Eg har ein draum frå barndomen

Så lenge eg kan minnast har eg drøymd om noko meir, noko anna enn
den kvardagen eg levde i. Då eg var liten drøymde eg om å verta doktor. Det var
på den tida eg var sjukleg. Frå treårsalderen til tenåra var eg inn og ut av
sjukehuset heile tida. Doktorane var då dei store heltane mine. Dei lindra
smerte og gjorde folk friske. Dei gjorde livet betre for folk. Dei gjekk ikring
på sjukehuset i kvite frakkar og såg veldig viktige ut. Dei hadde det travelt for
mange ville snakka med dei og ha dei til å sjå på sjukdomen sin. Å vera doktor
måtte vera noko av det største eit menneske kunne verta, tenkte eg og drøymde
om ein dag å kunna hjelpa folk å verta friske.

<!–
/* Font Definitions */
@font-face
{font-family:"Cambria Math";
panose-1:2 4 5 3 5 4 6 3 2 4;
mso-font-charset:0;
mso-generic-font-family:roman;
mso-font-pitch:variable;
mso-font-signature:-1610611985 1107304683 0 0 159 0;}
@font-face
{font-family:"Palatino Linotype";
panose-1:2 4 5 2 5 5 5 3 3 4;
mso-font-charset:0;
mso-generic-font-family:roman;
mso-font-pitch:variable;
mso-font-signature:-536870009 1073741843 0 0 415 0;}
/* Style Definitions */
p.MsoNormal, li.MsoNormal, div.MsoNormal
{mso-style-unhide:no;
mso-style-qformat:yes;
mso-style-parent:"";
margin-top:6.0pt;
margin-right:0cm;
margin-bottom:6.0pt;
margin-left:0cm;
mso-pagination:widow-orphan;
font-size:12.0pt;
font-family:"Times New Roman","serif";
mso-fareast-font-family:"Times New Roman";
mso-ansi-language:NO-NYN;}
.MsoChpDefault
{mso-style-type:export-only;
mso-default-props:yes;
font-size:10.0pt;
mso-ansi-font-size:10.0pt;
mso-bidi-font-size:10.0pt;}
@page Section1
{size:612.0pt 792.0pt;
margin:70.85pt 70.85pt 70.85pt 70.85pt;
mso-header-margin:35.4pt;
mso-footer-margin:35.4pt;
mso-paper-source:0;}
div.Section1
{page:Section1;}
–>

Eg vart aldri doktor. Men draumen om å kunna vera med å hjelpa
menneske til eit betre liv har langt på veg vorte oppfylt. Eg fekk aldri
medisinsk utdanning, men draumen om å sjå folk verta friske har mange gongar
vorte oppfylt når eg har lagd hendene på sjuke i Jesu namn.

Far og mor tok meg med på bedehuset frå eg var liten. Bedehuset
vart den andre heimen min. Her møtte eg gjennom misjonærane ein ny og spennande
verden. Dei kledde seg ut i fargerike og underlege klede, synte lysbilete og
fortalde mange utrulege ting frå dei framande landa dei hadde vore i. Då tok eg
til å drøyma om å verta misjonær og reisa til framande land med godt nytt om
frelse og tilgjeving. Eg las uteljande misjonsbøker som gav næring til draumen
om å verta misjonær og kunna forkynna for dei som ikkje hadde høyrt evangeliet.

Eg vart aldri ein slik misjonær eg drøymde om å verta. Men draumen
om å kunna forkynna for menneske som ikkje har høyrt evangeliet har vorte
oppfylt mange gongar. Framleis drøymer eg om å reisa til nye land og folk med
godt nytt om Guds rike.

På eit ungdomsmøte på bedehuset heime på Ganddal var det ein ung
gut som vitna om å oppleva meir av Guds kraft. Han heitte Per og var son av
Luther på Fosseikeland. ”Det er meir å få!” sa han. Han møtte stor motstand frå
leiarane og dei andre ungdomane som meinte at dei hadde alt i Kristus. Men
denne unge guten hadde noko med seg som eg ikkje kunne forklara, noko eg svært
gjerne ville ha tak i. Vitnemålet hans fekk meg til å lesa Det nye testamente
med nye auge. Då vart det tydeleg for meg at det var stor skilnad på det eg såg
i min eigen kvardag og det eg såg i Evangelia og i Apostelgjerningane. Då tok
eg til å drøyma om å koma fram til den kristendommen eg såg i Det nye
testamentet. Dette gjorde meg til ein pilegrim.

Eg tok til på ei reise som eg ikkje visste mykje om, men eg drøymde
om å nå fram. Eg har hatt mine motgangar og tunge stunder på vandringa. Ikkje
alt har vorte slik eg vona. Mange har vonbrota vore, men gledestundene har vore
større. Eg har ikkje nått fram enno, men draumane lever framleis i hjartet. Eg
er ikkje lenger ung av år, men eg ser framleis syner og ber på visjonar. Mange
av draumane mine er ikkje oppfylt enno, men eg er framleis på vandring mot
målet. Må draumane frå Guds hjarte verkeleggjerast på jorda i mi tid og i mitt
liv.

Frå boka Draumar frå Guds hjarte som kan bestillast frå FolkMedia

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading