnad og tru. (Kol.1,13 Apgj.26,18 Rom.1,5)
Dei som ikkje tok imot evangeliet, var ulydige seier Bibelen og taler om desse som ikkje er lydige mot Jesu evangelium. Tru fører til lydnad. Er vi ikkje lydige mot evangeliet vil det heilt enkelt seia at vi ikkje trur evangeliet slik Gud ventar av oss. (Rom.11,30 1.Pet.4,17 2.Tess.1,8)
Difor seier Guds ord at vi skal bøya oss under vår himmelske Far så vi kan vinna livet. Ved å bøya oss for Gud, det vil seia å underordna oss han og lyda han, kan vi stå djevelen imot og han må rømma frå oss. (Hebr.12,9 Jak.4,7)
Guds ord seier: Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide blir verande over han. Jesus Kristus er opphav til evig frelse for alle som trur og lyder han, mens dei som er ulydige blir verande under Guds vreide. (Joh.3,36 Hebr.5,9)
Guds forsamling er det folket som underordnar seg Jesus Kristus. Ei forsamling som ikkje underordnar Jesus Kristus er ikkje Guds forsamling. Ei forsamling med andre hovud enn Jesus Kristus er ikkje hans forsamling. Slik som forsamlinga underordnar seg Kristus, slik skal vi visa underordning på alle andre område i livet. (Ef.5,24 1,22 4,15 Kol.1,18 2,16-19)
Underordna seg under kvarandre.
Guds ord seier klart og tydeleg at underordning er noko alle kristne må ha del i. Det er ikkje slik at det er nokon som skal underordna seg og andre som går fri. Guds ord seier at alle skal ha denne haldninga til kvarandre. Vi skal alle underordna oss kvarandre. Ingen går fri. Vi må alle stå i gjensidig underordning til kvarandre. Eg må læra å høyra på deg og du må læra å høyra på meg.
Det er ei naturleg følgja av å vera audmjuk at vi lærer å underordna oss under kvarandre. Vi har alle våre sterke sider, vi har alle noko verdifullt å gi andre. Det er berre når vi gjensidig underordnar oss under kvarandre at vi kan gi og ta imot frå kvarandre på ein rik og meiningsfull måte.
All underordning under styresmakter, det er slike som har fullmakt til å styra, kjem av denne generelle underordning til kvarandre. Har vi ikkje lært å ha ei generell haldning og vilje til å bøya oss og underordna oss under kvarandre, vil vi ha tendens til å vera ulydige og opprørske mot dei som har fått fullmakt til å styra.
Vi skal sjå på nokre av dei område der Gud ønskjer at vi skal underordna oss under andre menneske. Vi skal underordna oss under dei fordi dei har fått eit tilsynsansvar og styrefullmakt frå Gud. Når vi veit at vi alle står i slike forhold og alle skal underordna seg under kvarandre, vil det ikkje vera så vanskeleg å følgja Guds ord. Alt Gud gjer er godt. Alle hans bod er rettferdige. Alle hans føresegner fremjar eit trygt og godt liv.
Barn – foreldre.
Guds ord til barn er klart og tydeleg dette: Barn, ver lydige mot foreldra dokkar for Herrens skuld, for det er rett (Ef 6,1). Barn ver lydige mot foreldra dokkar i alle ting, for det er til glede for Herren (Kol 3,20). Det første bodet med ein lovnad er: Æra far din og mor di, så det kan gå deg vel og du får leva lenge i landet (Ef 56,2-3).
Herren ventar av barna at dei er lydige mot foreldra sine. Han lovar dei velsigning og eit langt liv om dei har ei haldning av kjærleik og respekt for foreldra sine og ærar dei på alle vis.
Det er foreldrene sitt ansvar å læra barna sine å vera lydige og æra dei som er eldre. Foreldre må skapa eit miljø kor det er naturleg, trygt og godt å vera lydig. Gud vil at alle menneske, frå dei er heilt små, skal læra å underordna seg og vera lydige mot dei som Herren har sett over dei.
Kone – mann.
Forholdet mellom kone og mann er først og fremst eit kjærleiksforhold. Det er ikkje eit herskar-undersått forhold. Ekteskapet er Guds ordning, – ei trygg ramme rundt to likeverdige menneske som elskar kvarandre og som ønskjer å dela livet sitt med kvarandre. Dei har eit felles ansvar for å skapa ein god og trygg heim og oppseda barna sine til å vera ærlege, trufaste og rettferdige.
Også i forholdet mellom kone og mann er underordning og det å lyda ein naturleg og god del av samlivet. Guds ord seier at dei gifte kvinnene skal underordna seg under mennene sine som under Herren sjølv. På same måte som forsamlinga underordnar seg Kristus, skal ei kvinne underordna seg mannen sin i alle ting. "De koner skal underordna dokker mennene dokkar, som det sømmer seg for kristne."
I eit godt ekteskap er det skapt trygge og kjærlege forhold som gjer at underordning er noko naturleg. Kvinner elskar å ha menn dei kan underordna seg. Altfor mange menn gjer dette vanskeleg for konene sine ved å vera veike og vegra seg for å ta ansvar og ta avgjerd. Kvinner ønskjer at menn skal ta leiinga, gå føra og syna veg, vera gode føredøme som gjer det trygt for dei å følgja etter. Ei kvinnes finaste pryd er den mjuke og stille ånd, ei indre haldning av ro, tryggleik og tru. Ei kvinne med ein slik pryd vil vera uimotståande og kan til og med vinna dei vrange mennene sine med livet sitt.
Gud har gjort mannen til hovud. Når ei kvinne forstår dette og ordnar livet sitt etter dette, vil ho oppleva eit vern og ein fridom andre ikkje har. Skal ektefolk leva saman i harmoni må det vera rett orden mellom dei. Det inneber at mannen tar sitt ansvar og at kona underordnar seg Guds kjærlege styre.
Unge – eldre.
Guds ord seier at dei unge skal underordna seg dei eldre. Alle skal vera kledde i audmjukt mot kvarandre. For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gir han nåde. Dette gjeld i alle forhold. Dei yngre skal æra dei eldre og visa dei den respekt som sømmer seg. Dei skal reisa seg for dei og gi dei rom.
Når ein ung Herrens tenar må snakke til ein eldre mann, må han gjera det på ein mild og varsam måte. Jamvel om den eldre treng rettleiing eller tukt, så må det skje med nødvendig ære og respekt.
Arbeidar – sjef.
Også i forholdet mellom arbeidsfolk og sjef taler Guds ord veldig klart om underordning. "De tenestefolk skal underordna dokker herrane dokkar og ha age for dei, ikkje berre dei gode og milde, men dei urimelege òg. Om nokon finn seg i ufortent liding fordi han kjenner seg bunden til Gud i samvitet, så har Gud hugnad i det."
Guds ord seier at vi ikkje skal vera augnetenarar som berre vil gjera menneske til lags. Når vi er lydige mot sjefane våre skal vi vera det av eit ærleg hjarta som mot Kristus sjølv. Når vi har rett forhold til arbeidgjevarane våre, er vi Kristi tenarar som heilhjarta kan gjera Guds vilje. Difor skal vi vera ivrige i jobben vår og gjera vårt absolutt beste.
Ein kristen skulle vera den beste arbeidar ein sjef kan ha under seg. Han skulle vera ein som forstår kva sjefen ønskjer gjort og vera snar til å gjera det på ein god og skikkeleg måte. Ein kristen er ein positiv miljøfaktor på arbeidsplassen. Han vil vera ein som skaper fred og forståing, fordi han lever i sann og rett underordning. Han vil ikkje spreia misnøye og opprør, men på ein open og ærleg måte arbeida for å fremja rettferd i alle samanheng.
Folk – samfunns-styresmakt.
Guds ord til oss lyder: "Minn dei om at dei skal underordna seg styresmaktene, rette seg setter dei og vera villige til å gjera alt som er godt. Dei må ikkje tala stygt om andre eller skapa strid, men vera milde og tolsame mot alle menneske."
Gud ventar at kvart menneske er lydig mot dei styresmaktene dei har over seg. Gud står bak all styresmakt. Gud ønskjer orden og fred mellom menneske. At nokon skal styra og halda orden er Guds ordning. Den som set seg opp mot styresmaktene set seg difor opp mot Guds ordning. Dei som styrer er Guds tenarar for det gode. Dei skal straffa all urett og setja Guds dom i verk over den som gjer det vonde. Difor skal vi vera lydige, ikkje berre for å sleppa straff, men òg av omsyn til samvitet.
Guds ord seier tydeleg at vi skal underordna oss alle menneskelege ordningar. Vi skal på alle område i livet vera lydige og ikkje leva i opprør på noka felt. Vi skal ha age for den som har krav på age og æra den vi skulder ære. I alle mellommenneskelege forhold skal vi leva i fred og underordning og aldri vera ulydige og opprørske. Gud vil vi skal vera gode og lojale samfunnsborgarar.
Det vil seia at vi i vårt demokratiske samfunn har plikt til å delta i alle prosessar der avgjerd blir tatt. Vi skal med stort frimod seia kva vi meiner og kunna grunngje meiningane våre på ein god måte. Men når denne avgjerdsprosessen er fullført, er det vår plikt å underordna oss det som er blitt bestemt. Dette gjeld i samfunnslivets demokratiske institusjonar og i alle lag vi er med i. Er du til dømes medlem i samvirkelaget, bør du vera lojal mot det og ikkje undergrava dei verdiane og den praksis samvirkelaget har. Kan du ikkje bøya deg for lovlege vedtak, har du berre ein ting å gjera: meld deg ut! Ein rettvis mann må aldri gi etter for gudlause, vonde menn og deira påfunn. Han må ikkje på nokon måte ha del i, eller vera medansvarleg i noko vondt.
Folk – leiarar i forsamlinga.
Guds ord taler mykje om kristne sitt forhold til leiarane sine i forsamlinga. Det er forhold som er særmerka av kjærleik, respekt og underordning. La oss ta med nokre av dei uttrykka som er brukt:
Ver lydige mot leiarane dykkar og rett dykk etter dei!
De må retta dykk etter slike som dei og etter kvar medarbeidar som gjer si gjerning.
Eg ville berre vita om de held mål og er lydige i alt.
Vi bed dykk, brør, at de må skjønna på dei som arbeider mellom dykk, dei som er dokkar forstandarar i Herren og rettleier dykk. De skal elska dei og setja dei overlag høgt på grunn av den gjerning dei har.
Kristne menneske forstår at å vera ein leiar etter Guds hjarte er hardt arbeid. Dei forstår at tilsynsmenn og eldste har eit stort ansvar. Difor vil dei gi dei dobbel lønn for arbeidet dei gjer. Guds ord seier at folk må gi dei som styrer i forsamlinga ei påskjønning. På grunn av det arbeidet dei gjer, skal vi elska dei og setja dei overlag høgt i ære og vørdnad.
Når vi har slike leiarar som vi er glade i og set så høgt, seier det seg sjølv at det ikkje blir vanskeleg å underordna seg. Det seier seg jo sjølv at å vera ulydig, ustyrleg og opprørsk mot leiarar som ein elskar og har stor vørdnad for, det er upassande, det er ei sjølvmotseiing.
Dersom du ikkje har tillit til leiarane dine i forsamlinga, kan du ha gyldig grunn til det. Då må du gå fram på rett måte for å byggja tillit eller så må du ta konsekvensen av at du ikkje har tillit og difor ikkje kan underordna deg deira leiarskap. Tilhøyrer du ein bibelsk ordna forsamling vil du alltid ha nokon som du kan gå til med din mistillit. Først går du sjølvsagt til leiarane dine og snakkar ut med dei om desse forholda som gjer deg utrygg på dei.
Om dei høyrer på deg og kjem deg i møte kan dokker saman arbeida dokker ut or vanskane. Om dei ikkje høyrer på deg, kan du gå til dei brør som leiarane står saman med og leggja fram di sak. Om du har gått heile vegen til han som har det apostoliske tilsyn med forsamlinga utan å nå fram, er det store sjansar for at du tar feil og at mistilliten din ikkje har nokon gyldig grunn. Men så lenge du ikkje har tillit, kan du ikkje underordna deg, og det bør du ta konsekvensen av og trekkja deg ut på ein fin måte. Når dette er sagt må det òg seiast at tillit er å velja å tru på nokon. Tillit kjem av ei viljeshandling. Du avgjer sjølv kven du vil ha tillit til. Du avgjer sjølv kva du vil tru, og om du vil underordna deg.
Det er aldri rett å tilhøyre eit menighetsfellesskap der ein ikkje kan underordna seg leiarane. Kan vi ikkje på grunn av vårt samvit underordna oss leiarane, dei eldste i forsamlinga, betyr det berre ein ting: Dei er ikkje leiarane våre, – vi er ikkje deira sauer! Gud plasserer oss ikkje i eit forhold der vi ikkje kan underordna oss med godt samvit. Når ikkje Gud har sett oss der, må vi ut snarast råd og finna den plassen Gud har for oss!
Eldste – apostlar.
Guds ord viser oss veldig klart at det er apostlane og deira utsendingar som peikar ut og set inn eldste til leiarar i kristne menigheter. Det inneber at dei eldste er ein apostolisk delegert autoritet. Dei har si fullmakt til å styra og til å byggja frå eit kall frå Gud og ved å vera sett til det ved apostolisk fullmakt.
Leiarskap kan oppstå som svar på eit behov, men ei eldsteteneste har sitt grunnlag i eit kall frå Gud og ei innsetjing ved apostolisk fullmakt. Eldstetenesta er ei tilsynsteneste, ei styreoppgåve. Ein apostel vil difor ikkje spørj etter nådegåver, men etter karakter. Han vil ikkje sjå etter evner, men etter truskap.
Ein eldste har ikkje si styrefullmakt frå folket, men frå Gud, formidla ved apostolisk innsetjing. Han styrer på vegne av apostelen og eit apostolisk team av trufaste menn som arbeider saman. Difor må ein eldste vera ein mann som ikkje søkjer eigen vinning, eigen makt, eigen interesse. Han må ikkje byggja sitt eige rike. Han må sjå seg sjølv som ein Guds tenar i apostelen sin stad.
Ein eldste må visa at han er skikka til å arbeida under autoritet. Han må sjå grensene sine, men ikkje vera ein robot, eit nikkehovud, ein ja mann. Han er sjølv ansvarleg for alt han gjer og må kunna stå for det han seier og måten han leiar Guds folk på. Skal han ha rett til å leia andre må han visa for alle at han sjølv er ein mann som let seg leia. Dette vil skapa tryggleik. Folk må sjå at han er ein mann som underordnar seg apostolisk tilsyn og fremjar apostelen sine interesser for å føra folk fram til modnad.
Ein eldste må vera ein trufast mann. Han må vera trufast mot apostelen som har sett han til teneste. Han må vera fullstendig lojal mot Gud, Guds ord og Guds styre representert ved apostelen og dei han sender. Gud ønskjer berre trufaste menn til å styra i sitt hus.
Ein eldste må vera skikka til å utøve apostolisk strategi. Han må kunna tyde apostolisk forkynning inn i ein lokal situasjon. Han kan høyra Guds ord frå apostoliske menn og utsendingar og så tar han initiativ til å setja det ut i praksis. På denne måten viser han at han er apostelen sin forlenga arm. Han søkjer ikkje sitt eige. Han fremjar Guds styre. Han ønskjer det beste for folk og hjelper dei fram.
Eldste som ikkje underordnar seg apostolisk styretilsyn er farlege menighetsleiarar. Dei krev ofte underordning frå folk, men sjølv underordnar dei seg ikkje. Ein god eldste veit at han treng den visdom, den strategi og all den hjelp som berre apostelen kan gi han. Fordi ein eldste har omsorg for folk og vil deira beste, opnar han opp for apostelen til å koma inn i sitt eige liv og inn i forsamlingas liv.
Fullmakt til å styra.
Guds ord seier at alle styresmakter mellom menneske har fullmakt frå Gud til å styra. Dette inneber at alle styremakter har ei oppgåve og ei avgrensa fullmakt frå Gud. Dei som styrer er ansvarlege for Gud som ein dag vil krevje dei til rekneskap for korleis dei har styrt.
Det er svært viktig at vi forstår at fullmakt til å styra, inneber ansvar og rekneskap. Ingen styremakt har fått noka "in blanko" fullmakt som inneber at dei kan gjera som dei vil. Gud har ei meining med å setja nokon til å styra. Han vil krevja rekneskap av alle han har gitt ansvar for andre.
Når vi veit at dei som styrer har ei avgrensa fullmakt til å styra, berre Gud har full styrerett i alle ting, då er det viktig å halda seg til det mål av fullmakt ein har fått. Å styra vil alltid innebera eit tilsynsansvar og ingen bør gå ut over det mål av fullmakt ein har fått. Når vi går ut over dette, er vi på tynn is. Når ein går ut over fullmakta si, må ein ty til vald og maktmisbruk for å utøva autoritet. Den som held seg til det mål Gud har gitt han unngår dette. Han har ein tyngde i seg sjølv på grunn av hans eiga underordning under styremakta over han, at det er unødvendig å ty til vald og maktbruk.
Folk med fullmakt til å styra, har ansvar for andre folk. Deira haldningar til dei skal styra er veldig viktige. Ein god leiar vil vera glad i dei folka han har ansvar for. Han vil syna dei kjærleik. Han vil gi dei nytt mot. Han vil visa at han bryr seg om dei. Han vil alltid ha deira beste som si rettesnor.
Det hender at eit fleirtal av folket ikkje vil bøya seg for leiaren og ikkje vil følgja han fullt ut. Då er det viktig at leiaren ikkje tar det personleg opp. Samuel opplevde dette. Folket var ikkje lenger fornøgde med å ha ein profet til å styra seg. Dei ønskte seg ein konge. Dette var vanskeleg for Samuel å ta på rett måte. Men han fekk læra å overlata dette til Gud, for det var ikkje Samuel folket hadde vraka, men Gud som hadde sendt Samuel til dei. Det er alltid godt å ha ein høgare instans å gå til når det er mange som ikkje vil underordna seg og lyda. Det kan vera mora som går til faren, eller formannen som går til direktøren, eller sjefen som går til styret, eller styret som går til generalforsamlinga o.l.
Styreansvar:
Foreldre sitt ansvar er å ta seg av barna sine på beste måte. Dei har ansvar for å gi barna hus, heim, mat og klede. Dei må styra pengane slik at barna får det dei treng av materielle gode. Dei har ansvar for å gi barna overstrøymande kjærleik og gjera dei trygge. Dei må skapa eit miljø kor barna kan læra å leva rett etter Guds lov. Foreldre har ansvar for å oppseda barna, læra dei gode vanar og få fram gode haldningar i dei. Foreldre har ansvar for å læra barna å kjenna Guds kjærleik og føra dei inn i eit personleg forhold til Jesus Kristus. Foreldre har ansvar for å styra og ta avgjerd i heimen som er til det beste for barna.
Mannen sitt ansvar overfor kona er å elska henne på ein slik måte at han legg ned sitt eige liv for henne. Det vil seia at han tar avgjerd som vil vera gode for kona si. Han er ansvarleg for å fø og varme henne, gi henne alt ho treng eller å underhalde henne i vidaste meining. Han må styre slik at kona får behova sine møtt. Han har ansvar for hennar utvikling og vokster som menneske og må ta avgjerd som løfter henne opp og fører henne fram. Han må styre slik at kona får ære frå alle i heimen.
Dei eldre har ansvar for å vera gode føredøme i alt som er godt. Dei skal kunne læra dei yngre livsvisdom, læra dei å leva godt og rett. Difor har dei ansvar for å setja mot i dei unge, rettleie dei, undervise dei og tale dei til rettes når det trengst.
Dei eldste som er leiarane i Guds forsamling har ansvar for folket i den flokken som er hjå dei. Dei må undervise dei og gi dei åndeleg føde. Dei må vite kva folket deira treng og syte for at dei får det. Dei må gjæte Guds hjord. Dei må føra tilsyn med, vaka over Guds folk og ha omsut for kvar einaste ein dei har ansvar for. Dei må styra slik at dei blir eit vern og ei livd for kristne menneske. Siktemålet må heile tida vera å utvikla folk, få fram det beste i dei, få dei til å veksa åndeleg og menneskeleg for å føra dei fram til full modnad i Kristus. For å nå dette målet må dei bruka Guds ord til trøyst, oppmuntring, rettleiing, irettesetjing, formaning og tukt. Dei må ved å vera eit føredøme visa korleis folk skal leva harmonisk og motivera dei til å arbeida med ting i livet sitt som må endrast.
Apostelen sitt ansvar er å grunnleggja og byggja forsamlingar. Det er hans oppgåve å utrusta dei kristne til si tenestegjerning og føra dei fram til modnad. Han er ein mann som samlar Guds folk og får dei ulike tenestene til å samarbeida for å byggja Guds forsamling. Han har eit styreansvar inn i dei forsamlingane som han har eit farsforhold til. Dette kan vera eit forhold han har på grunn av direkte farskap, eller ved adopsjon eller ved fullmakt frå ein som har eit slikt forhold.
Han har eit ansvar for å vaka over dei eldste så dei ikkje misbrukar makt, og han har eit ansvar for heile forsamlinga si velferd og trivsel. Han har ingen personlege ambisjonar, men ønskjer berre å sjå Kristus vinna skapnad i folk. Han må halda seg til det mål av fullmakt han har frå Gud og ikkje gå ut over den salving og utrustning han har til å fullføra det oppdrag han har fått.
Fordi han er ein åndeleg far, vil han bera forsamlingane i hjarta sitt. Han vil dagleg bera dei fram for Gud i bønn og ha dei i tankar. Han vil påminna, setja mot i, tala til rettes og rettleia alt etter dei behov han ser. Han vil senda brev, bruka telefon, senda andre på sine vegne eller koma sjølv for å hjelpa folk og forsamling til å veksa og utviklast.
Apostelen sitt forhold til dei eldste og forsamlingane er ikkje avslutta ved at ein forsamling er danna. Aposteltenesta innber ei framhaldande teneste der han gir seg sjølv for forsamlingane. Han vil ta vare på eit nært forhold til forsamlingane jamvel om dei aldri har sett han. Han vil vera tilgjengeleg i nød og i vanskar. Han vil prioritere rett og vera der når dei treng han. Han vil i sin visdom senda dei dei rette menn og tenester og syta for at dei på alle måtar får det dei treng for å veksa.
Arbeidsgivarens ansvar er å gi rettferdig lønn for utført arbeid. Dei må styra slik at det ikkje blir gjort skil på folk. Dei må ikkje truge, men gå rett fram i alle ting. Dei må vera ærlege og rimelege med folka sine. Dei må sjå behov for godt arbeidsmiljø o.l. og fylla alle behov arbeidarane deira har. Likeeins har ein sjef ansvar for heile verksemda og må styra slik at arbeidarane har ein trygg arbeidsplass.
Samfunns-styrets sansvar og oppgåve er å halda ro og orden i samfunnet slik at alle menneske kan trivast og utfalde seg. Styresmaktene må skapa gode forhold for alle menneske. Det er deira oppgåve å straffa all urett og setja Guds dom i verk over all vondskap. Dei som styrer må etter som samfunnet utviklar seg, stadig forma lover som vernar liv og menneskeverdet og fremjar rettferd. Styresmaktene kan ta nødvendige skattar og avgifter for å utføra dei pliktene og det ansvar dei har fått frå Gud.
Dette er jo sjølvsagt ikkje noka fullstendig framstilling av det styreansvar dei ulike styre instansar har, men berre nokre få ord for å motivera til vidare gjennomtenking av forholdet.
Å bruka makt eller å tena.
Når Jesus skildrar dei som styrer og råder i samfunnet, nyttar han ord som klart viser oss rett og gal bruk av makt. Han seier at fyrstane er herrar over folka og stormennene har velde og makt over dei. Det er heidningevis når embetsmenn regjerer med hard hand. Mellom heidningane er det herskarar som dikterer over andre og stormenn tyranniserer dei. Slik skal det ikkje vera mellom kristne. Men jamvel om vi har eit styre over landet som liknar på det Jesus skildrar, skal vi underordna oss så lenge vi ikkje kjem i konflikt med Guds vilje. (Matt.20,25-28 Mark.10,42-45 Matt.22,15-22)
Motsatsen til heidningemakt og verdsleg autoritet, er kristent tenarsinn. Dei som er verkeleg store, er dei som tenker på folka sine og gjer alt dei kan for å tena dei, hjelpa dei fram, løfte dei opp og gjera det som er det beste for dei. Jesus taler om å vera træl for alle, om å gi livet sitt for dei for å setja dei fri. Eit stort menneske er ein person som steller seg sjølv til rådvelde for folk, som er tilgjengeleg når dei treng han og som i alle ting ønskjer å hjelpa andre. (Matt.20,25-28 Mark.10,42-45)
Den store skilnaden mellom gode og dårlege leiarar ligg i dette om dei bruker makt eller om dei tener. Om dei har eigen vinning som mål eller om dei ønskjer å hjelpa folka sine fram. Ein dårleg leiar har mål for seg sjølv, kva han ønskjer å bruka folka sine til. Ein god leiar har mål for folka sine, kva han ønskjer å hjelpa dei fram til. Den eine bruker makt for å oppnå sine mål, den andre gir frå seg for å hjelpa og tena. (Matt.20,25-28 Mark.10,42-45 Kol.1,28-29 1.Tess.2,3-13)
Tvang – fridom.
Paulus var ein god leiar. Han hadde fullmakt frå Gud til å byggja menneske saman til Guds hus. Han hadde til dømes full rett til å påleggja medarbeidarane sine å gjera si plikt. Men han gjorde det ikkje. I staden for å koma med ordrar og trugsmål, kom han med ei enkel bønn. Det var kjærleiken til folk som dreiv han til å gjera det. Han hadde full rett til å gjera krav på underhald og lønn for den gjerning har gjorde, men han brukte ikkje den retten. (Filem 8-9 1.Kor.9,1-15)
Han tenkte på folka sine, han ville velsigna dei og hjelpa dei fram. Han ville at dei skulle få mest mogeleg lønn for strevet sitt, dei gode gjerningane dei gjorde. Han ønskte at folk skulle gjera det gode av fri vilje og ikkje av tvang. Den som gjer noko av tvang får ingen ting att for gjerninga si, men den som gjer noko frivillig, han får lønn. (1.Kor.9,17 Filem 14)
Då han stod for innsamlinga til dei fattige i Jerusalem og skulle få dei kristne i Korint til å vera med og gi mykje, gjorde han alt han kunne for å motivera dei til det gode. Han brukte ikkje makt. Han brukte ikkje tvang. Han brukte ikkje trugsmål. Han brukte dei kristne i Makedonia som gode førebilete. Den var hardt prøvde, i djup fattigdom, men den overstrøymande gleda deira gjorde dei rike og villige til å gi. Heilt frivillig gav dei etter evne, ja over evne! (2.Kor.8,1-5)
Difor oppmodar han dei kristne i Korint å samla inn den gåva dei ha lova, så ho kan vera ei frukt av velsigning og ikkje av tvang. Kvar må gi slik han har sett seg føra i hjarta, ikkje av ulyst eller tvang, for Gud elskar ein glad givar. Gud elskar godhjarta folk, Paulus ønskte å hjelpa korintarane å bli godhjarta og villige til å gi, så dei sjølv kunne leva i Guds velsigning. (2.Kor.9,5-7)
Underordning er ikkje tvang. Å lyda er ikkje å gi etter for overmakta. Ein kristen er fri. Han har fridom til å velja å gjera det rette med stor glede. Han kan sjølv avgjere korleis han vil bruka livet sitt, korleis han vil bruka kreftene sine. Ein kristen eig ein fridom som ikkje kan skildrast i ord, for han er ikkje bunden av noka ytre makt. Han er berre bunden av det han veit er rett. Har er difor fri til å velja å gjera godt, og å gjera det av heile seg og finna stor glede i det.
Det er det same Peter skriv til dei eldste. Dei skal gjera si teneste av kjærleik til Gud og Guds folk, og ikkje av tvang. Gode hyrdingar har tilsyn med flokken sin av fri vilje, ikkje av tvang. Dei har heller ikkje ureine motiv om personleg vinning, men tener med ein villig hug. Ein som gjer ei teneste av sur plikt og ikkje av god vilje, gjer ei dårleg teneste og vil ha lite att for det han gjer. Den som har eit tenestevillig hjarte vil velsigna andre, hjelpa andre fram, og hausta velvilje og trivsel. (1.Pet.5,2 Ord.11,24-25)
Å underordna seg leiarar som under Gud sjølv
Når vi veit at det er Gud som er opphav til all makt og at alle menneske skal gjera rekneskap for sine eigne gjerningar, då seier det seg sjølv at det å vera lydig mot menneske har sine klare grenser. Peter seier dette så klart: "Ein skal lyda Gud meir enn menneske!"
All lydnad har denne klare grensa der ein må lyda Gud meir enn menneske. Ingen menneske eller menneskeleg styresmakt har rett å krevja at andre menneske skal lyda dei på tvers av sitt eige samvit. Det vi veit er rett eller galt, set klare grenser for vår lydnad. Om vi let oss pressa eller gir etter for uretten, blir vi ei grumset kjelde og ein utskjemd brunn, seier Guds ord. Det er aldri rett å lukka auga for urett og løgn. Vi må vera folk som reiser seg og står for sanning og rett.
Kvart einaste menneske skal svara for seg sjølv og sitt eige liv. Det gir ansvar og vørdnad til kvart menneske. Blind lydnad inneber at menneske har abdisert frå den høge stillinga Gud har sett det i. Det er mennesket sitt adelsmerke at det vernar om sitt eige samvit og nektar å bøya seg for uretten. Eit menneske som har underordna seg Gud, har eit fast haldepunkt i livet. Eit slikt menneske kan underornda seg i alle forhold og ha ei rett haldning til dei som styrer.
Når vi seier at det er trygt og godt å underordna seg leiarar som under Gud sjølv, finst det folk som misforstår. Dei trur vi seier at leiarane er ”gudar” med absolutt autoritet som blindt skal lydast i alt dei seier. Ingenting er lengre frå sanning. Det vil eg no forklara:
Om vi berre hadde sagt at det er trygt og godt å underordna seg leiarar, ville det ha vore ei svært mangelfull påstand som nokre gongar ville vera rett og andre gongar feil, fordi det finst både gode og dårlege leiarar. Det er difor presiseringa: ”som under Gud sjølv” er så viktig og frigjerande for oss. Det betyr at underordning og lydnad har klare grenser. Vi skal berre underordna oss det som er i samsvar med Guds vilje. Det er med andre ord Gud og ikkje andre menneske som set grenser for vår underordning. Vi kan berre underordna oss og lyda på rett måte om vi høyrer Gud gjennom det leiarane ber oss om å gjera. Om det ikkje er samsvar med det leiarane seier vi skal gjera og det vi opplever at Gud seier at vi skal gjera, kan vi med godt samvit vera ulydige mot leiarane!
Paulus skildrar dette i Gal.2 Det var komne inn nokre falske brør som ville røva fridomen frå dei første kristne. Paulus forsto kva som stod på spel og stod fast på Guds ord. "Ikkje ein augneblink gav vi etter og bøygde oss for dei. For vi ville at sanninga i evangeliet skulle stå fast hjå dykk," vitnar han frimodig. Han tok ikkje omsyn til kor store desse folka var eller ville vera, han stod fast på Guds ord og ville ikkje bøya seg for folk som gjorde krav på autoritet som stridde mot evangeliet.
Når Paulus i dette tilfelle og i andre ikkje ville bøya seg og underordna seg, er det svært tydeleg at han ikkje handla i opprør. Han hadde ei rett innstilling, men gjorde det klart at her har vi menneske som går ut over den fullmakt dei har frå Herren og krev ting som strir mot Guds vilje. Fordi han står under ei høgare makt enn menneske, kan han ikkje bøya seg for dei menneske og styremakter som står lågare enn den styremakt han står under. Han såg at dei ikkje gjekk rett fram etter sanninga i evangeliet og måtte seia i frå. Hans underordning og lydnad mot Guds vilje gjer det uråd for han å bøya seg for menneskekrav.
Det er det same Peter gjer når han står framføre dei styrande i det høge rådet. Han er ikkje opprørsk. På ein fin måte kallar han på deira eigen rettskjensle: "Døm sjølv, er det rett?" Han kunne anerkjenne deira rett til å styra og var ein mann som underordna seg. Men her var han kommen til eit punkt kor han ikkje kunne vera lydig mot dei, for då ville han vera ulydig mot Herren. Difor gjer han det klart for dei: "Eg ønskjer å underordna meg, men no krev de noko av meg som de ikkje har rett til å krevja, difor kan eg ikkje lyda dykk. Eg må lyda Gud. Gud kjem på første plassen i livet mitt."
Samvit – kjensler
Somme gonger er det vanskeleg å skilja mellom samvitet vårt og våre eigne kjensler, men det er viktig at vi gjer det. Samvitet vårt er som ein indre sensor, ein dommar. Det vil anten klaga eller forsvara det vi seier og gjer. Samvitet vurderer alle ting etter dei verdinormer vi har tileigna oss. Å gå mot sitt eige samvit kan få store øydeleggjande følgjer for menneske. Dei som vrakar eit godt samvit, vil lide skipbrot på trua si og enda som ein syndar. Mange menneskevrak følgjer der samvitet blir undertrykt.
Av og til spelar kjenslene oss eit puss. Vi kjenner ulyst eller ufred, vi er i ei stode vi ikkje liker og veit ikkje kva vi skal gjera. Vi kan bera på mistru og mistankar som gjer at vi ikkje har tillit til leiarane våre. Vi føler at det er vanskeleg, ja uråd å underordna seg. Alt inni oss strir mot å bøya seg. Vi ønskjer å vera oss sjølv, vi vil stå som menn. Vi ønskjer å realisera oss sjølv og stå for det vi kjenner inni oss. Dette kan vera veldig bra, men vi står også i fare for å lura oss sjølv.
Om vi berre går på det vi føler og kjenner av fred og ufred, lyst og ulyst, kan vi gå feil. Før vi handlar på slike kjensler må vi undersøkja kva desse kjenslene kjem av. Vi må få hjelp frå andre kristne til å vurdera om det vi kjenner er rett, om det byggjer på fakta, om det er i samsvar med Guds ord.
Er det rett av deg å tenkja slik du tenkjer? Er det rett å føla slik du føler? Er desse kjenslene gode, sanne og rettferdige? Det du tenkjer å gjera som ei følgje av desse kjenslene, er det i samsvar med Guds ord? Er det i samsvar med dei råd du får frå trufaste kristne leiarar?
Å vera ein kristen er å seia nei til seg sjølv og eigne kjensler. Det er å vera hard med seg sjølv og halda seg sjølv i taumar. Ein moden kristen har lært å styra tankane sine. Han har lært å styra kjenslene sine. Han har lært å la Guds ord skjera gjennom kjenslene og dømma hjartans tankar og planar.
Ein moden kristen er styrt av Guds ord, samvitet hans er bunden av Guds ord. Ein umoden kristen vil gå på kjensler og gjera ting som strir mot Guds ord. Gong etter gong har eg sett såkalla ærlege kristne vera styrt av det dei føler av fred og ufred inni seg og ende i ulukke, i synd, i brot av enkle guddommelege prinsipp.
Det har hendt eg har sett meg ned saman med dei og gått gjennom alle ting. Steg for steg har vi vurdert situasjonen i lys av Guds ord. Dei er samde i alt eg seier. Dei les det same som eg i Bibelen. Dei ser at konklusjonane vi kjem til må vera logiske og rette etter Bibelen. Men, så kjem det eit men. Dei føler ikkje, dei kjenner ikkje – lyst eller fred inni seg til å gjera etter dette. Dei føler at Gud vil dei skal gjera noko anna som til og med står i strid med Bibelen, men dei er blinda og følgjer sine eigne lyster og er levande døde.
Det er når vi blir bedt om å gjera noko vi ikkje har lyst å gjera, at det viser seg om vi er lydige og om vi underordnar oss. Underordning er å seia nei til seg sjølv og seia ja til å gjera det som er godt og rett uansett kva vi sjølv føler.
Når vi forvekslar samvit og kjensler og vil følgja det vi føler inni oss, kan vi gå feil. Det er i slike stoder vi treng kristne venner og leiarar som kan gi oss hjelp. Folk som kjenner ansvar for oss og bryr seg om oss og ikkje let oss segla vår eigen sjø. Det er trufaste folk som tar det bryet det er å rettleia oss, tala oss til rettes og visa oss den rette vegen. Vi må vera glade for det vern det er å nokon som vaker over oss og ønskjer oss det beste. Ved å øve oss opp til å høyra på dei og saman gå til Guds ord for å finna vegen fram, vil vi verkeleg gjera framsteg i kristenlivet. Vi vil gjennom slik opplevingar bli knytt saman som kristne og veksa slik Gud vil.
Fleire gongar har folk kome til meg for å fortelja kva dei har tenkt å gjera fordi dei opplever at Gud har talt til dei. Oftast har eg støtta dei og oppmuntra dei til å gjera det dei trur er Guds vilje for dei. Nokre gongar har eg kjend på ei uro og har hatt vanskar for å tru at Gud har talt til dei. Då har eg bedt dei om å gå tilbake til Gud og be meir over saka før dei tar ei endeleg avgjerd. Når dei har halde fast på at dei har høyrd frå Gud, samstundes som eg opplever at dei må ha høyrd feil, har eg sagt: ”Så lenge du trur at Gud har talt til deg må du gjera det du trur han har sagt, jamvel om eg dessverre trur du har høyrd feil denne gongen.” Vi må alltid oppmuntra folk til å leva i tru og med godt samvit.
Same syn og same tanke.
Guds ord taler sterkt mot å skilja seg i flokkar og la usemje rå. Når alt er i rett skikk vil alle ha same syn og same tanke. Dei første kristne var eitt i hjarta og hug. Er det sant det vi forkynner om Kristi kjærleik, om samfunnet i Den Heilage Ande, om Guds nåde og miskunn, då vil den einaste fornuftige konsekvens bli at vi er samlyndte, at vi held saman i kjærleik, at vi er eitt i hug og tanke.
Dei som har lært å underordna seg, vil ikkje gjera noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære. Å vera audmjuk er å liggja lågt i terrenget, det er å setja dei andre høgare enn seg sjølv. Å vera audmjuk er det same som å underordna seg. Det er å setja det som gagnar andre føra det som gagnar ein sjølv. Det var det sinnelaget Jesus hadde, då han steig ned og var lydig til døden på korset.
Fred, harmoni, semje, einskap, ekte kjærleik kan berre veksa fram mellom lydige kristne. Guds ord seier at vi skal gjera alt utan misnøye og motseiing, då er vi feilfrie og reine. Då er vi Guds ulastande barn i ei vrang, ulydig og vond ætt. Gud verkar i oss både vilje og evne til å fullføra hans plan og verkeleggjera hans vilje på jord.
Som lydige barn lever vi ikkje lenger på verdens vis. Vi har ved lydnad mot sanninga reinsa oss og blitt reine, og kan leva i ekte kjærleik til kvarandre. Kjærleiken sameinar. Kjærleiken skaper fred og harmoni. Kjærleiken skaper den atmosfære og det miljø som gjer underordning like naturleg og nødvendig som det å puste.
Å underordna seg under kvarandre i age for Kristus er sjølve grunnhaldninga hjå alle modne kristne. Dette gjer det naturleg å underordna seg all menneskeleg skipnad og all ordning mellom menneske. Det er å visa respekt for dei som sit med makta og styrer, og gi dei våre ærlege meiningar om det dei står for. Det er å æra dei og den organisasjon dei leiar om vi tar konsekvensen av ei usemje mellom oss, at vi ser ulikt og ikkje kan arbeida side om side innanføre same organisasjon, at vi trekkjer oss ut istaden for å motarbeida og undergrava dei som styrer.
Det er ei ærleg sak å vera usamde. Det er ålreit at vi vil gjera ting på ulike måtar. At vi arbeider for kvar vårt mål er også noko vi må godta. Men vi må vera nøye med å ikkje byggja på ein annan mann sin grunn. På vår eigen grunn kan vi gjera kva vi vil og har full rett til det. Vi har fullmakt frå skaparen til å utfalda oss sjølve med alle evner vi har og verkeleggjere dei draumane vi ber på. Vi må berre syta for at vi gjer det på ein slik måte at det ikkje går ut over andre sine rettar eller skadar medmenneska våre.
Ingen menneske er like, men alle er verdifulle. Dette høge menneskeverdet som vi finn skildra i Guds ord, gjer at vi viser respekt og vørdnad til alle ærlege menneske. Vi har inga rett til å dømma andre, men vi har plikt til å følgja vårt eige samvit og vår eiga forståing av Guds ord og vilje uansett kva andre måtte meina og seia om det. Vi gir også alle andre denne retten og ønskjer å skapa tilhøve, atmosfære og miljø for samtale og betre forståing. Vi kan utvikla betre relasjonar mellom oss om vi er samde om å arbeida kvar for oss på kva vår måte ei tid, enn om vi sloss mot kvarandre innanføre same organisasjon e.l.
Jesu bønn om einskap.
Jesus bad for dei som gjennom apostlane sine ord kom til tru på han. Han bad at dei alle må vera eitt, slik han og Faderen er eitt. Han bad om ein einskap som er synleg og som gjer at verda vil tru. Når verda ser kristne vera eitt liksom Faderen og Sonen, kristne som heilt og fullt er eitt, då vil verda forstå realiteten i Guds kjærleik.
Jesu bønn vil bli oppfylt! Far hans vil gi han det han har lova han. Denne verda skal sjå kristne leva fredeleg saman. Dei skal sjå kristne leva i pakt og truskap med kvarandre. Dei skal sjå kjærleik i jordnære gjerningar og store under. Dei skal sjå Guds rike koma med kraft og herlegdom. Det skal stå fram ei ætt som skal velsigna alle andre ætter. Det skal koma eit folk som har lært å seia nei til seg sjølv, eit folk som tar korset opp og følgjer i Jesu fotefar. Strid skal ikkje vera meir, for dei har lært å underordna seg. Kløyving kjem ikkje på tale lenger, for dei har alle lært å bøya seg for Guds ord, for Jesus Kristi Herredømme. Dei har lært å elska kvarandre og søkjer ikkje sitt eige lenger. Godleik og sanning møter kvarandre, rettferd og fred kysser kvarandre. Truskap gror opp på jorda, Guds folk er eitt.
Fiendar av underordning.
- Uvilje mot å bli overtydd.
Å ha eit lukka sinn er ei stor hindring for underordning. Uvilje mot å høyra med eit ope hjarte for å finna sanninga, hindrar folk i å vera lydige. Dei har ein uvilje mot å bli overtydd, dei er fastlåst i sine eigne meiningar og oppfatningar og har difor ikkje eit ope sinn som kan ta imot nytt lys, ny openberring. Dei nektar å høyra under, dei høyrer berre frå sida av og gir ikkje akt på det dei høyrer.(Sjå apeitheia, apeitheo, apeithees)
- Å vera ustyrleg og sjølvrådig.
Å underordna seg er å la seg styra og å setja andre høgare enn seg sjølv. Å vera sjølvrådig er å vera uvillig til å underordna seg. Det er å vera trassig og ikkje ville ha nokon over seg. Lovbrytarar og sjølvrådige kjem i same kategori, dei vil ikkje la seg styra, dei vil ikkje underordna seg. Det er farleg å vera sjølvklok og sjølvrådig, då blir ein ustyrleg og kjem på kollisjonskurs med Gud, samfunnet og menneske. (Sjå anupotaktos)
- Latskap.
Dei late gidder ikkje gå i takt, dei bryr seg ikkje om å vera på rett plass. Underordning kan vera hardt arbeid. Det krev at vi arbeider med oss sjølve. Det betyr at vi må følgja med, halda dampen oppe, stå på og ikkje slappa av når vi finn det for godt. Ein udisiplinert mann vil ikkje underordna seg, han er imot orden. Dei som lever eit vørdlaust liv og ikkje underordnar seg gjer det fordi dei er late og ikkje vil gå i takt med dei andre. (Sjå ataktos, ataktoos, atakteo)
- Å vera sjølvtrygg
Sjølvtrygge menneske har vondt for å underordna seg. Dei er dominert av sjølvinteresse. Dei tenkjer ikkje på andre, men arrogant gjennomfører dei sin eigen vilje. Eigen tilfredstilling er viktigare enn omsyn til dei andre. (Sjå authadees)
- Å vera ustø.
Ustøe menneske vinglar hit og dit og kan ikkje underordna seg. Dei er negative til å stå ned eller under, dei vil vera frie. Dei skaper rot, uro, uorden, forvirring og opprør alle stader dei får rom. Trufaste menneske kan underordna seg, dei står faste i tru og tillit. Menneske som gjer opprør gjer det fordi deira indre er fullt av rot og ugreie. Dei er ustøe og elskar uorden. Underordning kjem derfor ikkje på tale for ustøe, vinglete folk. Dei er eit lett bytte all slag forvirring og opprør.
Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud. Rot, ugreie, uorden, opprør er eit og det same ordet på gresk og det er det same ordet for å vera ustø. Dette opprøret, denne uorden kjem av missunning. Folk som gir rom for misunning og avundsjuke vil bli ustøe, dei vil gjera opprør, dei kan ikkje underordna seg. (Sjå akastasia, akastatos, akataschetos)
- Feil verdimål.
Når menneske har feil verdinorm vil dei forkasta og vraka verdifulle ting utan å vita det. Dei som har vant seg til å sjå ned på andre, vil vanvørda det herreveldet dei har over seg. Dei vil vraka det styret dei står under og gå sin eigen veg. På den måten vil dei vraka Guds plan. Dei vil vraka Guds ordning. Dei vil vraka Guds kjærlege styre og vera utan noka vern frå andre. (Sjå kataphroneoo, atheteoo)
- Sjølvhevding.
Ambisjonar er eit stort hinder og ein aggressiv fiende av underordning. Det å hevda seg sjølv gjer underordning umogeleg. Sjølvvilje og rivalisering er å køyra seg sjølv fram på ein slik måte at det går ut over andre. Det er å undergrava dei som styrer og samla folk rundt seg sjølv. Låke og vonde ambisjonar ligg til grunn for sjølvhevding og dette kan sjølvsagt ikkje sameinast med underordning. Missunning og hovmod er opphavet til denne sjølvhevding som motarbeider underordning. (Sjå erithia)
Sky folk som ikkje vil underordna seg!
Guds ord seier veldig klart frå om korleis vi skal vera og kva vi skal gjera overfor dei ulydige som ikkje vil underordna seg. For det første skal vi halda oss borte frå slike menneske, då dei er farlege å vera saman med, ulydnad, opprør, forvirring smittar som pesten! Unngå smitte, hald deg saman med gode, trufaste, ærlege og audmjuke folk som har lært å bøya seg for Guds ord og Guds kjærlege styre. Guds ord seier at vi skal bita oss merke i kven som er ulydige og ikkje vil retta seg etter apostolisk rettleiing, og ikkje ha noko med slike folk å gjera.
Vi skal like eins tala dei til rettes, rettleia dei og visa frå Guds ord at måten dei lever på er feil. Vi skal ikkje halda dei for fiendar, men formana dei som brør. Utover det å tala dei sjølvrådige til rettes og alvorleg formana dei, skal vi ikkje ha nokon ting med dei å gjera. Vi skal ikkje ha noka samkvem med folk som kallar seg kristne, men som ikkje lever rett etter Guds klare ord. Når vi taler dei til rettes, skal vi vera varsame og sky kappa som dei i si sanselege lyst har flekka til.
Å vera på rett plass
Underordning handlar om å vera på rett plass. Det er å stå i rett relasjon til dei menneske Herren har sett oss saman med. I dei fleste av desse forholda kan vi ikkje sjølv velja. Vi er der vi er fordi Herren har sett oss der. Ingen av oss kunne velja våre eigne foreldrar eller søsken, Gud gav oss dei. Gud sette oss inn i den relasjonen. Vi står i relasjonar vi ikkje rår over. Normalt har vi berre ein ting å gjera: å underordna oss, men om vi er i forhold som ikkje er gode for oss, må vi arbeida på å koma ut av dette forholdet så snart som råd på ein rett måte.
Det var Gud som valde foreldre for oss. Å vera på rett plass er å underordna seg seg foreldrene sine så lenge ein bur heime. Alt anna ville vera upassande. Når ein har blitt myndig, er ein ansvarleg for seg sjølv på ein ny måte i forhold til foreldra. Då kan ein gå sin eigen veg, leva sitt eige liv og ikkje vera ulydig mot foreldra ved å gjera det, for dei har inga styremakt lenger. Då er det naturleg å flytte heimefrå, og laga sin eigen heim.
Guds ord taler tydeleg om at Gud er ein Gud som plasserer menneske der han vil. Han sette det første mennesket i ein hage og sette det til å dyrka og verna hagen. Gud sette mennesket i ein samanheng og sette mennesket til ei oppgåve i denne samanhengen.
I Guds forsamling har Gud sett kvar einskild lem på sin plass. Gud set lemmene saman som ein kropp. Han gir heile kroppen vokster. Han syter for at kroppen blir sett saman og halden i hop av kvart støttande band. Dette skjer når kvar einskild lem fyller den oppgåva han har fått tildelt. Når alle er på rett plass og gjer si teneste, då veks kroppen og blir oppbygd i kjærleik.
Vi er lemmer som høyrer kvarandre til. Til saman er vi éin kropp i Kristus. Kvar for seg er vi lemmer for kvarandre. Vi har ulike tenester, ulike oppgåver, ulik utrustning, ulike nådegåver, men alt er for å byggja kvarandre opp. Difor må vi halda oss til det mål Gud har gitt oss for å vera til velsigning for alle dei andre.
Vi er Kristi kropp. Kvar av oss er ein lem på han og lemmer for kvarandre. I denne samanhengen har Gud for det første sett nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar, så mektige gjerningar, nådegåver til å lækje, hjelpetenester, styringsoppgåver, tungetale av ulikt slag. Gud har sett oss til ulike oppgåver og funksjonar, men han har gitt oss same siktemål. I alt det Gud gjer og set oss til å gjera har han som mål at alle dei heilage skal gjerast fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp. Utan dei tenestene Herren har sett i forsamlinga kan vi ikkje nå den modnad og fulle vokster Herren har planlagt for oss.
Å vera på rett plass inneber å vera i gode relasjonar til brør og søstre i den lokale forsamlinga som står i rett relasjon til dei tenester som Gud Herren har sett i forsamlinga. Om vi har gode relasjonar til brør og søstre, men om forsamlinga ikkje står i forhold til apostlar, profetar, evangelistar, hyrdingar og lærarar, er vi likevel ikkje på rett plass. Vi er berre på rett plass når våre innbyrdes relasjonar er gode og vi i saman får tilsyn av apostlar og dei som arbeidar saman med dei.
For å koma på rett plass må vi ha vilje til å bli forma og bygd saman. Guds ord taler om å la seg byggja, om å bli knytta saman, om å la seg føya inn i eit trufast forhold til andre menneske som byggjer på apostel- og profet-grunnvollen. Av det språkbruket vi finn, forstår vi at dette er noko vi sjølv aktivt må samverke til.
Ein trygg veg til å finna plassen sin.
- Granska dagleg skriftene og hald deg nær til Gud i bønn.
- Gjer opp med deg sjølv kva Guds vilje er. Finn ut frå Guds ord korleis han ønskjer du skal leva. Granska Bibelen for å forstå Guds plan for forsamlinga. Prøv å forstå kva det vil seia å leva i Guds rike, leva under Guds styre, leva under Jesu Kristi herredømme. Korleis ønskjer Gud å verna og utvikla deg i eit levande fellesskap? Kvifor har han sett somme til apostlar, profetar, evangelistar, hyrding og lærarar? Kvifor treng du å vera i ein samanheng kor du får tilsyn av desse tenestene?
- Finn ut kor du står i dag. Kva er stoda du er i? Står du i slike relasjonar Guds ord taler om? Har Gud knytt deg til andre kristne på ein åndeleg måte i samsvar med ordet sitt? Heng du i lause lufta, eller står du i ein trufast relasjon til menn og kvinner som vaker over deg?
- Når du har funne ut kor du kjem til kort, kan du setja deg eit konkret mål om å retta på dette. Lag ein plan for å koma fram til målet. Prøv å få dei kristne du er saman med fram til det same målet etter Guds ord. Ver ærleg, gå beint fram, men ver visleg og kjærleg.
- Om du møter motstand mot det Gud har vist deg, må du gjera som Paulus og bryta samarbeidet med dei som ikkje vil bøya seg for Guds ord. Ta med deg dei som ønskjer å læra sanninga i Guds ord å kjenna og hald dykk borte frå dei ulydige. Granska dagleg skriftene og lev etter det Gud viser deg.
- Be Gud visa deg kor du kan finna trufaste og ærlege Guds tenarar som kan leia deg fram etter Guds ord. Be dei om hjelp og undervisning.
- Om ingenting verkar og du står åleine, må du vera villig til å flytta til ein forsamling som fungerer etter Guds ord.
- Bygg trufast vennskap med menneske som heilhjarta ønskjer å gå med Herren. Lat Guds ord og Guds plan vera det som bind dokker saman.
- Finn di teneste ved å tena dei menneska som er rundt deg. Sjå kva dei treng av deg og kva du treng av dei. Ikkje venta på at andre skal setja deg til å gjera ting, gjer det du kan gjera der du ser at noko må gjerast. Lær deg til å tenkja på dei andre først. Sjå etter behov du kan fylla.
- Hald deg nær menneske som har kome lenger i kristenlivet enn du har. Lær av deira måte å vera på og sjå korleis dei møter vanskelege stoder. Still dei spørsmål, trekk ut av dei så mykje du kan.
- Lær av Guds menn som sjølv står i forpliktande relasjonar til andre Guds tenarar. Ha dei som førebilete og følg etter trua deira.
- Ver ein ivrig læresvein. Ver ein brennande kristen. Gjer alt Guds ord seier. Gløym det som er bak. Tøy deg etter det som ligg framføre deg. Jag mot målet som Gud har kalla deg til. Slå deg aldri til ro med noko mindre enn det beste og streva etter det fullkomne.
Kva seier Bibelen?
Ta deg tid til å studera desse bibelsitata og dei ordforklaringane som følgjer her. Dette er tatt med for dei som verkeleg ønskjer å studera kva Guds ord seier. Gå grundig gjennom dette for å finna ut om det samsvarer med det som tidlegare er sagt i dette heftet! Guds ord er den einaste faste grunn å byggja på. Guds ord er vår høgste autoritet og tryggaste rettesnor i livet.
Hupotagee = underordning, undergjeving,
2.Kor.9,13 Når de har fullført tenesta og stått prøva, vil dei lova Gud fordi de var lydige og vedkjendest dykkar tru på Kristi evangelium, og fordi de var viljuge til å dela med dei og alle andre.
Gal.2,5 Men ikkje ein augneblink gav vi etter og bøygde oss for dei. For vi ville at sanninga i evangeliet skulle stå fast hjå dykk.
1.Tim.2,11 Ei kvinne skal ta imot læra teiande, ho skal underordna seg.
1.Tim.3,4 Han skal styra sitt eige hus godt, så borna hans er lydige og viser vørdnad.
Hupotasso = Underordna seg, vera underdanig, lydig mot. (Hupo = under, tasso = ordne) Militært uttrykk om å stå under. Kan bety å leggja under, eller underordna seg sjølv, lyda.
Luk.2,51 Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei.
Luk.10,17 Dei sytti kom glade attende og sa: "Herre, jamvel dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!"
Luk.10,20 Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!
Rom.8,7 Det som mennesket av naturen trår etter, er fiendskap mot Gud, for vår vonde natur bøyer seg ikkje for Guds lov, kan det heller ikkje.
Rom.8,20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men fordi Gud gjorde det så.
Rom.10.3 Dei kjenner ikkje Guds rettferd, men prøver å byggja si eiga rettferd; difor har dei ikkje bøygt seg inn under rettferda frå Gud.
Rom.13,1 Kvar og ein skal vera lydig mot dei styremaktene han har over seg. Det finst inga styremakt som ikkje er av Gud, og dei som finst, er innsette av Gud.
Rom.13,5 Difor er det naudsynt å vera lydig, ikkje berre for å sleppa straff, men òg av omsyn til samvitet.
1.Kor.14,32 Profetar har herredøme over åndene som taler i dei.
1.Kor.14,34 Liksom i alle kristne kyrkjelydar skal kvinnene teia i kyrkjelydsamlingane. Dei har ikkje lov til å tala; dei skal underordna seg, så som lova seier.
1.Kor.15,27-28 For "alt har han lagt under hans føter". Når det heiter alt, er det klårt at Gud sjølv er unnateken frå dette. For det er han som har lagt alt under han. Men når alt er han underlagt, skal òg Sonen sjølv gje seg inn under Gud som har lagt alt under han, og Gud skal vera alt i alle.
1.Kor.16,16 De òg må retta dykk etter slike som dei, og etter kvar medarbeidar som gjer si gjerning.
Ef.1,22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.
Ef.5,21 Ver kvarandre underordna i age for Kristus.
Ef.5,22 Dei gifte kvinnene skal underordna seg under mennene sine som under Herren sjølv.
Ef.5,24 Liksom kyrkja underordnar seg Kristus, skal ei kvinne underordna seg mannen sin i alle ting.
Fil.3,21 For han har makt til å leggja alle ting under seg.
Kol.3,18 De koner skal underordna dykk mennene dykkar, som det sømer seg for kristne.
Tit.2,5 ..leva sømmeleg og reint, vera gode husmødrer og underordna seg mennene sine, så Guds ord ikkje skal verta spotta.
Tit.2,9 Trælane skal vera lydige mot herrane sine i alt, og retta seg etter dei utan å seia imot.
Tit.3,1 Minn dei om at dei skal underordna seg styresmaktene, retta seg etter dei og vera viljuge til å gjera alt som er godt.
Hebr.2,5 Det var ikkje under englar Gud la den komande verda som vi taler om.
Hebr.2,8 Alt la du under hans føter. Når det står: "Alt la du under han", då er ingenting unnateke; alt skulle leggjast under han. Enno kan vi ikkje sjå at alt er lagt under han.
Hebr.12,9 Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under han som er Far for åndene, så vi kan vinna livet?
Jak.4,7 Så bøy dykk for Gud!
1.Pet.2,13 For Herrens skuld skal de lyda all styremakt blant menneske, anten det er keisaren, den øvste, eller landshovdingane som han har sendt; dei skal straffa dei som gjer vondt, og rosa dei som gjer godt.
1.Pet.2,18 De tenestefolk skal underordna dykk herrane dykkar og ha age for dei, ikkje berre dei gode og milde, men dei urimelege òg.
1.Pet.3,1 Like eins skal de gifte kvinner vera mennene dykkar underordna. Så kan dei mennene som står ordet imot, verta vunne, ikkje med ord, men med det liv kona lever, når dei ser dykkar reine ferd i age for Gud.
1.Pet.3,5 For slik prydde dei heilage kvinnene seg før i tida, dei som sette si lit til Gud. Dei var mennene sine underordna, liksom Sara var lydig mot Abraham og kalla han herre.
1.Pet.3,22 ..han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter er han underlagde.
1.Pet.5,5 De unge skal underordna dykk dei eldste. Og alle skal de vera kledde i audmjukt mot kvarandre. For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.
Hupeiko = føye seg etter, rette seg etter (hupo = under, eiko = vike)
Hebr.13,17 Ver lydige mot leiarane dykkar og rett dykk etter dei! For dei vaker over sjelene dykkar og skal eingong gjera rekneskap. Sjå til at dei kan gjera det med glede, utan å sukka. Elles vert det ikkje til gagn for dykk.
Hupakouo = lyda (hupo = under, akouo = å høyra). Akouo betyr å høyra etter ei ordre for å gjera etter det som blir sagt. Ordet inneber vilje til å vite sameina med vilje til å handle i samsvar med det ein får vite er rett.
Matt.8,27 Både vind og sjø lyder han.
Mark.1,27 Han byd jamvel dei ureine åndene, og dei lyder han.
4,41 Både vind og sjø lyder han.
Luk.8,25 Han byd, og både vind og sjø lyder han.
17,6 Hadde de tru..seia..og det skulle lyda dykk.
Ap.gj.6,7 Jamvel ein stor flokk av prestane vart lydige mot trua.
Rom.6,12 Lat då ikkje synda rå..så de gjev etter for lystene
6,16 og lyder han
6,17 av hjarta vorte lydige mot den læra som vart dykk ..
10,16 Men ikkje alle var lydige mot evangeliet.
Ef.6,1 De born skal vera lydige mot foreldrene dykkar
6,5 De trellar skal vera lydige mot dykkar jordiske herrar
Fil.2,12 De var alltid lydige medan eg var hjå dykk.
Kol.3,20 De born skal vera lydige mot foreldra i alle ting
3,22 De trellar skal lyda dei jordiske herrane i alle ting
2.Tess.1,8 ..som ikkje er lydige mot Jesu evangelium
3,14 Er det nokon som ikkje vil retta seg etter det vi Hebr.5.9 ..for alle som lyder han
11,8 I tru var Abraham lydig
1.Pet.3,6 Sara var lydig mot Abraham
Hupakoee = Lydnad (Hupo = under, akouo = høyra)
Rom.1,5 føra menneske til lydnad og tru
5,19 fordi den eine var lydig
Rom.6,16 trellar under lydnaden …fet fører til rettferd
15,18 for å føra folkeslaga til lydnad.
16,19 alle har høyrt om den lydnad de syner, difor gler eg meg
16,26 for å føra dei til lydnad og tru.
2.Kor.7,15 kor lydige de alle var
10,5 tek kvar tanke til fange i lydnad til Kristus
10,6 straffa all ulydnad, så snart de har nått fram til
full lydnad.
File. 21 I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg
Hebr.5,8 Endå han var Son, lærte han lydnad av det han leid.
1.Pet.1.2 og ved Anden vigde til lydnad og til reinsing
1,14 Som lydige barn skal de ikkje lenger fylgja dei
1,22 I lydnad mot sanninga har de reinsa dykk, så de kan
Peitho = å overtyde, vinna over, å bli overtydd, høyra på, lyda
Rom.2,8 let seg leia av uretten
Gal.5,7 Kven hindra dykk i å vera lydige mot sanninga?
Hebr.13,17 Ver lydige mot leiarane dykkar
Jak.3,3 Vi legg beisel i munnen på hesten så han skal lystra oss
Dette ordet er dei fleste gonger det er brukt omsett med ord som går på å vera viss på, overtelje, ha tillit og tiltru til, lite på. Når ordet blir omsett å vera lydig mot, så er det ein lydnad som ikkje inneber ei underordning til autoritet, men ein lydnad som kjem av overtyding og tiltru til det ein gjer.
Peitharcheo = å lyda ein som er i autoritet
Ap.5,29 Ein skal lyda Gud meir enn menneske!
5,32 Den Heilage Ande, som Gud gjev dei som lyder han.
27,21 De skulle ha høyrt på meg godt folk.-
Tit.3,1 underordna seg styremaktene, retta seg etter dei
Hupekoos = lydig
Ap.gj.7,39 Men fedrane våre ville ikkje lyda han.
2.kor.2,9 Eg ville vita om de held mål og er lydige i alt.
Fil.2,8 Han nedra seg sjølv og vart lydig til døden,
Apeitheia = bokstaveleg å vera slik at ein ikkje let seg overtyde (a negativ, peitho, å overtyda). Det ligg i dette at ein er stivnakka, hardnakka og forkastar Guds vilje difor blir ordet omsett med å vera ulydig. Vårt apati kjem frå dette greske ordet.
Rom.11,30 no har de fått misskunn, fordi dei andre var ulydige.
11,32 Gud la alle under ulydnad, så han kunne miskunna seg
Ef..2,2 den ånd som no verkar i dei ulydige.
5,6 Guds vreide kjem over dei ulydige.
Kol.3,6 ———–"""""——————
Hebr.4,6 kom ikkje inn, for dei var ulydige.
4,11 Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige
Apeitheo = å nekta å bli overtydd, nekta å tru, vera ulydig
Joh.3,36 Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet
Ap.gj.14,2 Dei jødane som ikkje ville tru,
19,9 som gjorde seg harde og ikkje ville tru
Rom. 2,8 ikkje er lydige mot sanninga
10,21 eit ulydig og trassig folk
11,30 De var eingong ulydige mot Gud,
11,31 På same måte har dei no vore ulydige
15,31 verta berga frå dei vantruande i Judea
Hebr.3,18 Var det ikkje dei som var ulydige?
11,31 så ho ikkje miste livet saman med dei vantruande,
1.Pet.2,7 Men for dei som ikkje trur,
2,8 Fordi dei ikkje trur ordet, snåvar dei
3,1 Så kan dei mennene som står ordet imot,
3,20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar,
4,17 kva ende skal så dei få som er ulydige mot evangeliet?
Apeithees = uvilje til å bli overtydd, ulydig
Luk. 1,17 gje dei ulydige den hug som rettferdige har
Ap.gj.26,19 Difor har eg ikkje vore ulydig mot det himmelske syn
Rom. 1,30 og ulydige mot foreldre
2.Tim.3,2 ulydige mot foreldre
Tit. 1,16 Dei er avskyelege og ulydige
3,3 For vi var òg eingong unituge og ulydige,
Parakoee = høyra feil, nekta å høyra, vera ulydig = ulydnad (para, ved sida av, akouo, å høyra)
Rom. 5,19 fordi det eine mennesket var ulydig,
2.Kor.10,6 Vi er budde til å straffa all ulydnad
Hebr. 2,2 så kvart lovbort og kvar ulydnad fekk si rette straff
Parakouo = same som ovanfor, verb. Å høyra utan å akta på
Matt. 18,17 Høyrer han ikkje på dei, så sei det til kyrkjelyden. Men vil han ikkje høyra på kyrkjelyden heller, skal han vera som ein heidning eller ein tollar for deg.
Anupotaktos = Ikkje underordna noka styre, vera ustyrleg (an – negativ, hupotasso – underordna seg)
1.Tim. 1,9 men for lovbrytarar og sjølvrådige
Tit. 1,6 borna hans må vera truande, ikkje trassige
Tit. 1,10 For det er mange som ikkje vil underordna seg
Hebr. 2,8 intet lot han ham u-underlagt (studiebibelen,gr.)
Ataktos = å ikkje halda orden (a – negativ, tasso – ordne) militært uttrykk for å ikkje gå i takt, ikkje halda orden, å vera ulydig
1.Tess. 5,14 Tal til rettes dei som lever eit vørdlaust liv
Ataktoos = uorden, latskap (soldatar som ikkje går i takt)
2.Tess.3,6 kvar bror som lever eit vørdlaust liv
Atakteo = å vera ute or takt, ikkje vera på rett plass, udisiplinert, å oppføra seg uordentleg
2.Tess.3,7 vi levde ikkje eit latmannsliv
Akataschetos = som ikkje kan haldast nede, haldast igjen
Jak. 3.8 ustyrleg og vond
Akastasia = (a-negativ, kata-ned, stasis-å stå) (Som ikkje vil stå ned – under). Inneber uorden, uro, forvirring, rot, opprør.
Luk.21,9 krig og opprør
1.Kor.14,33 For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud.
2.Kor.6,5 i fengsel og i opprør
12,20 Eg er redd eg vil finna strid, missunning, sinne, sjølvhevding, baktale, sladder, hovmod og rot.
Jak.3,16 For der missunning og sjølvhevding rår, der er det ugreie og alt det som vondt er.
Akastatos = ustø, uorden,uvilje mot å koma i rett orden.
Jak.1,8 tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.
Authadees = sjølvrådig, dominert av sjølvinteresse, og som ikkje tenkjer på andre, men arrogant gjennomfører sin eigen vilje.
Tit. 1,7 Han må ikkje vera sjølvrådig
2.Pet. 2,10 Desse menneska er frekke og sjølvtrygge
Kataphroneoo = å tenkja ned på eller mot nokon, vanvørde
Matt.6,24 Luk.16,13 ikkje tena to herrar,..halda seg til,
og vanvørda
Matt.18.10 så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små
Rom. 2,4 Eller vanvørder du hans grenselause godleik
1.Kor.11,22 Eller vanvørder de Guds kyrkjelyd, og let dei 1.Tim. 4,12 Lat ingen vanvørda deg fordi du er ung, men ver
6,2 ikkje visa dei mindre vørnad fordi dei er brør
Hebr.12,2 tolte han krossen utan å bry seg som vanæra
2.Pet.2,10 vanvørder det herreveldet sei har over seg
Atheteoo = å setja til side, å setja noko som om det ikkje har noka verdi, å forkaste.
Mark. 7,9 De gjer Guds bod om inkje, så de kan fyljga
Luk. 7,30 dei vraka Guds plan og let seg ikkje døypa
10,16 den som vrakar dykk, vrakar meg. Men den som vrakar meg, vrakar han som har sendt meg.
Joh.12,48 Den som seier nei til meg og ikkje tek imot orda mine
1.Kor.1,19 gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke
Gal. 2,21 Eg vrakar ikkje Guds nåde.
3,15 Eit lovleg testamente kan ingen gjera om inkje
1.Tess.4,8 Den som avviser dette, han avviser ikkje eit menneske
1.Tim.5,12 dei har brote den lovnaden dei fyrst gav om truskap
Hebr.10,28 Den som vrakar moselova
Judas 8 vanvørder herredøme og spottar englemakter
Erithia = Låke ambisjonar, rivalisering, sjølvvilje, partistrid, ordet kjem av erithos – leigekar, av dette får vi tydinga å søkje å vinna tilhengjarar.
Rom.2,8 dei som berre tenkjer på seg sjølve, ulydige mot sann.
2.Kor.12,20 missunning, sinne sjølvhevding, baktale
Gal.5,20 strid, avund, sinne, sjølvhevding, usemje, partistrid
Fil.1,17 Dei andre gjer det for å hevda seg, ikkje med ærleg
2,3 Gjer ikkje noka av sjølvhevding eller lyst til tom
Jak.3,14 men ber de på bitter missunning og sjølvhevding
3,16 for der missunning og sjølvhevding rår, er det ugreie
Tekst: Erling Thu
Leave a Reply