Author: Erling Thu

  • Folket flokkar seg kring Jesus

    Mark 3,7-12

    Etter denne konfrontasjonen med farisearane og herodianarane som planla å ta livet av Jesus, drog seg bort frå byområdet saman med læresveinane sine. Likevel følgjer ei stor folkemengd frå heile Galilea etter han til sjøen. Ja, mange menneske kjem til han både frå sør (Judea og Idumea), frå aust (landet på hi sida av Jordan) og frå nordvest (Tyrus og Sidon). Dei kjem fordi dei har høyrt om alt det han hadde gjort.

    Trengselen frå folkemengda er så stor at Jesus bed læresveinane gjera klar ein båt han kan flykta i. Alle i mengda strekte seg fram for å røra ved han, i tru på at å røra ved han ville lækja plagene deira. Ordet for plagene her er litt spesielt, for det blir også omsett med «pisk eller piskelag». Somme meinte at sjukdomar var piskeslag frå Gud, men det avviser Jesus ved å gjera dei friske.

    Fleire av folka, som flokka seg rundt han, var tydelegvis plaga av ureine ånder. Orda ureine ånder, vonde ånder og demonar er eigentleg synonyme ord. Når desse menneska rørte ved Jesus, lasta dei ureine åndene i dei ned og stadfeste at Jesus var Guds Son. Her har vi enda eit døme på at Jesus byd demonane å teia, men først etter at dei har gjeve si vedkjenning om kven han er.

    Dette avsnittet hjå Markus gjev rett og slett eit samandrag av Jesu teneste. Markus lærer oss om Jesu mynde, makt og popularitet. Det er underleg at sjølv om Jesus ikkje vil ha vitnemål frå dei vonde åndene, vel Markus likevel å ta med denne hendinga i evangeliet sitt, som endå ein måte å visa fram Jesu makt og mynde på, særleg gjennom bruken av nemninga Guds Son. Men Jesus vil ikkje ha vitnemål frå ein som ikkje følgjer han. Det er ikkje godteke. Dei som seier «Herre, Herre», men ikkje følgjer, blir ikkje tekne imot av Jesus, korkje i tenesta hans eller i forsamlinga hans, verken på Markus si tid eller i vår.

  • Jesus helbredar på sabbaten

    Markus gjev oss denne forteljinga som ei oppfølging av påstanden til Jesus i førre avsnitt om at han er herre over sabbaten. På ny gjekk Jesus inn i synagogen. Der var det ein mann med ei visna og lam hand. Farisearane heldt auge med han for å sjå om dei kunne klaga han for brot på moselova ved å arbeida på sabbaten. 

    Jesus veit korleis dei tenkjer og han går rett i strupen på dei. Han bed mannen reisa seg og koma fram midt i rommet. Jesus kjem med ei offentleg og direkte utfordring til farisearane. Han vender seg ein augeblikk bort frå mannen og stiller farisearane spørsmålet: «Er det tillate på sabbaten å gjera godt eller å gjera vondt, å berga eit liv eller å drepa?»

    Sagt på ein annan måte: «Er det tillate å lækja eit menneske (gjera godt), eller å la vera å lækja (gjera vondt)?» I si eiga lovtolking tillét farisearane at ein bonde kunne hjelpa eit dyr som var i naud på sabbaten. Men farisearane, forblinda av sin motstand, tagde likevel, trass i det deira eiga tolking lærte. Dei ville ikkje vera samde med Jesus i at det er rett å gjera godt og ikkje vondt. Og dei kunne ikkje seia seg usamde i at det er rett å gjera vondt og ikkje godt. Difor svarte dei ikkje, men var stille og heldt sinnet sitt inne. 

    Jesu var tydeleg harm og sorgfull. Då han såg seg rundt, vart han sint, fordi hjarta deira var så forherda. Å teia er ikkje alltid gull. Hjarta til farisearane var så harde at dei ikkje var i stand til å gje eit fornuftig svar. Jesu neste ord er retta til den sjuke mannen; han bed han retta ut handa. Mannen gjer det, og handa hans blir heilt frisk att.

    Markus fortel ikkje korleis folkemengda reagerte, men han fortel korleis farisearane reagerte. Dei går straks bort og legg planar saman med herodianarane om å drepa Jesus, ikkje på grunn av sjølve underet at mannen vart frisk, men fordi Jesus har undergrave makta deira gjennom den direkte utfordringa si. Det som var sant for Jesu tilhøyrarar, er sant også for Markus sine og for oss. Det gode bodskapet om Jesus, om det han lærer og gjer, mjukar opp mange, slik som folkemengdene som fylte av undring bringar fleire menneske til han. Men det gode bodskapet forherdar også somme, slik som farisearane og herodianarane, som har øyre men ikkje høyrer, og auge men ikkje ser.

    Ein annan verdifull bruk av denne teksten, kanskje ikkje tilsikta av Markus, gjeld når ein ikkje bør teia stilt eller unnlata å svara. Å teia stilt om det vonde er ikkje rett reaksjon. Om vi ventar at det gode skal sigra, bør vi fremja det på alle måtar vi kan. Om vi ventar at det vonde skal bli overvunne, må vi kjempa mot det på alle måtar vi kan.

  • Jesus og sabbaten – Mark 2,23-28

    Jesus sit sjeldan stille, han er oftast på vandring. No går han langs ein åker på ein sabbat. Farisearane hadde mange reglar knytt til sabbaten, kva folk kunne gjera eller ikkje gjera, kor langt dei kunne gå eller kva dei skulle eta. Denne gongen har han sikkert ikkje gått for langt, for farisearane er til stades og ser at læresveinane riv av aks og et medan dei går. Det provoserer farisearane og dei spør Jesus kvifor læresveinane gjer slikt som dei ikkje har lov til på sabbaten.

    Jesus svarer på farisearane sitt spørsmål om å bryta sabbatsbodet med tre argument. For det første svarer Jesus dei med å stilla med eit spørsmål: “Har dokker ikkje lese kva David gjorde?” Han hadde ete noko han ikkje hadde lov å eta, men øvstepresten hadde likevel gjeve han lov til det fordi han og mennene hans trong denne maten! Det kan verka som om han vil påpeika at farisearane ikkje er konsekvente. Dei fordømmer ikkje David for det han gjorde, men dei fordømmer læresveinane som gjer eit mykje mindre brot. Sabbats bodet handla om å ikkje arbeida på sabbaten, men det gjorde ikkje læresveinane, dei var berre svoltne og åt litt a grøda i åkeren gjekk gjekk forbi. Jesus tek utgangspunkt i det som var den opphavlege meininga med lova og ville ikkje vera bunden av fariserane sine tradisjonelle reglar og tolkingar.

    Det andre argumentet til Jesus handla nettopp om dette: den opphavlege meininga med lova. Sabbaten vart til for menneske, for å møta eit behov folk hadde. Sabbaten var meint å vera ei velsigning for folk og ikkje ei tung bør. Folk er viktigare enn religiøse skikkar eller bygningar. Heile lova vart til for det beste for folk.

    Når reglar og føresegner viser seg å verka mot menneska, bør dei opphevast. Mennesket er det fremste målet for Guds kjærleik. Gud elskar menneskeverda, meir enn sabbaten, søndagen, den fysiske verda eller tempelet. Gud elskar verda og søkjer ikkje sitt eige beste. Difor handlar han til gagn for verda, ikkje for seg sjølv.

    Vi skal også arbeida til gagn for andre, ikkje berre for oss sjølve. Vi skal elska menneske og bruka ting til beste for menneska, i staden for å elska ting og bruka menneske for å skaffa oss endå meir. Er dei reglane og føresegnene vi praktiserer, til gagn for verda eller berre for oss sjølve? Kyrkja skal vera til for verda, det vil seia for å leita etter og frelsa dei som har gått seg vill. Reglane skal tena menneska, ikkje bli band som avgrensar den personlege fridomen.

    Det tredje argumentet Jesus bruker mot farisearane, er at Menneskesonen, Jesus, også er herre over sabbaten. Læresveinane til Jesus kan gjera det han som er herren over sabbaten tillèt. Difor tillèt Jesus at læresveinane plukkar aks og et kornet. Det vesle ordet også viser at Jesu autoritet, som allereie har kome til uttrykk gjennom lækingar, utdriving av vonde ånder og tilgjeving av synd, også omfattar lova.

  • Fest og faste – Mark 2,18-22

    Faste var vanleg i jødedommen. Opphavleg var fasta eit uttrykk for sorg, anten over eit dødsfall eller over synd, men vart også knytta til inderleg bønn. Den einaste obligatoriske fastedagen for jødane var soningsdagen. Nokre jødar praktiserte likevel faste to gonger i veka (Luk 18,12). Alle dei heilage menn og kvinner i Bibelen fasta. Å fasta er ein av dei gamle klassiske øvingane som har vore praktisert i uminnelege tider. Når vi fastar, avstår vi frå mat eller andre ting, for å kunna bruka meir tid med Gud i bønn. Fasta understreker alvoret, børa og nøden vi ber på når vi kjem fram for Guds andlet for å ausa ut hjartet vårt for han.

    Men både farisearane og læresveinane til Johannes heldt faste. Faste var ein naturleg del av deira religiøse praksis. Dei levde nøkterne liv og fasta regelmessig. Dette var noko folk la merke til, for det var eit kjenneteikn på eit fromt og gudfryktig liv. Dei hadde også merka seg at dette ikkje var noko som kjennemerka læresveinane til Jesus. Dei undra seg over dette, for braut med forventingane deira til fromt og religiøst liv. Difor kom dei til Jesus og spør om dette. Eg legg merke til at folk var ikkje redde for å stilla spørsmål ved det Jesus sa og gjorde. Eg legg også merke til at Jesus svarte både vennleg og respektfullt, samstundes som han var klar og tydeleg.

    Ofte svarte han med eit motspørsmål som hjelpte folk å sjå med nye auge, nytt perspektiv, nye synsvinklar. Då vart svaret innlysande klart. Kan vel bryllupsgjestene fasta når dei feirar saman med brudgommen? Sjølvsagt ikkje, men når han var borte skulle dei fasta. Legg merke til at Jesus ikkje fordømmer fasta deira. Han lærer berre at det ikkje er rett for læresveinane hans å fasta på dette tidspunktet. 

    Jesus svarer på spørsmålet om faste ved å fortelja tre likningar. Han bruker heilt vanlege hendingar og forhold til å formidla sanninga si. Den første likninga tek til med eit retorisk spørsmål som føreset eit negativt svar. Det er heilt upassande å fasta – og sørgja – i eit bryllaup. Då skal ein gleda seg og halda fest, ikkje fasta og sørgja. Brudgomen viser til Jesus, og brura hans er kyrkja. Ei ny tid har teke til.

    Orda om det ukrympa tøystykket og dei nye vinsekkene er ikkje like lette å forstå, i alle fall ikkje når det gjeld korleis dei svarer på spørsmålet om faste. Difor bør vi forstå desse to bileta i lys av den tydelege tilvisinga til brudgomen. Det dei har felles, ser ut til å handla om kva som passar seg. Det sømmer seg ikkje å sørgja i eit bryllaup. Det høver ikkje å setja eit stykke nytt tøy på eit gammalt plagg. Det høver heller ikkje å fylla ny vin i gamle vinsekker.

    Alt har si meining og sitt føremål, også fasta. Føremålet med fasta blir ikkje oppfylt i eit bryllaup. Nytt tøy tener ikkje føremålet sitt dersom det blir sett på eit gammalt plagg. Det ville tvert imot øydeleggja både det gamle og det nye. Ny vin tener heller ikkje føremålet sitt dersom han blir fylt i gamle vinsekker. Også då ville både det gamle og det nye gå til spille.

    Ingenting skal stillast ved sida av Jesus. Dette gjeld tradisjonell jødedom, læresveinane til døyparen Johannes, nasjonalisme og alt anna som dei eller vi måtte ønskja å leggja til. Jesus er det nye elementet; det er ikkje rom for religionsblanding. Jesus gjer spørsmålet større enn berre å handla om faste. Kristendommen har på ein måte sine røter jødedommen, men representerer likevel noko heilt nytt. Når brudgomen er komen, har også ei ny tid teke til. Då er mange delar av det gamle ikkje lenger tenlege eller i stand til å oppfylla føremålet sitt.

  • Jesus kallar Levi (Matteus)

    Mark 2,13-17

    På ny er Jesus ute og går langs sjøen. Mykje folk samla seg rundt han og han underviste dei. Det teiknar seg tidleg eit mønster, Jesus forkynte og underviste i møte med folk. Men eg legg også merke til at han ser folk. Han ser den eine. Han let seg ikkje blenda av store folkemengder. Han såg den enkelte, slik som Markus fortel oss i teksten vår. Då han gjekk vidare frå stranda fekk han sjå Levi, som sat på tollbua. Jesus sa då: “Følg meg!” Tenk, Levi reiste seg og følgde han. To ord var nok til å få han til å forlata det trygge levebrødet sitt for å følgja denne mannen inn i ei uviss framtid.

    Sidan var Jesus gjest i huset hans. Mange tollarar og syndarar var samla til fest og Jesus åt i lag med dei. Ikkje ein stor sak for oss, men for dei religiøse leiarane. Det var uhøyrt at ein heilag mann skulle eta, drikka og festa ilag med slike folk. Tollarane var svikarar som jobba for okkupasjonsmakta og syndarane var folk som levde umoralske liv på ulike måtar. Å eta ilag med dei var jo å assosierast med dei, ja det var på linje med å gjera pakt med dei. I dei skriftlærde sine auge var dette noko uhøyrt og usømmeleg.

    Jesus høyrde kva dei skriftlærde sa seg imellom. Det stadfestar det mønsteret eg legg merke til. Jesus ser, høyrer og legg merke til folk og det dei tenkjer og seier. Han er skikkeleg vaken. Han følgjer med i det som skjer rundt han. Han levde ikkje i si eiga boble. Han såg og høyrde, han engasjerte seg i folk og kvardagen deira.

    Det var ei enkel men djup sanning Jesus openberra med det han sa til dei religiøse leiarane, dei bibeltru teologane på den tida: Dei friske treng ikkje lege, men det gjer dei sjuke! Eg er komen for dei som har det vondt, dei som slit med synd, skam og utanførskap! Desse enkle orda rommar heile evangeliet. Dette er godt nytt for alle som på ein eller annan måte har det vondt og vanskeleg. Jesus bryr seg om oss som strevar og ikkje meistrar livet! Det var for oss han kom. Oss som er fattige i oss sjølv og ser at vi treng Guds nåde og hjelp. 

    På ein måte kastar ikkje Jesus bort tida på dei vellukka og sjølvgode, men har viser dei nok respekt til å svara på motførestillingane deira. Det gjer inntrykk på meg å sjå korleis han møter folk.

  • Jesus lækjer ein spedalsk mann

    Markus 1,40-45

    Ein spedalsk mann knelte for Jesus og tigga han om å gjera han frisk: Dersom du vil, kan du gjera meg rein! Eg merka meg at han trudde at Jesus kunne, men var ikje sikker på om han ville gjera han frisk.

    Eg liker reaksjonen til Jesus. Han vart fylt av inderleg medkjensle. Det er noko eg treng meir av. Det å høyra og sjå folk rundt meg og ha medkjensle med dei i deira stode. Ja, ha inderleg medkjensle.

    Eg liker også at det var kort veg frå å ha medkjensle til handling. Med ein gong sa Jesus: Eg vil! Bli rein! Straks vart sjukdomen borte og mannen vart rein. For eit svar han fekk! Eg vil! Tenk, slik møter Jesus oss, til og med når vi ikkje er sikker på at han vil.

    Etterpå formana Jesus mannen til ikkje å fortelja om dette underet til andre, men berre gå til prestane og få det stadfesta at han er rein og frå spedalsksjukdomen. Det slår meg at Jesus ikkje ville ha publisitet. Eg merka meg også at Jesus ville  at miraklet skulle prøvast av ekspertane og at han som hadde vorte frisk skulle få ein skikkeleg legeattest!

    Mannen greidde ikkje halda underet for seg sjølv, men fortalde alle om det Jesus hadde gjort for han. Det gjorde det vanskeleg for Jesus for han vart gjenkjend alle stader og folk kom til han frå alle kantar.

    Eg veit ikkje om det er noko som heiter delvis lydnad, eller om at alt som ikkje er full lydnad, er eigentleg ulydnad? Men det som slo meg er at om vi ikkje er nøye med å gjera det Jesus seier, gjer vi ting vanskeleg for han. Herre, miskunna deg over meg!

  • Jesus forkynner i Gallilea

    Markus 1,35-39

    Dagen etterpå var Jesus tidleg oppe. Medan det enno var mørkt gjekk han ut til ein aude stad for å vera åleine i bønn. Eg merka meg at han stod veldig tidleg opp, før vanleg tid, før vanlege folk stod opp. Han gjekk for å vera åleine og be. Dette er noko svært viktig, tenkjer eg, det å vera åleine med Gud. Å stengja verden ute på ein måte, vera på ein aud plass det det ikkje skjer noko rundt deg heile tida, men du kan berre vera åleine med Gud. Vi treng alle saman ein slik plass å gå til, det kan jo vera kor som helst, men det må vera ein stad der vi kan be utan å bli forstyrra.

    Så la eg merke til at Simon og dei andre læresveinane leita etter han og fann han. Dei sa at folk leita etter han og ville møta han. Jesus kunne jo hatt ei stor teneste og bygd ei stor forsamling der i byen, men Jesus hadde ein annan prioritering. Han visste kvifor han var komen, og kunne ikkje la seg styra av folk sine ønskje. Han hadde jo skikkeleg suksess i Kapernaum, denne viktige byen. Men Jesus visste kvifor han var komen. Han var sent på eit oppdrag. Han måtte prioritera. Difor sa han: Lat oss fara vidare. Vi må ikkje slå oss til ro på ein plass. Det får ikkje hjelpa at det er ein stor og viktig by. Småbyane må også få høyra. 

    Eg liker dette uttrykket, småbyane, det minner meg om alle dei små bygdene, grendene og fiskeværa langs kysten i landet vårt. Dei små plassane treng også evangeliet. Eg blir oppmuntra og utfordra av dette. Dei små plassane rundt om i mitt eige fylke treng også å få besøk av Jesus. Prioriterer er slik Jesus gjorde? Går eg frå det store og synlege, til det små og uunsjåelege med evangeliet?

    Kanskje eg treng å bli meir medviten om kvifor eg er her? Meir medviten kva eg er sendt for å gjera og kven eg er sendt til?

  • Jesus kastar ut ei urein ånd

    Markus 1,21-34

    Jesus og læresveinane kom til Kapernaum, ein av dei større byane ved Genesaretsjøen. Då sabatten kom, gjekk dei til samlinga i synagogen. Der tok Jesus til å undervisa.

    Folk var forundra over undervisninga hans. Ho var annleis enn det dei var vande med frå dei skriftlærde. Han lærte dei med autoritet i orda sine, det gjorde ikkje dei andre. Eg undrast på kvifor? Kanskje dei berre gav vidare teoriar eller kunnskap det hadde høyrt av andre, meden Jesus talte med autoritet fordi han talte ord frå Guds munn?

    I synagogen var det ein mann med urein ånd. Eg får inntrykk av at han høyrde til i synagogen, han brukte å gå på møta i synagogen kvar einaste sabatt, så slik sett var han ein av dei trufaste møtegjengarane. I møte med dei myndige orda frå Jesus kunne han ikkje halda seg, sette i å ropa: “Kva vil du med oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds heilage!” Jesus truga ånda, baud ho å teia stilt og fara ut av mannen. Ånda reiv og sleit i han før ho fór ut med eit høgt skrik. Folk vart gripne av redsle og undring, men forstod ikkje skikkeleg kva som hendte. Men dei forstod at Jesus hadde ei makt som var større enn den ureine ånda, ho måtte lyda han og gjera som han sa. Det skremde dei at eit menneske kunne ha slik makt. Ryktet om Jesus spreidde seg over heile området.

    Eg merka meg at teksten seier at mannen hadde éi ånd i seg, men då ho snakka gjennom mannen, snakka ho i fleirtal, som om dei var mange, men Jesus truga ånda og ho fór ut av han. Ånda laug og gav inntrykk av å vera fleire og sterkare enn ho var. Eg merka meg også at Jesus ikkje gjekk i dialog med ånda og baud ho teia stilt. Han gjorde ikkje det som nokre folk gjer idag, å gå i dialog med den ureine ånda og godta det ho sa. 

    Etter samlinga i synagogen gjekk Jesus heim til Simon og Andreas. Svigermor til Simon låg til sengs. Ho var sjuk med feber. Dette fortalde dei straks til Jesus som med ein gong gjekk rett bort til henne, tok henne i handa og reiste ho opp. Feberen sleppte henne, og ho stelte for dei. Eg merka meg at Iesus var kvikk til å møta behov, og at ho som vart frisk var kvikk til å tena!

    Seinare på kvelden kom mange sjuke og folk som hadde vonde ånder til han. Heile byen samla seg. For eit oppstyr det må ha vore! Jesus lækte mange som leid av ulike sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder. På ny merka eg meg at han ikkje let dei vonde åndene få tala.

  • Dei første læresveinane

    Markus 1,16-20

    Ein gong Jesus gjekk langs sjøen, fekk han sjå brørne Simon og Andreas. Eg stanste for dette uttrykket, han fekk sjå, for det fortel meg noko viktig om Jesus. Han såg, var vaken, følgde med. Han gjekk ikkje hovudlaus eller tankelaus gjennom livet. Han såg. Han la merke til ting. Herre, lat meg få vera vaken og sjå alt det du vil eg skal sjå i min kvardag.

    Jesus såg dei. Han såg at dei var fiskarar. Han såg at dei kasta not i sjøen. Då snakka han til dei og sa: Kom og følg meg! Så skal eg gjera dokker til menneskefiskarar! På desse enkle orda gjekk dei frå alt dei hadde og følgde Jesus.

    Då Jesus gjekk vidare fekk han på ny sjå nokre andre brør: Jakob og Johannes. Han kalla dei, og dei frå far sin og levebrødet sitt.

    Dette gjer inntrykk på meg. Fire sterke arbeidsfolk går frå jobb og eit trygt liv for å følgja ein mann dei nett har møtt! Kva er det som skjer? Kva er det med Jesu ord og veremåte som får folk til å handla så radikalt? 

    Han sa berre: kom og følg meg! Korleis kunne dei følgja ein ukjend mann? Kva forstod dei av lovnaden hans at han ville gjera dei til menneskefiskarar?

    Eg la også merke til at dei gjekk frå alt, dei forlet far og jobb, for å følgja Jesus. Skal vi følgja nokon inneber det kanskje alltid at vi må forlata nokon?

  • Jesus tek til med si gjerning

    Markus 1,14-14

    Desse to versa inneheld mykje dynamitt, tykkjer eg. Med ein gong Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea.

    Han starta si teneste med å forkynna Guds evangelium, Godt Nytt frå Gud. Det er to sentrale ting i det evangeliet Jesus forkynte og det er to ting vi må gjera når vi får kunngjort dette Godt Nytt frå Gud.

    Det første er: Tida er inne! Den tida Gud har lova skulle koma, har no endeleg kome. Ventetida er over. No er tida for oppfylling her. Desse orda må verkeleg ha vore godt nytt for dei som høyrde Jesus forkynna dette. Dei kjende dei profetiske skriftene. Dei bar på ein draum og ein lengt om at den lova tida som profetane skildra skulle koma. 

    Dei profetiske skriftene til Israelsfolket hadde gjeve dette folket eit håp, ein draum om ei tid som skulle vera heilt annleis enn den vanskelege stoda dei gjekk gjennom. På Jesu tid var jo landet okkupert av Romarane. Folket venta på ein bergingsmann som skulle setja dei fri frå okkupasjonsmakta og gjera dei frie og sjølvstendige.

    Så kjem Jesus med godt nytt! Dokker treng ikkje venta lenger. No er tida komen. Idag er dagen då lovnader skal oppfyllast. 

    Tida er inne for meg og. Eg må gripa augneblinken. Eg treng ikkje gå å venta på noko som ligg i framtida. Tida er inne!

    Det andre Jesus understreker at at Guds rike er kome nær. Då han bruker orda om Guds rike, må jo tilhøyrane fått mange assosiasjonar til orda frå profetane, om kongen og frigjeraren som skulle koma. Om tida då Gud skulle gripa inn og vera Konge. At hans gode vilje skulle råda på jorda.  Om riket som skulle gjera ende på alle andre riker og fylla heile jorda. Tankane deira må ha gått til Daniel som profeterte, eller heller kom med ei profetisk tyding på draumen til kong Nebukanesar om den store biletstøtta som representerte dei store verdensrika som skulle koma, men bli knuste av ein liten stein, ikkje kasta av ei menneskehand, men ein liten stein som råka den staselege statuen og sjølv veksa til eit stort fjell som fylte heile jorda. Tenk, tida er inne, og dette riket har kome!