I forteljinga om våre forfedrar, dei første menneska, møter vi veldig snart forteljinga om det katastrofale syndefallet. Dei første menneske vart forførte, var ulydige, fall i synd og gjorde opprør mot Gud. Det gode og harmoniske fellesskapet med Gud vart øydelagt. Mennesket kom i konflikt med Gud og vart redd for han. Det tillitsfulle forholdet mellom kvinne og mann vart også øydelagt. Gudsbiletet i mennesket vart forstyrra av synda og alle seinare slekter har arva dette. Heile skaparverket kom under forbanning og vart lagt under forgjengelegdom (Rom 8,20). Sjukdom, liding og død er no noko alle menneske vil møta på ein eller fleire måtar i livet på jorda. Følgjene av syndefallet er katastrofale for oss alle. Dette kan likevel ikkje rikka ved den positive skapartrua. Trass i all elende i verda, kan vi framleis sjå at skaparverket er godt og må takast vare på. Det har ei god framtid.
Profetane i Israel forkynte at menneskets store eksistensielle problem ligg i vårt opprør mot Gud. Den gode relasjonen til Skaparen har vorte øydelagd. Vonde krefter har invadert menneskehjarta. Menneska er merkte av synd frå dei er fødde. No lever vi alle i ei fallen verd. Alt er forgjengeleg og ufullkome. Midt i alt det gode og vakre i verda møter vi også det vonde og ureine. Menneskelivet er fullt av motseiingar.
På grunn av menneska sitt syndige opprør vart heile skaparverket forbanna og gjort forgjengeleg, men profetane forkynte håp. Den profetiske forkynninga av den opphavlege paradisiske tilstanden og syndefallets katastrofale følgjer, er heilt grunnleggjande for å forstå det håpet dei forkynte.
Det profetiske framtidshåpet er sterkt farga av openberringa av det som hende med våre første forfedrar. Dei siste ting (eskatologien) kan berre forståast ut frå dei første ting som hende menneska. Med utgangspunkt i det som blir kalla protoevangeliet (1 Mos 3,15) veks det fram eit håp om at ein frelsar skal koma. Han skal gjera ende på fienden og lækja alle følgjene av syndefallet. Det tapte paradiset skal gjenreisast. Israels profetiske håp er eit håp om gjenreising av heile skaparverket. Frelse vil då seia at Gud fører mennesket og skaparverket fram til hans opphavlege mål og meining.
Fordi profetane forstår alvoret i den situasjonen synda har ført mennesket inn i, blir håpet om forsoning sentrum i håpet. Det er eit håp om at Gud, personleg, vil lækja den farlege konflikten til han som mennesket har kome i. Forsoninga med Gud står difor sentralt i det profetiske håpet om frelse. Det er også eit håp om at Gud ikkje skal overlata menneskeslekta og skaparverket til dei vonde maktene. Dei vonde opprørsmaktene skal ikkje kunna forpurra hans gode plan. Gud vil ikkje bli ståande som den tapande parten som ikkje makta å fullføra sin gode plan. Profetane er overtydde om at Guds skaparplan står fast:
Herren over hærskarane har svore: Sanneleg, som eg har tenkt, skal det bli, og det eg har fastsett, skal skje. Når Herren over hærskarane har ein plan, kven kan hindra den? Når handa hans er strekt ut, kven kan venda henne bort? (Jes 14,24-27)
Det opprøret som har kome inn i Guds skaparverk, trugar ikkje hans evige kongevelde. Ein dag skal opprøraren øydeleggjast og opprøret få sin ende. Då skal Gud fullføra sitt frelsande gjenreisingsverk og føra alt det skapte fram til fullending og herlegdom. Håpet er at alt, som er merkt av synd og forgjengelegdom, skal koma i rett skikk gjennom Guds eskatologiske nyskaping av verda. Håpet ventar på meir enn berre ei gjenreising til ein tidlegare tilstand, for det ser fram til ei nyskapt herlegdomsfylde som langt overgår det første. Apostelen Peter seier at alle profetane talte om denne gjenreisinga (Aggj 3,19-21). Då templet vart gjenreist på Nehemja si tid, profeterte Haggai at det nye huset skulle bli herlegare enn det første (Hag 2,9). Denne profetia og den historiske hendinga har ein profetisk bodskap til oss. Det gjev uttrykk for eit åndeleg prinsipp i måten Gud arbeider på. Avslutninga er alltid herlegare enn starten.
Leave a Reply