Det gamle testamentet fortel at då Gud openberra seg for Abraham og kalla han til å forlata landet og folket sitt, vart ein ny fase i Guds frelseplan innleia.
Gjennom Abraham vart Israel utvald av Gud til å vera hans paktsfolk. Det begynte med pakta med Abraham, Isak og Jakob, og heldt fram med pakta med Moses og David. I desse paktene fekk Israel del i vedunderlege framtidslovnader og Herren vart “håpets Gud” for dei. Gud gav herlege profetier til Israel, men desse lovnadene var ikkje berre for dette folket, men for heile menneskeslekta og heile det falne skaparverket. Dette kjem tydeleg fram i lovnaden til Abraham:
I deg skal alle slekter på jorda velsignast (1 Mos 12,3).
Denne lovnaden til Abraham og hans ætt er opphavet til det framtidshåpet Israelsfolket vart berarar av. Det Gud lova Abraham, fekk profetane i Israel til å forstå at historia har eit mål. Profetiane frå Gud set i gang ein prosess som fører fram mot eit mål. Israelsfolket fostra på ein eineståande måte fram mange profetar som Gud brukte til å forkynna endemålet for sin skaparplan.
Gud lova Abraham at i hans ætt skulle alle familiar på jorda velsignast, men etterkomarane hans opplevde marginalisering, urett og undertrykking. Lovnaden gav grunnlag for ein verdsvid visjon om Guds frelsande og velsignande gjerning i heile verda, blant alle folkeslag og familiar. Dessverre svikta det utvalde folket gong på gong i å vera det lyset og saltet dei var meint å vera blant folkeslaga. Profetane kalla Israelsfolket til å venda om frå si truløyse i lys av det store Gud hadde lova å gjera gjennom Abrahams etterkomarar i framtida. Profetane tolka alltid notida deira i lys av ei lova framtid, og kalla folket til å leva i samsvar med lovnadene.
Profetane i Israel var alltid medvitne om at Guds plan omfatta heile menneskeslekta. Guds frelse- eller domsgjerningar i historia kunne aldri sjåast som isolerte, nasjonale hendingar. Då Gud kalla Abraham (1. Mos 12,1-3), lova han at Abrahams ætt skulle bli brukt til å velsigna alle nasjonar i heile verda. Heilt frå starten av gjorde Gud det klart at utveljinga av dette folket hadde universell karakter. Dei skulle bera fram ei openberring om Gud og hans frelse, som skulle bli til velsigning for alle menneske.
Difor forstod profetane at når Gud skulle visa sin herlegdom, så måtte det gjerast framfor auga til alle nasjonane. Når nasjonane undertrykte Israelsfolket, var det ei vanære for namnet til Herren, Israels Gud. Profetane refsa Israel for deira synd og truløyse, for det vanæra Herrens namn. Trass i Israels fråfall heldt profetane likevel fast på trua og visjonane om at alle folkeslag ein dag skulle sjå Guds herlegdom gjennom Guds frelse.
Leave a Reply