Profettenesta

I Bibelen finn vi mange ord og nemningar som skildrar profettenesta. Desse skildringane og titlane hjelper oss å forstå den profetiske tenesta!

Profettenesta

Ulike titlar og ord som er knytt til profettenesta:

Profet – nabi er det ordet som er mest brukt.

·        Å vera kalla og sendt av Gud, – å representera Gud

·        Å koka over – indre press som gjer det vanskeleg å teia – eld i beina

·        Å vera inspirert til å forkynna – tala driven av Den Heilage Ande

·        Inneber at ein har fått ord frå Gud som kokar og brenn i hjarta

Sjåar – Roeh – hozeh

·        1.Sam.9,9 Denne tittelen vart brukt før ”nabi profet” vart vanleg

·        Forklarer korleis profetane fekk orda frå Gud, dei såg dei Jes.1,1; 2,1

·        Inneber å sjå Guds plan og vilje – forstå kva som ligg på Guds hjarta

·        2.Sam.24,11 Gad – Davids sjåar; Iddo 2.Krøn.9,29; Hanani 2.Krøn.16,7-10

Gudsmann – is ha elohim

·        Dom.13,6; 1.Sam.2,27; 9,6; 1.Kong.13,1; 17,18-24; 2.Kong.1,10-13

·        Ein som har med Gud å gjera

·        Ein som tilhøyrer Gud

·        Ein som tener Guds interesser

Jahves tenar – ebed yhvh

·        5.Mos.34,5; 2.Kong.9,7

·        Ein som tilhøyrer Jahve – Den evige sjølveksisterande – EG ER

·        Ein som gjer det Gud vil

·        Ein som tenar Guds plan

·        Ein som ikkje har eigne ambisjonar eller planar

Jahves sendebod – malak yhvh

·        Jes.44,26; Haggai 1,13

·        Ein som er sendt av Jahve

·        Ein som er sendt med ein bodskap frå Jahve til folk og nasjonar

·        Han tek ikkje eigne initiativ, men er sendt til å seia noko konkret

Vaktmann

·        Jes.21,11-12; Esek.3,17-21; 33,7-20; Hab.2,1, Mika 7,7; (Hos.9,8)

·        Vaka over folket for å åtvara dei mot farar

·        Tilsynsansvar på vegne av Gud som ikkje vil mista nokon

·        Blåsa i trompeten – kalla til strid mot fienden

·        Kalla til omvending

Profeten:

Er Guds ærendsgut – han er ein tenar

         Abraham: 1.Mos.20,7; Ap.7,2; Jak.2,21-23; 1.Mos.18,17-33

         Enok vandra med Gud 1.Mos.5,22-24; Jud.14

         Samuel: Tala, Herre, tenaren din høyrer! 1.Sam.3,10

         Amos.3,7; Ef.3,5; Ap.gj.3,21; Op.10,7

Har ein visjon av Kristus – han er ein sjåar

        av Guds plan i Jesus Kristus

        av Guds herlegdom

        av koss vil Gud vil ha sitt hus

        av koss Gud vil folket hans skal vera

        av endemålet – det fullenda verket

Har ei openbaring av kven Gud er og kva Gud gjer – han er ein sjåar

         ser notida i lys av framtid

         forstår den åndelege stoda, ser bakom ytre fasade

         ser Guds hærar når naturlege augo berre ser fienden

         ser den usynlege når alt det synlege seier at han ikkje finst her

         ser kva som gøymer seg i menneskehjarto

        2.Sam.24,11; 2.Kong.17,13; Ap.11,27-30; 21,9-11; Dan.2,27-28; 5,11

Har eit ord frå Gud – han er Guds talsmann – tolk – munn

         2.Mos.4,15-17; 7,1 Aron/Moses

         Så lyder Ordet frå Herrens munn

         Eit ord som frelser og frigjer

         Eit ord som trøystar og påminner

         Eit ord som set mot i folk til å gå på Guds veg

         Eit ord som viser vegen vidare

         Eit som skjer gjennom, – som stikk folk i hjarta

         Eit ord som fører til omvending

Har ei bør frå Herren lagt på sitt hjarta – sterke kjensler

         Jer.20,7-10; Hos.1-2; 1.Kong.18,21

         Kjenner Guds hjartesorg

         Kjenner kva Gud lengtar etter

         Kjenslene hans står til Herrens rådvelde, så han kan uttrykka sin brennande harme eller iver gjennom han

Har frimod til å be – Han står i Herrens råd og påverkar dei himmelske avgjerdsler

         Han kan be Den Allmektige Gud endra sin plan

         Han er en del av det himmelske ”storting” – medlem av Herrens Råd – gjev Gud råd Jer. 23,18

         Han kan be lovnadene gjennom til oppfylling

Frigjer initiativ, hjelper folk i gang, han er ein startar

         Orda frigjorde ny åndeleg rørsle Esek.37

Fekk folk til å prioritera annleis – byggja Guds hus – vekte iver i dei Hag.1,3-8 + 12-14

Hjelper folk til å fullføra

Haggai og Sakarja – Esra 5,1-2; 6,14

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading