Kristenliv og Internet

Eg har i lengre tid vore brukar av Internet, og eg ser at det kan brukast til både godt og vondt, slik det meste kan. Eg er veldig takksam for denne oppfinninga som har gjort det lettare å kommunisera med folk som er langt borte. Internet har gjort verden mindre.

Mange kristne har teke Internet i bruk på ulike måtar, men dei fleste av oss har endå mykje ugjort på dette området. Organisasjonar og forsamlingar treng å prioritera bruk av Internet til å formidla kristen tru og kunnskap. Kristne kan vera endå tydelegare tilstades i dei mange samtalane og debattane som heile tida er på gang i mange ulike fora på Internet. Evangelistar og kristne apologetar har i Internet eit ypparleg verktøy til å koma i dialog med søkande menneske på. Mange menneske har kome til tru på Jesus Kristus gjennom samtale og forkynning på Internet!
For vel eit par år sidan tok eg til å ”blogga”! Det vil seia at eg har skrive ei slags dagbok som er lagt ut på nettet som alle kan lesa. Eg skriv webloggen min på engelsk fordi eg har så mange internasjonale venner som ikkje kan norsk. I tillegg til ”bloggen” min har eg ein nettstad med poetiske undringar og ein nettstad kor eg legg ut ting på norsk. Alt er veldig enkelt. Eg er ingen ekspert, men greier å bruka enkle program.
Eg har vorte forundra over kor mange som les det eg skriv og kor mange tilbakemeldingar er får frå store delar av verden. Statistikkprogramma som er knytt til nettstadane viser kven som får folk til å klikka seg inn på sidene mine. Mange av desse kjem frå dei store internasjonale søkjemaskinane. Søkjeorda deira gjer meg glad! Dei viser meg at veldig mange menneske søkjer etter ekte kristne verdiar. Dette må vi utnytta mykje betre enn det vi gjer i dag!
Medan eg har skrive denne artikkelen, har eg snakka med ein kristen bror i Helsinki gjennom MSN Messenger! Det inneber at eg er litt av og på når det gjeld skrivinga av dette innlegget, samstundes som det viser korleis vi kommuniserer på mange plan i denne tida. Eg trur at alle desse nye oppfinningane må brukast veldig medvetent til å utbreia Guds rike! Det er mi bønn at Gud vil reisa opp mange unge og eldre kristne til å fylla Internet med kristne verdiar og hjelpa søkjande menneske til frelse ved trua på Jesus Kristus

Leave a Reply

Comments

One response to “Kristenliv og Internet”

  1. Ellen E Bjørseth Avatar
    Ellen E Bjørseth

    Hei!
    Etter tips fra min veileder om weblogger (jeg holder på med en mellomfagsoppgave i religion) kom jeg over denne artikkelen som passet meg bra. Jeg skriver om kristendom på Internett. Er bare i startfasen ennå, men det er jo et kjempespennende emne. Weblogger var et ukjent fenomen for meg fra før, (flaut, ettersom mitt andre fag er IKT 🙂 men nå har jeg fått blod på tann. Antar jeg snart ender opp som blogger sjøl.
    God bless!
    Hilsen Ellen

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading