Kva Guds ord seier om dei siste tider

Vi vil i denne artikkelen sjå på noko av det Bibelen seier om dei siste tider. Det vil nok ikkje verta ein heil fullstendig oversikt, det vil krevja for stor plass, men vi vil ta med ting som har samanheng med det vi har skrive om dei siste dagane.

Tider med fornying og forfrisking
Men på denne måten oppfylte Gud det han føreåt hadde late alle profetane forkynna, at hans Messias skulle lida. Gjer difor bot og vend om, så syndene dykkar kan verta utstrokne. Då skal det koma tider med lindring og trøyst frå Herren, og han skal senda den Messias som er etla åt dykk, Jesus (Ap.gj.3,18-20).
Dette er eit utdrag av Peter sin tale til dei israelittane som undrast over det under som den lame mannen ved Fagerporten fekk oppleva ved trua på Jesu namn. Peter forkynner frimodig at jødane drap livsens Hovding, men Gud reiste han opp att frå dei døde. Dette var ei oppfylling av det profetiske ordet, seier han. Så held han fram med å seia at dei må tenkja annleis enn dei har gjort og venda om, så dei kan få sine synder utstrokne. Då skal det koma tider med fornying og forfrisking frå Herrens åsyn og så kan han senda Jesus Messias tilbake til jorda att.
Det Guds ord her seier er heilt enkelt at før Jesus kjem attende, kjem det til å vera tider med lindring og trøyst, tider med fornying og forfrisking, tider kor jødar og heidningar vender om og får sine synder tilgjevne.
Tider med gjenreising
Han lyt vera i himmelen til den tid kjem då det skal atterreisast, alt det som Gud har tala om frå eldgamle dagar gjennom dei heilage profetane sine (Ap.gj.3,21).
Her seier Guds ord klårt og tydeleg at Jesus må vera i himmelen til alle ting profetane har tala om vert gjenreist. Alle profetane frå Samuel av har tala om denne gjenreisingstida (Ap.gj.3,24). Jesus kom for å setja alle ting i rett skikk og gjennom sin død og si oppstode la han grunnlaget for ei fullending av alt profetane har tala om.
Når vi les profetane finn vi at denne gjenreisingstanken gjennomsyrer mest alt dei seier jamvel om ikkje ordet gjenreising kjem fram like godt i dei norske bibelomsetjingane som i andre. For å forstå denne gjenreisinga som profetane tala om vil det hjelpa oss å ta med eit ord av Jesus: ”Riv ned dette templet, og eg skal reisa det opp att på tre dagar” (Joh.2,19). Jødane vart jo frå seg av harme ved denne for dei urimelege påstanden. Det var først etter Jesu oppstode at læresveinane kom i hug kva han hadde sagt og forstod kva han meinte med det han sa. Det templet han tala om, var lekamen hans! Etter oppstoda trudde læresveinane Skrifta og det ordet Jesus hadde sagt!
Mange av profetane talar om at templet skal gjenreisast, at prestetenesta skal koma i rett skikk, at heilage offer som er til glede og hugnad for Gud skal berast fram. Profetane talar om Davids kongsstol som skal gjenreisast og om Davids Son som skal vera konge, om Den Rettferdige Renning som skal byggja Herrens tempel og som skal vera både konge og prest (Sak.6,12-13). I dei dagar skal Herren gjenreisa dommarar og rådgjevarar som i den første tid og Guds by skal kallast Rettferdsby og Truskapsstad (Jes.1,26). Når profeten Jesaja skildrar resultatet av denne gjenreisinga, teiknar han eit strålande bilete av kristendommens framgang i dei siste tider:
I dei siste dagar skal det henda at Herrens tempelberg skal stå
grunnfest høgt over alle fjell og lyfta seg opp over haugane.
Dit skal alle folkeslag strøyma. Mange folk skal gå av stad og seia:
"Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud,
så han kan læra oss sine vegar, og vi kan ferdast på hans stigar!
For frå Sion skal lovlære gå ut, og Herrens ord frå Jerusalem." (Jes.2,2-3)

I dei siste dagane skal alle folkeslag strøyma til Guds hus for å høyra Herrens ord. Dei ser det gode livet som levest ut mellom Guds folk og ønskjer å læra å leva på same vis. Når Guds lov vert halden av hans paktsfolk, vil folket hans vera lik ein strålande by på eit fjell. Lyset kan ikkje døljast, folkeslaga vil sjå dei gode gjerningane og prisa Gud den dagen han gjestar folket sitt.
Profeten Amos seier det same, at gjenreisinga vil føra til at heile folkeslag søkjer Herren for frelse. Han talar om at Davids falne hytte (telt) skal reisast opp att slik at mange folkeslag kan verta frelste (sjå Am.9,11-12). På apostelmøtet i Jerusalem vert dette avsnittet sitert som ei skildring på det som hadde teke til å henda gjennom både Peter og Paulus si forkynnargjerning mellom heidningane (Ap.gj.15,16-18), men som endå ikkje var fullenda. Denne gjenreising som alt var i gang, skulle føra til at alle andre menneske skulle søkja Herren, ja alle folkeslag som Herrens namn er nemnt over. Dette er noko som Herren sjølv skal gjera!
Frå den måten apostlane bruker ord frå Det gamle testamentet og siterer profetiar om gjenreising, kan vi slå fast at det har med dette å gjera at mange menneske skal verta frelste, at evangeliet skal gå sin sigersgang over verda. Gjenreising inneber at menneske skal verta gjenreist frå sin falne tilstand til sin rette plass i forhold til Gud og hans plan. Det inneber å bøya seg for Jesu Herredøme og å leva etter Guds ord og lov. Det er at Guds rike får koma og Guds vilje får råda på jorda slik at alt kjem i rett skikk i samsvar med profetorda. I dei siste tider skal alt verta gjenreist slik profetane har sagt. Jesu atterkome vil føra med seg den fullstendige fullending av denne gjenreising.
Tider med innhausting
Han svara: "Den som sår det gode kornet, er Menneskesonen. Åkeren er verda. Det gode kornet er dei som eig heime i riket, og ugraset er dei som høyrer den vonde til. Uvenen som sådde ugraset, er djevelen. Skurden er enden på verda; skurdfolket er englane. Liksom ugraset vert sanka saman og brent, såleis skal det gå når enden på verda kjem: Menneskesonen skal senda ut englane sine, og dei skal sanka saman og ta ut or riket hans alt som fører til fall og alle som gjer urett, og kasta dei i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner. Då skal dei rettferdige skina som sola i riket åt Far sin. Den som har øyro, han høyre! (Matt. 13,37-43)
Dette er Jesu eiga forklaring av likninga om ugraset i kveiten. Det er nokre enkle ting som er verdt å merka seg i denne likninga og den forklaringa Jesus gav oss. For det første seier Jesus at verda er ein kveiteåker som ein fiende har sått ugras i. Det er verdt å merka seg dette at verda ikkje er en ugrasåker med litt kveite i. Det er også verdt å merka seg at enden på verda eller enden på tidsalderen er kalla skurdonn, tid med innhausting. Det er også ut til at det i denne endetids innhausting kjem til å vera meir kveite enn ugras!
Både likninga om sennepsfrøet og likninga om surdeigen understrekar denne forståing. Himmelriket tek til som eit lite frø, men når det har vakse opp, er det større enn andre. Gud tek ofte til i det små, men fullendar altid stort og herleg! Himmelriket er som ein surdeig som vart lagd i tre mål mjøl til alt i hop var syrt. Guds rike har ein samfunnsforvandlande kraft i seg som gjer si gjerning i det usynlege, men som til slutt vil gjennomsyra alt! Det er vår enkle tru at dette vil verta meir og meir synleg i dei siste tider.
”For jorda skal fyllast med kunnskap om Herrens herlegdom, liksom vatnet dekkjer havsens botn” (Hab.2,14).
”Og alle menneske skal sjå Guds frelse” (Luk3,6)
”Så skal de vita at denne Guds frelse er send til folkeslaga. Og dei kjem til å høyra” (Ap.gj.28,28).
”Sjå, min tenar som eg stør, min utvalde som eg har hugnad i! Eg har lagt min Ande på han, retten skal han føra ut til folka. … Han skal ikkje trøytna og ikkje bryta saman før han har breitt ut retten på jorda. Øyar og strender ventar på hans lære” (Jes.42,1,4)
Tider med utrenning av Den Heilage Ande
”I dei siste dagar skal det henda, seier Gud, at eg renner ut min Ande over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord, dei unge mennene skal sjå syner, og dei gamle mellom dykk skal ha draumar. Jamvel over trælane og trælkvinnene mine vil eg renna ut min Ande i dei dagar, og dei skal tala profetisk. …. Og kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst. (Apgj.2,17,18,21)
Det er apostelen Peter som siterer profeten Joel som ei forklaring på det dei første kristne opplevde på pinsedag. Sidan denne pinsedagen har Den Heilage Ande vore til stades og vore verksam på jorda på ein heilt ny måte enn før dette hendte. Likevel er det ei svært utbreidd forståing som det er stor semje om i evangeliske kretsar at Joelprofetien skildrar noko som skal gå føre seg heilt til den siste dag. Heile tida frå første pinsedag fram til Jesus kjem att vert kalla dei siste tider og det vil vera ei tid som er sermerkt av at Den Heilage Ande vert rent ut over alle slag menneske, så dei vil kalla på Herrens namn og finna frelse!
Tider med motstand og vanskelege folk
Du skal vita at i dei siste dagane skal det koma tunge tider. Då skal folk vera eigenkjærlege og pengekjære, skrytande, hovmodige, spottsame, ulydige mot foreldre, utakksame og utan age for det heilage, ukjærlege og uforsonlege, baktalande og utan sjølvtøyming, råe, likesæle om det gode, svikefulle, oppfarande og store i seg sjølve. Dei elskar lystene sine meir enn Gud. Dei har skin av gudlegdom, men fornektar hans kraft. Vend deg bort frå slike folk! (2.Tim.3,1-5)
Så sa han til meg: "Set ikkje segl for dei profetiske orda i denne boka! For tida er nær. Lat den som gjer urett, halda fram med å gjera urett, og den ureine halda fram med å vera urein! Lat den rettferdige gjera det som er rett, og den heilage halda fram i helging”. (Op.22,10-11)
Det er tydeleg at den store framgang som evangeliet har i dei siste tider vil skapa skarpe skilje mellom dei som trur og dei som ikkje trur. Vi ser det i dag i alle dei land kor evangeliet går fram og mange menneske vert kristne. Det vert motstand og forfølging frå den gamle etablerte religionen eller rådande livssynet.
Det verkar og slik å forstå frå desse bibelorda vi har sitert at utviklinga i verda vil verta slik at vondskapen skal verta verre samstundes som rettferd og heilagdom aukar hjå dei frelste! Endetida vil verta ei tid med store motsetningar. Det vil vera tungt å leva rett fordi folk skal vera så eigenkjærlege og pengekjære, skrytande, hovmodige, spottsame, ulydige mot foreldre, utakksame og utan age for det heilage, ukjærlege og uforsonlege, baktalande og utan sjølvtøyming, råe, likesæle om det gode, svikefulle, oppfarande og store i seg sjølve. Det er skræmande å sjå at denne utviklinga er i full gang i folket vårt! Folk elskar lystene sine meir enn Gud! Dei har skin av gudlegdom, men fornektar hans kraft.
Det gode er at denne utviklinga ikkje skal ta overhand, men få sin ende (2.Tim.3,9). Likevel vil vi ikkje underslå desse åtvaringane frå Guds ord om at dei siste tider også kjem til å vera vanskelege tider. Ugraset i åkeren vil mognast saman med kornet og vil prøva å kvela det, men verda kjem likevel til å vera ein kveiteåker med ugras i og ikkje omvendt.
Tider med einskap og mognad
Apostelen Paulus gjer det i sitt brev til efesarane klart at dei femfaldige tenestegåvene som den herleggjorde Kristus gav til oss er nødvendige for å gjera alle dei heilage fullt dugelege til teneste. Formålet med at alle skal tena er at Kristi lekam kan byggjast opp, at vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad (Ef.4,12-13).
Frå dette avsnittet kan vi heilt klart trekkja den slutninga at dette
må oppfyllast før Jesus kjem attende. Difor kan vi venta at dei siste tider skal verta sermerka av denne utviklinga. Kristi lekam skal byggjast opp, det har samanheng med det vi tidlegare har sett på om gjenreising og fullending av Guds plan. Når Kristi lekam vert oppbygd, vil dei kristne nå fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han. Det er verdt å merka seg at denne einskapen har både med tru og oppleving å gjera, det har med lære og med personleg røyndom å gjera. Det er ikkje ein teoretisk einskap, men ein einskap som kviler på ei sams tru og same personlege kjennskap til Jesus Kristus.
Dette samsvarer med den bønna som Jesus sjølv bad:
Eg bed ikkje bare for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. Eg bed at dei alle må vera eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. Eg har gjeve dei den herlegdomen du har gjeve meg, så dei skal vera eitt liksom vi er eitt: eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei liksom du har elska meg. (Joh.17,20-23)
Jesus bed om ein synleg einskap som vil gjera at verda kjem til tru. Det er ikkje ein organisatorisk einskap han bed om, men ein organisk einskap. Jesus bed om at dei som gjennom apostlane sitt ord kjem til tru på han må vera eitt på same måte som Faderen og Sonen er eitt. ”Liksom du Far, er i meg og eg er i deg, slik skal dei òg vera i oss”. ”Så dei heilt og fullt kan vera eitt”. Då skal verda tru og skjøna at Jesus er sendt av Faderen til frelse for verda.
Det er til hugnad for Herren at vi arbeider for å fremja denne einskapen og synleggjera han for verda. Når eg ser tilbake til mi første tid som omreisande forkynnar og samanliknar forholda mellom dei kristne då og no, ser eg stor skilnad – til det betre! Det er mi tru at denne utviklinga vil halda fram, heilt enkelt fordi Jesu bønn skal oppfyllast før dei siste tider er over og han kjem attende.
Tider kor Israelsfolket skal venda om
I Romarbrevet skriv apostelen Paulus om sitt hjartans ønskje og bønn til Gud om at hans landsmenn må verta frelste. Han gjer det klart at det ikkje er naturleg nedætting som gjer nokon til Guds born. Det er bare dei som er born etter lovnaden, som er fødde av Anden, som skal reknast som Abrahams born. Slik var det før i den gamle pakta og slik er det og i den nye. Er det då slik at Gud har støtt frå seg Israelsfolket og erstatta det med eit nytt folk, – menigheten? Langt ifrå, seier Paulus, han var jo sjølv jøde og fleirtalet av dei første kristne var jødar!
Det som hendte var at deira fall førte til at frelsa kom til dei andre folka, og så skulle jødane verta misunnelege på dei. Deira fall vart til rikdom for dei andre folka, kor mykje meir får det ikkje då å seia at dei kjem med i fullt tal? Når dei vender om og vert godtekne, vil det føra til liv av døde! Forherding har kome over ein del av Israel til dess folkeslaga er komne inn i fullt tal. På den måten skal heile Israel verta frelst (Rom.11,11-15, 25-26).
Gjennom det Paulus skriv i Rom.11 kjem det fram at han ventar ei stor innhausting av israelittar som i dei siste tider vil koma til tru på Jesus Kristus. Når jødane vender om og vert kristne, vil det føra til ny misjonsiver og ei endå større innhausting av heidningar. Dette gjer det spennande å forkynna evangeliet om Jesus Kristus for jødar kor dei enn bur, for vi kan venta at dei vender seg til Gud og finn frelse i hopetal i denne tida!
I di ætt skal alle folk på jorda velsignast
Dette var Guds lovnad til Abraham. Ætta hans skulle verta så tallaus som stjernene på himmelen og like uteljande som sanden på stranda! Han skulle verta far til mange folk og arva heile verda (Rom.4,13). Det er slike perspektiv på det Gud lova Abraham at vi kan mista pusten! Ætta hans skal verta som støvet på jorda og alle familiar på jorda skal verta velsigna i han og hans ætt (1.Mos.28,14).
Når vi kjem til Det nye testamente får vi desse orda forklarte på ein enkel måte og det vil svara seg for oss å halda oss til desse apostoliske utleggingane! Apostelen Paulus seier at Abrahams ætt, som skulle vera til velsigning for alle familiar på jorda, er Jesus Kristus og han åleine (Gal.3,16)! Den velsigninga som Gud lova Abraham at alle folkeslag skulle få del i, var at dei ved trua på Jesus Kristus skulle få den Heilage Ande (Gal.3,14)! Dette er grensesprengjande tankar! Gjennom Jesus Kristus står alle menneske like for Gud. Ved trua på han vert vi Guds barn og i dåpen ikler vi oss Kristus. Alle som høyrer Kristus til, er Abrahams ætt, arvingar etter lovnaden! Alt det Gud lova Abraham, har vi som høyrer Kristus til, vorte arvingar til! Vi er kalla til å arva velsigning og vera til velsigning for alle menneske!
De er alle Guds born ved trua på Kristus Jesus. For de, så mange som er døypte til Kristus, har ikledt dykk Kristus. Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje træl eller fri, her er ikkje mann eller kvinne; de er alle ein i Kristus Jesus. Og høyrer de Kristus til, er de Abrahams ætt, arvingar etter lovnaden. (Gal.3,26-29)
"Eg sver ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte einaste son din, skal eg storleg velsigna deg og gjera ætta di tallaus som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Etterkomarane dine skal ta byane frå sine fiendar, og i di ætt skal alle folk på jorda velsignast, fordi du lydde mitt ord." (1.Mos.22,16-18)
For det var ikkje ved lova Abraham eller ætta hans fekk den lovnaden at han skulle verta arving til verda, men ved den rettferd som kjem av tru. (Rom.4,13)

Leave a Reply

Comments

3 responses to “Kva Guds ord seier om dei siste tider”

  1. Malene Avatar

    Halleluja så enkelt og godt forklart!
    har hørt så masse merksnodige varianter av tolkning av de siste tider, at jeg blir nesten svimmel bare av å høre ordet endetid.. Men siden det var du som skreiv, så tok jeg tid å lese det, og dette er akkurat helt etter det jeg selv har lest i min bibel!!! ikke allskens tolkninger om det tredje tempelet og dyret og 666, det er så mye spekulativt som er skrevet og sagt om dette, som er mer eller mindre fri fantasi ….spør du meg. at man kan bli ør.
    Og som regel så er det så enkelt at det nesten blir for vanskelig å tro det..
    keep up the good work!
    God is good!

  2. Norleif Askeland Avatar
    Norleif Askeland

    Glimrande artikkel Erling. Forfriskande lesning.

  3. Leif-Inge Lindahl Avatar

    Det er så godt å slå opp i det det du har skrevet og lagt ut her på norsk.
    Denne artikkelen her mange ganger siden i sommer vært et artikkel jeg flere ganger har kommet tilbake til, lese den en gang til, og enda en gang. Så enig med Norleif, jeg opplever det forfrikende å lese denne artikkelen!
    Etter tidligere avtale har jeg også gjengitt og vist til denne artikkelen på jesusonline.no, http://www.jesusonline.no/YaWPS/cgi-bin/yawps.cgi?action=viewnews&id=864 , med link tilbake hit.

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading