Det er svært varmt for tida. Me har bada kvar dag i vatnet vårt dei siste dagane. Det har vore godt å kjøla seg ned med ein symjetur og liggja i sola og turka etter på. På slike varme dagar er det lett å gløyma at det kjem ein vinter, og at eg er på etterskott med vedarbeidet. Når det gjeld ved må me helst liggja minst seks månader på forskott. Eg har god og turr ved frå i fjor klar til å brukast til hausten, men eg har ikkje nok til vinteren. Difor måtte eg ut i varmen, for å jobba meg varm slik at eg har noko å varma meg med til vinteren.
Eg har undervist om eskatologi på Bibelskulen i dag og skal halda fram to dagar til denne veka. Etter ein god middag tok eg den nyoverhala motorsaga for å saga opp nokre tre som vart felte tidlegare i vår. No har eg ein haug av trestubbar klar for kløyving. Dette er ikkje det gildaste arbeidet når temperaturen er så høg som i dag, men det er arbeid som må gjerast. Denne vinteren og våren har me berre vore heime i huset i skogen omlag ei veke i månaden. Vanlegvis er eg ferdig med vedarbeidet til påsketider, men i år ligg eg langt etter. Når det gjeld dei siste ting som eg underviser om, er det godt å vita at Gud er i rute. Alr går slik han har planlagd.
Eg takkar Gud for det varme været. Eg trur ikkje eg har bada i mai månad sidan eg var guttunge. Eg har vorte ein pyse når det kjem til bading. Eg treng både varmt vær og varmt vatn. Det har Gud velsigna oss med desse siste dagane i mai.
Varme og vedarbeid høyrer saman. I varmen turknar veden godt. Turr ved gjev god varme. Det er ei velsigning å kunna arbeida. Det er ei glede å kunna saga, hogga og kløyva nok ved til seg og sine. Det er godt når det er varmt ut på denne tida og det er godt når veden gjev oss varme inn i kalde tider. Det er godt å svetta litt ekstra på denne årstida for å kunna kosa oss med varme frå peisen i ei anna årstid. Det er godt å nyta dei varme dagane, men det er viktig å ikkje gløyma å førebu seg til dei kalde dagen som kjem.
Leave a Reply