Kvifor kvinner og menn skal ha ulik praksis i å ha noko på hovudet når dei ber og profeterer

Om apostolisk overlevering og
openberring

I brevet til Korintarane skriv apostelen
Paulus at menn og kvinner skal ha ulik praksis når det gjeld å ha noko på
hovudet når dei ber eller profeterer i den kristne forsamlinga. Mennene har
ikkje lov å ha noko på hovudet medan kvinnene skal ha noko på hovudet når dei
ber eller profeterer. Me skal no sjå på grunngjevinga for denne apostoliske
skikken.

Eg rosar dykk for at de hugsar på meg i alt og held
fast på dei overleveringane som eg har gjeve vidare til dykk. 3 Men eg vil de
skal vita at Kristus er hovudet for kvar mann, mannen er hovudet for kvinna, og
Gud er hovudet for Kristus. 4 Ein mann som har noko på hovudet når han bed
eller talar profetisk, vanærar hovudet sitt. 5 Men ei kvinne som bed eller
talar profetisk utan å dekkja til hovudet, vanærar hovudet sitt, for det er det
same som å vera snauklipt. 6 Vil ikkje ei kvinne ha noko på hovudet, kan ho
like godt klippa håret av seg! Men er det ei skam for ei kvinne å klippa eller
raka håret av seg, må ho dekkja seg til. 7 Men mannen skal ikkje ha noko på
hovudet, for han er Guds bilete og ære. Men kvinna er mannens ære. 8 For mannen
vart ikkje til av kvinna, men kvinna av mannen. 9 Mannen vart heller ikkje skapt
for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld. 10 Difor skal kvinna, for
englane skuld, ha noko på hovudet som teikn på sin rett. 11 Men i Herren er
ikkje kvinna uavhengig av mannen, og mannen er ikkje uavhengig av kvinna. 12
For liksom kvinna vart til av mannen, så blir mannen fødd av kvinna; men alt er
av Gud. 13 Døm sjølve! Sømer det seg for ei kvinne å be til Gud utan noko på
hovudet? 14 Lærer ikkje sjølve naturen dykk at det er ei vanære for mannen å ha
langt hår, 15 medan det er ei ære for kvinna? For det lange håret er gjeve
henne til slør. 16 Men vil nokon skapa strid om dette, så skal de vita at den
skikken har ikkje vi, og heller ikkje Guds forsamlingar. 1.Kor.11,2-16

Denne skikken kviler på apostolisk overlevering og
openberring

Apostelen Paulus roser dei kristne i Korint
for at dei held fast på dei overleveringane
som han har gjeve vidare til dei.[1]
Apostoliske overleveringar er viktige for livet i dei kristne forsamlingane.
Desse overleveringane gjev oss del i viktige openberringar som må levast ut. Me
må ta oss i vare så me ikkje gløymer eller overser desse apostoliske skikkane. Legg
merke til kva apostelen seier når han skriv til dei kristne i Tessalonika:

Stå då støtt, sysken, og hald fast på dei overleveringane de har vorte
underviste i av oss, anten munnleg eller i brev.[2]

Vi byd dykk, sysken, i Herren Jesu Kristi namn, at de
held dykk unna alle sysken som ikkje held orden på livet sitt, og ikkje retter
seg etter den overleveringa de fekk
av oss.[3]

Det er tydeleg at apostelen ventar at alle
kristne lever i samsvar med dei apostoliske overleveringane, eller skikkane.
Han bed dei kristne om å halda seg unna dei som ikkje vil leva i samsvar med
desse overleveringane.

I det ellevte kapitlet i Første
Korintarbrev tek apostelen oppatt det bibelske prinsippet som ligg til grunn
for den skikken at menn ikkje har lov å ha noko på hovudet medan kvinner skal
ha noko på hovudet når dei ber eller profeterer. Han minnar dei om den
apostoliske overleveringa og roser dei for å vilja halda fast på denne. Han avsluttar
med å seia at den apostoliske skikken står fast og vert praktisert i alle
forsamlingane jamvel om nokon ynskjer å laga strid om han.[4]

Konklusjonen til apostelen er at det ein
ikkje kan gjera av personleg overtyding skal ein likevel gjera for å lyda eit
apostolisk påbod. Det er best å ta i mot og forstå, ved Andens openberring, det
apostoliske påbodet, men det er og heilt flott å fylgja dei apostoliske
skikkane i lydnad og tru utan å skjøna meininga fullt ut.

Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesu
Kristi namn, at de må vera samde. De
må ikkje splitta dykk i flokkar, men vera nært knytte saman, i same syn og same tanke.[5]

Openberring av universell orden

Det fyrste Apostelen Paulus seier er at
det å ha eller ikkje ha noko på hovudet (alt etter om ein er mann eller kvinne)
når ein ber eller profeterer er eit synleg uttrykk for Guds styresmakt hjå det
nye paktsfolket. Han knyter denne skikken opp mot ei openberring av ein
universell skaparordning der all makt kjem frå Gud og vert gjeve vidare til
Kristus som gjev makt vidare til mannen som gjev makt (eller rett til å gjera
noko) vidare til kvinna. Med andre ord ser me denne rangordninga der fullmakt
eller rett til å gjera noko går frå den eine til den andre:

Frå Gud …………………………..

                                                         …………………………….
til Kristus

Frå Kristus ………………………

                                                        
……………………………. til mannen

Frå mannen …….………………

                                                        
…………………….………… til kvinna

Det som startar med Gud endar hjå kvinna.
Her ser me at både kvinner og menn er ein integrert del av Guds orden og har
viktige funksjonar i Guds frelsesplan. Legg merke til at både kvinner og menn
har ein viktig og ærefull plass i Guds universelle orden for styresmakt. Det
handlar med andre ord om Guds rike – Guds styre mellom menneska.

I Det gamle testamente hadde kvinnene ein
mindreverdig status. Dei vart til dømes ikkje innlemma i pakta slik menn vart
det med omskjeringa. Men i Det nye testamente er kvinnene sin status heilt
endra. No står dei på lik linje med menn. 
Dei vert døypte i vatn og Ande til å verta med i paktsfolket, til å vera
ein kropp og tek sjølvsagt del i paktsmåltidet. Dette inneber ei fullstendig
forvandling i kvinna si stilling i Guds plan og hensikt for vår tid. Difor er
kvinner og menn er likeverdige partnarar i Guds rike slik apostelen Paulus
seier i Galatarbrevet:

Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave
eller fri, her er ikkje mann og kvinne.
De er alle ein i Kristus Jesus.[6]

Når dette er sagt, må me likevel minnast
at djevelens åtak, som førte til det fatale syndefallet,[7]
var retta mot mannen gjennom kvinna. Det ser ikkje ut til at mannen møtte
freistaren direkte, men kvinna møtte den gamle ormen, og på grunn av hennar
uavhengige handling i å eta den forbodne frukta vart det driven ein kile mellom
Gud og mennesket.

Når Bibelen omtalar syndefallet seier han
at kvinna vart dåra og fall i lovbrot, medan mannen ikkje vart dåra, men var
ulydig mot Gud.[8]
Kvinna vert difor ikkje halden ansvarleg for syndefallet, men det gjer mannen.
Det var gjennom Adam synda kom inn i verda, og dermed sjukdom, liding og død.[9]
Adam si synd var at han høyrde på kona si, som han var hovud for, og ikkje
høyrde på og lydde Gud som var hans hovud.

Då Adam synda vart den gode ordninga Gud
hadde skapt mellom seg og skaparverket forstyrra. Det gode forholdet mellom
kvinne og mann vart forstyrra. Alle menneskelege forhold vart merka av synda.
Guds gode orden, freden og harmonien, var broten. Mannen starta å skulda på
kvinna og kvinna har sidan dette prøvd å få makt over mannen, og ein bror tek
livet av ein bror. Dette er uorden i Guds gode skaparverk.

Gud har ikkje endra på planen sin om å ha
eit fellesskap av menneske i sitt bilete til å styra og råda på jorda på hans
vegne. Han lova med ein gong at kvinna si ætt skulle gjera ende på fienden og
hans avkom.[10]
Gjennom heile Bibelen går det ein raud tråd som me kan kalla gjenreising. Gud
arbeider for å gjenreisa mennesket, både menn og kvinner, til sin rette plass i
Kristus. Gjennom Kristus gjenreiser Gud alle ting profetane har tala om frå
eldgammal tid.[11]
Gjennom forsamlinga skal Guds mangfaldige visdom kunngjerast og synleggjerast
både for den synlege og usynlege verda.[12]
Kristi gjerning som utfaldar seg i forsamlinga er å gjenreisa universell orden
og styresmakt som kjem frå Gud, gjennom Kristus til mannen og vert fullenda med
kvinna. Utan kvinner og menn på rett plass er verket ufullkome.

Denne universelle skaparordninga som Gud
vil synleggjera, når kvinner ber og profeterer med noko på hovudet og menn
avstår frå å gjera dette som berre kvinner har rett til, kjem til uttrykk på
fleire vis i det kristne fellesskapet. Eg vil her berre nemna dette at mannen
er hovud i familien og at berre menn kan vera eldste og ha styreansvar i
forsamlinga. Dette er to endå viktigare område kor det står stor strid om i
dag. Djevelen gjer alt han kan for å øydeleggja Guds gode skaparordning. Eg kan
ikkje gå inn på dette med leiarskap no, men vil berre visa til det Bibelen
seier.[13]

Den apostoliske openberringa av Kristus er
at han synleggjer sitt styre og herredøme på ulike måtar i det kristne
fellesskapet. Rett bruk av noko på hovudet uttrykkjer Guds universelle orden og
viser at me ærar Jesus Kristus som Herre i samlingane våre. Ei kvinner med noko
på hovudet når ho ber og profeterer viser at ho har rett eller fullmakt frå Gud
sjølv til å fungera på lik linje med ein mann som Guds tenar.

I den nye pakta har kvinna fått eit
paktsteikn som menn ikkje har rett til å bera. I den gamle pakta var det berre
menn som bar paktsteiknet på kroppen sin. No har kvinner fått eit teikn på
mynde, eit teikn på makt og rett til å vera likestilt med menn for å tena i
Andens salving i forsamlinga.

Heile jorda skal fyllast av menneske som utstrålar Guds
herlegdom[14]

Det andre apostelen seier om denne
apostoliske overleveringa og skikken med noko på hovudet er at det er knyta til
ei openberring av Guds herlegdom og synleggjer dette i det kristne
fellesskapet. Fleire gongar i dette avsnittet talar apostelen om ære eller
herlegdom og om vanære. Mannen skal ikkje ha noko på hovudet, for han er Guds
bilete og ære.[15]
Men kvinna er mannens ære og skal difor ha noko på hovudet sitt når ho ber
eller profeterer.

Gud vil fylla heile universet med kunnskap
om si ære eller herlegdom. Han har sett seg føre å synleggjera visdomen og
herlegdomen sin gjennom det kristne fellesskapet.[16]
For å forstå den djupe meininga med dette må me på ny gå tilbake til skapinga
av mennesket og syndefallet. Då Gud skapte mennesket i sitt bilete til å styra
og råda, krona han mennesket og kledde dei i herlegdom og ære.[17]
 Men då menneska synda mista dei denne
herlegdomen og oppdaga at dei var nakne. Så kom skamkjensle, fordøming og frykt
krypande og dei prøvde å gøyma seg for Gud. Dei vart redde, for synda deira
hadde øydelagd det gode og nære forholdet dei hadde hatt til Gud, og no stod
dei avkledde, utan herlegdom og ære. Det finst inga ære eller herlegdom i å
vera ulydig mot Guds ord og hans gode ordningar.

Apostelen Paulus seier at alle menneske
har synda og manglar Guds herlegdom. Men Jesus kom for å føra oss tilbake til
Gud og føra oss til herlegdom.[18]
Gud vil med andre ord gjenreisa oss til vår rette plass i Kristus, kledd i
herlegdom og ære, slik hans opphavlege plan var. Dette er ein del av den nye
pakta og vert verkeleggjort ved Den Heilage Ande som verkar i oss med si kraft
og omskapar oss frå herlegdom til herlegdom.[19]

Herlegdom har å gjera med Guds ære,
heilagdom, stråleglans og venleik. Gjennom heile Bibelen finn me at Gud både
synleggjer og tildekkjer herlegdomen sin. Gud er så stor og herleg at me ikkje
kan fatta det fullt ut. Difor er det alltid eit visst element av mysterium
knyta til Guds herlegdom som kan vera både synleg og usynleg for menneska.

Herrens herlegdom openberra seg i skya[20]

Herrens herlegdom kvilde på Sinaifjellet[21]

Herrens herlegdom fylte tabernaklet[22]

Herrens herlegdom fylte Herrens hus[23]

Me les om Herrens herlegdom som Guds
synlege nærvær mellom paktsfolket sitt, men me finn også at Gud vil at
herlegdomen hans skal dekkjast til. Guds herlege nærvær vart buande i
tabernaklet og i templet i det høgheilage romet bak forhenget. Herrens
paktkiste representerte Guds nærvær og ho stod, i det inste romet i templet, i
Det høgheilage, under vengene på kjerubane. For kjerubane breidde ut vengene
sine over den staden der kista stod, så dei dekte over både kista og
berestengene.[24]

Profetane Jesaja og Esekiel såg Herrens
herlegdom i syner frå Gud. Desse openberringane knyta herlegdomen til den
heilage Gud på kongstolen.[25]
Dei himmelske vesena som tilbad dekte kroppane sine i respekt og ærefrykt for
han sat på kongstolen.

Guds herlegdom har både med ei openberring
og ei tildekking av Gud som rår i heilagdom mellom det folket han har fria ut
frå synda og verda.

Det at Guds herlegdom både er synleg og
tildekt ser me i Jesus, som er Guds herlegdom, i mellom anna dette ordet:

Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og
vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin,
full av nåde og sanning
.[26]

Denne herlegdomen var det mange som ikkje
såg. Dei såg berre eit vanleg menneske. Jesus sa sjølv at det måtte openberring
til for å sjå kven han var.[27]

Me treng å sjå samanhengen mellom rett
forhold til den som er hovud for oss og herlegdom slik me ser det i Jesus
Kristus, vår Herre. Jesus sa at han ikkje tok imot ære frå menneske, men berre
frå Gud.[28]
Jesus opphøgde seg ikkje sjølv, men Far hans opphøgde han og gav han ære.

Slik er det også mellom mann og kvinne.
Mannen gjev fyrst ære til kona si. Han gjev henne namnet sitt. Han ærer henne
med alt han eig. Alt han har er no også hennar. Han talar vel om henne og
ynskjer at alle skal sjå kor herleg og god ho er. For ho er hans ære. Ei
vakker, harmonisk og tilfreds kone gjev ære til mannen sin, men ei uflidd,
deprimert og misnøgd kone er ei vanære for han.

Slik Jesus levde for å gje ære og
herlegdom tilbake til Gud som hadde gjeve han ære, slik er det alle si plikt å
æra den som er hovudet for oss og som har gjeve oss ære. Far gav ære til Sonen
og Sonen gav ære til Far.  Jesus æra
alltid Gud i alt han sa og gjorde.[29]
Dette er den kristne livsstilen og det er dette det å ha noko på hovudet når ei
kvinne ber og profeterer handlar om. For ei kvinne å kunna vera mannen si ære
og herlegdom i det kristne fellesskapet, må ho ikkje vera uavhengig og opprørsk,
men pryda seg med ei mild og stille ånd som er kosteleg for Gud.[30]  Slik Kristus gav ære til Far og slik gjorde
det synleg for alle at Gud var hovudet hans, slik ærar kvinna mannen og syner
at han er hovudet hennar. På denne måten er ho mannen si ære slik Kristus er
Far si ære.  Ved å ha noko på hovudet når
ho ber og profeterer viser ho respekt og gjev ære tilbake til Gud same vegen
ære kom til henne.

Apostelen Paulus snakkar fleire gongar om
å æra eller å vanæra hovudet sitt. Ein mann som ber eller profeterer med noko
på hovudet vanærar hovudet sitt som er Kristus.[31]
Ei kvinne som ber eller profeterer utan noko på hovudet vanærar hovudet sitt
som er mannen.[32]
Dermed stansar den guddommelege flyten av ære og herlegdom opp og det får
verknader for både mannen, Kristus og Gud vår Far.

All herlegdom og ære kjem frå Gud som
ynskjer å føra menneske fram til herlegdom. Herlegdomen flyt frå Guds kongstol
til mannen og kvinna og er meint å venda tilbake til Gud frå kvinna til mannen
til Kristus til Herlegdomens Far. Me er alle skapt til å æra og herleggjera Gud
i alt me seier og gjer. Rett bruk av å ha noko på hovudet når ein ber eller
profeterer er ein måte Gud vert æra på. Det fyrste steget bort frå Gud er å
ikkje æra han slik han bør ærast i lydnad og tru.[33]

For englane si skuld – dei usynlege vesena skal få sjå
Guds herlege orden mellom menneska

Den apostoliske overleveringa har for det
tredje med den usynlege verda å gjera. I brevet til korintarane er englar nemnd
mange gongar.[34]
Forsamlinga i Det nye testamentet var medveten om si eineståande stilling om å
vera på ein lokal stad, i eit nærmiljø, på jorda mellom menneske, og samstundes
vera i det himmelske med Kristus. Forsamlinga har både med menneske og englar å
gjera. Apostlane sine gjerningar er eit skodespel for både menneske og englar.
Dei heilage skal døma både menneske og englar. Tungetale, gjeven av Den Heilage
Ande, kan vera både menneskespråk eller englespråk.

Gjennom heile Bibelen finn me englar som
kjem frå den usynlege verda og tek del i Guds gjerningar for å gjenreisa alle
ting i samsvar med hans evige plan. Då Jakob var på veg med husforsamlinga si for
å møta bror sin, kom Guds englar imot han. Med det same Jakob fekk auga på dei,
sa han: "Her er Guds leir." Og han kalla staden Mahanajim ( to
leirar).[35]
Guds leir, Guds flokk, Guds forsamling er samansett av to leirar eller to
flokkar eller forsamlingar – av menneske og englar.

Hebrearbrevet seier det same. Den
universelle kyrkja er Sionfjellet, den levande Guds by, det himmelske
Jerusalem, dei mange tusen englar, ei høgtidsfeiring, forsamlinga av dei
førstefødde som er oppskrivne i himmelen. Der er dommar som Gud for alle, og
der er åndene åt dei rettferdige som har nådd fullendinga[36]
Det er ikkje for ingenting den kjende forfattaren Ronald Fangen sa at
forsamlinga er verdas største under. Det kristne fellesskapet er ei samling av
både menneske og englar, som er tenande ånder for dei som skal arva frelse.
Forsamlinga er Kristi kropp. Kristus er hovud, han sit ved Guds høgre hand i
himmelen og me er hans hender og føter her på jorda. Me lever både i den
synlege og usynlege verda ved Den Heilage Ande.

Englane er tilskodarar og heilage vaktarar
som tek del i det som hender på jorda.[37]
Dei lengtar etter å sjå inn i den frelsa me som kristne har kome inn i, seier
apostelen Peter.[38]
Når apostelen Paulus har brukt mange vers for å gje jordnær rettleiing livet og
leiinga i det kristne paktsfellesskapet, og mange av versa omhandlar kvinners
oppførsel i forsamlinga, seier han noko veldig interessant: ”Eg byd deg for Guds og Kristi Jesu andlet og
for dei utvalde englane at du skal halda dette, utan fordommar og utan å gjera
forskjell på folk”.
[39]
 Legg merke til at mange av desse tinga
som synest å vera ganske kvardaglege likevel har stor meining for både Gud og
englane. Apostelen seiar med andre ord at dei må halda formaningane hans på
grunn av  Gud og englane.

Me skjønar at englane er opptekne med, er
kalla til å vera vitne til og heilage vaktarar mellom det nye paktsfolket for
at dei Guds rikes guddommelege prinsippa vert levd ut i jordnært kristenliv.
Englane er tenande ånder som tener Gud og blir utsende for å hjelpa dei som
skal få frelsa i arv.[40]
Dei passar på at skaparordninga vert gjenreist og demonstrert i det kristne
fellesskapet, slik at Guds mangfaldige visdom kan kunngjerast gjennom forsamlinga
for maktene og herredøma i himmelrommet.[41]

Når forsamlinga kjem saman for å gjera si
prestelege og profetiske teneste må det vera ein, synleg og eineståande for det
kristne fellesskapet, demonstrasjon av Guds skaparorden og styresmakt inn i den
usynlege verda, for englane si skuld. Gud har valt å demonstrera dette for både
englar, makter og herredøme i den himmelske og synlege verda.

Det er svært interessant å leggja merke
til apostlane Peter og Judas seier om vranglærarar som forkastar herredømme og
spottar himmelske makter.[42]
Apostlane knyter saman det å forkasta styresmakt og spotta høge makter. Om me
knyter desse avsnitta saman med det Paulus seier om englane og det å ha noko på
hovudet når ein ber eller profeterer for englane si skuld, kan me stilla dette
spørsmålet: Er det slik å forstå at dei som ikkje praktiserer den apostoliske
overleveringa Paulus minnar oss på i 1.Kor.11,1-16 forkastar Guds skaparordning
og samstundes spottar englane, dei usynlege maktene?

Apostlane Peter og Judas seier at dei
englane som synda skal få sin endelege dom.[43]
Om forsamlinga skal ta del i denne dommen eller på anna vis døma englar slik
Paulus nemner[44]
er vanskeleg å seia, men det apostlane seier om fallet deira er verdt å merka
seg.

Og
dei englane som ikkje tok vare på sin høge stand, men drog bort frå sin eigen
bustad, dei held han bundne i mørker med evige lenkjer til dommen på den store
dagen.[45]

Englane si synd var at dei ikkje tok vare
på den stand dei var gjeve av Gud. Dei gjekk frå stillinga si for å trå etter
ei anna stilling, ei stand dei ikkje var gjeve av Gud.  Me forstår av dette at englane si opphavlege
synd eller opprør kom frå ei misnøye med dei grensene Gud hadde sett for dei i
lys av herlegdomen deira. Dette førte til at dei prøvde å ta ein stand, ei
stilling med større makt enn det dei var tildelt av Gud. Med andre ord fylgde
dei i djevelen sitt fotefar, han som hadde vore ein vernande kjerub[46]
som vart hovmodig på grunn av sin venleik,[47]
og som tenkte med seg:  «Til himmelen vil
eg stiga opp;  høgt over Guds stjerner
reiser eg min kongsstol.[48]

Desse orda i Skrifta tener til åtvaring
for oss som lever i den siste tida[49]
om å halda oss innanføre dei grensene Gud har sett for oss i Guds forsamling.[50]
Det er viktig å vera tilfreds med plassen vår i Kristi kropp og fungera
innanføre det mål av nåde, salving og styre som er gjeve oss. Me må ikkje verta
hovmodige for då kan me falla under same dommen som djevelen.[51]

Når kvinner har eit teikn på fullmakta si
når dei ber og profeterer i den kristne forsamlinga og gjer si åndelege teneste
for Gud og menneske, er dei ei stadig påminning til dei opprørske englane (dei
vonde åndene) om den komande straffedommen over opprøret deira mot Guds orden.[52]
Kvinner og menn som kjenner plassen sin og fungerer i samsvar med det mål av
nåde og styre dei har fått av Gud er eit sterkt vitnemål for englane om at Gud
har eit folk som med glede tener hans plan i si levetid. Kvinner og menn har
makt og rett til å utøva Guds universelle dom,[53]
fordi dei har bøygd seg for og teke imot denne retten frå han som har all makt
i himmel og på jord.

Det teiknet ei gudfryktig kvinne har på
hovudet når ho ber og profeterer er eit forvarsel til dom for dei vonde åndene,
men eit teikn til stor glede for Guds englar, som er tenande ånder for dei som
skal arva frelse, og som med glede vil underordna seg dei heilage i den komande
verda.[54]
Guds forsamling står i ein åndeleg kamp mot makter og herredømme, mot
vondskapens åndehær i himmelrømda.[55]
I denne kampen har me fått to offensive våpen: Andens sverd som er Guds ord og
bønn.[56]
Det når kvinner talar Guds profetiske ord og ber i Anden at det er livsviktig å
ha eit synleg teikn på fullmakt på hovudet sitt. Likeeins er det livsviktig for
menn å ikkje ha noko på hovudet når dei ber fram ord frå Gud og ber profetiske
bønner i den kristne forsamlinga. Både kvinner og menn tek del i den åndelege
kampen og må bruka dei våpna dei har fått frå Gud på Guds måte.

Spørsmål me ofte møter

Kva med det Paulus seier om langt eller kort hår?

Men
ei kvinne som bed eller talar profetisk utan å dekkja til hovudet, vanærar
hovudet sitt, for det er det same som å vera snauklipt. Vil ikkje ei kvinne ha
noko på hovudet, kan ho like godt klippa håret av seg! Men er det ei skam for ei
kvinne å klippa eller raka håret av seg, må ho dekkja seg til. ..  Lærer ikkje sjølve naturen dykk at det er ei
vanære for mannen å ha langt hår, medan det er ei ære for kvinna? For det lange
håret er gjeve henne til slør.[57]

Det apostelen Paulus seier om hår er ikkje
noka hovudargument i framlegginga hans. Han bruker det som er ei vanleg
oppfatning på den tida som ein illustrasjon for å understreka og gje vekt til
det han underviser om kvinners bruk av hovudbunad når dei ber og profeterer. Han
bruker noko som er naturleg for dei han skriv til for å få fram åndelege
sanningar, ”lærer ikkje sjølve naturen
dykk”. Han gjer det same når han går i rette med det han høyrer om hor mellom
dei: ”Rett ut sagt: Ein høyrer om hor hos dykk, til og med slikt som ikkje eingong blir tolt hos heidningane[58].
 Heidningane er ikkje målestokken for
kristen seksualmoral, men det faktum at til og med heidningane på den tida
avstod frå sex med kona til far sin, skulle læra dei kristne at denne oppførsel
ikkje er rett, for desse heidningane lever etter Guds ord. Det er ikkje det som
vert oppfatta som naturleg av folk flest som skal tyda åndelege ting, men det
kan brukast som oppmuntring til det rette når det samsvarer med det Bibelen
seier.

Kva lærer naturen oss?

Å snauklyppa seg eller å raka av seg håret
er ei vanære for ei kvinne, medan det er ei ære for kvinna å ha langt hår. For
menn er det omvendt. Det lange håret er kvinna si naturlege ære og hovudbunad
som framhevar venleiken hennar. Kvinna har frå naturen alt fått eit vakkert
dekke der det lange håret er herlegdomen hennar som ho ber på hovudet sitt.

Når me stig fram for Gud kjem me ikkje med
det som er vårt frå naturen, men berre med det som har si ros i Herren.[59]
Ein kristen mann står for Kristus som Guds bilete og ære og skal difor ikkje ha
noko på hovudet når han ber eller profeterer. Kvinna er mannens ære, difor
sømmer det seg for henne å dekkja hennar naturlege ære for å visa fram det som
er hennar åndelege ære, – hennar rette plass i Guds ordning.

(I 2.Mos.34,29 har me eit anna døme på
herlegdom som vert tildekkja. Moses dekkja til den herlegdomsglansen som heldt
på å verta borte.[60]
Kvinna sin naturlege herlegdom knyta til håret er heller ikkje varande, men
mistar glansen sin med tida. Dette er det sømmeleg å dekkja til. Men i den nye
pakta får både kvinner og menn del i ein åndeleg herlegdom som berre vert
herlegare og herlegare.[61])

Paulus seier at det lange håret er gjeve
kvinna som ein naturleg hovudbunad, eit slør eller eit dekke, medan mannen
ikkje har fått noka tilsvarande. Gjennom heile Korintarbrevet understrekar
Paulus motsetningane mellom det naturlege og det åndelege. Når naturen lærer at
kvinna sitt hår er hennar ære og slør, seier det oss at ho også treng eit
tilsvarande åndeleg dekke så hennar åndelege herlegdom kan demonstrerast.  ”Men det
åndelege er ikkje det fyrste, men det naturlege, og deretter det åndelege.”
[62]

Hår og utsjånad i Skrifta

Det viktigaste poenget for Paulus når han
forklarar den apostoliske overleveringa andsynes hovudbunad i forsamlingane er
Guds skaparordning der all rett til å handla kjem frå Far til Son til mann til
kvinne. Slik Far og Son er like guddommelege, slik er kvinner og menn
likeverdige som menneske. Slik Sonen i praksis underordnar seg Far og er sendt
av han, slik underordnar kvinna seg mannen. Jesus avstod frå å riva til seg
retten å vera Gud lik, han gav avkall på sitt eige og vart lydig til døden.[63]
Jesus vart menneske lik og underordna ved å ta på seg ein tenars skapnad,
jamvel om han var fullt og heilt Gud. Jesus kunne berre fullføra oppdraget sitt
frå ein stilling av underordning. For å fullføra oppdraget ”gav han avkall på sitt eige” samstundes som han ”tok på seg ein tenars skapnad”. Denne
skapnaden eller utsjånaden avspegla sinnelaget hans i eit jordnært liv.[64]

Bibelen omtalar mange gongar forholdet
mellom kvinners ytre skapnad, utsjånad, og hennar hjartehaldningar. Både Peter
og Paulus tek dette opp.[65]
Begge desse avsnitta handlar om kvinners underordning til mannleg leiarskap.
Paulus viser til Adam og skaparverket medan Peter viser til Abraham og pakta.
Slik viser dei at den guddommelege ordninga står fast både som ei skaparordning
og ei paktsordning. I desse avsnitta seier apostlane at kvinnene sine klede og
hårfrisyrar, utsjånaden, klart viser dei indre haldningane deira. (Det same kan
sikkert også gjelda menn, men Bibelen knyter det oftast til kvinner.) Ei kvinne
skal underordna seg fordi ho er kvinne, men ho skal ikkje briska seg med
feminiteten sin. Faresignala på at ei kvinne ikkje har ei rett haldning til
underordning ser me ikkje i om ho utviklar ein maskulin utsjånad, men i ein gal
bruk av sig eigen seksualitet.

Det gamle testamente stadfestar dette
synet: ”Fordi Sions døtrer briskar
seg,  og går med bratt nakke,  spelar med augo og  går og trippar  og ringlar med sine fotringar, så skal Herren
la Sions døtrer verta fulle av skurv i hovudet  og gjera dei snaue om panna. Då vert det
illtev i staden for vellukt, reip i staden for belte, fleinskalle i staden for
kunstige krøller, strieplagg i staden for stasklede og brennemerke i staden for
venleik.[66]

Både Det gamle og Det nye testamente
åtvarar mot å bruka håret for å fremja sin eigen feminitet på ein hovmodig
måte, det vere seg med kunstige krøller, flettingar, flott oppsett hår eller
til og med laust hengande hår. Moses seier at ei kvinne som er mistenkt for
utruskap og som får sin truskap prøvd av presten skal la håret hengja laust i
prøvetida.[67]
I denne samanhengen ser me at laust hengande hår var eit teikn på at denne
kvinna var under mistanke om utruskap!

Kvinna sitt flotte hår kan vera ein av
hennar mest forlokkande eigenskapar. Visse tider er det rett å visa det fram
som teikn på hennar feminitet slik me finn det i Høgsongen som seier at
hårflaumen på hovudet til brura er som purpur trådar og at kongen er fanga i
hennar fagre lokkar.[68]
Dette er heilt legitimt i privatlivet, men det høyrer ikkje heime når kvinna
gjer åndeleg teneste i forsamlinga, då skal håret dekkast til som eit åndeleg
teikn på hennar rett i den nye pakta til å be og tala profetisk på lik linje
med menn.

I lys av dette me her har sagt får
hendinga med ”kvinna med det syndefulle livet”, som salva Jesus med alabastar
salve, endå større betyding. Kjærleiken og takken for tilgjevinga gjorde at ho
tok det som var hennar ære til Jesu føter i omvending og tru.[69]

Guds dom over dei stolte Sions døtrer i
Jesaja 3 var fleinskalle, dei var heilt raka på hovudet. Det kan vera dette
Paulus hadde i tankar når han seier det er det same som å vera snauklypt – det
er eit varsel om dom over hovmodige kvinner. Men kanskje han heller har
5.Mosebok 21,10-13 i tankar, der den snauklypte kvinna, er eit teikn på at ho ikkje
har nokon status i ventetida, til ho kjem under den nye mannen sitt tilsyn og
vern. Om det er dette Paulus har i tankar seier han med andre ord at den kvinna
som nektar å ha noko på hovudet når ho ber og profeterer, vanærar det åndelege
hovudet sitt og seier eigentleg at ho korkje har noka fullmakt til å fungera
eller noka status i forsamlinga.

Kan dette med hovudbunad ha med kulturen på den tida å
gjera?

Det er mange som hevdar at denne skikken
som Paulus legg på forsamlingane har sitt opphav i kultur og skikkar på den
tida. Det er eit argument som ikkje er haldbart. For det første fordi Paulus
grunngjev denne overleveringa med Guds skaparordning, prinsippet om å gje ære
til dei som står over oss og for englane si skuld. Desse tre grunnane har
ingenting med kultur å gjera, men uttrykkjer apostolisk openberring.

Den andre grunnen at dette ikkje kan ha
noko med kultur å gjera, er det historiske faktum at det ikkje på den tida
fanst ein einsarta kultur på dette området. Grekarane (som Korintarbrevet var
skrive til) tilbad i templa sine utan noko på hovudet, medan romarane vanlegvis
dekkja til hovudet når dei bar fram avgudsoffer. Difor er det vanskeIeg å
grunngje den nye apostoliske skikken med kultur eller skikk og bruk på den tida
Paulus skreiv brevet sitt. GT brukte øvstepresten ein turban på hovudet når han
gjorde si presteteneste. Den dag i dag har jødiske menn ein kalott på hovudet
når dei ber. Det viser at denne apostoliske skikken, som Paulus seier alle dei
kristne forsamlingane praktiserer, er eit brot med gammaltestamentleg praksis!

Treng me praktisera hovuddekke når det skapar strid?

Men
vil nokon skapa strid om dette, så skal de vita at den skikken har ikkje vi, og
heller ikkje Guds forsamlingar
.[70]

Dette verset skapar mange misforståingar
slik det er omsett i våre norske bibelomsetjingar. Ei rett grammatikalsk  I ei fotnote til Bibelselskapet si omsetjing
av 2006, står det slik: Paulus sikter truleg til den nye skikken som enkelte
kvinner i forsamlinga i Korint ville innføra: å ikkje dekkja til hovudet medan
dei bad og profeterte i gudstenesta. Elles er det mange norske kristne som
forstår dette verset slik: Om nokon vil laga strid, då droppar me skikken om hovuddekke!
Denne forståinga er jo meiningslaus og får Paulus til å motseia seg sjølv. Den
danske omsetjinga av Peter Schindler seier det slik: Lad saa den der har Lyst
til det, diskutere frem og tilbage om denne Sag,  for os er den klar: at vi ikkje har den Skik,
at Kvinden beder barhodet – ingen av Guds Kirker har den!

NLT omsett
dette verset slik: But if anyone wants to argue about this, all I can say it
that we have no other custom than this, and all the churches of God feel the
same way about it. Den Levende
Bibelen seier det slik: Kanskje noen vil begynne å krangle om dette, da skal
dere vite at både vi og alle Guds menigheter holder på denne regelen.

Kva med jenter og ugifte kvinner?

Det er dei som hevdar at det Paulus skriv
om kvinner og menn i dette avsnittet i Første Korintarbrev berre handlar om
gifte kvinner og menn. Det er jo ikkje slik å forstå at ein kvar mann er hovud
for ei kvar kvinne, men den gifte mannen er berre hovud for kona si. Difor
treng ikkje jenter eller ugifte kvinner, etter deira meining, å praktisera det
Paulus seier om at kvinner skal ha noko på hovudet når dei ber eller
profeterer.

Den slutninga er nok litt for snar og tek
ikkje innover seg Guds skaparordning. Det er rett at ein mann berre er hovud
for si eiga kone og ikkje for alle kvinner han møter. Det er også slik at alle
jenter og ugifte kvinner framleis er kvinner og står under eit mannleg hovud. Om
dei bur heime hjå foreldra sine er det foreldra, med far i spissen som er
hovudet deira. Ugifte kvinner som har etablert sitt eigen heim og ikkje lenger
har far som hovud, har likevel mannlege eldste i forsamlinga som hovud. Difor
er det ingen grunn til at ikkje jenter eller ugifte kvinner ikkje skal gjera
det apostelen seier at alle kvinner skal gjera.

Etterord

Denne undervisninga byggjer for ein stor
del på innlegg frå Arthur Wallis, Tony Ling og andre som tok del i teologiske
drøftingar i det apostoliske teamet i England for ei god tid tilbake. Men eg
kan ikkje halda andre ansvarleg for det eg her skriv enn meg sjølv. Eg tek med
glede imot spørsmål og synspunkt som kan hjelpa oss til endå djupare forståing
av bibelske sanningar knyta til denne apostoliske overleveringa.

 


[1] 1.Kor.11,2

[2] 2 Tess 2,15

[3] 2 Tess 3,6

[4] 1.Kor.11,16

[5] 1 Kor 1,10

[6] Gal 3,28

[7] 1.Mos.3,1-19

[8] 1.Tim.2,13-14

[9] Rom.5,12-19

[10] 1.Mos.3,15

[11] Ap.gj.3,21

[12] Ef.3,4-11

[13] Ef.5,21-33; 1.Tim.2,11-14; 3,2-5

[14] Hab.2,14; Jes.11,9

[15] 1.Kor.11,7

[16] Hab.2,14; Jes.11,9; Ef.3,10

[17] Sal.8,6-7; Hebr.2,7

[18] Hebr.2,10;

[19] Rom.8,28-30; 2.Kor.3,18

[20] 2.Mos.16,10

[21] 2.Mos.24,16

[22] 2.Mos.40,34

[23] 1.Kong.8,11

[24] 1 Kong 8,6-7

[25] Jes.6,1-3; Esek.1

[26] Joh 1,14

[27] Matt.16,17

[28] Joh.2,11; 17,22

[29] Joh.17,10; 5,19; 14,24

[30] 1.Pet.3,4-5

[31] 1.Kor.11,4

[32] 1.Kor.11,5

[33] Sjå Rom.1,19-32

[34] 1.Kor.4,9; 6,2-3; 11,10; 13,1

[35] 1 Mos 32,1-2

[36] Hebr 12,22-23

[37] 1.Kor.4,9; Dan.4,13,23

[38] 1.Pet.1,12

[39] 1 Tim 5,21

[40] Hebr 1,14

[41] Ef 3,10

[42] Judas 8; 2.Peter 2,10

[43] 2.Peter 2,4; Judas 6

[44] 1.Kor.6,3

[45] Judas 6

[46] Esekiel 28,14

[47] Esekiel 28,17

[48] Jesaja 14,13 

[49] 1.Kor. 10,6,11

[50] 1.Kor.12,18

[51] 1.Tim. 3,6

[52] Judas 8-9

[53] Salme 149,9

[54] Hebr.2,5-6

[55] Ef. 6,12

[56] Ef.6,17-18

[57] 1.Kor.11,5-6; 14-15

[58] 1 Kor. 5,1

[59] 1.Kor.1,26-31

[60] 2.Kor.3,10-13

[61] 2.Kor.3,18

[62] 1 Kor. 15,46

[63] Fil. 2,6-8

[64] Fil. 2,5

[65] 1.Tim.2,9-14; 1.Pet. 2,25-3,7

[66] Jesaja 3,16-24

[67] 4.Mos.5,11-31

[68] Høgsongen 7,5

[69] Lukas 7,36-50

[70] 1.Kor.11,16

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading