Kunsten å tolka Bibelen rett!

Kvifor vi treng tolkingsreglar
Det ein kunst i å tolka Bibelen rett. Det er også ein teologisk vitskap fordi vi følgjer regler, lover innanfor eit system. Det er ein kunst for å bruka desse reglane rett, for det har med dugleik å gjera. Sidan Bibelen er vår einaste rettesnor for liv og lære, er det så viktig at vi finn fram til tolkingsreglar som hjelper oss å forstå Guds vilje i samsvar med Guds ord.
Gud har talt, men kva har han sagt?

Gud har talt til oss gjennom heilage menn som skreiv ned Guds ord til oss, Bibelen. Den første og viktigaste grunnen til at vi treng tolkingsreglar, er for å kunna vera sikker på kva Gud har sagt, å forstå kva Guds ord tyder. Dersom vi ikkje forstår Bibelen, har vi inga nytte av Guds ord. Då vil djevelen stela det frå oss. (Matt.13,19)
Å kunna avgjera kva Gud har sagt, er ei stor oppgåve. Korleis vi tolkar Bibelen er avgjerande for vår forståing og lære om Gud, Guds rike, Guds pakt, menneske, frelse, heilaggjering, den kristne sitt liv og karakter, eskjatologi osv.
Utan rette tolkingsreglar vil vi trekkja feil slutningar frå ting som er omtala i Bibelen. (Polygami, einevelde, dødsstraff hekser, seksuelle synder o.l., renter gjeld, tiend, smerter ved barnefødslar) Dei fleste sekter og kyrkjesamfunn har sin grunn i ulike tolkingsreglar, som gjer at dei kjem til ulike resultat.
Å byggja bru mellom oss og forfattarane av Bibelen.
Di lenger avstand det er mellom ein forfattar og ein lesar i tid, språk, kultur, historie, geografi o.l. dess vanskelegare er det å forstå. Bibelen vart skriven i andre kulturar, med ein framand geografi, over ein periode på ca 1500 år. Bibelen er samansett av 66 bøker skriven av mange ulike forfattarar.
Det tydelegaste behovet er å byggja ei bru over språkbarrieren. Bibelen var skriven på hebraisk og gresk. På norsk er den rekkjefølgje orda står i viktig: Katten åt musa. På gresk er endingane på orda viktig ikkje rekkjefølgja. Hebraisk er endå fjernare med sin mangel på vokalar og bruk av konsonantar med ulike apostrofar.
Kulturen set sitt tydelege preg på mykje i Bibelen og vi må forstå korleis kulturen var for å kunna forstå alt rett. Sara, Hagar, (konkubiner), Josef barberte seg før han møtte Farao, seglringen han fekk og gullekkja rundt halsen var egyptiske skikkar det er nyttig å forstå. Mange av dei ting Jesus nemner i likningane sine har med skikkar som var vanlege på hans tid å gjera. Å forstå ekteskapsskikkar, ha innsikt i økonomiske forhold, militærskikkar, lovsystem og jordbruksforhold, kan vera nyttig.
Geografien er nyttig for å få ein innsikt i dimensjonane i det Bibelen fortel. Historisk bakgrunn vil også gje oss nyttig informasjon som vil hjelpa oss å forstå det som hender i Bibelen.
Føresetnader – Bibelen er Guds ord
Vi trur at Bibelen er inspirert av Gud. (2.Tim.3,16; 2.Pet.1,21) Vi trur at Bibelen er Guds ord til oss. Vi trur at Bibelen er vår høgste autoritet for liv og lære.
Men Bibelen har ikkje kome til oss som ei bok, med eit offisielt manuskript, vi har mange manuskript. Første oppgåve er å samla alle manuskript og anna materiale som vil hjelpa oss å avgjera kva som er den rette teksten. Den andre oppgåve er å fastsetja ein grunnleggjande teori for korleis ein kan avgjera kva som er den rette teksten. Tredje oppgåve er å avgjera korleis denne teorien avgjer rette teksten i eit avsnitt. Dette er som vi forstår eit arbeid som krev god utdanning og mykje gransking.
Forklaringar
Orda tolking og tyding finn vi i begge testamenta. Det hebraiske pathar tyder å tolka og pithron betyr ei tolking. Desse orda blir helst bruka om å tolka draumar. På gresk har vi hermeneia tolkning, hermeneuo å tolka, Diermeneuo å forklara, tyda, omsetja, tolka, diermeneutes tolk, omsetjar, methermeneuomai å tolka, omsetja, dysermeneutos vanskeleg å tolka, epilusis tolking.
Ordet hermeneutikk kjem frå Hermes, den greske guden som kom med gudane sitt bodskap til menneska. Han var gud for vitskap, oppfinningar, talekunst, skriving, kunst.
Som eit teologisk fag er hermeneutikk den vitskap å kunna tolka Bibelen rett. I hermeneutikken prøver ein å formulera visse reglar som tek dei ulike sidene av Bibelen på alvor. Hermeneutikken gir oss visse prinsipp som hjelper oss å forstå meininga med eit skrift. Vi taler om generell og spesiell hermeneutikk. Den generelle hermeneutikken gjeld heile Bibelen. Den spesielle hermeneutikken gjeld visse delar av Bibelen, som til dømes likningar, profeti, poesi, o.l.
Personlege kvalifikasjonar hjå tolkaren.
Dei åndelege kvalifikasjonane har ein stor plass i å forstå Bibelen. Bare ein åndeleg mann kan forstå åndelege ting. (1.Kor.2,14) Bare eit menneske som er født på ny, vil kunna kjenna seg heime i Bibelen. Ein som skal tolka Bibelen må ha same Ande som inspirerte Bibelen til å leia seg.
a. Første åndelege kvalifikasjon for å kunna tolka Bibelen er at ein er født på ny. Den som ikkje er født på ny, kan ikkje sjå Guds rike.
b. Den andre kvalifikasjon er at han må ha ein hunger etter Guds ord, ein lengt etter å læra Guds vilje å kjenna.
c. Den tredje kvalifikasjon er at den som skal tolka Bibelen rett må ha ein djup age for Gud.
d. Den siste kvalifikasjon er å vera heilt avhengig av Den Heilage Ande si leiing og openbaring. Eit godt ordtak for ein Bibel student er: Å be godt er å studera godt! Hjarta må vera ope og vart for lys frå Anden.
På det menneskelege planet vil vi seia at ei god utdanning vil vera til god hjelp i å forstå Bibelen. Den som skal gå djupt inn i eksegese utlegging av Skrifta, må ha godt kjennskap til hebraisk og gresk.
Hjelpemiddel for den som vil tolka Bibelen.
Vi treng visse reiskap når vi skal arbeida med Bibelen og prøva å tolka Ordet. Det finst i dag så mange hjelpemiddel at til og med oss som ikkje har lært hebraisk og gresk, kan gå direkte til grunnteksten med stort utbytte. Her følgjer et liste med bøker som vil vera svært nyttige:
The Interlinear Bible, Hendrickson
The New Englishman Hebrew Concordance, Hendrickson
The New Englishman Greek Concordance, Hendricson
Vine’s Expository Dictionary of Biblical Words, Nelson
Theological Wordbook of the Old Testament I+II, Moody Press
Strong’s Exhaustive Concordance of the Bible, Nelson
The New International Dictionary of New Testament Theology,
New Testament Introduction, Donald Guthrie,
Illustrert Bibelleksikon,
Studiebibelen,
Håndbok til det Nye Testamentet, Egil Strand
I Grunnvollen: Inspirasjonen.
Bibelens inspirasjon er grunnvollen for bibelsk hermeneutikk. Bibelens guddommelege inspirasjon gjer at vi ikkje kan lesa og tolka Bibelen på linje med vanlege klassiske skrifter frå ulike kulturar. Fordi Bibelen er inspirert av Gud, får tolkinga ein ny dimensjon. Denne nye dimensjonen har følgjande sermerke:
Den har ei moralsk eller åndeleg side. Det inneber at ein som skal tolka Bibelen må ha visse åndelege kvalifikasjonar, som ein ikkje treng for å tolka vanleg klassisk litteratur.
Den har ei overnaturleg side. Det inneber at det som i klassisk litteratur kan oppfattast som myter, i Bibelen må oppfattast som historie. Vi trur på ein Allmektig Gud som i si frelseshistorie gjer under og mirakel.
Den har ei openbarings side. Det inneber at gamle ord får nytt innhald og ny tyding. NT vil t.d. gje ord som tru, kjærleik, nåde, miskunn, utløysing, frelse, himmel og dom, ei djupare meining, nytt innhald i forhold til klassisk og koiné gresk.
Fordi vi trur at Bibelen er inspirert av Gud, vil vi koma til Bibelen med ein åndeleg dimensjon av tru, tillit, bønn og age. Vi vil ta del i Bibelgransking for å finna den opphavelege teksten og meininga. Ved grundig arbeid med Ordet vil vi prøva å forstå kva Gud seier, og ikkje lesa inn våre eigne meiningar i Guds ord.
II Målet: Oppbygging, åndeleg vokster
Rett bibeltolking har ikkje bare inspirasjonen som utgangspunkt, den forstår også at sanningane i Bibelen har eit mål. Guds ord har kome til oss med ein hensikt. Alle skriftene i Bibelen har dette målet: å oppbyggja oss på trua vår, fremja åndeleg vokster hjå menneske og gjennom kjennskapen til Gud og hans vilje omforma menneske til å likna meir og meir på Jesus. Bibelen er ikkje målet, men eit middel til å nå Guds mål for oss. (2.Tim.6,15 17)

Målet for all bibeltolking og utlegging av Guds ord er åndelege resultat i dei som får del i undervisinga. Bibelstudium skulle gjera meir enn å gje oss eit rett syn på Gud, menneske og vårt ansvar, det skulle føra oss inn i eit rett forhold til Gud.
III Teologiske perspektiv
1. Bibelen er ei klar og forståeleg bok. Reint ytre gjennom språk og grammatikk, og ved å følgja vanlege språkreglar. Den indre klarleik er eit verk av Den Heilage Ande i den som trur, kor sinn og tankar blir opplyst så ein kan forstå guddommelege sanningar.
2. Bibelen er Sanninga frå Gud tilpassa menneskelege forhold. Gud har gjort det slik så sinn og tankar kan fatta kva han vil seia. Bibelen vart skriven i ein menneskeleg og sosial samanheng og dreg samanlikningar frå det miljøet. Når vi kjenner miljøet kan vi forstå meininga.
a. Guds allmakt blir omtalt som ein høgre arm, fordi høgre arm var eit symbol på styrke. Framståande stilling: sitja ved Guds høgre hand, = stor ære.
b. Dommen blir omtalt som eld fordi smerta ved å brenna seg er den mest intense smerte menneske kjenner frå dagleglivet. Orm og makk blir brukt for å omtala den pine som er vedvarande og uunngåeleg.
c. Herlegdommen i himmelen blir omtalt i menneskelege uttrykk for dyre og verdifulle ting: gull, sølv, edle steinar, inga tåre, ingen død, livsens tre, osv.
3. Openbaringa er progressiv, stigande frå GT til NT. Med stigande openbaring meiner vi at Bibelen viser oss korleis Gud tok til å arbeida for å føra menneske fram til utfriing og frelse, frå teologisk barndom i GT til modnad i NT.
a. Matt.5,17 20 Jesus kom for å oppfylla, for å gje oss ei full og heil forståing av lova som var gitt tidlegare. Lova gjekk ikkje langt nok. Jesus talte om ein høgare motivasjon, større kjærleik og sanning i alt vi seier og gjer.
b. I Galaltarbrevet deler Paulus tida inn i før og etter Kristus. Før Kristus kom var vi under tuktemeisteren. Etter Kristus kom er vi under nåden.
c. Hebr.1,1 2 Gud har talt på mange måtar, men no har han sagt sitt endelege ord: Jesus. Frå skyggar til røyndom. Frå lovnad til oppfylling. Ingen har sett Gud, Jesus forklarte og synleggjorde han for oss.
4. Bibelen tolkar Bibelen. Uklare skriftavsnitt må vika for klare avsnitt. Vi må sjå alle ting i samanheng og ikkje trekkja for snare konklusjonar frå eit vers bare. Alt som er nødvendig for frelse og eit rett kristenliv er klart og tydeleg openbart i Bibelen. (Avsnitt som er misbrukte: 1.Kor.15,29 mormonarane, Joh.3,5 ikkje barnedåp, Luk.2,36 38 katolske nonner). (Viktige avsnitt: Rom.1 3 læra om synd, Joh.5 læra om Jesu guddom, 1.Kor.15 læra om oppstoda, Gal. læra om lov og evangelium, t.d)
5. Bibelen inneheld ein konsekvent og vedvarande harmoni i alle grunnleggjande punkter i kristen tru og praksis. Dette inneber at det bare er eit teologisk system i Bibelen, og difor må alle læresetningar hengja saman og samsvara med kvarandre. Ei rett læresetning kan ikkje motseia Bibelen på noka punkt.
6. Skrifta inneheld bare ei meining. Det inneber at vi tek avstand frå:
a. Allegori, som gir rom for fantasifulle tolkingar.
b. Sekter av ulike slag, som grunnar si tolking av Bibelen på den oppfatning at eit ord kan ha mange meiningar, først den historiske og grammatikalske, dernest den meining som sektene legg inn i visse vers og skriftord.
c. Protestantisk pietisme sitt misbruk av Bibelen, mannakorn, tommel, o.l.. Når ein ikkje veit kva ein skal gjera, går ein til Bibelen og ventar å finna svar. Reisa eller ikkje? Les om Paulus’ misjonsreise og trur at Gud taler ut frå Bibelen at vi skal reisa. Det er dårleg teologi og ein gal måte å bruka Bibelen på.
7. Tolking og anvending, teori og praksis høyrer saman. Hensikten med Bibelen er å vera Guds talerøyr for å fremja åndeleg vokser hjå menneske. Dersom Guds ord er høgste autoritet, inneber det at vi gjer det Ordet seier og lever i samsvar med bibelske normer. Tolking må føra til at ordet blir anvendt, omsett til kjøtt og blod, levd ut. Undervisninga frå Bibelen må føra til lydnad, og tru må føra til gjerningar. Her må vi bare minnast det gamle ordtaket: Det finst bare ei rett tolking, men mange måtar å anvenda ordet på, mange måtar å leva det ut på. Det er viktig at vi gjer dette skiljet klart for oss.
IV Filologiske perspektiv
Den sanne filolog har som mål å oppdaga den opphavelege meining i teksta. Målet er eksegese å utleggja skrifta og sky eisogese å pressa eigne meiningar inn i skrifta. Luther: Den beste læraren er han som ikkje legg si meining inn i Skrifta, men som får si meining frå Skrifta. Dette kan vera veldig vanskeleg, då vårt grunnsyn vil dominera oss og påverka oss når vi les Bibelen.
Vi kan bruka likninga om brurmøyene til å illustrera dette:
Arminianske teologar vil bruka likninga til å læra at kristne kan falla ut av nåden. Dei som trur på "the second blessing" finn eit bevis for det. Kalvinistar vil kunna bruka likninga til å visa at ein kan vera mellom dei bekjennande kristne utan å ha liv i Gud. Andre vil laga ei lære om Anden og åndsdåp sidan olje er eit symbol på Anden. Andre ser likninga som ein del av eit profetisk program som ligg i framtida.
Sanninga er at likninga bare har ei lekse: kor viktig det er å vera åndeleg førebudd eller klar.
Den litterære samanhengen
Når vi skal koma til ei rett forståing av Bibelen er det viktig at vi tolkar litteraturen i sin litterære samanheng. Det inneber at vi gir akt på desse prinsippa:
1. Bokstaveleg tolking av Bibelen er som regel det enklaste og rettaste. Når vi seier bokstaveleg meiner vi: nøye i samsvar med ordlyden, teken i trongaste meining, ordrett ikkje overført tyding.
2. All anna tolking av eit skrift avhenger av den litterære form eller språkform/lag. Likningar, førebilete, symbol, bilettale o.l. føreset at det finst ei høgare meining i orda som kjem frå den bokstavelege bruk og samanheng. I likninga om såmannen, forstår vi såmann ut frå eit bokstaveleg bondespråk.
3. Bare når bokstaveleg tyding og tolking er vår første prioritet, kan vi ha kontroll over tolkinga og unngå misbruk av Skrifta.
Ei bokstaveleg tolking overser ikkje dei opphavelege meiningane i talemåtar, symbol, bilete og allegoriar som verkeleg finst i Bibelen.
4. Ord
a. Må granskast etymologisk
b. Må ganskast ved å samanlikna
c. Må granskast kulturelt
d. Må granskast i beslekta språk
5. Grammatikk
a. All gransking som må gjerast med ord, må også gjerast når det gjeld grammatikk
b. Forstå korleis språk blir samansett
c. Prøv å forstå syntaksen, reglar for korleis setningar blir bygd.
d. Eit vers står i samanheng til heile Bibelen.
e. Eit avsnitt står i samanheng til testamentet og boka det står i.
f. Eit avsnitt står i samanheng til setningar og avsnitt som kjem før og etter.
g. Uttrykk i eit avsnitt kan vera av lik meining som uttrykk i eit anna avsnitt.
h. Bruk kryssreferansar for å finna avsnitt som handlar om same tema. (Hebr.2 Fil.2; Rom.3 Hebr.10; 1.Kor.15 Op.20; Matt.24+25 2.Tess.2
i. Bruk kryssreferansar til parallelle stader, t.d. synoptiske evangelium
j. Sjekk kva slags språkform, litterær genre
1. Talemåtar, biletspråk: metafor, simile, hyperbole, paradoks, ironi osv.
2. Spesielle litterær genre: likningar, poesi, gåter, ordtak, allegoriar, ol.
3. Kva slags litterærform boka har: Historisk (Ap.gj), profetisk (Jesaja), poetisk (salmane).
6. Kultur, skikkar, metodar, verktøy, bygningar, institusjonar, samfunnsform og ordning o.l.
a. Det er nyttig å kjenna bibelgeografien
b. Det er nyttig å kjenna bibelens historie
c. Det er nyttig å kjenna bibelens kultur
Tekst: Erling Thu

Leave a Reply

Comments

11 responses to “Kunsten å tolka Bibelen rett!”

  1. Malene Avatar

    Du har jammen utbedra hjemmesida deres! Kjekt med bilder og farger, dette skrivet var bra! litt enklere å lese norsk enn engelsk.. fortsett det gode arbeidet! klem Malene

  2. Kåre Torbjørnsen Avatar
    Kåre Torbjørnsen

    PROFETISK FORTOLKNING KONTRA ALLEGORISK FORTOLKNING
    Ein særs interessant og lærerik artikkel over eit særs viktig tema. Underlegt at slik undervisning ikkje blir lyfta opp på talarstolen i gudstenesta.
    Eg merkar meg den klare avstandstaking til allegorisk tolkning. Eg er glad for dette standpunkt. Den allegoriske tolkning er døra inn til subjektivismesns tussmørke. Skal bibel-fortolkningen vår væra prega av sunne fortolkningsprinsipp, må denne døra væra forsvarleg lukka. Er den det?
    Spørsmålet har sin bakgrunn i modulen ”Forstå Bibelen.” Under temaet profetisk fortolkning les eg om ”Avsløring av Guds hemmeligheter- skjult i teksten.” For meg verkar dette å leita etter skjult meinig i teksten å vera påfallande likt med allegorisk tolkning. Kva er forskjellen?
    Eg ville setja pris på om du kunne klargjera korleis denne leiting etter skjult meinign i teksten i profetisk fortolkning er forsvarleg, medan leiting etter skjult meining i teksten i allegorisk tolkning er farleg og forkastleg. Eg trur eg veit svaret. Men eg ville like at du uttrykjer tankane dine om dette.
    Broderhelsing
    Kåre Torbjørnsen

  3. Erling Thu Avatar

    Hei Kåre! Takk for god tilbakemelding og eit nyttig spørsmål! Alle som går på Bergen Bibelskule får del i den undervisinga eg gjev i denne artikkelen! Eg trur at døra til allegorisk tolking av Bibelen er skikkeleg lukka i vår samanheng, men ein kan aldri fullt ut gardera seg!
    Lat meg prøva å forklara kva vi snakkar om først. Allegori kjem av gresk og tyder ”tale som ein meiner noko anna med enn det som vert sagt”. Ein allegori kan vera ei gjennomført likning, ei utvida metafor, ei biletframstilling av abstrakte omgrep i symbolsk form. Allegori er ei form for litterær framstilling der dei enkelte innhaldselementa dannar ei kjede av symbol. Om vi finn denne type litteratur i Bibelen vil det vera rett og nødvendig å tolka det i samsvar med sin opphavelege sjanger!
    Når eg seier at vi tek avstand frå allegorisk tolking, tek eg avstand frå ein praksis som er ganske utbreidd, nemleg å tolka tekstar som opphaveleg ikkje var meint å vera allegori på ein allegorisk måte. Det vil seia at ein leitar etter ei djupare meining der forfattaren ikkje meinte det skulle vera ein djupare meining – noko anna enn det som vert sagt!
    Ei såkalla typologisk tolking er heilt annleis, her ser ein korleis hendingar og personar er førebilete for oss på ulike område. Her er det ein naturleg samanheng mellom den historiske hendinga og det denne peikar fram mot. Eit døme: Dommen over verda på Noa si tid, flaumen, peikar fram mot den endelege dommen over verda. Dei gudlause går fortapt, dei rettferdige vert berga! (Sjå også kva Paulus seier i 1.Kor.10,1-11.) I Det nye testamente finn vi ofte ei typologisk (førebiletleg) tolking av ting i Det gamle testamente.
    Profetisk tolking av bibelsoga, av dei historiske hendingane i Bibelen, liknar mykje på typologisk tolking av Bibelforteljingane. Ta til dømes det du viser til: ”Profetisk fortolking avslører Guds hemmeligheter, som Gud har skjult i teksten eller de historiske fortellingene.” Modulen gjev to enkle døme, Melkisedek Hebr.7,1-22 og Amos si profeti om Edom og Israel (Ap.gj.15,13-18). Melkisedek tyder rettferds konge – denne tydinga er skjult i teksten – noko som den profetiske tolkinga gjev eit poeng av. Ei allegorisk tolking vil innebera å finna ei tyding som ikkje har noko samanheng med sjølve teksten! Himmelvid skilnad! Alle dei poenga som forfattaren til Hebrearbrevet får fram, finn han i teksten! Ei allegorisk tolking lagar sine eigne poeng utan å knyta dei til det som er skjult i sjølve teksten! Allegori er jo nettopp det at ein ”seier noko anna enn det som vert sagt”! Profetisk fortolking går til teksten for å finna kva som er sagt, kva som er gøymd i Ordet som Gud har tala! Det ville vera lurt å ikkje gjera for stort nummer av ordet ”skjult” eller ”gøymd” i denne samanhengen, men forstå kva som ligg i desse uttrykka. Vi leitar ikkje etter noko som ikkje er der, vi leitar etter det teksten verkeleg seier! Vi må for all del ikkje lesa noko inn i teksten som ikkje er der frå før! Rett utlegging av Skrifta er å forstå kva Skrifta sjølv seier og ikkje tvinga andre meiningar inn i ein tekst som ikkje er der frå før!
    Grunnleggjande for ei profetisk fortolking er trua at ”du har ikkje tolka Skrifta rett før du har handla i samsvar med det Skrifta seier! Og du kan berre handla rett om du forstår ånda i teksten!” Profetisk fortolking handlar om å gjera det Gud vil i dag! Det handlar om å leva i samsvar med Guds vilje slik denne kjem til uttrykk i Ordet! Profetisk fortolking har aldri som mål å få meiningar eller synspunkt om mange interessante ting, men målet er å hjelpa oss å leva i samsvar med Ordet! Det handlar om å gjera Guds vilje, ikkje å høyra eller lesa for å kunna leva sitt eige liv på sin eigen måte med sine eigne tolkingar og mange meiningar!
    Dei grunnleggjande spørsmåla for oss når vi tolkar Skrifta profetisk er heilt enkelt dette: Kva tyder dette for oss i dag? Kva må eg gjera for å vera på linje med dette ordet? Kva vil Gud seia oss i vår stoda gjennom dette ordet? Kva er følgjene for oss no? Skrifta fortel korleis Guds folk levde dette ut i ei anna tid, i ein annan kultur, korleis kan vi leva etter dei same prinsipp i vår tid, i vår kultur, – utan å gå på kompromiss med Guds ord, men vera trufast mot det Gud seier? Den allegoriske tolkinga er ikkje oppteken med desse spørsmålsstillingane i det heile!

  4. Leo Avatar
    Leo

    Martin luther var ekstrem på å fjerne “Allegori” fra bibelen, det at skriften skulle tolkes allegorisk. Alle vet foreksempel at en slange ikke kan snakke. Dette har selvsagt en annen betydning enn bokstavtro tolkning. Skapelsesberetningen er foreksempel formet slik du ville fortalt et barn avansert vitenskap…
    Jesus talte i lignelser og måtte forklare det for disiplene etterpå.
    http://no.wikipedia.org/wiki/Middelalderens_allegori
    Allegorien (å tale, å si noe gjennom å si noe annet) er en form for utvidet metafor hvor objekter og figurer (personer) innenfor en fortelling er lik den mening som ligger utenfor fortellingen i seg selv. De allegoriske figurer eksisterer samtidig på to meningsnivåer – den litterære, som figurer i fortellingen, og, på det symbolske nivået, der figurens mening står utenfor fortellingen i seg selv. Således representerer allegorien en dualistisk, tosidig interesse: i hendelsene, i figurene, og i scenen og stedet for fortellingen, og ikke minst i ideene som de representerer.

  5. kneewsbrieria Avatar

    人気新品 品質 良い 新作 彼ら 通常価格 すべての 優雅なリッチカジュアル 最安値価格 alden チャッカ のような リンネル スカート ピッタリ オリジナル めん スレーキ 大変 純粋な
    ちからづよい きょうしゃ いりつける ごあいさつ ねんさい なぐさめ おうしざ やくりょう オールデン サイズ しゃっきん かしつ しぼりあげる めいめい ちゃくりくそうち ぼっしょ
    カジュアル 誕生日 ビューティフル 绿色 贅沢 不可欠商品 斬新 スリッパ 最良質 大好き adidas ハイカット パジャマ パッケージ ネットワーク バックパック 素敵
    どうしょく まかふしぎ レーク アレキサンダー ひとたび ぶんこ adidas ランニングシューズ よこちょう ぶっかき それくらい しゅうもく とらのまき ぬかる ふそくふり とます インナー キャビネット こおりみず ぜんぶ

  6. GuerSquaree Avatar

    かっこいい 新作 ソフト 制服 割引 ニューバランス 1400 全て よく売れる 週末限定衝撃プライス 特性 掘り出し物 ブート 人気高級ブランド メリヤス
    こわがり しぶつら がんろう においやか ちゃつぼ ちせき ニューバランス 人気 さくりゃく アイスバーン もくせいひん くびれる あのね しずまりかえる みょうあさ すけっと こうなん
    夫 良い品質 最新登場 ピュア 魅力 アディダス シューズ ファイン 素晴らしい新品種類 安値 スーツ 大 销售快 真皮 クラッチ
    いきだおれ ころり ぼくちょく ファースト クラス ばっそん くにべつ アディダス adidas りょうみ じゅくすい せめあぐむ きゃくたい むほん しゃなりしゃなり きげん はしわたし きざみ

  7. kitchen ninja Avatar

    Itˇs really a nice and helpful piece of info. Iˇm glad that you shared this useful info with us. Please stay us up to date like this. Thanks for sharing.
    kitchen ninja http://fi.caravanwiki.com/index.php?title=User_talk:verlagu66

  8. ninja food Avatar

    Useful information. Fortunate me I discovered your site by chance, and I am surprised why this coincidence didn’t happened earlier! I bookmarked it.
    ninja food http://www.nutwiisystem.com/forum/index.php?a=member&m=89753

  9. merttkff Avatar

    Банерообменная сеть Metriz – это бесплатный генератор рекламмы для Вашего товара и сайта на metriz.ru. Наша реклама транслируется на сотнях досках объявлений. Free a tizernyj network Metriz.ru. Free transitions. Free promotion of a site. Point.

  10. Ragmagync Avatar

    fitflop
    fitflop sale
    fitflops australia
    In relation to Sheriff Thompson great contract as to cooking court police arrest warrants, Profiled with the June 2 scoops file, “Vibrant set of legal issues, Spewing in doorways really works as a undoubtedly way to raise the degree of physical assault. Have you tried arresting or amount the defendant at your workplace or at the shop items? I guess all of often the very parking area. The teachings you discovered as soon as the Stewart recording is generally to activate inside.
    As such fitflops australia Spend Less Looking good does not mean you have to spend a fortune Find great prices from around the web for Fitflops Compare offers from different sites
    welcome to Authenticfitflop uk shoes provider. We offer wholesale price, original
    The manufacturers of these fitflop sandals online know that they have a huge population to cater
    you may also like:

  11. ninja master prep pro Avatar

    I do believe all the concepts you’ve presented in your post. They are very convincing and can definitely work. Still, the posts are too quick for newbies. Could you please prolong them a bit from next time? Thank you for the post.

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading