Å leva i Guds nærvær

Heile kristenlivet handlar om å leva nær Gud, om å leva med Gud i kvardagen. Det handlar om å stiga fram for Gud og oppleva hans nærvær. Salme 139 viser oss klårt og tydeleg at Guds nærvær kan opplevast alle stader. Vi kan ikkje gøyma oss for Gud, vi kan ikkje rømma for Gud. Han omgjer oss alle stader. Uansett kva stoda vi er i, om vi har medgang eller motgang, Gud er der. Han er oss alltid nær, jamvel når vi ikkje ser han eller kjenner hans nærvær, så er han der. Dette er for stort til å fatta, men likevel er det sant, Gud er nær og han kan opplevast!

Vi kan samanlikna det med musikken som fyller lufta, atmosfæren vi ferdast i. Vi kan ikkje høyra musikken med øyrene våre. Men det finnest ein måte å høyra musikken på. Vi treng ein mottakar som kan fanga inn radiobølgjene. V treng ein mottakar som er innstilt på rette bølgjelengde, på den rette stasjonen, så vi kan ta imot den nydelege musikken! Dersom vi skruer radioen høgt opp, kan andre også høyra musikken. Er vi fleire som ber radioen med oss og som er innstilt på same stasjon, vil vi kunna fylla miljøet vi ferdast i med musikk. Då kan andre høyra musikken gjennom deg og vennene dine.
Musikken er der heile tida, jamvel om vi ikkje har ein mottakar! Slik er det med Guds nærvær og. Gud fyller heile universet! Han har gjeve oss ein mottakar som vi kan ta i bruk, så vi kan høyra hans røyst, sjå hans gjerningar og kjenna hans nærvær. Når det er mange av oss som er innstilt på same Jesu bølgjelengde, og tek imot av Den Heilage Ande, så vil det skapast ei kjensle av Guds nærvær. Då vil til og med vantruande og utanforståande menneske merka og kjenna at Gud er mellom oss.
Gud ønskjer å bu med sitt nærvær mellom oss (Sal.132,12-18). Han lengtar etter ein kvilestad mellom menneske som elskar han. Han ønskjer ein bustad kor han kan vera heime, kor han kan dela sine løyndomar med sine fortrulege venner (Sal.25,14). Når vi les i Johannes Openbaring om fullendinga og endemålet for alt Gud gjer, ser vi at det er knyta til dette at Guds bustad skal vera hjå menneska. Då skal dei første tinga ikkje vera meir, då er det slutt på sjukdom og død, då tørkest alle tårer bort og all sorg får ein ende, – når Gud bur mellom sitt folk! Men dette er framleis framtid, kva med dagen i dag?
Gud seier at han bur i det høge og heilage (Jes.57,15). Han er så stor at heile universet ikkje kan romma han. ”Kva slag hus kan de byggja åt meg, kva bustad kan de gje meg?” (Jes.66,1) Kan vi byggja eit hus for Gud? Kan Gud bu mellom menneske i dag? Ja, seier Herren, det finnest menneske eg vil bu hjå og vera nær! (sjå Jes.66,2; 57,15) Det finnest menneske han vil kjenna seg heime hjå!
Kven kan bu i Guds nærvær? Kven kan bu der Gud bur? Kven får stiga fram for Gud? Kven får stå i hans råd? Det er viktige spørsmål som vi treng å finna svar på. Dette er det Guds ord seier mellom anna:
– dei som er knust og nedbøygd i ånda (Jes.57,15)
– dei med reine hender, lepper og hjarte (24,4-6)
– dei ærlege (Sal.140,13)
– dei som er heile i si ferd (Sal.15,2)
– dei som er knust og skjelv for Guds ord (Jes.66,2 Sal.34,19)
Det er snakk om å vera ærleg, heil, gudeleg, – å vera eit menneske med integritet. Når vi legg dei guddommelege måla på oss, vil vi verta knuste og skjelva, for kven fyller krava fullt ut? Når vi les om å vera reine og heile, kjenner vi på at vi kjem til kort. Vi kjenner oss skjelvande og knuste, vi kan ikkje leva opp til Guds standard. Då kjem Herren oss i møte med sin nåde og famnar oss i sin trufaste paktskjærleik og syner oss miskunn! Han seier til oss: ”Eg ser i nåde til deg, du skal få bu der eg bur! Du skal få koma nær meg!” Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke får nåde!
Guds nærvær hjelper oss å fullføra
Bare når Guds nærvær er med oss kan vi lukkast med å fullføra Guds plan (2.Mos.33,14-15). Det er bare når Guds nærvær kan opplevast i gruppesamlingane og i gudstenestene at det er meiningsfullt å koma saman. Det er bare meiningsfullt å vera der Gud er og kan opplevast! Vi syng i ein song: Tett ved ditt bankande hjarta kan eg få lov å koma og i dine kjærlege armar er det nåde å få. Når vi opplever dette kan vi seia, å det var godt eg kom i dag, det er godt å vera saman med Guds folk for der får eg oppleva Gud, der får eg ta imot av hans nåde. Det er bare når vi lever i dette nærværet av Gud at vi vil lukkast i det vi gjer.
Moses forstod dette. Han vart ganske motlaus over folket og han seier til Herren: Det er bare om du går med oss, det er bare om ditt nærvær kjem med oss, at eg vil gå vidare! Då svara Herren han og seier at han sjølv vil gå med, hans nærvær ville vera med dei. Moses visste at han ikkje med eigen kløkt eller styrke kunne gjera det Gud hadde kalla han til å gjera. Han kunne ikkje fullføra Guds plan utan at Gud sjølv var med han med sitt nærvær.
Guds nærvær er vårt trygge vern
Guds nærvær er vårt trygge vern midt i kvardagens vanskar og motgangar. Han løyner oss i livd av sitt åsyn for menneske som fer med svik og list. Han gøymer oss i si hytte mot åtak frå vonde tunger. Han høyrer våre rop om hjelp og vernar oss (sjå Sal.31,20-25). Guds nærvær er vårt tryggaste vern. Han løyner oss i sitt nærvær, så fienden ikkje finn oss eller kan skada oss. Salmisten seier dette medan han er kringsett av fiendar og står midt i store vanskar, men likevel kjenner han seg trygg. Guds nærvær er eit sterkt vern. Til og med når han følte seg bortstøytt og åleine, så var Gud der hjå han likevel og berga han! Guds ord seier, at til og med når vi ikkje ser han eller kjenner hans nærvær, så er han der!
Guds nærvær forandrar alt
Når Guds værvær kjem, skapest store endringar i oss og rundt oss. Dette skildrar salmisten på denne måten:
Då du drog ut framfor folket ditt, Gud, og skreid fram gjennom øydemarka, då riste jorda, og himmelen draup for Gud på Sinai, for Herren, Israels Gud. Du let regnet strøyma, Gud, ditt arveland som var turka ut, gav du atter liv. (Sal.68,8-9)
Når Herren kjem, får det som er turt og daudt nytt liv! Når Herren kjem, vert det som er stort, stolt og hardt smelta ned. Når Herren kjem vert alt forandra, – rundt oss og i oss! Når Herren kjem, gjer han det hardaste fjell til ei kjelde av velsigning (Sal.114,7-8).
Guds nærvær spreier fiendane
Gud reiser seg, og hans fiendar vert spreidde; dei som hatar han, rømer for hans åsyn. Du driv dei bort som røyk. Dei gudlause går til grunne for Guds åsyn, lik voks som brånar for elden. (Sal.68,2-3)
Menneske kan ikkje stå seg mot Guds nærvær. Enten må dei rømma, eller så må dei bøya seg ned og tilbe. Dei rettferdige frydar seg i Guds nærvær, for der er dei trygge, men gudlause menneske kan ikkje verta ståande i Guds nærvær. Det er dette Paulus understreker i brevet til korintarane, at når utanforståande kjem på samlingar kor Guds nærvær er så sterkt at mange talar profetisk, då vil dei verta avslørt og innsjå at Gud er mellom sitt folk. Dei vil då falla på kne og ropa til Gud om frelse! (sjå 1.Kor.14,25).
I første Samuelsbok har vi ei forteljing som illustrerer dette på ein god måte. David har rømt frå Saul og er komen til Samuel i Rama. Her er han saman med dei andre profetane i profetisk glød, dei opplever Guds nærvær og velsigning. Då kjem Sauls soldatar for å ta David til fange og føra han tilbake til Saul. Når soldatane såg profetflokken og Samuel som stod framføre dei, kom Herrens Ande over dei og dei vart gripne av profetisk glød dei òg. Tre gonger hendte dette. Guds nærvær var så sterkt at soldatane ikkje greidde utføra oppdraget sitt. Guds nærvær vart Davids trygge vern og skjold! Liknande ting hender i vår tid også.
Guds nærvær kan opplevast i dag
– Gjennom Ordet kjem Guds nærvær til oss (5.mos.33,3).
Gud elskar sitt folk. Dei er i hans hender, dei set seg ved hans føter og tek imot av hans ord. Dette med Guds nærvær har med å ta imot Ordet, tru Ordet og bekjenna Ordet. Det er å handla på Ordet. ”Herre, du har sagt: Søk mitt åsyn! Herre, no søkjer eg ditt åsyn! (Sal.27,8). ”Herre, eg tek deg på ordet!” Når vi tek imot Ordet, trur ordet, vil vi oppleva at Guds nærvær er der, at Guds frelse er hjå oss. Maria sat ved Jesu føter og tok imot hans ord. Ho hadde valt det einaste nødvendige! Ho prioriterte rett! Vi treng å gjera dette kvar einaste dag, setja oss ved Jesu føter og ta imot Ordet. Guds nærvæ
r kjem til oss gjennom Ordet!
– I bønnefellesskapet med Gud opplever vi Guds nærvær.
Vi stig fram for Gud slik det er skildra i Hebr.10,19-22, med frimod i Jesu blod, med eit ærleg hjarta, full visse i trua, eit hjarta som er reinsa for eit vondt samvit og ein lekam som er vaska i reint vatn.
I Sal.145,18 står det at Herren er nær hjå alle som ærleg kallar på han. Gud er ikkje langt borte. Det er ikkje slik at vi må fara opp for å prøva å få han ned til oss, eller fara ned for å prøva å få han opp til oss. Dette har ikkje noko med kav, strev eller menneskelege prestasjonar å gjera. Nei, det er heilt enkelt slik at Gud er oss nær. Han er i munnen vår, i bønnene våre. Han er i hjarta vårt, i trua og forventingane våre. Når vi trur at han har overvunne døden og er Herre over alt, vil bønnene våre verta til frelse! Han er ikkje langt borte, – bare ei bønn og du er i hans nærvær!
– I det kristne fellesskapet opplever vi Guds nærvær (Matt.18,20).
Der kor to eller tre er samla i Jesu namn, der er han sjølv midt i mellom dei! Gud bur hjå sitt folk! Difor må vi ikkje halda oss borte når kyrkjelyden samlast, for då går vi glipp av Guds nærvær (Hebr.10,25). Vi kan alle oppleva Gud åleine, men vi treng å koma saman med Guds folk og oppleva hans nærvær saman. Det er rikt og godt å oppleva Gud i fellesskapet i trua vår og styrka kvarandre.
– Gjennom jubel og lovsong går vi inn i Guds nærvær når vi kjem saman.
Det er den rette måte å koma fram for Gud på, seier Salme 95,2 og 100,4. Her står det om å stiga fram for Gud, å koma inn i Guds nærvær med jubel, takk, lovsong.
– Guds nærvær fyller oss med glede (Sal.16,11; 21,7).
Det er slik at når vi kjem fram for Gud på rett måte, med glede, då vert vi endå gladare i Guds nærvær. Då vert vi fylte med endå større takk. Det er fullt av glede i Guds nærvær! Når vi er reinsa i Jesu blod og lever i tilgjeving, då er det så godt å vera for Guds åsyn. Då er det inga fordøming, men bare takk og glede for Guds store nåde. Herren fyller oss med glede, når han er nær.
– Forfrisking og fornying kjem frå Guds nærvær (Ap.gj.3,20 eng.).
Det er ei herleg forfrisking i Guds nærvær. Det er ikkje bare slik at dette har med visse fornyingstider og åndelege sesongar, men når vi er for Guds åsyn, når vi er i Guds nærvær, då vert vi forfriska.
Difor er det tid til å leva i dagleg fornying og forfrisking! Det er tid i dag til å ha ei ny berøring av Gud og la ting i oss smelta og verta endra. Det er tid i dag til å oppleva Guds nærvær! Då vil han minna oss på oppdraget vårt:
Vårt oppdrag er å føra Guds nærvær ut til menneske rundt oss
Å vera nære Gud gjer at vi vågar å vera nær våre medmenneske. Når vi har sett oss sjølv i Guds lys og våga å stå i Den Heilage Guds nærvær, kan vi våga å sjå alle menneske inn i augo utan å skjemmast. Når vi har opplevd å koma inn i Guds heilage nærleik, vil vi ikkje vera redd for å vera oss sjølv i lag med andre menneske. Så mykje av det menneskelege fellesskapet og måten å vera saman på, er svært overflatisk. Vi kan vera saman med mange menneske, utan verkeleg å læra kvarandre å kjenna, utan verkeleg å møtast.
Om vi skal kunna formidla Guds nærvær til andre menneske må vi våga å vera opne, ærlege og sårbare i vårt nærvær hjå menneske i deira stoda på godt og vondt. I vår materialistiske verden med alle sine tekniske oppfinningar som gjer livet lettare og som burde gjera menneskeleg kommunikasjon lettare, finn vi fleire einsame menneske enn nokon gong før. Difor finn vi at folk ropar på nærleik, dei nærmast skrik etter nokon som verkeleg bryr seg, dei leitar etter ekte medmenneske. Samstundes er dei redde for nettopp dette dei lengtar etter! Menneske som kjenner Gud, – han som vart menneske, vil ikkje vera redd for å gjera seg til eitt med sine medmenneske, – å vera til stades i deira kvardag med Guds nærvær.
I vår naturlege omgang med andre menneske kan vi ope fortelja om kva Gud talar til oss og gjer i våre liv. Det er å vitna om Guds nåde, om tvil og tru, om tilgjeving og gjenreising. Det er å fortelja om Guds truskap og miskunn mot oss, jamvel om vi ikkje har fortent det. Dei fleste av oss er ikkje så vellukka som vi likar å tru eller å visa fram, men vi kjem til kort, vi møter stadig nye utfordringar som krev endring i haldning og veremåte. Når vi er opne og let andre menneske sjå kva vi strevar med, let dei få sjå kva Gud gjer i livet vårt, vil vi kunna føra dei inn i Guds nærvær. Når vi let andre menneske sjå kva Guds nåde og miskunn gjer i livet vårt, vil dei verta overvelda av det guddommelege nærvær og dei vil kunna møta Gud gjennom oss.
Difor må vi ikkje vera trege til å tilby oss å be for folk når vi ser at dei har ting dei slit med. Vi skulle vera kvikke til å leggja hendene på folk som er sjuke for å be for dei så dei kan verta lækte. Vi skulle alltid har eit ope øyra så Gud kan tala til oss når vi er saman med andre. Har vi høyrt frå Gud må vi ikkje halda noko tilbake, men tala Guds ord inn i deira stode. Når vi lever slik at vi er vare både for menneske si stode og for Guds tale, vil vi kunna hjelpa menneske til å oppleva Gud. Då vil Gud gje oss syner, bilete som kan vera til stor hjelp for dei vi er i lag med.
Ein god venn av meg, Arne, ser syner og får underlege bilete, både i tide og utide, slik Guds ord seier vi skal vera budde for. Han er ikkje redd for å dumma seg ut og har difor vore til stor hjelp for mange menneske. Ein dag såg han ein halv kleshengar og ei dame som prøvde å hengja nokre klede på han. Ho lukkast sjølvsagt ikkje. Alle kleda ho hengde på denne kleshengaren datt av. Arne stussa litt av dette synet og undrast på kva det skulle tyda. Då synte Herren han ei kvinne og sa til han at denne kvinna hadde det slik. Ingenting i livet hennar hong i hop fordi ho ikkje hadde teke imot Jesus. Jesus var den andre halvdelen av hengjaren som ville gjera at ting hong i hop og at ho ville finna samanheng og meining i livet. Arne tok nokså snart kontakt med denne kvinna (som han aldri hadde møtt før) og fortalde henne kva han hadde sett. Ho stokk til då han fortalde om synet av denne halve kleshengjaren og fortalde med undring at ho nettopp hadde sagt til seg sjølv at det var slik ho hadde det. Livet hennar var som ein halv kleshengjar, ingenting ville hengja i hop. Etter at Arne hadde fortald henne om synet sitt, var ho vidopen for å høyra om Jesus. Ho gav seg over til Herren og fann meining og samanheng. I dag lever ho eit meiningsfullt liv saman med Jesus.
For ei tid sidan opplevde vi noko vi kalla for tider med forfrisking. Mange av oss fekk oppleva Guds velsigning og nærvær på nye måtar gjennom det Gud gjorde mellom oss på den tida. Det har stilna noko med dei uvanlege manifestasjonane, men eg trur at det framleis er tid til å leva i Guds forfriskande velsigning. Tider med forfrisking er tider kor Guds folk søkjer Gud og går inn i hans nærvær for å kunna gå ut or velsigna andre. Gud braut inn mellom oss på måtar som eg i alle høve ikkje i utgangspunktet tykte noko om, men det han gjorde i mitt liv gjennom dette var både godt og naudsynt.
Eg er overtydd om at vi som Guds folk heile tida treng å leva i fornying eller forfrisking så vi ikkje stivnar fast i gamle veremåtar og avgrensar Gud og hans gjerning i livet vårt. For meg og for fellesskapet eg er ein del av førte denne forfriskinga til at vi fekk augo opna for nauda hjå menneska rundt oss. Gud fekk vekt oss opp for det ansvar vi har for verda rundt oss, at vi må hjelpa menneske til å oppleva frelse. Forfriskinga sette i gang ein grundig snuoperasjon for heile fellesskapet vårt og no tek vi til å nyta fruktene av det ved at nye folk stadig vert frelste, både i og utanom samlingane våre.
Vi har lært noko denne tida som vi sjølvsagt visste frå før. Vi har opplevd sanninga i Jesu ord om at det er sælare å gje enn å få (Ap.gj.20,35). På ny har
dette ordet om at han som forfriskar andre vert sjølv forfriska (Ord.11,25), vorte røyndom for oss. Alt Gud har gjort for oss, ønskjer han å gjera for alle menneske. Ingenting av det vi har fått har vi rett til å halda for oss sjølve. Det er bare når vi gjev vidare til andre menneske det Gud har gjeve oss at vi kan leva i velsigning og åndeleg utvikling.

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading