Solveig og eg har dei siste åra med stor glede og velsigning brukt Salmane som ei bønnebok. Me har funne nokre enkle og faste bønnerytme som kvar dag hjelper oss i vårt felles bønneliv. Morgon og kveld ber me salmane saman. Me har bede oss gjennom Salmane fleire gonger. Det hender nokre gongar at me må smila og le, og takka Gud for at me ikkje akkurat då har det så vondt og fælt som salmisten har det. Som oftast kjenner me oss att i det salmisten skildrar av både gode og vonde kjensler. Salmane gjev oss eit sant bilete av livet med Gud. Her finst både oppturar og nedturar. Me møter begeistring og glede når Gud grip inn og me ser frustrasjon og fortviling når det verkar som om Gud ikkje høyrer oss eller bryr seg om det vonde me møter. Til og med i den djupaste fortvilinga kan me likevel halda fast ved trua på Gud. Eller kanskje det er rettare å seia, at til og med når me ikkje ser eller høyrer Gud, så ber han oss likevel.
Idag bad me salme 40. På slutten av denne salmen finn me orda som eg bruker i overskrifta (Sal 40,18): Herren skal tenkja på meg. I verset framføre snakkar han om alle dei som med iver søkjer Gud. Dei kan fryda seg og gleda seg. Dei som elskar Guds frelse, kan alltid seia: "Stor er Herren!" Men eg, seiser salmisten, er hjelpelaus og fattig. Sjølv om han kjenner seg svak og er i naud, er han ikkje fortvila. Han veit at til og med når han er veik, når han kjem til kort, når han ikkje har det han treng, då skal Herren tenkja på han. Han veit at han alltid er i Guds tankar. Han veit at Herren har gode planar for han.
Dette kan eg ta til meg. Det er det same kva slags kjensler eller tankar som fyller hjartet mitt. Gud er større enn hjartet mitt. Han kjenner alle ting. Han skal tenkja på meg. Difor er han mi hjelp. Om eg kjenner meg hjelpelaus, bergar han meg likevel. Om eg kjenner meg fattig, veit eg likevel at Gud ber meg i sitt farshjarte. Når eg kjem til kort, er hans nåde nok for for meg.
Eg har store utfordringar framføre meg, men eg veit at Herren skal tenkja på meg. Eg er ikkje gløymd. Herren tenkjer på meg. Han ser meg og kjenner meg. Difor har eg berre ei enkel bønn: Herre, miskunna deg over meg!
Leave a Reply