Saman
med Solveig, kona mi, har eg vore på reise i India. Me har nett vitja 29
familiar frå Yanadi folket som har fått eit heilt nytt
liv på grunn av hjelp frå kristne i Noreg. Eg møtte
desse familiane fyrste gong rett etter at tsunamibylgja hadde teke
frå dei alt dei hadde. Yanadifolket høyrer til dei
kastelause og fattigaste av dei fattige i India. Me opplevde at me
skulle prøva å hjelpa dei til eit betre liv.
Ein
lokal hjelpeorganisasjon, Faith Action for Community Transformation,
tok under tvil på seg ansvaret for å organisera arbeidet
med å skaffa skikkeleg husvære til desse 29 familiane som
berre hadde nokre plastikkfiller som tak over hovudet. Det har no
vel gått eit par år sidan familiane, som alle var
ikkje-kristne, flytta inn i nybygde hus. Me har også bygd skule
for dei og gjev undervisning til barna om dagen og dei vaksne på
kveldstid.
Det
var ei stor glede å bruka tid med dei og lytta til vitnemåla
deira. Dei strålte av glede og takk medan dei gav Gud æra.
Dei hadde vorte utnytta og mishandla av rike høg kaste folk.
Det er vanskeleg å førestilla seg den djupe fattigdomen
dei levde i. Hjelpa dei fekk vart gjeven på fritt grunnlag til
alle Yanadi familiane, men har ført til at dei har kome til tru
på Jesus litt etter litt. Etter to år er alle familiane
komne til tru på Jesus! Evangeliet har gjeve dei eit liv med
framtid og håp. Her noko av det me høyrde:
Eldre mann: Eg er så
takksam for den hjelpa de har gjeve oss. Ingen brydde seg om oss. Me
hadde ingen plass å bu, berre nokre plastikkfiller. I regntida
var det veldig vanskeleg for familiane våre. Når me
spurde bøndene om ly, fekk me berre lov å vera i lag med
dyra. «De høyrer til blant dyra,» sa dei. Barna og
konene våre gråt. Me hadde folk frå regjeringa som
kom for å sjå på stoda vår. Dei sa at det
ikkje var noka håp for oss, for avstanden mellom oss og eit
sivilisert liv var for stor til å byggja bru over. Dei sa at
gudane hadde skapt oss slik og at me berre måtte godta at me
ikkje kunne endra livsstil, for me kunne aldri leva som siviliserte
menneske.
Du må vera eit Guds
barn. Du behandla oss heilt annleis! Du har gjeve oss eit liv. Du har
gjeve oss ei framtid. Då du kom og såg stoda vår,
etter at me hadde mista alt i tsunamien, gav du oss lovnader som gav
oss håp, jamvel om det var vanskeleg å tru at du kunne
halda det du lova. Men du har vore trufast. Du har gjort det du lova!
Barba våre hadde ikkje klede og fekk ikkje gå på
nokon skule. Du har gjeve klede til barna, ja til oss alle. No får
barna våre undervisning og skulegang. Til og med eg har lært
å lesa og skriva! Du har gjeve oss hus, senger og alt nødvendig
utstyr. Vår sosiale status er endra og no får me respekt.
Det einaste far min gav
meg var ei korg og ein stav. Du har gjeve oss mykje meir enn våre
foreldre kunne gje oss. No har me lært den sanne Gud å
kjenna. Takk at du kom. Du er verkeleg sendt av Gud.
Middelaldrande mann: Me
hadde det vanskeleg. Me var veldig fattige. Me hadde ingenting. Me
vart utnytta av dei rike. Når eg ser tilbake, var det som å
leva i helvete. No er heilt tilværet vårt endra. Me har
fått nytt liv. Eg har ikkje ord for å uttrykka kor
takksame me er for den hjelpa me har fått. Eg trudde aldri at
eg skulle få bu i eit hus. Eg håpte at kanskje tredje
generasjon etter oss kunne få bu i hus. Dette er som å
koma til himmelen. No får me undervisning. No har me skikkeleg
arbeid. Du er som ein Guds engel. Å sjå deg er som å
sjå Gud for du har vore så vennleg mot oss.
Ung kvinne: Tidlegare
hadde me ingenting. Me visste ingenting. Me kunne ingenting. Me fekk
ikkje ein gong lov til å gå til ein doktor. No har me
fått skulegang. No kan me lesa og skriva. No får
medisinsk hjelp når me treng det. No kan me gå på
offentlege kontor og krevja retten vår. No kan me skriva under
på dokument!
Eldre kvinne: Før
sov me på marka. No har me senger. No har me mat og fine klede.
Før kunne me ikkje snakka til folk. No kan me lesa og skriva.
No eg me lukkelege. Før vart me behandla som slavar, no har me
glede i hjartet og blomar i håret. Før kalla folk oss
stygge ting, men no har me respekt.
Middelaldrande mann: Eg
takkar Jesus Kristus for hjelpa me har fått. Me budde berre i
plastikkfiller og sov på jordgolv. Ingen gav oss noko. Me vart
behandla som dyr. Me fekk berre eta matrestar på søppelhaugane.
No er me velsigna. Me får undervisning. Me har fått hus.
Me har vatn frå ein spring på gardsplassen. No har med
elektrisitet. Det er som ein draum. Jesus Kristus har gjeve oss alt.
No har me frimod. No er me trygge!
Leave a Reply